St.meld. nr. 32 (2004-2005)

Om flytting av Luftfartstilsynet til Bodø

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Regjeringa har tidlegare lagt til grunn at flyttinga av Luftfartstilsynet kan gjennomførast innan ei ramme på 116 mill. 2003-kroner for åra 2004-2006. Ein del av forslaga i denne meldinga kan vere med på å auke flyttekostnadene. I meldinga blir det lagt opp til ei dobbelt bemanning av ikkje-flyfagleg personell i 2006 og dels i 2007, som det tidlegare ikkje er teken høgde for. På den andre sida vil kortare opplæringstid for flyoperativt personell redusere perioden med dobbelt bemanning for denne gruppa. I tillegg kjem verkemidla som skal gjere det meir attraktivt for dagens tilsette å flytte til Bodø, og som i hovudsak vil komme til utbetaling i 2007. Førebelse overslag viser at desse tiltaka kan medverke til å auke flyttekostnadene med 20-30 mill. kr. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med dette i dei årlege budsjettproposisjonane.

Dei ordinære driftskostnadene i Luftfartstilsynet utgjer rundt 130 mill. kr, og blir dels dekte gjennom løyvingar over statsbudsjettet og dels gjennom gebyr på tilsynets tenester. Det har vore eit mål at Luftfartstilsynet skal bli fullt ut brukarfinansiert, jf. St.prp. nr. 66 (1998-1999). I St.meld. nr. 17 (2002-2003) vart det rekna med at tilsyna ville få lågare driftskostnader når dei vart flytte ut av Oslo. Meldinga opnar for auka lønn og utvida pendlarordningar for visse tilsette. Isolert sett vil desse tiltaka kunne medverke til å auke dei årlege driftskostnadene med 10-20 mill. kr. Det må understrekast at dette talet er svært usikkert. Elles kan det peikast på at andre forhold med tida kan trekkje i retning av reduserte driftskostnader i tilsynet, uavhengig av flyttinga. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til den framtidige finansieringa av Luftfartstilsynet i samband med dei årlege budsjettproposisjonane.