St.meld. nr. 32 (2004-2005)

Om flytting av Luftfartstilsynet til Bodø

Til innhaldsliste

3 Oppfølging

Regjeringa legg til grunn at flyttinga av Luftfartstilsynet til Bodø skal gjennomførast i tråd med Stortingets vedtak. Regjeringa legg vidare til grunn at Luftfartstilsynet heile tida skal fungere tilfredsstillande, slik at arbeidet med å betre flytryggleiken i Noreg kan halde fram. Gjennomgangen over viser at ein har møtt på utfordringar i flyttinga. Regjeringa meiner at er det grunn til å tru at uroa rundt denne saka har medverka til at det har vore vanskeleg å rekruttere personell til Bodø. Gjennomgangen viser elles at Luftfartstilsynet i Oslo ikkje har fungert fullt ut tilfredsstillande i flytteperioden.

Etter at den tidlegare leiaren for Luftfartstilsynet trekte seg frå stillinga 1. februar 2005, vart det tilsett ny luftfartsdirektør for ein mellombels periode. Etter oppdrag frå Samferdselsdepartementet la den nye luftfartsdirektøren 2. mars 2005 fram ein revidert plan for korleis flyttinga til Bodø i all hovudsak kan gjennomførast innan 1. januar 2007, i tråd med Stortingets vedtak. I oppdraget vart tilsynet også, i tråd med tilrådingane frå havarikommisjonen, bede om å komme med forslag til ein handlingsplan for korleis Luftfartstilsynet skal skaffe og ta i bruk den kompetansen som tilsynet har mangla. Planen for flyttinga og lukkinga av kompetansegapa er lagd ved som trykt vedlegg saman med annan relevant korrespondanse rundt flytteprosessen, jf. vedlegga 11-17. Planen er seinare blitt presisert og utdjupa i møte med departementet og blir presentert nærare i det følgjande:

Vidare flytteprosess

Luftfartstilsynet la opphaveleg opp til å rekruttere og lære opp hovuddelen av det flyfaglege personellet i Bodø, før ein begynte rekrutteringa av ikkje-flyfagleg personell. Luftfartstilsynet tek no sikte på ei raskast mogleg rekruttering av alle typar personell til Bodø. Dette inneber også at ein vil begynne å tilsetje ikkje-flyfagleg personell før hovuddelen av dei flyfaglege stillingane er fylte opp. Luftfartstilsynet legg til grunn at dette vil skape ein eigendynamikk som vil medverke til å lette rekrutteringa til Bodø.

Luftfartstilsynet lyste i tråd med dette i februar 2005 ut 15 nye stillingar med arbeidsstad Bodø. Dette dreidde seg om stillingar for flyfagleg personell som det har vist seg relativt enklast å rekruttere til Bodø, og dessutan nokre administrative stillingar. Desse stillingane vil ha tiltreding i september 2005, og det har meldt seg mange kvalifiserte søkjarar. I første halvdelen av april 2005 lyste Luftfartstilsynet ut rundt 60 nye stillingar med tiltreding 1. oktober 2005. Dette omfattar alle typar stillingar. Saman med dei om lag 20 personane som allereie er tilsette i Bodø, tek Luftfartstilsynet med dette sikte på å ha 70-90 medarbeidarar på plass i Bodø i løpet av hausten 2005.

Ein mellombels leiar for Bodø-kontoret vart tilsett i byrjinga av mars 2005. For at ikkje mangel på kontorplassar skal hindre vidare rekruttering, har tilsynet allereie sikra seg at kapasiteten i dagens lokale på Bodø lufthamn blir utvida, slik at ein har plass til alle dei nye medarbeidarane innan 1. september 2005. Ut over dette har Luftfartstilsynet allereie sett i verk, eller vil vurdere, ei rekkje verkemiddel for å styrke rekrutteringa til Bodø:

Luftfartstilsynet la tidlegare til grunn at ein skulle stille dei same formelle krava til dei som vart tilsette i flyfaglege stillingar i Bodø, som ein hadde stilt ved tidlegare rekruttering til Oslo. Luftfartstilsynet har no vurdert desse kompetansekrava på nytt. Tilrådingane i det internasjonale regelverket opnar blant anna for å tilsetje søkjarar med militær bakgrunn, og opnar også for bruk av skjønn når det gjeld kva krav som skal stillast til talet på flytimar og år med yrkeserfaring. Luftfartstilsynet ønskjer å stille same krav til utdanning og erfaring som andre europeiske luftfartstilsyn. Opplæringa vil bli justert tilsvarande, slik at ein til ei kvar tid er sikra at ferdig utdanna medarbeidarar er fullt ut kvalifiserte til dei oppgåvene dei skal utføre.

Ut over dette vil Luftfartstilsynet intensivere bruken av direkte søk etter aktuelle kandidatar. Tilsynet vil også i større grad enn tidlegare – innan rammene for statens lønnssystem – bruke lønn som verkemiddel for å rekruttere personar til stillingar eller stillingskategoriar som det vil vere særleg utfordrande å få fylt opp i Bodø. Dette vil kunne innebere større lønnsdifferensiering mellom einskilde tilsette eller grupper av tilsette i Luftfartstilsynet enn det som har vore tilfelle fram til no.

På grunn av høgt lønnsnivå blant flygarar, har Luftfartstilsynet i lengre tid hatt vanskar med å rekruttere personell med flygarbakgrunn. Luftfartstilsynet vil vurdere å opne for at desse kan ha stillingsbrøkar i flyselskap dei ikkje fører tilsyn med. Formålet med dette vil vere å gjere det meir attraktivt å arbeide i tilsynet ved at flygarane kan halde på flygarkompetansen og kontakten med miljøet. I mange andre land er dette vanleg praksis, mellom anna i Sverige og Danmark. Av generelle habilitetsomsyn har dette tidlegare ikkje vore tillate i Noreg.

Luftfartstilsynet vil også på ein betre og meir synleg måte profilere det nye Luftfartstilsynet i Bodø, og tydlegare få fram at tilsynet er ein attraktiv og moderne arbeidsplass ved ny lokalisering i Bodø.

Tiltak for å halde på og utvikle kompetansen

Havarikommisjonen konkluderte med at Luftfartstilsynet ikkje har fungert tilfredsstillande, og viste spesielt til situasjonen innan områda luftdugleik, tilsyn med helikopterverksemda i Nordsjøen og risikobasert tilsyn.

Luftfartstilsynet er no i ferd med å tilsetje tre helikopterinspektørar. Stillingane var lyste ut med opning for at Oslo kunne vere varig arbeidsstad. Luftfartstilsynet vil vurdere å gi desse personane tilbod om fleksibel arbeidsstad og utvida pendling til Bodø. Sjå nærare omtale av dette under. Arbeidet med risikobasert tilsyn er under oppbygging i Bodø, der to nye personar er tilsette og under opplæring. Stillinga som leiar for dette arbeidet er lyst ut, og fleire kvalifiserte søkjarar har allereie meldt seg. Luftfartstilsynet opplyser at utfordringane innan luftdugleik no er løyste. Det kan elles sjå ut som om viktige oppgåver innan dette området gradvis vil bli overtekne av det felleseuropeiske flytryggleiksorganet, EASA, som no er under oppbygging. Luftfartstilsynet vil derfor ikkje tilsetje nye personar innan dette området, men heller basere seg på mellombelse tilsetjingar og innleigde konsulentar i tida framover.

Få av dagens medarbeidarar i Oslo har hittil varsla at dei ønskjer å flytte til Bodø. I arbeidet med å halde på og utvikle kompetanse i Luftfartstilsynet vil det vere positivt viss fleire av dagens medarbeidarar flytter til Bodø for ein kortare eller lengre periode. Luftfartstilsynet vil derfor sjå nærare på tiltak som kan gjere det meir attraktivt å flytte:

For å halde oppe Oslo-organisasjonen i flytteperioden, vart det tidleg i flytteprosessen inngått avtaler som gir rett til utbetaling av tillegg for dei som held fram i stillingane sine fram mot 1. januar 2007. Dei aller fleste tilsette i Oslo har slike avtaler. Luftfartstilsynet understrekar at desse avtalene står ved lag. For å gjere det meir attraktivt for dagens medarbeidarar å flytte til Bodø, ser Luftfartstilsynet på om det vil vere mogleg å gi lønnstillegg/bonus, tilbod om pendling, subsidiert husleige og reisestøtte for familien til personell som vel å flytte – alt i ein avgrensa periode etter flyttinga. Luftfartstilsynet vurderer også å gå inn for å auke flyttetillegget. Dette er tiltak som mange av dagens tilsette i Oslo vil kunne få tilbod om.

For å halde på enkelte tilsette med særleg viktig kompetanse, kan det etter ei individuell vurdering bli aktuelt å gå inn med alternative verkemiddel, så som tilbod om fleksibel arbeidsstad og utvida pendlarordningar. Eit slikt tilbod vil berre bli gitt til eit mindretal av dagens tilsette. Luftfartstilsynet tek sikte på at nokre kan ta til å pendle til Bodø allereie frå hausten 2005. Tilbod om fleksibel arbeidsstad og utvida pendlarordningar vil også bli gitt til dei personane innan helikoptertilsyn som det tidlegare er opna for at kan ha Oslo som permanent arbeidsstad. Einskilde medarbeidarar i den såkalla «seniorgruppa», det vil seie medarbeidarar som vil vere fylte 60 år innan 1. januar 2007, og som tidlegare har inngått kontraktar om at dei kan halde fram i Oslo til dei går av med pensjon eller sluttar på annan måte, kan også få eit slikt tilbod. Tilsynet understrekar likevel at også desse avtalene står ved lag.

I dei tilfella stillingane i Bodø ikkje blir fylte opp med dagens medarbeidarar i Oslo, har flytteprosessen heile tida vore bygd på at det skal vere dobbelt bemanning i ein overgangsperiode til dei nye medarbeidarane i Bodø er lærte opp, slik at ein sikrar overføring av kompetansen i Luftfartstilsynet. For særskilde viktige stillingar kan det bli aktuelt med ei dobbelt bemanning ut over den opphavelege flyttedatoen 1. januar 2007. Skulle det elles oppstå særskilte kompetansebehov, vil tilsynet leige inn nødvendig kompetanse for kortare periodar. Luftfartstilsynet tek elles sikte på ei gradvis utskifting av dei av dagens ­leiarar som ikkje blir med til Bodø, slik at ein unngår ei for stor utskifting av leiargruppa på same tid.

Luftfartstilsynet har elles tradisjonelt gjennomført eit toårig opplæringsprogram for dei som har vorte tilsette i flyfaglege stillingar. Etter ein fornya gjennomgang har Luftfartstilsynet konkludert med at denne opplæringa kan intensiverast, blant anna gjennom bruk av relevante utdanningstilbod utanfor Noreg. Dette vil medverke til at Luftfartstilsynet vil kunne vere operativt i Bodø frå den opphavelege flyttedatoen.

Samferdselsdepartementets vurdering

Etter Samferdselsdepartementets vurdering har Luftfartstilsynet presentert eit godt opplegg for den vidare flytteprosessen som bør medverke til at flyttinga kan gjennomførast i tråd med Stortingets vedtak. Departementet legg også til grunn at handlingsplanen vil medverke til at Luftfartstilsynet skaffar seg den kompetansen tilsynet tidlegare har mangla.