St.meld. nr. 32 (2008-2009)

Om Noregs deltaking i den 63. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 62. general- forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

1 Tale av Jens Stoltenberg, statsminister i Noreg, til generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane, 63. sesjon

New York, 25. September 2008

President, eksellensar.

For 60 år sidan, hausten 1948, vedtok FN Verdserklæringa om menneskerettane. Dette internasjonale dokumentet inneheld ei kraftig påminning om at makt både kan og skal kontrollerast, og at eit hovudformål med arbeidet vårt her er å sjå til at dei sterke er rettferdige og dei svake trygge.

Verdserklæringa om menneskerettane skal vi feire seinare i haust, og ordlyden i erklæringa skal vere ei rettesnor for alt vi gjer.

Rettane og utsiktene for enkeltmenneske, grupper og land er grunnleggjande. Og FN står på toppen av eit system som kontrollerer desse overordna reglane.

Kvart år når eg kjem hit, blir eg slått av breidda i spekteret av saker som blir diskuterte her. Vi må spørje: Fokuserer vi på dei heilt vesentlege, dei alvorlegaste spørsmåla i vår tid?

I år reiste vi frå Doha-runden om handel med uforretta sak. Brotet har seinka oss i arbeidet med å skaffe milliardar av menneske betre økonomiske utsikter. Det er tvingande nødvendig at vi får prosessen i gang att.

Vi står overfor ei global matvarekrise. Generalsekretæren har skildra verknadene krisa har for hundrevis av millionar menneske som ikkje veit om dei har nok å ete i morgon.

Klima og energi er mellom dei viktigaste spørsmåla i vår tid, og det er dei vi må ha øvst på saklista. Desse store spørsmåla handlar òg om fattigdom, ulikskap og kjønn.

Leiarskap er nødvendig. Leiarskap her i FN.

Eg trur vi står overfor ikkje berre ei matvarekrise, ei energikrise, ei klimakrise og ei krise i handelssamtalane, men òg ei større krise i avgjerdstakinga.

Vi har stor institusjonell kapasitet. Vi diskuterer, vi drøfter og vi studerer, men altfor ofte klarer vi ikkje å bestemme oss. Ofte er det dei landa som vil minst, som bestemmer mest.

Dei som vil minst av forandring og framgang, kan bremse oss og blokkere avgjerder. Og etter mange gode år ser det no ut til at også Tryggingsrådet står overfor vanskar.

Alle land – alle medlemsstatar – har eit felles ansvar for at FN fungerer. Som eit vedtaksorgan som tener oss, som er til for folket. Som løyser globale problem og lèt alle menneske dra fordel av dei rettane dei er fødde med og som er skrivne inn i verdserklæringa om menneskerettane.

For å bli meir effektivt må FN gjennomføre reformer. Generalsekretæren snakka med sterk overtyding om dette tysdag. Vi må støtte han i den prosessen.

Eg har tru på dei pågåande drøftingane om samanheng på tvers av system. Eg var nestleiar i høgnivågruppa for dette emnet. Og eg er oppmuntra over at fleire og fleire land ser ut til å gå inn for «eitt FN». Nokre organisasjonar, fond og program oppnår effektiviseringsgevinstar, men dei er unnatak.

Likevel er Noreg fast bestemt på å bruke FN som arena for våre viktigaste politiske aktivitetar på internasjonalt plan. I reine tal er vi sjuande største bidragsytar til FN. Difor vil vi halde auge med korleis fonda og programma styrer ressursane sine og bidraga våre. Vi og andre givarland må krevje større ansvarleggjering, innsyn og eit resultatbasert forvaltningssystem.

President.

Den høgast prioriterte oppgåva vår er å nå tusenårsmåla. Vi har teke på oss eit spesielt ansvar når det gjeld tusenårsmål nummer 4 om dødstal blant barn og nummer 5 om mødrehelse. Vi må alle vie dei neste sju åra til den fattigaste milliarden.

Saman med fleire andre leiarar la eg i dag fram ein rapport frå den globale kampanjen om tusenårsmåla på helseområdet. Og vi la fram ein plan for dei neste sju åra. Det er ein plan utanom det vanlege som gjer at vi kan spare ti millionar liv. Lukkast vi, kan vi byggje meir framtidsretta samfunn. Vi kan redusere konfliktpotensialet. Og skape betre grunnlag for vekst.

Vi nærmar oss tusenårsmåla. Fattigdommen går ned. Færre spedbarn døyr. Men vi har ikkje gjort nokon framgang når det gjeld mødrehelse.

Det er forstemmande at vi ikkje har oppnådd framgang å snakke om når det gjeld å redusere talet på kvinner som døyr under svangerskap og fødsel. Det kan berre vere éin grunn til denne uverdige situasjonen, og det er at kvinner stadig blir neglisjerte i ei verd der mennene dominerer.

Berre tenk på kor mange millionar unge jenter og unge kvinner som veit, fryktar og gruar for at det å setje eit barn til verda kan ta livet av dei. Alle desse tragediane kan unngåast med enkle middel. Men vi må ta problemet på alvor.

President,

Pengar ser ikkje ut til å vere eit problem når problemet er pengar. La oss berre ta ein kort kikk på det som skjer på Wall Street og i finansmarknadene verda over. Der set usunne investeringar heimane og arbeidsplassane til middelklassen i fare.

Noko er grunnleggjande feil når det ser ut til å vere overflod av pengar samtidig som det er så knapt med midlar til å investere i menneske. Marknadsmekanismane vil ikkje finansiere skulane i Afghanistan, sjukehusa i Rwanda eller vaksinane i slummane og gettoane. Slike investeringar krev politisk vilje og styring, og vi må leggje tilhøva til rette for at dei nødvendige ressursane kan bli kanaliserte til desse områda.

Som presidentkandidat for 40 år sidan sa Robert Kennedy i ein tale at helsetilstanden til eit land ikkje kan målast i produksjonsvolum åleine. Slik produksjon, sa han, ”tel spesiallåsar til dørene våre og fengsla til dei som bryt dei opp, men ikkje helsa til borna våre, kvaliteten på skulegangen deira eller gleda i leiken deira”. Og likevel vil eg leggje til at den helsa, den utdanninga og gleda i den leiken er den kapitalen som må vekse og spreie seg. Først då når vi opp til det nivået der utvikling og utsikter er meir likeleg fordelte.

President.

Eg er kommen hit direkte frå eit besøk i dei store regnskogane i Amazonas i Brasil, eit land der presidenten har teke mål av seg til å løfte folket ut av armoda. Det har vore leiemotivet til president Lula gjennom heile hans politiske liv.

Noreg er eit heldig og høgt utvikla land. Med det følgjer eit moralsk ansvar. Vi arbeider mot breiare utviklingsmål, og vi søkjer å få i stand positive insitament til endring og betre tiltak mot klimaendringane. Innsats mot avskoging kan gi oss dei største, raskaste og billegaste reduksjonane i utslepp av drivhusgassar. I åra fram mot 2015 vil Noreg bidra med opp til ein milliard dollar for å bremse avskoginga i Amazonas. Med dette blir Noreg den første bidragsytaren til Amazonasfondet. Kor stort det norske bidraget blir, kjem an på kor godt Brasil lukkast i å redusere avskoginga.

***

På Bali i desember i fjor lanserte Noreg eit stort initiativ for å redusere drivhusgassutsleppa frå avskoging og nedbryting av skog. Avskoging må inngå i ein ny global avtale om klimaendringar.

Skal måten vi møter klimaendringane på kunne tole framtidige generasjonars kritiske blikk, er tida i ferd med å renne ut. Og måten vi går fram på, er ein prøve på kor modne vi er for internasjonalt samarbeid.

Til slutt nokre ord om eit anna nordisk land.

For første gong sidan det blei medlem av FN i 1946, altså for 62 år sidan, er Island kandidat til Tryggingsrådet. Det islandske kandidaturet speglar det engasjementet dei nordiske landa lenge har vist for internasjonal fred og det livsviktige arbeidet til FN. Island har aktiv støtte hos dei andre landa i den nordiske gruppa: Danmark, Finland, Sverige og Noreg. Eg ber om at det blir teke omsyn til dette.

Takk.

Til forsida