St.meld. nr. 32 (2008-2009)

Om Noregs deltaking i den 63. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 62. general- forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

2 Tale av Jens Stoltenberg, statsminister i Noreg, på pressekonferanse for den globale kampanjen

FN-bygningen i New York 25. september 2008

Velkommen kvar og ein til denne pressekonferansen.

For eit år sidan lanserte vi ein global kampanje for tusenårsmåla på helseområdet.

Vi lanserte kampanjen som ein ny framstøyt for å oppfylle lovnadene vi gav då vi vedtok tusenårserklæringa for åtte år sidan.

No skal status gjerast opp. Og vi skal leggje fram ein strategi for korleis måla skal nåast.

Det er ei ære for meg å dele dette podiet med Bill Gates, statsminister Gordon Brown, president Ellen Johnson Sirleaf, president Bob Zoelleck og generaldirektør Margaret Chan.

De her vist global leiarskap og personleg engasjement i innsatsen mot ei av dei mest presserande utfordringane i vår tid.

Vi sette i gang denne kampanjen fordi vi såg at med mindre vi mobiliserer verdssamfunnet, med mindre det blir ei radikal endring i måten vi skaffar pengar på, med mindre det blir ei radikal endring i måten vi bruker pengar på, kjem vi ikkje til å nå desse måla.

Enno døyr eit barn tredjekvart sekund.

Vi sette oss som mål at talet på spedbarnsdødsfall skulle reduserast med to tredelar frå over 12 millionar i 1990 til 4 millionar i 2015. Med det tempoet vi ser i dag, blir reduksjonen berre på éin tredel.

Vi sette oss som mål at talet på mødredødsfall skulle reduserast med tre firedelar innan 2015. Samtidig som det går rette vegen med dei fleste andre tusenårsmåla, ser vi knapt noka forandring i det heile på dette området.

Enno døyr ei mor i barselseng kvart minutt. Over ein halv million i året. Alle av årsaker som lett kan førebyggjast.

Dette er eit uttrykk for den mest brutale neglisjeringa av kvinner som eg i det heile kan tenkje meg. Og som verdsleiarar har vi alle eit ansvar for å handle.

Men biletet er ikkje heilsvart:

For første gong har FN rapportert at færre blir smitta av aids; malaria er snart på retur. Sidan 2040 er 60 millionar sengenett blitt distribuerte av det globale fondet, og fleire vaksinar når fram til fleire born enn nokon gong før.

Berre i Afrika er talet på dødsfall på grunn av meslingar redusert med 90 prosent sidan 2000.

USA har løyvd 48 milliardar dollar til kampen mot malaria, AIDS og tuberkulose. Men vi må gjere meir. Og vi må gjere det betre.

No når den globale kampanjen har vart i eit år, har verdssamfunnet sett helse hos nyfødde og mødrer øvst på prioriteringslista.

I dag skal vi gjere opp status. Og avgjere vegen vidare.

Eg er stolt over å presentere den første årsrapporten frå kampanjen for tusenårsmåla på helseområdet. Eg er svært takknemleg for bidraga frå verdsleiarar, generalsekretær Ban, FN og særorganisasjonane, G8 og EU.

Likeins ikkje-statlege organisasjonar som GAVI-alliansen, det globale fondet, UNITAID, partnarskapen for mødrehelse, nyføddhelse og barnehelse og den globale alliansen for helsearbeidarar.

De er alle avgjerande medspelarar for den globale kampanjen i arbeidet mot eit felles mål: å redusere dødstala og forbetre helsa blant dei fattigaste av dei fattige.

Og vi veit kva vi har å gjere: Å føde trygt er den viktigaste enkeltfaktoren for å redde livet til mor og nyfødde.

Fleire kvinner må føde på klinikkar. Men fattige kvinner treng økonomisk støtte til reise og omsorg.

I India har slik støtte ført til ei tidobling i talet på klinikkfødslar – frå ein halv million til fem millionar på berre to år.

I Rwanda får lokalsamfunn betalt etter kor mange dei når fram til med helsetenester.

Som følgje av dette er dødstala blant spedbarn redusert med 30 %. Det viser at det er mogeleg. Å nå tusenårsmåla er innanfor rekkevidde.

For å yte helsetenester av god kvalitet til både mor og barn i dei fattigaste landa må vi skaffe ytterlegare økonomiske ressursar.

Vi må auke finansieringa gradvis til 7 milliardar dollar i 2015 for å nå målet.

Dette ville spare nær tre millionar mødrer og over sju millionar nyfødde dei neste sju åra.

Difor er vi her i dag. For å gjere alt vi kan for å nå desse måla.

Takk.

Til forsida