St.meld. nr. 32 (2008-2009)

Om Noregs deltaking i den 63. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 62. general- forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

7 Avkolonisering og fredsbyggings­operasjonar (4. komité)

7.1 Generelt

Vest-Sahara og Midtausten dominerte som vanleg debatten i 4. komité, som har blitt mindre viktig etter kvart som Tryggingsrådet har engasjert seg sterkare i nær sagt alle konfliktar, og kolonistyret med nokre få unntak er avvikla.

7.2 Vest-Sahara

Etter langvarige forhandlingar blei Algerie og Marokko til slutt einige om ein felles resolusjon om Vest-Sahara. Resolusjonen blei vedteken ved konsens og er i all hovudsak ei teknisk oppdatering av resolusjonen frå i fjor, som òg blei vedteken ved konsens. Dei to landa var lenge usamde om tilvisinga til tryggingsrådsresolusjon 1813 (2008), som tek til orde for «realisme og vilje til kompromiss» i forhandlingane.

7.3 Midtausten

Nær 60 år etter at United Nations Relief and Works Agency (UNRWA) blei oppretta som eit mellombels tiltak for å støtte palestinske flyktningar, har organisasjonen no ansvar for om lag 4,5 millionar palestinske flyktningar på Vestbreidda og Gazastripa og i Libanon, Syria og Jordan. Noreg innleidde debatten ved å rapportere frå arbeidsgruppa for finansiering av UNRWA. Arbeidsgruppa minte om at UNRWA framleis er underfinansiert, samtidig som prisen på matvarer og drivstoff har auka. Stenginga av Gazastripa og gjenreisinga av flyktningleiren Nahr al-Bared krev dessutan store ressursar. UNRWAs generalkommisjonær, Karen Koning AbuZayd, la i debatten vekt på situasjonen på Gazastripa, der 70 % av befolkninga er avhengig av matvarehjelp frå UNRWA. AbuZayd uttrykte bekymring for at finanskrisa skal gjere det vanskelegare å mobilisere støtte til palestinske flyktningar, og oppfordra givarlanda til å yte bidrag som før. Han la dessutan fram planar om eit ministermøte ved opninga av den 64. generalforsamlinga for å markere at det då er 60 år sidan UNRWA blei stifta. I sitt innlegg rosa Noreg UNRWA for den uvurderlege støtta dei har ytt til dei palestinske flyktningane. Noreg framheva den elendige situasjonen på Gazastripa og oppfordra Israel til å avstå frå å bruke straffetiltak mot sivilbefolkninga. Behandlinga av resolusjonane om Midtausten følgde dei same spora som under tidlegare Generalforsamlingar.

7.4 Fredsbevarande operasjonar

Talet på FN-leidde fredsoperasjonar blei i 2008 redusert gjennom nedlegginga av operasjonen i Etiopia og Eritrea (UNMEE). Samtidig heldt den generelle personellauken som følgje av dei stadig meir komplekse og omfattande mandata for operasjonane fram. Ingen nye operasjonar blei sette i verk, men det blei arbeidd vidare med førebuingane til at FN skal utvide operasjonen i Tsjad gjennom å overta leiinga av den militære styrken frå EU, samtidig som ein fortløpande vurderte etablering av ein operasjon i Somalia. Ved utgangen av 2008 var det totalt 18 fredsbevarande og politiske FN-operasjonar under leiing av FN-sekretariatets avdeling for fredsbevarande operasjonar (DPKO). Totalt hadde FN ved utgangen av året over 112 000 personar frå 120 land i felt. Den stadige utvidinga av operasjonsomfanget skaper store utfordringar med å skaffe tilstrekkeleg kvalifisert personell. Det årlege budsjettet for FNs fredsbevarande operasjonar er no på over USD 7 mrd.

Etableringa av operasjonen i Darfur (Sudan), som FN leier i samarbeid med AU, har representert ei vedvarande utfordring. Skort på ein eller fleire av dei tre grunnleggjande føresetnadene for vellykka FN-operasjonar: ein fred å bevare, aksept frå partane/støtte frå vertsnasjonen og nødvendige ressursar til å fylle mandatet, er ei utfordring i mange operasjonar. Aukande problem i samarbeidet med vertsnasjonen er ei utvikling mange ser på med særleg uro, då det er med og undergrev autoriteten til Tryggingsrådet.

I generaldebatten fokuserte både den nye leiaren for DPKO, visegeneralsekretær Alain Le Roy, og leiaren for FNs avdeling for feltstøtte (DFS), visegeneralsekretær Susana Malcorra, på grunnleggjande utfordringar som mandatutforming og ressurstilgang, behovet for reform for å kunne levere i felt og verdien av samarbeid med andre internasjonale organisasjonar. Malcorra understreka i tillegg det gode samarbeidet ho hadde med medlemslanda, behovet for å prioritere dei akutte utfordringane med støtte til operasjonar i felt og betydninga av fleksibilitet for å kunne handtere endringar i situasjonen i operasjonsområdet. Sekretariatet skal sjå på nye logistikkstrategiar og anskaffingsprosedyrar for å kunne møte desse utfordringane. Malcorra la òg vekt på innsatsen for å hindre at FN-personell gjer seg skuldig i seksuell vald og overgrep under FN-operasjonar.

Støtte til nulltoleranse når det gjeld seksuelle overgrep og andre brot på FN-regelverket var eit gjennomgåande tema i innlegga frå medlemslanda. Mange var opptekne av samsvar mellom mandat og ressursar og betre samarbeid mellom troppebidragsytande land, Tryggingsrådet og sekretariatet. Fleire medlemsland understreka behovet for vidare styrking av DPKO ved kontoret for militære saker (OMA) og av politiavdelinga i DPKO. Vern av sivile som eit nøkkelelement i operasjonsmandata blei spesielt vektlagt av fleire vestlege medlemsland. Noreg fokuserte i innlegget på tilrådingane frå prosjektet «FNs integrerte operasjonar» (IM-prosjektet), på behovet for kvalifisert personell og samarbeid med regionale organisasjonar, ogpå støtte til vidareutvikling av afrikansk fredsoperasjonskapasitet. Sluttrapporten frå IM-prosjektet blei overlevert til visegeneralsekretær dr. Asha-Rose Migiro i samband med sesjonen i 4. komité. Oppfølging av tilrådingane i rapporten vil stå sentralt i det vidare norske arbeidet med FNs freds­operasjonar.

Til forsida