St.meld. nr. 32 (2008-2009)

Om Noregs deltaking i den 63. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 62. general- forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

5 Økonomi, miljø- og utviklingsspørsmål (2. komité)

5.1 Generelt

Arbeidet i 2. komité var i haust prega av noko meir tillitt mellom nord og sør enn det som har vore tilfellet dei siste åra. Sidan mange av sakene som vanlegvis får merksemd, var knytte til «Doha-prosessen» om finansiering for utvikling, var arbeidet meir prega av eit mellomår utan nye rørsler.

5.2 Miljø og berekraftig utvikling

Miljø- og klimaarbeidet i FN ber preg av at det går føre seg ein forhandlingsprosess fram mot konferansen som skal haldast i København i desember 2009. Dei fleste medlemslanda vil ikkje at New York skal bli arena for substansielle framskritt fordi dette kan verke bindande på forhandlingane fram mot København. Hovudpoenget, spesielt for utviklingslanda, har vore å unngå resolusjonstekstar som på nokon som helst måte ymtar om større ansvar enn tidlegare. Noreg har likevel markert seg på klimaområdet, spesielt gjennom arbeidet med å redusere klimautslepp frå avskoging og å utvikle teknologien for fangst og lagring av karbon.

5.3 Migrasjon

Det er framleis inga prinsipiell semje mellom medlemslanda om kvar og korleis migrasjon skal behandlast i FN. Etter tunge forhandlingar blei det til slutt semje om eit kompromiss som inneber at det skal haldast ein ny høgnivådialog i 2013. Vedtaket sikrar at migrasjon og utvikling førebels også blir debattert i FN-samanheng, og kan derfor betraktast som eit skritt i rett retning.

5.4 Korrupsjon

Korrupsjonsdebatten i 2. komité har eit klart utviklingsperspektiv. Resolusjonen byggjer opp under konvensjonen mot korrupsjon, slik det blei semje om ved førre Generalforsamling. Som i fjor var det ikkje semje om kva det betyr i praksis. Mange land frå sør var først og fremst opptekne av tilbakeføring av ulovleg erverva midlar. Land i nord var meir opptekne av mellomstatleg tilslutnad til heile konvensjonen, og at det var viktig å nemne godt styresett i kampen mot korrupsjon. Resultatet blei ein resolusjon som uttrykkjer bekymring over omfanget av problemet, fordømmer korrupsjon i alle former og oppfordrar landa til å motarbeide og kriminalisere slik praksis. Noreg la vekt på å få på plass mekanismar for implementering av konvensjonen og initiativa som knyter seg til han, og mot ulovleg kapitalflukt. I forhandlingane om resolusjonen støtta Noreg også forslaget frå land i sør om å understreke samanhengen mellom korrupsjon og skatteunndragingar i selskap. Det lukkast likevel ikkje å få det inn i den endelege teksten.

5.5 Fattiges tilgang til lov og rett

Generalforsamlinga vedtok ein resolusjon om fattiges tilgang til lov og rett, etter lang tids norsk arbeid med dette temaet. Noreg var pådrivar for kommisjonen som la fram sin rapport om temaet i juni 2008. Med vedtaket i Generalforsamlinga vil FN på sikt kunne styrkje arbeidet med å gi fattige tilgang til å registrere eigedom, skaffe seg kreditt og såleis komme seg ut av fattigdommen. Resolusjonen blei framforhandla i allianse med sentrale utviklingsland.

Til forsida