St.meld. nr. 32 (2008-2009)

Om Noregs deltaking i den 63. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 62. general- forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

4 Nedrusting og tryggleik (1. komité)

4.1 Generelt

Årets sesjon i nedrustingskomiteen var i stor grad prega av ein «vente og sjå»-atmosfære. Kjende synspunkt blei i hovudsak gjentekne, og USA heldt ein påfallande låg profil. Mange avventa haldningane til den nye administrasjon i Washington, spesielt til kjernefysisk nedrustning og ikkjespreiing.

Noreg heldt eit hovudinnlegg og fire tematiske innlegg om høvesvis kjernevåpen, andre masseøydeleggingsvåpen, konvensjonelle våpen og nedrustingsmaskineriet. Den sentrale bodskapen var behovet for å gjenreise internasjonal semje om kjernefysisk nedrusting og ikkjespreiing og for å sikre eit positivt utfall av tilsynskonferansen for ikkjespreiingsavtalen (NPT) i 2010. Noreg viste til nedrustningskonferansen som blei halden i Oslo i februar 2008, og at det langsiktige målet var full avskaffing av kjernevåpen. Ein annan viktig bodskap var at det trengst tiltak mot ulovleg omsetning av handvåpen, og at det hastar, også av humanitære årsaker, med å komme i gang med forhandlingar om ein avtale som regulerer internasjonal handel med konvensjonelle våpen (ATT). Når det gjaldt det multilaterale nedrustingmaskineriet, blei det påpeikt at vedtakinga av klasevåpenkonvensjonen viser at det kan oppnåast gode resultat gjennom opne multilaterale nedrustingsforhandlingar. Dersom det ikkje blir ny framdrift i dei etablerte foruma som i dag er prega av stillstand, vil kravet om å etablere nye forhandlingsprosessar auke i styrke.

4.2 Klaseammunisjon

Spørsmålet om klaseammunisjon avdekte eit klart skilje mellom dei mange landa som støtta opp den nye konvensjonen om klaseammunisjon (CCM), og enkelte land som går inn for at klaseammunisjon utelukkande skal handterast innanfor ramma av konvensjonen om inhumane våpen. Til den siste kategorien høyrde USA, Kina, India, Pakistan, Russland og enkelte arabiske land. Resolusjonen om konvensjonen om klaseammunisjon som blei behandla under Generalforsamlinga, var berre av administrativ karakter og blei vedteken utan votering. Nokre land som ikkje deltok i konvensjonsforhandlingane (Israel, USA og India), gjorde det klart at vedtaket ikkje innebar at dei støtta CCM.

4.3 Avtale om regulering av internasjonal handel med konvensjonelle våpen (ATT)

Debattane viste at det blir ei utfordring å få utarbeidd ein avtale om regulering av internasjonal handel med konvensjonelle våpen (ATT). For to år sidan blei det vedteke å setje ned ei mellomstatleg ekspertgruppe som skulle greie ut rammene for ein mogeleg ATT. Gruppa blei ikkje einig, og i år la Storbritannia fram ein resolusjon som opna for at det kan bli halde konsultasjonar som i stor grad vil bere preg av forhandlingar. Både USA og dei arabiske landa var skeptiske til det britiske opplegget, mens mange andre land, også Noreg, helst hadde ønskt seg eit endå høgare ambisjonsnivå. USA og Zimbabwe var dei einaste landa som stemte mot ATT-resolusjonen, mens Israel, dei arabiske landa, Iran, India og Pakistan avstod. Dette viser at det vil bli ein tung prosess å få på plass ein sterk ATT med universell oppslutning, sjølv om ei mogeleg justering av amerikansk politikk gir grunn til forsiktig optimisme.

4.4 Våpenkappløp i det ytre rommet

USA heldt ein låg profil, men var likevel svært tydeleg på at det ikkje er behov for å utvikle nye folkerettslege instrument for å hindre eit våpenkappløp i det ytre rommet (PAROS). Både Russland, Kina og dei alliansefrie landa la på si side stor vekt på behovet å få framforhandla eit PAROS-instrument. EU og Noreg plasserte seg her i ein mellomposisjon der vi uttrykte støtte til at nedrustningskonferansen (CD) skal komme i gang med konsultasjonar og eventuelt forhandlingar om dette spørsmålet.

4.5 Andre resolusjonar

Forutan resolusjonen til Australia og Sør-Korea om kamp mot ulovleg våpenmekling og resolusjonen om klasevåpen, blei det ikkje introdusert nye resolusjonar. Nokre resolusjonar som ikkje har vore fremja dei siste åra, blei derimot lagde fram i år. Det gjaldt mellom anna USAs resolusjon om etterleving av nedrustings- og ikkjespreiingstilsegner og Kviterusslands resolusjon om tiltak for å hindre utvikling av nye typar masseøydeleggingsvåpen. Avrøystingane over dei enkelte resolusjonane følgde i stor grad etablerte mønster, men enkelte land stilte seg noko annleis enn før til nokre resolusjonar. Nesten alle NATO-landa røysta denne gongen for den såkalla Ny agenda-resolusjonen om kjernefysisk nedrusting.

Noreg skifte frå avståande til ja i avrøystinga over resolusjonen om utarma uran, og fekk med oss Island og Finland på dette. Nederland gjorde ein endå større snuoperasjon ved å gå frå nei til ja. Sjølve resolusjonen legg opp til ytterlegare innhenting av informasjon om mogelege skadeverknader ved bruk av utarma uran i ammunisjon. Inntil vidare blir det ikkje lagt opp til utvikling av eit nytt instrument på området.

Som i tidlegare sesjonar brukte medlemslanda mykje tid og krefter på å samle medforslagsstillarar til dei enkelte resolusjonane og til å ta stilling til dei mange oppmodingane om å teikne seg som medforslagsstillarar. Under den tematiske debatten om det mellomstatlege nedrustingsmaskineriet gjorde Noreg eit poeng av at ein burde komme bort frå denne praksisen.

Til forsida