St.meld. nr. 32 (2008-2009)

Om Noregs deltaking i den 63. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 62. general- forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

9 Juridiske spørsmål (6. komité)

9.1 Generelt

I 6. komité blir resolusjonane vanlegvis vedtekne ved konsens. Viktige punkt på saklista under den 63. generalforsamlinga var mellom anna forhandlingar om ein resolusjon om terrorisme, spørsmål knytte til straffansvar for FN-tilsette, rettsstatsprinsipp og behandlinga av Folkerettskommisjonens rapport. Det blei fatta vedtak på område som reform av FNs interne rettssystem, rapporten frå FNs kommisjon for internasjonal handelsrett, rapporten frå Spesialkomiteen for FN-pakta og for styrking av organisasjonens rolle og rapporten frå komiteen om samkvemmet med vertslandet. I tråd med tidlegare praksis blei det halde felles nordiske innlegg på mange av dagsordenpunkta.

9.2 Terrorisme

Ein viktig del av FN-arbeidet mot terrorisme skjer i regi av Tryggingsrådet med underkomitear, mellom dei Counter-Terrorism Committee (CTC), oppretta i samsvar med resolusjon 1373 (2001), som blei vedteken like etter angrepet på World Trade Center i New York. Tryggingsrådet ser på internasjonal terrorisme som ein trussel mot fred og tryggleik, og rådet har på det grunnlaget eit hovudansvar for å fastsetje tiltak som varetek tryggleiken. Særleg gjeld dette tiltak retta mot personar eller grupper som står bak eller støtter terrorhandlingar. CTC spelar ei praktisk viktig rolle i kampen mot terrorisme og har som formål å styrkje overvakinga av utviklinga på området og å gi assistanse til medlemsland som enno ikkje har gjennomført resolusjon 1373. Tryggingsrådet arbeider også gjennom 1267-komiteen (Taliban/Al Qaida), 1540-komiteen (nukleær terrorisme) og gjennom arbeidsgruppa for resolusjon 1566 (vurdering av nye tiltak for å styrkje FNs arbeid på dette området).

Arbeidet mot terrorisme har òg ein viktig plass i Generalforsamlinga, som har som si rolle å forhandle fram bindande regelverk (i form av avtalar) og tilrådingar (i form av resolusjonar). Her deltek alle FNs medlemsland i dialogen om terrorisme og utviklar skrittvis felles normer for dette arbeidet. Generalforsamlinga arbeider med eit stort spekter av saksfelt for å nedkjempe terrorisme på brei front, slik som kampen mot fattigdom, styrking av den internasjonale rettsordenen, fred og forsoning, dialog mellom religionar og samfunn og arbeid mot spreiing av masseøydeleggings­våpen.

Som ei oppfølging av FN-toppmøtet i 2005 lanserte Generalforsamlinga i 2006 ein strategi for arbeidet mot terrorisme. Strategien omhandlar tiltak for å førebyggje og nedkjempe terrorisme og tiltak for å styrkje kapasitetane til medlemslanda i kampen mot terrorisme. Den første tilsynskonferansen for strategien blei avvikla i Generalforsamlinga i september og gav brei tilslutning til strategien. Det blei gjort framskritt når det gjaldt å organisere arbeidet i sekretariatet. I debatten viste Noreg til at det er viktig å leggje vekt på respekt for menneskerettane og rettsstatsprinsippa sin plass i antiterrorarbeidet. Det blei vidare vist til det norskfinansierte prosjektet «Leaving Terrorism Behind» om individuell og kollektiv lausriving frå radikale miljø og terrorisme. Noreg støttar prosjekt i regi av FN. Det blei vedteke ein resolusjon som vidarefører den globale antiterrorstrategien fram mot neste tilsynskonferanse i 2010.

Også i år blei det gjort forsøk på å straumlinjeforme den årvisse resolusjonen om terrorisme. Dette initiativet førte dessverre ikkje fram, og Generalforsamlinga vedtok ein resolusjon som er ei rein oppdatering av tidlegare versjonar. Resolusjonen fordømmer alle former for terrorisme og understrekar verdien av arbeidet regionale organisasjonar og ulike FN-organ gjer i kampen mot terrorisme.

Semje om ein generell FN-konvensjon mot internasjonal terrorisme og avgrensinga av bruksområdet til ein slik konvensjon kunne ha medverka til å effektivisere samarbeidet i kampen mot terrorisme, mellom anna gjennom straffeforfølging av dei som utfører terrorhandlingar. Ein konvensjon ville òg ha sendt eit eintydig signal om at verdssamfunnet står samla i kampen mot terror. Heller ikkje i år var det nokon framgang i arbeidet, og drøftingane blir igjen vidareførte i adhockomiteen som er nedsett av Generalforsamlinga for å forhandle fram ein generell konvensjon mot terrorisme.

Noreg vil styrkje kampen mot terrorisme alle stader, same kven som utfører handlingane og kva som er motivet, og søkjer i forhandlingane å unngå løysingar som kan medverke til å legitimere handlingar ut frå at dei har ein særskild motivasjon (til dømes kamp mot ulovleg okkupasjon). På norsk side er vi òg av den oppfatning at behandlinga av statshandlingar og statsansvar er betre forankra i andre delar av folkeretten enn den internasjonale strafferetten.

9.3 Folkerettskommisjonen

Viktige spørsmål i rapporten frå Folkerettskommisjonen var internasjonale organisasjonars ansvar, delte naturressursar, utvising av utlendingar, kva verknader væpna konfliktar har på traktatar, plikta til å utlevere eller straffeforfølgje, immunitet for statstilsette, reservasjonar mot traktatar og vern av individ ved katastrofar. Det blei halde fleire fellesnordiske innlegg under saklistepunktet om Folkerettskommisjonens rapport.

9.4 Andre spørsmål

FN er ein stor arbeidsplass, og derfor oppstår ein del arbeidsrelaterte tvistar. Det tidlegare systemet for å handtere slike tvistar var modent for oppdateringar. Frå norsk side har ein aktivt støtta etableringa av eit effektivt system som nyt størst mogeleg grad av tillit både blant dei tilsette og hos FN som arbeidsgivar. I år blei det gjort viktige rammevedtak om det nye tvisteløysingssystemet, noko som opnar for ei snarleg betring av situasjonen.

Etter at det i 2004 blei avdekt at FN-tilsette hadde gjort seg skuldige i seksuelle overgrep, har FN arbeidd med spørsmålet om straffeansvar for FN-tilsette. Særleg spørsmål om immunitet, FNs kompetanse og rettsleg samarbeid på tvers av landegrensene har gjort seg gjeldande. Det herskar framleis stor usemje om korleis FN best kan gå fram i denne saka. Somme, deriblant EU, vil at det raskt skal vedtakast ein konvensjon som kneset viktige samarbeidsplikter. Også Noreg tok til orde for å utarbeide ein konvensjon, men det må dessverre erkjennast at utsiktene for dette er dystre. Det skuldast i hovudsak ei overdriven frykt hos ein del statar for ei utvikling der ein annan stat skal kunne straffeforfølgje deia militære personell.

På FN-toppmøte i 2005 blei det vedteke at ein skulle styrkje innsatsen for rettsstatsprinsippa. Under den 61. Generalforsamlinga blei det oppnådd semje om at temaet skal behandlast i 6. komité, og det blei førespegla at ein der skulle utpeike og diskutere ulike undertema. Det har tidlegare vist seg vanskeleg å oppnå semje om kva tema som skal diskuterast. Fleksibilitet hos alle partar gjorde at ein i år kunne einast om ein arbeidsplan for dei tre kommande sesjonane.

Til forsida