St.meld. nr. 34 (2004-2005)

Om Noregs deltaking i den 59. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 58. generalforsamling

Til innhaldsliste

3 Saker handsama i plenum

3.1 Generaldebatten

Alle dei 191 medlemslanda heldt innlegg i generaldebatten på den 59. generalforsamlinga. Av desse var 58 representerte ved statsleiar, 29 ved statsminister, 11 ved visestatsminister og 93 ved utanriksminister. At så mange høgtståande politikarar vel å vere til stades på opninga av generaldebatten, understrekar den funksjonen generalforsamlinga har som politisk møteplass, sjølv i dei åra då dagsordenen ikkje er prega av dei store sakene.

Generaldebatten i år vart breiare i nedslagsfelt enn i 2002 og 2003, der Irak overskygde dei fleste andre tema. Spørsmålet om reform av Tryggingsrådet dominerte debatten, men òg utviklings- og miljøspørsmål fekk meir fokus og tyngd i denne debatten enn tidlegare. Likestillingsspørsmål var om mogeleg endå mindre på dagsordenen i denne generaldebatten enn i dei to føregåande. Når det gjeld utviklingspolitikk, er det store forventingar til tusenårsmåla og gjennomgangen i 2005. Sjølv om enkelte utviklingsland uttrykte stor skepsis til om det ville vere mogeleg å nå måla innan 2015, og la hovudansvaret på manglande finansiering frå dei rike landa, var ikkje dette ei eintydig haldning. Tanzania valde ei positiv tilnærming ved å framheve land som tok forpliktingane frå Monterrey-konferansen om finansiering av utvikling og Johannesburg-toppmøtet om berekraftig utvikling seriøst, og som hadde gjennomført uavhengige vurderingar av tilskota sine til tusenårsmåla (såkalla MDG8-rapportar, som òg Noreg har utarbeidd). Fleire rike land, mellom andre USA og EU, annonserte at dei aukar hjelpa. Gjennombrotet i Doha gjorde at haldninga til handelsspørsmål var meir optimistisk i år enn i tidlegare år. Gjeld vart framleis oppfatta som eit alvorleg problem, og ei rekkje mellominntektsland, først og fremst dei små øystatane, såg med uro på at dei gjeldande reglane for hjelp, handel og gjeldslette gjorde det vanskeleg for desse landa å sikre seg naudsynt draghjelp til å stimulere utviklinga si. Fattige land generelt og småstatane spesielt frykta at globaliseringa ville verte ein nettokostnad for dei.

3.2 Førebuing til FN-toppmøtet 2005

Debatten om oppfølginga av tusenårsforsamlinga og integrert konferanseoppfølging vart prega av forventingane til rapporten frå Høgnivåpanelet for trugsmål, utfordringar og endring, som vart framlagd i midten av desember 2004.

Ein kom òg rett før jul til semje om ein resolusjon om grunntrekka i organiseringa av toppmøtet hausten 2005. Resolusjonen vart vedteken med konsensus etter ei lang rekkje konsultasjonar i regi av tilretteleggjarane Nicaragua og Noreg. Toppmøtet vil få deltaking på statsleiarnivå og vil verte halde 14.–16. september 2005 i New York. Plenumsmøte og rundebordsdebattar vil verte arrangerte parallelt, og tema for debattane i rundeborda vil vere lik agendaen for toppmøtet. Generaldebatten opnar dagen etter at toppmøtet vert avslutta laurdag 17. september.

Høgnivådialogen om oppfølginga av konferansen om finansiering for utvikling (FfD) vil finne stad 27.–28. juni 2005 i New York. I dagane etter følgjer høgnivåsegmentet i ECOSOCs substanssesjon, som i 2005 er flytta til New York. Substanssesjonane i ECOSOC vil deretter finne stad i Genève i 2006 og i 2007 før ein vender attende til sedvanleg alternering i 2008. Eit eige møte om FfD vil òg verte halde innanfor ramma av sjølve toppmøtet. Det vil bli arrangert uformelle høyringar med det sivile samfunnet og den private sektoren i juni 2005, som skal tene som innspel til den førebuande prosessen. Medlemslanda vert oppmoda til å engasjere seg på høgast mogeleg nivå i dei vidare førebuingane, som framleis vil gå føre seg under leiing av presidenten for Generalforsamlinga.

I konsultasjonane var Russland på prinsipielt grunnlag mot å flytte ECOSOC frå Genève fordi ein ønskte å markere Genève som FNs andre hovudstad. USA ønskte framleis ikkje å leggje stor vekt på toppmøtet og motsette seg appellen om deltaking på høgast mogeleg nivå. Pakistan truga lenge med å seinke vedtak dersom resolusjonen ikkje spegla Generalsekretærens tilråding om at toppmøtet bør munne ut i ein integrert pakke med vedtak. Også Italia og Spania slutta seg til Pakistan i dette kravet for å unngå tidleg votering i spørsmålet om utviding av Tryggingsrådet. Frå norsk side var ein fleksibel i dei fleste av dei organisatoriske spørsmåla, men slutta seg til konsensus med omsyn til å flytte ECOSOC til New York, mellom anna av omsyn til å kunne inkludere fattige land utan representasjon i Genève. Resolusjonen som vart vedteken, er likevel berre å forstå som eit første steg i den førebuande prosessen til toppmøtet, og mange viktige spørsmål vil kome opp til handsaming i løpet av våren 2005, til dømes spørsmåla om agendaen, om substansen og om resultata som ein ventar av toppmøtet. Generalsekretærens rapport til møtet, basert mellom anna på oppfølginga av rapporten frå Høgnivåpanelet og rapporten frå FNs tusenårsprosjekt om oppnåing av tusenårsmåla, er venta i mars 2005. Presidenten vil oppnemne to tilretteleggjarar frå kvar av dei regionale gruppene for å hjelpe til i den vidare prosessen med førebuingane. Noreg er, saman med Nicaragua, utsedd som tilretteleggjar for dei organisatoriske spørsmåla i samband med toppmøtet og vil delta i ei kjernegruppe av land knytte til presidenten for Generalforsamlinga.

Noreg stod som medframleggsstillar til ein resolusjon fremja av Finland og Tanzania om at rapporten frå Verdskommisjonen om den sosiale dimensjonen ved globalisering skal inngå i grunnlaget for Generalsekretærens rapport til FN-toppmøtet. Resolusjonen vart vedteken, men først etter ei kraftig utvatning som følgje av sterk motstand frå USA.

Noreg stod òg som medframleggsstillar til resolusjonen om tiltak for betra beredskap i global folkehelse (epidemiutbrot, sars, fugleinfluensa, hiv) som Kina la fram for andre år på rad i oppfølginga av tusenårsforsamlinga. G-77 freista i år å fremje ein ny resolusjon om fredsbygginga si rolle i oppfølginga av tusenårsmåla. Føremålet med teksta var å få ein rein prosedyreresolusjon med sikte på å få inn fredsbyggingsdimensjonen i femårsgjennomgangen av tusenårserklæringa neste år. Utkastet vart trekt attende etter at USA søkte å få inn substans om mellom anna den private sektoren si rolle.

3.3 FN-reform

Debatten om revitalisering og styrking av FN-systemet avdekte brei semje om å følgje opp resolusjonane om rasjonalisering av arbeidsmetodane til Generalforsamlinga som vart vedtekne sist vår. Noreg stod tilslutta EUs innlegg der det vart lagt vekt på at Tryggingsrådet må verte meir representativt og demokratisk. Brasil såg med uro på at ein ikkje så langt har lukkast med å einast om å strekkje komitéarbeidet over to sesjonar. Japan tok til orde for å framleis ha komitéarbeidet i ein sesjon knytt saman med generaldebatten. Viktige vedtak om å forkorte agendaen og om rolla og arbeidsmetodane til generalkomiteen skal gjerast innan 1. april 2005.

Mange kommenterte òg i debatten «Cardoso-rapporten» om samarbeidet mellom FN og det sivile samfunnet. Rapporten tilrår å institusjonalisere sporar til betre inkludering av det sivile samfunnet i Generalforsamlinga og Tryggingsrådet og i ECOSOC sitt arbeid. EU var mest positiv til å gjennomføre tilrådingane frå panelet, medan USA, Israel, India, Kina, Pakistan, Zimbabwe og Cuba åtvara mot å forhaste seg med omsyn til å inkludere det sivile samfunnet innanfor ramma av Generalforsamlinga. Brasil la seint i sesjonen fram eit utkast til tekst om oppfølginga av Cardoso-rapporten, men utkastet vart rekna som så vidtgåande at handsaminga vart utsett. Ein ventar at dei vidare konsultasjonane vert prega av prinsipielle diskusjonar om i kor stor grad ikkje-statlege organisasjonar kan vente å få tilgjenge til og delta aktivt i mellomstatlege møte og prosessar.

3.4 Reform av Tryggingsrådet

Debatten om reform av Tryggingsrådet og førebuingane til toppmøtet gjekk kontinuerleg heile hausten 2004, i generaldebatten, spesialdebattar og etter framlegginga av rapporten frå Høgnivåpanelet om trugsmål, utfordringar og endring (HLP). I generaldebatten vart Tyskland og Canada oppfatta å ha ytterposisjonen når det gjaldt arbeidsoppgåvene til Tryggingsrådet. Tyskland slo fast at Tryggingsrådet måtte leggje vekt på konfliktførebygging, å utvikle eit nytt internasjonalt lovverk og å «avgrense» nasjonal suverenitet. Canada presenterte eit omfattande rammeverk for oppgåvene til FN, som framheva ansvar for vern av sivile og humanitære intervensjonar. Britane framheva at FN-pakta ikkje hindrar ein meir aktivistisk politikk i høve til ansvaret for vern, og at Rådet kan vidareutvikle politikken sin utan at FN-pakta vert endra. Usemja mellom vestlege land og medlemer av den alliansefrie rørsla vart kanskje endå tydelegare artikulert i denne generaldebatten enn nokon gong tidlegare. Kina og Egypt stod fram som dei viktigaste motstandarane av utvikling av ansvarsområdet til Tryggingsrådet. Kina framheva sine «fem prinsipp for fredeleg sameksistens», der eitt av prinsippa er ikkje-innblanding. I tillegg var det ei rekkje innlegg som i svakare vendingar tala mot auka fullmakter til Tryggingsrådet. Det var likevel langt fleire talarar som gav støtte til enn som motsette seg prinsippet om «ansvar for vern av sivile» og trongen for at Tryggingsrådet skal kunne handsame interne konfliktar på ein effektiv måte. Konklusjonane til Høgnivåpanelet fell nært saman med synspunkta til britane, og fleire tilrådingar ligg nærare synspunkta til Tyskland og Canada enn synspunkta til Kina og Egypt. Ein lakmusprøve på posisjonen til dei einskilde landa var Darfur-konflikten, som vart omtala av mange talarar. Dei fleste kom med støtte til den aktive politikken som FN og AU fører. Samtidig måtte ein konstatere at det var vanskeleg å einast om konkrete, effektive tiltak mot overgrepa som fann stad. Egypt såg med uro på at internasjonal aktivitet hadde innskrenka suvereniteten til Sudan.

Utviding av Tryggingsrådet og samansetjinga av det er det temaet som fekk mest merksemd. Generaldebatten var eit nesten unisont uttrykk for at samansetjinga betre må spegle dei geografiske realitetane i dag. Vestlege land er overrepresenterte, medan Afrika og Asia er underrepresenterte. Tyskland, Japan, India og Brasil annonserte i generaldebatten ein avtale om å støtte opp om kvarandre sine kandidatur til fast plass i Tryggingsrådet. Ei rekkje talarar støtta kandidaturet til ein eller fleire av dei fire i debatten, men langt færre enn det fleirtalet på to tredelar (128 medlemsstatar) som krevst for å endre FN-pakta, uttrykte slik støtte. Fleire land leverte òg svært kraftige innlegg mot nye faste plassar. Italia gjorde dette til hovudpoeng i innlegget sitt. Italia hevda at i tilfelle fast tysk medlemskap vil Italia verte det einaste av dei fira store i EU som ikkje har fast plass i Tryggingsrådet. Medlemene i rådet må kunne trekkjast til ansvar av andre FN-medlemer, og det oppnår ein ikkje, ifølgje Italia, ved å gjere fleire sete faste. EU er dermed splitta i debatten framover. Ein idé om eit eige EU-sete vart teke opp av mellom andre Sverige og Austerrike. Uavhengig av synspunkt på fast medlemskap var det få som uttrykte støtte til vetorett for eventuelle nye medlemer.

3.5 Humanitære spørsmål

Handsaminga av dei humanitære spørsmåla gjekk i kjende spor. Forutan brei støtte til trongen for å stadig betre samordninga av og effektiviteten i humanitær hjelp, åtvara fleire mot undergraving av dei humanitære prinsippa, særleg i samband med integrerte fredsoperasjonar. Mange uttrykte òg uro over dårlegare og ujamn finansiering av dei humanitære appellane og at det trengst meir støtte til kapasitetsbygging for å førebyggje naturkatastrofar og betre beredskapen for slike katastrofar. Somme land i sør var opptekne av å verne om suverenitetsprinsippet og presiserte at humanitær hjelp skal vere upolitisk og berre verte gjeve med godkjenning og etter oppmoding frå styremaktene i mottakarlandet. Det norske innlegget var konsentrert om å vareta dei grunnleggjande humanitære interessene i dei integrerte fredsoperasjonane til FN.

I forhandlingane om resolusjonen om styrkt samordning av humanitær hjelp var det først og fremst omtalen av vern av sivile som var vanskeleg, men òg omtalen av tilgang til naudlidande, samt referansar til mellomstatleg dialog om humanitær hjelp.

Med omsyn til resolusjonen om tryggleiken for FN-personell kom ein der òg inn på framlegget frå Generalsekretæren om å oppgradere kapasiteten til FN på dette området. Skiljelinene i diskusjonane om finansieringa av tiltaka gjekk att her. Noreg slutta fullt opp om framlegget frå Generalsekretæren. USA kravde som tidlegare røysting om paragrafar om Den internasjonale straffedomstolen (ICC).

Ein resolusjon om humanitær hjelp til overlevande etter folkemordet i Rwanda, først og fremst foreldrelause, enkjer og offer for seksuell vald, vart vedteken med konsensus.

Det var på generalforsamlinga i år ikkje mogeleg å oppnå semje om ein substansiell resolusjon om støtte til minetiltak, og det vart difor berre vedteke ein prosedyreresolusjon.

Det var først og fremst Egypt, Cuba og Iran som ikkje ønskte omtale av tilsynskonferansen for Minekonvensjonen i Nairobi. Det var òg vanskeleg å oppnå semje om UNMAS’ (United Nations Mine Action Service) arbeid med å revidere FNs strategi for minetiltak. Noreg meinte at denne strategien la opp til ei for omfattande rolle for UNMAS i felt.

3.6 Miljø

Miljøspørsmål vart i år òg teke opp av mange land. Det var ikkje berre dei små øystatane (SIDS) som stilte seg bak bodskapen om at Kyoto-protokollen måtte tre i kraft. Russland skaffa seg mykje godvilje ved å annonsere si endra haldning til Kyoto-protokollen i år. Fleire av stillehavsøyane kom med krav om innskrenking av eller forbod mot botntråling. Frankrike tok opp att framlegget sitt om å opprette Verdsmiljøvernorganisasjonen. Omgrepet berekraftig utvikling var derimot nesten fråverande frå debatten i år.

3.7 Nedrusting

Det kom til uttrykk ein frustrasjon over manglande framsteg i det multilaterale nedrustingsarbeidet. Dei arabiske statane var unisone i kravet sitt om at Israel måtte gje opp atomvåpna sine og framheva dobbeltmoralen i nedrustingsarbeidet som ei viktig årsak til manglande nedrusting. India avviste restriksjonar og straffemekanismar i samband med ikkje-spreiing av atomvåpen og meinte at berre ei konsensushaldning hjå villige land ville føre fram. Det vart uttrykt stor uro over atomprogrammet til Nord-Korea og von om at sekslandsforhandlingane ville føra fram.

3.8 Afrika-spørsmål

Debatten om Afrika, medrekna oppfølginga av New Partnership for Africa’s Development (NEPAD) og årsaker til konflikt i Afrika, hadde fokus på dei positive tilskota som dei afrikanske landa sjølv har teke initiativ til for å byggje fred på kontinentet. Debatten illustrerte at NEPAD representerer ein ny gjev i utviklingstenkinga om Afrika og bar preg av å vere balansert med klare tilvisingar til eigne skyldnader, mellom anna til godt styresett. I Noregs innlegg vart AUs initiativ til ein ny tryggingsarkitektur for Afrika ønskt velkomen. Det vart òg vist til at ein frå norsk side verdset African Peer Review Mechanism-initiativet og ser fram til å sjå dei første resultata av gjennomgangane, som vil liggje føre neste år. Også forhandlingane om dei to Afrika-resolusjonane gjekk føre seg i ein balansert tone trass i motstanden frå G-77 og EU mot freistnaden frå USA på å få inn fleire paragrafar om privat sektor. I teksta om NEPAD er det ei ny tilvising til Generalsekretærens rådgjevande panel for internasjonal støtte til NEPAD (der Anne Kristin Sydnes er ein av panelmedlemene). Frå norsk side fekk ein mellom anna tilslutning til verdien av å inkludere det sivile samfunnet i vidareutviklinga av NEPAD. I resolusjonen om konflikt i Afrika fekk ein frå norsk side tilslutning frå EU og gjennomslag for å føye til tekst om at det trengst ei integrert tilnærming til fred, tryggleik og utvikling.

3.9 Regionale konfliktar

Sjølv om president Bush fann det naudsynt å forsvare åtaket på Irak som lovleg i folkerettsleg meining, var det få som såg noko poeng i å forfølgje denne debatten noko lenger. Den gjennomgåande tonen var at stabilisering av Irak er ei felles utfordring for verdssamfunnet. Det kom til uttrykk ein sterk frustrasjon over manglande framdrift for vegkartet i Midtausten. Jordan hevda at konflikten set grenser for kor omfattande demokratiprosessar det vil vere mogeleg å gjennomføre i den arabiske verda. Noreg tok òg opp Midtausten-konflikten og varsla eit nytt møte i AHLC (gjevarlandskomiteen for hjelp til palestinarane). Darfur vart nemnt av mange talarar. Noreg og somme afrikanske land som Tchad, var dei einaste som peikte på at tempoet i Naivasha-prosessen må setjast opp for å leggje grunnlaget for ei politisk løysing i Darfur. President Bush karakteriserte hendingane i Darfur som folkemord. Forhandlingane om den årlege Afghanistan-resolusjonen vart omfattande og tidkrevjande, trass i at usemja i stor grad dreidde seg om nokre få spørsmål og då særleg om omtalen av terrorisme. India og Russland, og til dels Afghanistan og USA, hevda at terrorisme framleis utgjorde det alvorlegaste trugsmålet mot tryggingssituasjonen i Afghanistan, medan Pakistan, Tyskland og EU framheva ei rekkje andre problem som politisk vald, narkotika og vanleg kriminalitet som like alvorlege. Freistnader på å vatne ut formuleringane i resolusjonen om menneskerettar og internasjonal humanitærrett lukkast i liten grad. Resolusjonen, som på nytt vart vedteken med konsensus, hadde denne gongen rekordmange medframleggsstillarar (over 140), mellom andre Noreg, som òg heldt eit eige innlegg. Innlegget fokuserte mellom anna på verdien av å betre tryggingssituasjonen i landet og nedkjempe det aukande narkotikaproblemet, og omtala òg framsteg når det gjeld menneskerettssituasjonen og kvinnene si stilling, samtidig som det vart understreka at det krevst ytterlegare framgang.

3.10 Havretts- og fiskerispørsmål

Generalforsamlinga si handsaming av spørsmål i samband med hav- og fiskeriforvalting var òg i år ein arena for profilering av Noreg som ressursnasjon med viktige interesser på det marine området. Det vart vedteke ein resolusjon om havretten og ein resolusjon om berekraftige fiskeri, som òg omfatta gjennomføring av FN-avtala om fiske på ope hav. Noreg medverka under forhandlingane om dei to resolusjonane til å få spegla trongen for ei balansert tilnærming som inneber innsats mot negative faktorar som ureining og rovdrift saman med vidareutvikling av berekraftig og økosystembasert forvalting av marine ressursar.

Det norske hovudinnlegget vart halde av statsminister Bondevik. I innlegget vart den viktige rolla til FNs havrettskonvensjon av 1982 halde fram med omsyn til internasjonale freds- og tryggingsutfordringar og internasjonal skipsfart. Vidare vart mellom anna verdien av konvensjonen i høve til spørsmål om miljø og marin ressursforvalting halde fram, med særleg vekt på botntråling og rolla til dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane, samt kampen mot uregulert, urapportert og ulovleg fiske.

Vern og regulering av utnytting av biologiske ressursar på ope hav var eit viktig tema på generalforsamlinga i år. Det ser ut til at det trengst å utvikle vidare eit multilateralt regelverk som gjev høve til å identifisere og verne område eller økosystem på ope hav på ein einsarta måte. Regjeringa har sett i verk nasjonale tiltak for å styrkje vernet av kaldvasskorallar i det nordaustlege Atlanterhavet. På bakgrunn av dette engasjementet har Noreg òg internasjonalt teke eit særleg ansvar for denne problematikken. Det mest direkte trugsmålet mot sårbare habitat på havbotnen kjem frå fiskeria, og ein bør unngå skadelege fiskeriaktivitetar i slike område. Det er norsk haldning at dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane bør spele ei sentral rolle i reguleringa av denne typen aktivitetar.

Det er per i dag relativt få slike organisasjonar som har kompetanse til å regulere havfiske, medrekna botntråling. På generalforsamlinga i år pressa difor Noreg på for å få fortgang i etableringa av regionale regime som har kompetanse til å regulere denne typen aktivitetar i sårbare område. Ein argumenterte òg for at denne typen aktivitetar på ope hav bør forbydast der det ikkje finst forvaltingsregime med relevant kompetanse. Etter vanskelege forhandlingar vart resultatet ei oppmoding til statane om å vurdere eit mellombels forbod mot skadelege fiskeripraksisar, medrekna botntråling. Det vart i havrettsresolusjonen vedteke å opprette ei arbeidsgruppe som skal drøfte problemstillingar knytte til vern og berekraftig bruk av marine biologiske ressursar i område utanfor nasjonal jurisdiksjon.

3.11 Dei internasjonale straffedomstolane for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda

Det vart i år som i fjor halde ein felles debatt om domstolane sitt arbeid. Presidenten for Rwanda-domstolen (ICTR), nordmannen Erik Møse, framheva at Rwanda-domstolen aldri hadde avsagt fleire dommar enn i det året som gjekk, og at framdrifta i sakene, medrekna ankehandsaminga, hadde vore god. Domstolen er difor i rute i høve til sluttføringsstrategien, som seier at domstolane skal ha avslutta aktiviteten innan 2010. Den manglande innbetalinga av pliktige tilskot frå medlemslanda til budsjettet til domstolen utgjer likevel eit alvorleg trugsmål mot vidare framdrift i tråd med sluttføringsstrategien. Tilsetjingsstoppen som følgje av finansieringsproblema har gjort situasjonen kritisk. Over 80 personar har slutta etter at tilsetjingsstoppen vart innførd, og sentrale stillingar står ledig. Møse sa seg nøgd med samarbeidet med Rwanda, men oppmoda andre statar der dei 17 tiltala som framleis er på frifot er, til å intensivere samarbeidet med domstolen.

Presidenten for Jugoslavia-domstolen (ICTY), amerikanaren Theodor Meron, rapporterte at ICTY òg hadde handsama rekordmange saker i året som gjekk. Dette kom av full utnytting av kapasiteten til domstolen, i tillegg til gjennomføring av fleire viktige reformer, mellom anna om overføring av mindre alvorlege saker til nasjonale domstolar. Meron var nøgd med at Bosnia-Hercegovina etter planen ville overta saker frå og med januar 2005, og understreka at det trengst internasjonal finansiell hjelp i den samanhengen. Meron karakteriserte Serbia og Montenegros samarbeid med domstolen som utilfredsstillande. Til liks med Møse understreka Meron at den manglande innbetalinga av tilskot frå medlemslanda til domstolen og den medfølgjande tilsetjingsstoppen ville kunne setja sluttføringsstrategien i fare.

I den påfølgjande debatten sa dei fleste som tok ordet, mellom andre Noreg, seg nøgde med framdrifta i domstolane sitt arbeid. Til liks med Noreg understreka eit fleirtal verdien av å samarbeide med domstolane, særleg med omsyn til arrestasjon av Karadzic, Mladic og Gotovina, og verdien av å overføre saker til nasjonale domstolar, samt trongen for internasjonal hjelp for å styrkje den nasjonale kapasiteten i den samanhengen. Dei fleste landa såg med uro på dei økonomiske problema til domstolane og oppmoda alle land til å betale det dei skulda. Frå norsk side vil ein framleis arbeide aktivt for at domstolane vert sikra tilstrekkelege ressursar og gode arbeidstilhøve, slik at dei kan fullføre mandata sine innan rimeleg tid. Japan hevda derimot at kostnadene til domstolane framleis var for høge i høve til talet på saker og tok til orde for ein reduksjon av desse kostnadene i tråd med sluttføringsstrategiane.

Mandata til 14 av dei 16 faste dommarane ved Jugoslavia-domstolen går ut i november 2005. Av kontinuitetsomsyn vart det halde val alt eit år før dette. Av dei 22 kandidatane som stilte til val, var 13 kandidatar noverande dommarar ved domstolen. Noreg la under valet stor vekt på at utskifting av dommarar kan vere uheldig for den vidare framdrifta i arbeidet til domstolen. Fleire land syntest å dele Noregs syn, og 12 av dei 13 noverande dommarane vart attvalde.

3.12 Andre spørsmål

Som formann i Europarådets ministerkomité leidde Noreg forhandlingane om resolusjonen om samarbeidet mellom FN og Europarådet. Resolusjonen vart vedteken med konsensus. Diskusjonane frå den førre resolusjonen i 2002, då ei rekkje av medlemslanda i Europarådet ønskte fokus på Europarådets kjerneverdiar, gjorde forhandlingane vanskelege. Slutteksta vart kort, men har potensial for eit framtidig styrkt samarbeid.

På generalforsamlinga markerte ein at det var ti år sidan handlingsprogrammet vart vedteke på den internasjonale folkesetnadskonferansen i Kairo (International Conference on Population and Development, ICPD). Det var stor oppslutning om debatten i plenum, og ei rekkje ministrar deltok og heldt innlegg. Innlegga uttrykte allment sterk støtte til handlingsprogrammet og la vekt på samanhengen med tusenårsmåla. Mange peikte på framsteg sidan Kairo-konferansen, men at det likevel stod att mange utfordringar, mellom anna utfordringar knytte til hiv/aids-epidemien. Det knytte seg ei viss spenning til kva USA ville ta opp i innlegget sitt med tanke på kontroversane i delar av det politiske miljøet i USA om reproduksjonshelse og avgjerda til den sitjande administrasjonen om å stoppe tilskota til FNs befolkningsfond (UNFPA). I innlegget vart det sagt at ein framleis vil støtte handlingsplanen frå Kairo i den forståinga at ingen vil misbruke handlingsplanen til å finne støtte for abort. Sveriges innlegg, som vart halde av Mona Sahlin, minister for demokrati, integrasjon og likestilling, skilte seg ut ved klar framheving av seksuelle rettar, kritikk av diskriminering av homoseksuelle, kritikk av Vatikanet si haldning til kondom og ei tilvising til dei funksjonshemma sine seksuelle og reproduktive rettar. I det norske innlegget la ein vekt på samanhengen mellom tusenårsmåla og handlingsprogrammet frå Kairo, verdien av likestilling og mødrehelse, samanhengen mellom hiv/aids og reproduksjonshelse og verdien av å fokusere på barn og unge. Det vart òg varsla ein auke av det norske tilskotet til UNFPA i samband med auken i budsjettet for utviklingshjelp.

Den 24. januar 2005 vart det halde ein spesialsesjon til minne om 60-årsdagen for frigjevinga av fangar frå konsentrasjonsleirane. Spesialsesjonen kom til etter initiativ frå EU, USA, Israel, Canada og Australia. Eit stort fleirtal av medlemslanda i FN stilte seg bak initiativet. Spesialsesjonen var historisk i den meininga at det var første gong FN markerte folkemordet. Eit tjuetals land var representerte på politisk nivå.

Dei fleste landa la i innlegga sine vekt på at FN vart oppretta på ruinane av den andre verdskrigen, og at lærdomen frå krigen utgjer ein stor del av verdigrunnlaget for organisasjonen. Noregs innlegg vart halde av statssekretær Olav Kjørven. Innlegget fokuserte på trongen for opplysning og utdanning om Holocaust for å førebyggje at noko slikt skjer ein gong til.

Til forsida