St.meld. nr. 34 (2004-2005)

Om Noregs deltaking i den 59. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 58. generalforsamling

Til innhaldsliste

5 Økonomi-, miljø- og utviklingsspørsmål (2. komité)

5.1 Allmenne spørsmål

På utviklingssida vart opninga av generalforsamlinga prega av ei rekkje høgprofilerte arrangement, med Brasil sin president Lula da Silva sitt høgnivåmøte om «Tiltak mot sult og fattigdom», Finland og Tanzanias globaliseringsmøte, den franske utanriksministeren sitt UNEO-møte (United Nations Environment Organization) og den britiske utanriksministeren sitt møte om statsminister Blairs Afrika-kommisjon. Like fullt må handsaminga av utviklingssida på generalforsamlinga i haust seiast å vere prega av ei avventande haldning. Bakgrunnen for dette er toppmøtet i 2005, når status skal gjerast opp med omsyn til å nå tusenårsmåla.

Utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson presenterte den norske MDG8-rapporten om Noreg sitt tilskot til oppnåing av tusenårsmåla. Ho la mellom anna vekt på at fleire OECD-land bør vise kva innsats dei gjer for å realisere tusenårsmåla, i eigne MDG8-rapportar.

5.2 Treårsgjennomgangen av FNs utviklingsaktivitetar

Ei av dei viktigaste sakene i år var vedtakinga av resolusjonen om FNs operasjonelle utviklingsaktivitetar (TCPR), som vert handsama kvart tredje år. Dette er høvet til å gjennomgå heile FNs utviklingsarkitektur og til å gje FNs fond og program ein heilskapleg bodskap om retninga framover. Noreg er femte største bidragsytar til FNs utviklingsaktivitetar, niande største gjevar av offisiell utviklingshjelp (ODA) og suverent største gjevar per capita.

Før Generalforsamlinga handsama desse spørsmåla, hadde Noreg saman med kollegaene sine i Utsteingruppa (Canada, Nederland, Storbritannia, Sverige og Tyskland) gjennomført eit større arbeid om desse spørsmåla. Med den norske utviklingsministeren i spissen overleverte dei nemnde landa i juni 2004, saman med Sveits og Danmark, eit dokument til Generalsekretæren om ei rekkje idear til reform av FNs aktivitetar på landnivå. Utviklingsministeren vart òg invitert av Generalsekretæren til å halde foredrag om ideane sine på halvårsmøtet til FNs eksekutivråd (toppsjefane i FN-systemet) i slutten av oktober 2004. Statsråden innleidde saman med statsministeren i Mosambik, Luisa Diogo.

Noregs hovudbodskap var ved alle desse høva at FN må verte i stand til å svare på den trongen og dei planane som utviklingslanda sjølve har, på ein heilskapleg måte. FN må støtte opp om landa sine eigne planar for fattigdomsreduksjon, mellom anna ved å delta i nye mekanismar som sektorprogram (SWAPs) og budsjettstøtte. FN må hjelpe mottakarlanda med å dra nytte av denne nye, samordna hjelpa. Noreg understreka òg at FN-systemet er for fragmentert, og at det er for mykje konkurranse om gjevarmidlar mellom ei rekkje små FN-organisasjonar. Små FN-organisasjonar bør i større grad la seg representere av større organisasjonar, og alle må finne sin plass innanfor eit større rammeverk der ein samarbeider i felles program heller enn å konkurrere om avgrensa midlar til overlappande tiltak.

Utstein-landa, resten av EU og Sveits er i det store og heile samde i denne lina. Forhandlingane om «TCPR-resolusjonen» vart svært omfattande. G-77 og EU spela hovudrollene, men òg Noreg, Sveits og Canada var svært aktive. Dei to største bidragsytarane, USA og Japan, hadde få innspel (med unnatak av høvesvis referansar til privat sektor si rolle og verdien av tradisjonell kapasitetsbygging), men følgde nøye med at forpliktande referansar til pliktige bidrag, fellesprogram eller rettsbasert utvikling ikkje vart inkludert.

Det lukkast med vedtaket i år å gje den pågåande reformprosessen om eit heilskapleg FN på landnivå eit mellomstatleg godkjenningsstempel. Dette var viktig då mange utviklingsland fryktar at ressursar til gjevarstyrt samordning vert tekne frå knappe programressursar. I resolusjonen vert det spesifisert på kva konkrete område FNs utviklingsgruppe (UNDG) skal ta initiativ til å drive prosessen vidare. Det vert slått fast at FNs rammeverk for utviklingsaktivitetar i kvart enkelt land (UNDAF) skal vere FNs heilskaplege programmeringsverkty, og at FNs stadlege representant skal evaluerast etter bidraga til eit heilskapleg FN. Det er òg klare krav til FN-organisasjonane om å intensivere likestillingsarbeidet og å rapportere årleg om dette. Egypt lukkast å få med seg G-77 på å kritisere UNDPs prosess med enkelte «flaggskiprapportar». Årsaka er at fleire arabiske land er urolege for utgjevingane av UNDPs «Arab Development Report». Dette temaet høyrer etter norsk syn meir naturleg heime i styremøta i UNDP.

5.3 Gjeldshandtering

Debatten om gjeldskrisen viste på nytt at utviklingslanda er utolmodige når det gjeld gjeldssletting. Det vart òg peikt på at fleire land som vert omfatta av det såkalla HIPC-initiativet (Heavily Indebted Poor Countries Initiative), ikkje har oppnådd berekraftig gjeldsbyrde.

I innlegget under makroøkonomiske spørsmål viste Noreg til den norske handlingsplanen «Gjeldsslette for utvikling», som mellom anna set fokus på land som nyleg har kome ut av krig og konflikt, og uttrykte von om at andre kreditorar òg vil la vere å krevje tilbakebetaling av gjeld frå land i post-konflikt.

Dei påfølgjande forhandlingane om gjeldsresolusjonen vart langdryge og til tider relativt fastlåste trass i at fleire vestlege land var av den oppfatninga at G-77s tekstframlegg var eit mykje betre utgangspunkt i år enn tidlegare. Noreg var mellom dei landa som arbeidde for å få inn referansar til utviklingslanda sitt eige ansvar for å sikre ei berekraftig gjeldsbyrde, inkludert referansar til fattigdomsstrategiar. Dette lukkast ein med, og ein fekk òg inn referansar til at det trass i alt har vore framgang innan HIPC-initiativet.

Eit av dei spørsmåla det var størst strid om, hovudsakleg mellom gjevarlanda, var omtale av nye initiativ for å sikre berekraftig gjeldsbyrde. Som i Verdsbanksamanheng tok USA til orde for hundre prosent gjeldsslette frå dei multilaterale finansinstitusjonane, medan andre gjevarland, mellom andre Noreg, var opptekne av at nye initiativ må balanserast med at finansinstitusjonane framleis må kunne vere i stand til å yte lån.

5.4 Finansiering for utvikling

I debatten om finansiering for utvikling (FfD) peikte fleire land, mellom andre Noreg, på at debatten om innovative finansieringsmekanismar ikkje måtte trekkje merksemda bort frå målet om 0,7 prosent i offisiell utviklingshjelp (ODA) og trongen for auka utanlandsinvesteringar. Noreg la òg vekt på at det er styremaktene i utviklingslanda sjølve som har hovudansvaret for sosial og økonomisk utvikling, medrekna det å leggje til rette for eit attraktivt investeringsklima.

Forhandlingane om FfD-resolusjonen var vanskelege og langdryge, men ein kom til slutt fram til eit resultat som både understreka utviklingslanda sine skyldnader og trongen for auka hjelp. I resolusjonen, som til slutt vart vedteken med konsensus, var det lite att av G-77s opphavlege framlegg, som mellom anna hadde med oppretting av ein ny FN-kommisjon for oppfølging av den internasjonale konferansen om finansiering for utvikling i Monterrey i Mexico i mars 2002. Også omtalen av innovative finansieringsformer vart tona ned. USA lukkast med å få inn referansar til den private sektoren si rolle med omsyn til å generere nye finansieringskjelder til utvikling, og G-77 forhandla seg fram til ein referanse om at WTO og FN må betre samarbeidet.

5.5 Råvarer, handel og utvikling

Etter fleire veker med forhandlingar kom det til votering både om resolusjonen om råvarer og om resolusjonen om handel og utvikling. Mot slutten av forhandlingane syntest det som om det berre var USA som ikkje kunne godta den forhandla teksta på handel og utvikling, men det viste seg at det òg var strid internt i G-77 (som òg omfattar store jordbrukseksporterande land i Cairns-gruppa). G–77 klarte likevel til slutt å samle seg om å røyste for resolusjonen. CANZ-landa (Canada, New Zealand og Australia) avstod frå å røyste. I råvareresolusjonen kravde USA røysting på ein paragraf som omtala toll- og kvotefri marknadstilgang for alle minst utvikla land (MUL). Dette var eit vonbrot for MUL, ikkje minst fordi denne paragrafen var basert på ei tidlegare vedteken konsensustekst frå FNs tredje konferanse om dei minst utvikla landa. Handsaminga av handelsspørsmåla spegla klart det tilhøvet at mange land, i første rekkje industriland, ikkje ønskjer å leggje føringar på forhandlingane i WTO (Verdshandelsorganisasjonen).

5.6 Miljø og berekraftig utvikling

I forhandlingane om dei mange miljøresolusjonane kunne ein enno ein gong konstatere at Generalforsamlinga ikkje byr på mykje nytt i høve til dei vedtaka som er gjorde i andre fora. Dette er mellom anna ei følgje av at miljøspørsmål er av dei som i stor grad vert handterte i andre fora, til dømes i statspartsmøte for dei ulike konvensjonane, i FNs miljøprogram (UNEP) og i Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD). Det var òg teikn på at det franske framlegget om ein ny global miljøorganisasjon (UNEO) prega forhandlingsklimaet ettersom alle referansar til samarbeid og synergiar var vanskelegare enn venta. Føremålet med det franske framlegget om ein ny miljøorganisasjon er i utgangspunktet å betre den fragmenterte miljøforvaltinga vi har i dag, men ein ny organisasjon vil òg ha følgjer for lokalisering, finansiering og endra roller for andre aktørar.

Rapporten frå UNEPs styrande organ (Governing Council) var den som strekte seg over lengst tid, og som var mest tilspissa. Spørsmålet om universell medlemskap i UNEPs styrande organ fekk likevel ikkje så stor merksemd som venta, medan omtalen av internasjonal miljøforvalting var meir problematisk. Fleire vestlege land, mellom andre Noreg, ønskte til dømes sterkare referansar til styrking av det vitskaplege arbeidet, medan G-77 ikkje uventa meinte at kapasitetsbygging og teknologioverføring måtte ha størst prioritet.

Det kom til votering om resolusjonen om Karibhavet fordi USA ikkje kunne godta formuleringar som tilsa at små øystatar og land i Karibhavet er særleg sårbare for miljøøydeleggingar og klimaendringar. USA ønskte heller å peike på den særlege trongen som øystatane har. I forhandlingane om resolusjonen om klimakonvensjonen ønskte Island å få inn ein referanse til den då enno ikkje offentleggjorde rapporten om klimautviklinga i Arktis. Noreg støtta dette framlegget som diverre vart trekt på grunn av stor motstand i G-77.

Noreg uttrykte støtte til det arbeidet som FNs busetjingsprogram (UN-HABITAT) gjer, mellom anna når det gjeld oppfølginga av tusenårsmåla. Størst merksemd i forhandlingane om resolusjonen fekk ei tilvising til eit busetjingsfond for det palestinske folket og ein paragraf som omtala transparent landadministrasjon, privat sektor og eigedomsrettar.

Noreg understreka verdien av at CSD12 hadde gjort opp status og identifisert hindringar og utfordringar for å nå dei internasjonale måla innan vatn, sanitær og busetjing, og at CSD13 må fremje handlingsretta tilrådingar innanfor desse temaa. Sluttrapporten frå Generalforsamlinga (sjå pkt. 12, 13 og 14) er samanfallande med dei norske synspunkta når det gjeld trongen for handlingsretta vedtak og konkret tiltak for gjennomføring. Slutt-teksta trekkjer òg fram trongen for internasjonal samordning for gjennomføring (system-wide inter-agency cooperation and coordination for implementation).

5.7 Korrupsjon

I forhandlingane om korrupsjon og utvikling kom ein etter langtrekte forhandlingar fram til eit relativt balansert resultat med tanke på at berre 11 land så langt har ratifisert FN-konvensjonen (UNCAC), og at han ikkje vil tre i kraft før han er ratifisert av 30 land. Frå norsk side medverka ein saman med EU, USA og Canada til å oppdatere mange formuleringar i teksta i tråd med UNCAC, medan ein frå G-77s side lenge truga med å trekkje resolusjonen dersom ein frå vestleg side ville gå inn for å gjennomføre ei full oppdatering av resolusjonen i tråd med konvensjonsteksta. G-77 og USA stod i avslutningsfasen steilt mot kvarandre i spørsmåla om skyldnad til godt styresett. Frå norsk side kan ein seie seg relativt godt nøgd med resultatet, som har gjeve ei resolusjonstekst som ligg nærare opp til konvensjonen enn resolusjonen i fjor.

5.8 Mikrokreditt og mikrofinans

I debatten om gjennomføring av det første FN-tiåret for fattigdomsnedkjemping stod Noreg tilslutta EUs innlegg, som mellom anna la vekt på den viktige rolla som mikrokreditt og mikrofinans kan spele når det gjeld å nå tusenårsmåla. I forhandlingane om fattigdomsresolusjonen og om mikrokreditt dreidde diskusjonane seg mellom anna om det norske framlegget om å endre omgrepet «mikrokreditt» til «mikrofinans». Forlaget om endring fekk støtte av EU, USA og Sveits. Ein fall til sist ned på eit kompromiss med referanse både til den rolla som mikrokreditt og mikrofinans kan spele i fattigdomsnedkjemping. I debatten om globalisering og gjensidig avhengnad stod Noreg tilslutta EUs innlegg, som la vekt på at diskusjonen om globalisering må inkludere meir enn økonomiske spørsmål og omfatte spørsmål om globalt gyldige sosiale standardar. Etter svært langtrekte forhandlingar vart det vedteke ein heilskapleg og allmenn resolusjon om globalisering og gjensidig avhengnad.

5.9 MUL-landa

I debatten om land i særlege situasjonar (MUL og kystlause utviklingsland) kom EU med ei sterk oppmoding om å styrkje samarbeidet mellom landa i sør. I det norske innlegget vart det forsikra om at ein framleis vil halde fokus på dei aller fattigaste. G-77 la fram eit utkast til resolusjon om korleis «Handlingsprogrammet frå Brussel» kan følgjast opp meir effektivt, mellom anna ved tettare institusjonell oppfølging frå UNCTAD. Frå norsk side gav ein i forhandlingane støtte til G-77 sitt ønske om å rette ei sterk oppmoding om å ta opp MULs særlege trong på toppmøtet i 2005 (MDG 8).

5.10 Andre spørsmål

G-77 freista i år å fremje ein ny resolusjon om tilhøvet mellom fredsbygging og tusenårsmåla (MDG). Særleg ønskte dei å fokusere på korleis manglande MDG-oppnåing medverkar til konflikt, og at langsiktig utviklingshjelp må vere eit sentralt element i FNs fredsbyggingsarbeid. Men utkastet vart trekt attende etter at USA på nytt hadde fremja ei tekst om mellom anna rolla til privat sektor. USA gjorde det òg klart at dei prinsipielt var minst like opptekne av den omvende problemstillinga om at konflikt og dårleg styresett er årsaka til at måla ikkje vert nådde.

Ein resolusjon om verdstoppmøtet om informasjonssamfunnet (WSIS) vart òg vedteken. Første fase av WSIS-toppmøtet fann stad i Genève i desember 2003. Andre fase av toppmøtet finn stad i Tunis i november 2005. Hovudsaka på dagsordenen vil då vere styring av Internett (Internet Governance).

Til forsida