St.meld. nr. 34 (2004-2005)

Om Noregs deltaking i den 59. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 58. generalforsamling

Til innhaldsliste

9 Juridiske spørsmål (6. komité)

9.1 Allmenne spørsmål

Forhandlingane og debatten i 6. komité gjekk føre seg i ein konstruktiv atmosfære. I 6. komité vert resolusjonane vanlegvis vedtekne med konsensus. Kloning var i år òg det mest omstridde temaet som vart handsama i 6. komité. Det vart vedteke ein konvensjon om juridisk immunitet for statar og eigedomen deira.

Noreg heldt eigne nasjonale innlegg om kloning, om Den internasjonale straffedomstolen (ICC), om bruksområdet for Konvensjonen om vern av FN-personell og assosiert personell, og om Konvensjonen om juridisk immunitet for statar. Det vart halde felles nordiske innlegg om FNs kommisjon for internasjonal handelsrett (Sverige), om tilleggsprotokollane til Genève-konvensjonane (Sverige), om effektive tiltak for vern av diplomatiske og konsulære stasjonar og representantar (Noreg), om statsansvar for handlingar i strid med folkeretten (Finland), om FNs folkerettskommisjons arbeid allment (Sverige), om diplomatisk vern (Noreg), om internasjonalt ansvar for skadelege følgjer av handlingar som ikkje er i strid med folkeretten (Finland), om internasjonale organisasjonar sitt ansvar (Danmark), og om reservasjonar til traktatar (Sverige). Noreg slutta opp om EUs innlegg om spesialkomiteen for FN-pakta og for styrking av organisasjonen si rolle, om rapporten til vertslandskomiteen, om statsborgarskap ved statssuksesjon, og om tiltak for å nedkjempe internasjonal terrorisme.

9.2 Den internasjonale straffedomstolen

Under handsaminga i 6. komité av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) gav mange delegasjonar uttrykk for sterk støtte til domstolen og la vekt på verdien av rolla til domstolen når det gjeld utviklinga av rettsstatsprinsipp og straffeforfølging av brotsverk gjorde mot menneskja. USA gav derimot på ny uttrykk for innvendingane sine mot domstolen.

Det var særleg usemje om domstolen framleis skal levere rapport til Generalforsamlinga. Det vart vedteke ein resolusjon der handsaminga av rapporten frå ICC vert sidestilt med handsaminga av rapportane frå Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) og dei internasjonale domstolane for Rwanda (ICTR) og det tidlegare Jugoslavia (ICTY). USA blokkerte ikkje konsensus, men tok avstand frå resolusjonen og gav i innlegget sitt i komiteen etter vedtakinga uttrykk for synspunkta sine i høve til domstolen.

Det norske innlegget la mellom anna vekt på verdien av at domstolen no er fullt operativ, og at meir enn halvparten av medlemslanda i FN er partar i avtala. Noreg oppmoda andre statar til raskt å verte partar i Avtala om privilegium og immunitet for domstolen og betale dei pliktige bidraga sine i tide. Noreg framheva òg verdien av at samarbeidsavtala med FN no var vedteken. Frå norsk side vil ein framleis medverke aktivt til å verne om integriteten til domstolen. Samtidig vil vi arbeide for å integrere domstolen i systemet for vern av internasjonal fred og tryggleik. Vi vil halde fram dialogen vår med dei statane som har innvendingar mot domstolen med sikte på å fremje så brei oppslutning som mogeleg om domstolen og målsetjingane for domstolen.

9.3 Kloning

Det er full semje om eit forbod mot reproduktiv kloning av menneske. Generalforsamlinga er likevel djupt splitta i synet på om forbod mot kloning òg bør omfatte såkalla terapeutisk kloning. Ein har frå norsk side arbeidd for eit mest mogeleg effektivt forbod mot kloning, og stilte også i år som medframleggsstillar til eit costaricansk resolusjonsutkast som legg opp til eit forbod også mot terapeutisk kloning. Belgia fremja også i år eit resolusjonsutkast som siktar mot eit forbod mot reproduktiv kloning av menneske, men som overlet spørsmålet om kloning til terapeutiske føremål til nasjonal rett. Då det ikkje var utsikter til ei konsensusløysing basert på noko av dei to konkurrerande resolusjonsutkasta, byrja Italia sonderingar om eit mogeleg kompromiss ved vedtaking av ei politisk erklæring om kloning. Det vart difor vedteke å føre forhandlingane om dette vidare i ei arbeidsgruppe i februar 2005, framleis under 59. generalforsamling. Arbeidsgruppa vedtok ei politisk erklæring etter votering, som seinare vart vedteke av Generalforsamlinga med røystetalet 84 for, 34 imot, og der 37 unnlét å røyste. Då det på førehand var klårt at erklæringa ikkje ville verte samrøystes vedteken, røysta Noreg imot erklæringa. Grunngjevinga var at ein meinte at saka ikkje ville vere tent med ei uklar ikkje-bindande erklæring, med mindre heile verdssamfunnet stod bak ho.

9.4 Vern av FN-personell

Bruksområdet for FN-konvensjonen om vern av FN-personell og assosiert personell har av fleire statar og frivillige organisasjonar vorte oppfatta som for snevert. Adhockomiteen som vart oppretta for å vurdere tilrådingane frå Generalsekretæren om ei mogeleg utviding av bruksområdet for konvensjonen, la fram rapporten sin på generalforsamlinga i år.

Det er framleis usemje blant medlemslanda om utviding av bruksområdet for konvensjonen. Diskusjonen tok utgangspunkt i ei tekst utarbeidd av formannen i arbeidsgruppa, på grunnlag av tidlegare drøftingar. Sjølv om framlegget til ein tilleggsprotokoll er kontroversielt, var det framgang å spore i drøftingane på den 59. generalforsamlinga. Ingen statar uttrykte ein eksplisitt motstand mot utarbeiding av ein tilleggsprotokoll. Noreg er, saman med dei fleste andre vestlege land, positiv til at det vert utarbeidd ein tilleggsprotokoll for å utvide bruksområdet for konvensjonen til å gjelde alle FN-operasjonar. Fleire statar meiner derimot at ein bør avgrense seg til dei operasjonane der det på førehand kan konstaterast å liggje føre ein faktisk risiko. Adhockomiteen skal møtast att våren 2005, med mandat til mellom anna å utarbeide eit rettsleg instrument med sikte på å utvide bruksområdet for konvensjonen. Hovudspørsmålet vert definisjonen av kva FN-operasjonar som skal omfattast. Noreg heldt eit eige innlegg, der ein tok opp att norsk støtte til utarbeiding av ein tilleggsprotokoll, mellom anna grunngjeve med at det på sikt berre er ei utviding av bruksområdet for konvensjonen som fullt ut kan avhjelpe dei manglane som eksisterer i det noverande regelverket.

9.5 Nedkjemping av terrorisme

Det meste av FNs arbeid for nedkjemping av terrorisme går no føre seg i Tryggingsrådet og i ein underkomité i Rådet – den såkalla CTC. I tillegg har Generalforsamlinga i ei tid arbeidd med sikte på vedtaking av ein allmenn konvensjon mot terrorisme og ein konvensjon mot kjernefysisk terrorisme. Heller ikkje på den 59. generalforsamlinga kom det til semje i konvensjonsarbeidet. Usemja knyter seg til definisjonen av terrorisme. Mandatet til ein adhockomité vart vedteke vidareført for ytterlegare handsaming av spørsmåla våren 2005.

9.6 Konvensjonen om juridisk immunitet for statar

På grunnlag av Folkerettskommisjonens utkast til artiklar om juridisk immunitet for statar og eigedomen deira kom ein adhockomité i februar 2003 til semje om dei materielle føresegnene om slik immunitet. Eit komplett utkast til konvensjonen vart ferdigstilt på møtet i adhockomiteen våren 2004, og konvensjonen vart seinare vedteken på den 59. generalforsamlinga. Konvensjonen er open for underskriving frå 17. januar 2005 til 17. januar 2007 ved FN-hovudkontoret i New York.

Konvensjonen klargjer i kva grad ein stat og statens eigedom har immunitet mot doms- og tvangsjurisdiksjonen til ein annan stat. Plikta til å respektere stadleg lovgjeving ligg fast. Hovudregelen i konvensjonen er at statar har immunitet først og fremst for styremakthandlingane sine. Dei kommersielle handlingane til statane er som hovudregel ikkje omfatta av immuniteten. Konvensjonen vil utgjere eit viktig tilskot til folkeretten og skape føreseiingssamsvar i tilhøve statar imellom og for private aktørar som inngår forretningsavtaler med framande statar som motpart.

9.7 Andre spørsmål

Generalforsamlingas 6. komité og Folkerettskommisjonen spelar viktige roller i vidareutviklinga og kodifiseringa av folkeretten. Det er eit nært samspel mellom dei to organa, og kommisjonen legg kvart år fram ein rapport for Generalforsamlinga om arbeidet sitt. 6. komité sa seg i resolusjonen om Folkerettskommisjonens rapport nøgd med det arbeidet som kommisjonen har utført i sin 56. sesjon.

Folkerettskommisjonen avslutta ingen tema i år. Noreg kommenterte i innlegg på vegner av dei nordiske landa utkastet til artiklar om diplomatisk vern, som handlar om statane sin rett til å intervenere på vegner av individ, først og fremst eigne borgarar. Kommisjonen vedtok i 2004 eit første utkast til artiklar om diplomatisk vern. Desse er sende på høyring til medlemsstatane i FN med svarfrist 1. januar 2006. Kommisjonen avslutta òg første handsaming av utkast til prinsipp om internasjonalt ansvar for skadelege følgjer av handlingar som ikkje er i strid med folkeretten. Under dette temaet heldt Finland eit innlegg på vegner av dei nordiske landa, der det vart teke til orde for at det vert fastsett eit objektivt skadebotansvar når handlingar som ikkje er i strid med folkeretten, medfører skadar i ein annan stat, på både eigedom og miljø. Verdien av å halde uskuldige offer for slike grenseoverskridande følgjer av skadelege handlingar skadelause vart understreka. Folkerettskommisjonen heldt i inneverande sesjon fram med handsaminga av tema internasjonale organisasjonar sitt ansvar, delte naturressursar, einsidige statshandlingar, reservasjonar til traktatar og fragmentering av folkeretten.

Til forsida