St.meld. nr. 34 (2004-2005)

Om Noregs deltaking i den 59. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 58. generalforsamling

Til innhaldsliste

7 Avkolonisering og fredstryggjande operasjonar (4. komité)

7.1 Vest-Sahara

I motsetning til tidlegare år vart resolusjonen om Vest-Sahara denne gongen gjenstand for votering. Algerie og Marokko klarte ikkje å verte samde om ei konsensustekst trass i iherdige freistnader frå EU si side på å medverke til ei kompromissløysing. Mange meinte at Marokko, ved å tvinge fram ei votering, ønskte å «avsløre» at Algerie i like stor grad som Marokko er ein part i Vest-Sahara-konflikten. Noreg valde til liks med EU å avstå under voteringa over Algerie si opphavlege resolusjonstekst for å unngå å ta side i ein konflikt som ein meiner berre kan løysast av partane sjølve.

7.2 Midtausten

Handsaminga av Midtausten i 4. komité kom til å verte merkt av hendingane i regionen i siste halvdel av 2004. Sjølv om det var berre mindre endringar i røystemønsteret frå førre generalforsamling, var det i innlegga optimisme å spore i høve til utsiktene til ein politisk prosess til erstatning for valden og krigshandlingane som har prega situasjonen i området i dei siste åra. Resolusjonsforhandlingane vart i realiteten førde mellom EU og palestinarane utan noka utprega rolle for resten av medlemsstatane og kom i hovudsak til å stå om tilvisingane til ICJs rådgjevande fråsegn om Israels bygging av tryggingsmuren. I forhandlingane om resolusjonen om israelsk praksis i dei okkuperte områda vart palestinarane og EU samde om ei tilvising til den rådgjevande fråsegna og spesialsesjonen i august i år i fortalen, og ein operativ paragraf med tilvising til sjølvmordsbombarar. Løysinga vart rettleiande for dei resterande resolusjonane. Noreg la i debatten vekt på at det er viktig å utnytte den framdrifta for politisk endring som er oppstått, og at prosessen må førast inn under vegkartet. Noreg understreka òg trongen for å tryggje den politiske prosessen ved å leggje til rette for økonomisk utvikling og vekst i dei palestinske områda. Canada endra røystemønsteret sitt frå å avstå å røyste til å røyste mot resolusjonen om arbeidet til spesialkomiteen.

7.3 Fredstryggjande operasjonar

I generaldebatten om alle sider ved FNs fredstryggjande operasjonar heldt visegeneralsekretær Jean-Marie Guéhenno eit opningsinnlegg der han særleg framheva at verda treng fleire fredstryggjande operasjonar i dag enn det FN eller andre enkeltorganisasjonar kan levere, og at ein står i fare for å hamne i ein situasjon med alvorleg ressursmangel. Han framheva òg trongen for ei sterkare kopling mellom fredstryggjande operasjonar og langsiktig fredsbygging og utvikling gjennom integrerte program.

I den vidare debatten fokuserte dei fleste medlemslanda i stor grad på den militære komponenten i dei 17 pågåande operasjonane til FN. Det vart framheva som avgjerande at den militære komponenten fungerte tilfredsstillande dersom ein skulle kunne leggje til rette for politiske og humanitære atterreisingsprosessar. Kostbar og tung innsats på den sivile sektoren hjelpte ofte lite dersom tryggingssituasjonen ikkje var tilfredsstillande.

Dei fleste landa fokuserte òg på gapet mellom trongen for operasjonar og tilgjengelege ressursar. Ei endring i typen av operasjonar frå tradisjonelle mellomstatlege kapittel VI-operasjonar til interne komplekse kapittel VII-operasjonar med mange aktørar, ofte basert på skøyre fredsavtaler, vart omtala som ei stor utfordring for FN. Ytterlegare samarbeid med regionale organisasjonar som NATO, EU, AU og ECOWAS, og fleirnasjonale organisasjonar som SHIRBRIG vart i den samanhengen framheva som naudsynt. Manglande gjennomføring av etterretningselement i dei mest komplekse operasjonane vart som i føregåande år kommentert av fleire. Mangel på truverdig etterretning basert på effektive innsamlingssystem og analysekapasitet vanskeleggjorde løysing av oppdrag og medførte større risiko for FN-personell.

I tillegg omtala mange nasjonar problemet med seksuelle overgrep og kriminalitet utførd av personell i FNs fredsoperasjonar. Det vart understreka at FN no måtte ta dette på alvor ved å opprette effektive ordningar for sikring av prov, heimsending av involverte med ein gong og straffeforfølging i heimlandet. Særleg vart det vist til rapportar om seksuelle overgrep i FN-operasjonen i DR Kongo (MONUC) og trongen for å følgje opp desse.

Noregs innlegg fokuserte på følgjande seks hovudpunkt: verdien av meir samarbeid mellom FN og andre organisasjonar som NATO, EU og AU, meir samordning internt i FN, utfordringar knytte til integrerte operasjonar, tryggleik for FN-personell og sivilfolket i operasjonsområdet, trongen for kvalifisert sivilt personell og at det framleis skal haldast fokus på hiv/aids-problematikken.

Til forsida