St.meld. nr. 34 (2004-2005)

Om Noregs deltaking i den 59. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 58. generalforsamling

Til innhaldsliste

6 Menneskerettsspørsmål og sosiale spørsmål (3. komité)

6.1 Allmenne spørsmål

Sesjonen i år gjekk stort sett relativt smidig og effektivt for seg. Ein meiner at dette i første rekkje kjem av betre leiing av arbeidet i komiteen enn under sesjonen i fjor. Men når det gjeld substans, vil den 59. generalforsamlinga neppe verte hugsa for større framsteg i form av norm- og standardsetjing med omsyn til menneskerettar eller sosiale spørsmål. Komitéarbeidet vart også under sesjonen i år sterkt politisert og polarisert, ikkje minst med omsyn til menneskerettar. Sesjonen var såleis ikkje overtydande når det gjaldt enkelte lands genuine vilje til framleis arbeid for fremjing og vern av dei internasjonale menneskerettane. Samtidig er det klart at det finst grunnleggjande skilnader i oppfatninga av korleis ein skal byrje på dette arbeidet. Skilnader mellom nord og sør og mellom den muslimske verda og Vesten kom klart fram. På området sosiale spørsmål, og særleg i familierelaterte saker, vart sesjonen i år delvis prega av ein allment sett noko meir verdikonservativ kurs frå amerikansk side. Dette førte òg til variasjonar over tradisjonelle alliansar med verdikonservatisme som samnemnar. Eit godt stykke på veg var arbeidet under sesjonen i år «blokkdrive» ved at særleg EU, USA og G-77 gjorde opp enkelte viktige spørsmål seg imellom. Når desse gruppene inngjekk kompromiss, viste det seg på nytt å vere mindre rom for andre aktørar, mellom andre Noreg. Dette biletet endrar seg naturleg nok i saker der det oppstår kløyvingar internt i EU. Men EU-formannskapet greidde med få unnatak å få medlemsstatane i EU til å einast om ein felles posisjon. Slik felles posisjon innan EU har òg ein avgrensande effekt på sjansane for nordisk samarbeid. Eit område der det likevel også i år var eit omfattande nordisk samarbeid, var urfolksrettar. Dette er eit saksområde der EU tradisjonelt ikkje samordnar posisjonen sin.

Ein har dei seinare åra sett klare tendensar til ein negativ smitteeffekt frå menneskerettskommisjonen i Genève til Generalforsamlinga i New York. Dette ved at statar også på generalforsamlinga viser stadig mindre grad av reell forhandlingsvilje og oftare tek meir radikale posisjonar. Denne trenden heldt for så vidt fram på generalforsamlinga i år – ikkje minst i form av større motstand mot resolusjonar med særskilt fokus på menneskerettane si stilling i enkeltstatar. Utviklinga førte til at sjølv resolusjonen om menneskerettssituasjonen i Sudan, fremja av EU i lys av mellom anna situasjonen i Darfur, ikkje vart vedteken. Slik motstand mot identifisering av enkeltland som ikkje etterlever internasjonale menneskerettsskyldnader, har i tidlegare år ikkje vore like tydeleg. Utfallet i år gjev difor grunn til på ny å understreke trongen for nye og innovative samarbeidsformer og arbeidsmetodar på menneskerettsområdet. Frå norsk side var ein initiativtakar til to resolusjonstekster under generalforsamlinga, høvesvis om menneskerettsforsvararar og om UNHCR. Trass i eit utfordrande forhandlingsklima lukkast det å oppnå konsensus om resolusjonen om menneskerettsforsvararar. Resolusjonen, som fokuserer særleg på vern av enkeltindivid og grupper som arbeider for å fremje menneskerettane, er framleis svært dagsaktuell. I tillegg til at ein greidde å styrkje teksta i år, mellom anna på nokre punkt som er særskilt framheva i årsmeldinga frå FNs spesialrapportør for menneskerettsforsvararar, var det òg fleire medframleggsstillarar til resolusjon i år enn det som har vore tilfellet dei seinare åra.

I det norske hovudinnlegget i komiteen i år om menneskerettsspørsmål vart det understreka at ein i dag først og fremst bør fokusere på at statane innarbeider og oppfyller nasjonalt det dei alt har bunde seg til internasjonalt. Dette er i tråd med det som mellom anna òg er understreka av FNs høgkommissær. Dersom skilnaden mellom liv og lære vert utlikna, er det grunn til å tru at brorparten av krenkingane av menneskerettane i dag ikkje vil finne stad. I denne samanhengen framheva ein frå norsk side òg det problematiske ved at mange statar stadig nyttar reservasjonar i høve til konvensjonar som vert ratifisert, og unnatak frå dei same konvensjonane. Vidare understreka ein frå norsk side på ny den svært vanskelege situasjonen som menneskerettsforsvararar er i internasjonalt, og trong for konstant merksemd kring deira ofte utsette stilling. Det vart òg sett særskilt fokus på at det trengst å verne menneskerettane i kampen mot terrorisme. Endeleg understreka ein på ny frå norsk side at ein meiner at bruk av dødsstraff overfor personar som er mindreårige eller mentalt tilbakeståande når brotsverk vert gjorde, og overfor gravide, er uakseptabelt og i strid med internasjonal sedvanerett.

Med omsyn til Den internasjonale straffedomstolen (ICC) etterlét sesjonen i år eit inntrykk av at USAs motstand mot å gje domstolen ei framståande rolle ikkje er mindre. Det vart såleis fleire gonger fremja framlegg frå amerikansk side om at òg reint faktuelle referansar til ICC i resolusjonar skulle bytast ut med meir allmenne formuleringar der straffedomstolen ikkje vart nemnd. Men slike endringsframlegg fekk for det meste lita oppslutning og vart i tråd med mellom anna Noregs syn konsekvent nedrøysta. Det synest dermed klart at det framleis vil herske usemje om problemstillinga i overskodeleg framtid.

6.2 Menneskerettssituasjonen i enkeltland

Det vart på generalforsamlinga i år fremja fleire landspesifikke menneskerettsresolusjonar enn det som har vore tilfellet dei seinare åra (totalt åtte om Iran, Burma, Zimbabwe, DR Kongo, Turkmenistan, Kviterussland, Sudan og USA). Resolusjonen om menneskerettssituasjonen i USA vart fremja av Kviterussland, som svar på tiltale etter at resolusjonen om menneskerettssituasjonen i Kviterussland vart fremja av USA, og vart seinare trekt attende. Av dei andre resolusjonane vart heile tre av desse (Sudan, Zimbabwe og Kviterussland) stoppa etter at prosessuelle innvendingar mot tekstene vann fram ved votering. Innvendingane kom som følgje av ein stadig meir omfattande kritikk mot denne typen resolusjonar, som, vert det hevda, i første rekkje er eit vestleg, politisk motivert verkemiddel brukt overfor utviklingsland. Frå norsk side støtta ein resolusjonane som medframleggsstillar fordi ein meiner at dei er eit naudsynt verkemiddel til bruk overfor statar der menneskerettsbrot finn stad i større og meir systematisk skala.

I tillegg til ovannemnde resolusjonar som vart blokkerte og såleis ikkje vart vedtekne av komiteen, gav òg fleire andre voteringsresultat relativt klart uttrykk for den veksande motviljen mot landresolusjonar reint allment. Til og med dei få resolusjonane som vart vedtekne, til dømes DR Kongo-resolusjonen (76–2–100), vart vedtekne med så mange blanke røyster at det kan setjast spørjeteikn ved legitimiteten. Dersom situasjonen slik han er i dag, utviklar seg ytterlegare i negativ retning, kan ein såleis i framtida ikkje sjå bort frå at stadig fleire resolusjonar av denne typen vert blokkerte. Frå norsk side vert den noverande utviklinga sett på som svært urovekkjande, og ho understrekar på nytt trongen for ei revitalisering av det internasjonale multilaterale menneskerettsarbeidet. Men trass i at det for så vidt synest å vere relativt brei semje om at ein i dag er inne på eit lite konstruktivt spor, er det framleis lita utsikt til at ein med det første kan einast om korleis ein bør bringe dette arbeidet ytterlegare framover.

6.3 Urfolk

Dei nordiske landa presenterte på generalforsamlinga i år ikkje den tidlegare årvisse resolusjonen om urfolkstiåret, som vart avslutta 31. desember 2004. I staden tok Cuba, noko uventa, eit nytt initiativ ved å fremje ein resolusjon om erklæring av eit andre urfolkstiår. På nordisk side var det delte meiningar om trongen for eit slikt nytt tiår i direkte forlenging av det føregåande. Men ein hadde ei sterk felles interesse når det gjaldt modalitetane for eit eventuelt nytt tiår – mellom anna at FNs faste forum for urfolksspørsmål måtte få ei sentral rolle. Samarbeidet mellom dei nordiske landa for å sikre at denne og andre felles målsetjingar fekk gjennomslag i forhandlingane, viste seg vellukka. Trass i at dei nordiske landa såleis kan seie seg nøgde med den endelege resolusjonsteksta, indikerte likevel generalforsamlinga i år at ein heller ikkje på urfolksområdet kan ta ei felles nordisk haldning som sjølvsagt i framtida. Det vart òg halde eit nordisk urfolksinnlegg, som mellom anna fokuserte på verdien av å sluttføre forhandlingane om den internasjonale erklæringa om urfolksrettar. I tillegg framheva innlegget dei konkrete framstega som er gjorde på urfolksområdet i FNs internasjonale tiår for urfolk, som vart avslutta ved utgangen av 2004.

6.4 Kvinner

Noreg hadde igjen under årets komitéarbeid som ei av dei primære målsetjingane sine å ha eit særleg fokus på kvinnerettar og likestilling. Det var difor gledeleg at resolusjonen om nedkjemping av æresbrotsverk, som vart støtta av Noreg som medframleggsstillar, vil verte ståande som eit av dei positive innslaga frå generalforsamlinga i år. Ein lukkast i resolusjonen å få konsensus om språk som ved fleire tidlegare høve har vorte avvist som uakseptabelt, mellom anna om kvinnene sine seksuelle og reproduktive rettar og statane si plikt til å etterforske, påtale og felle dom i saker om æresbrotsverk mot kvinner. Ein reknar i denne samanhengen med at kombinasjonen av Storbritannia og Tyrkia som initiativtakarar til resolusjonen var ideell. I det norske innlegget vart det fokusert på at det er viktig at internasjonale juridiske og folkerettslege skyldnader vert oppfylte. Det vart understreka at det er naudsynt at alle land ratifiserer FNs kvinnekonvensjon utan reservasjonar, og at land som har reservert seg, gjev opp reservasjonane sine som går direkte mot kjernen i konvensjonen. Vidare vart det lagt vekt på verdien av å gjennomføre tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik, og at dette bør skje både i felten og i planleggings- og vedtaksfasen. Det vart understreka at kjønnsperspektivet må integrerast i FN og i alle sektorar. Noreg la vidare vekt på at likestilling mellom kjønna òg handlar om likestilling i heimen, og rolla til menn og gutar i høve til likestillingsarbeidet. Noreg tok òg opp trongen for å inkludere kvinneperspektivet på dagsordenen på FNs toppmøte om informasjonsteknologi.

6.5 Barn

I år vart resolusjonen om barnerettar presentert i fellesskap av EU og eit fleirtal av dei latinamerikanske og karibiske landa. Noreg var på tradisjonelt vis medframleggsstillar til resolusjonen. Som følgje av mellom anna USAs motførestillingar mot delar av teksta vart det mange voteringar over resolusjonen. Mellom dei kontroversielle spørsmåla som vart tekne til votering, var fordømming av bruk av dødsstraff overfor forbrytarar som var mindreårige då den kriminelle handlinga fann stad, og referansar til Den internasjonale straffedomstolen (ICC). For Noreg var det ikkje minst eit viktig poeng ved resolusjonen i år at ein fekk gjennomslag for at barnekomiteen (overvakingsorganet til Barnekonvensjonen, der professor Lucy Smith vart attvald som medlem for fire år i februar 2005) i dei neste 2 åra forsøksvis skal arbeide i ein tokammerstruktur. Dette for å sikre ein meir effektiv og forbetra kontroll med gjennomføringa av konvensjonen. I Noregs innlegg om barnerettar vart det mellom anna gjeve støtte til det pågåande arbeidet med den globale studien av vald mot barn, i tillegg til at det vart sett særskilt fokus på verdien av at barn og ungdom deltek i samfunnet, samanhengen mellom barnerettar og fattigdomsnedkjemping, og verdien av at barn får tilgang til utdanning. Endeleg vart det lagt vekt på temaet barn og væpna konflikt. I sistnemnde samanheng vart mellom anna trongen for ein meir heilskapleg og samordna respons frå FNs side understreka.

6.6 Menneskerettar og terrorisme

I den globale kampen mot terrorisme vert det av og til teke i bruk verkemiddel som strir mot dei internasjonale menneskerettane. Dette skjer samtidig som det er indikasjonar på at FN-apparatet til vern og fremjing av menneskerettane ikkje fullt ut er i stand til å reagere på desse utfordringane på fullgodt vis. Mellom anna på denne bakgrunnen var det frå norsk side svært kjærkome at ein enno ein gong oppnådde konsensus om den meksikanske resolusjonen om vern av menneskerettane i kampen mot terrorisme. Konsensus vart oppnådd etter lengre forhandlingar, der Noreg òg i år hadde ei sentral rolle som støttespelar for Mexico under tekstforhandlingane. Temaet vern av menneskerettane i kampen mot terrorisme vil framleis krevje stor merksemd frå Noreg og likesinna statar si side i dei komande åra. Det norske menneskerettsinnlegget understreka såleis òg at det er viktig at landa står ved dei folkerettslege skyldnadene sine også når andre statar grip inn overfor enkeltpersonar og hevdar at det er eit middel i den internasjonale kampen mot terrorisme.

6.7 UNHCR

Debatten om Høgkommissæren for flyktningar (UNHCR) bar preg av at ein var svært nøgd med nedgangen i talet på flyktningar under UNHCRs ansvarsområde, men òg av at ein var uroleg over utviklinga av nye flyktningsituasjonar, særleg i Darfur, og at ein var misnøgd med manglande framgang i avviklinga av langvarige flyktningsituasjonar. Det norske innlegget var konsentrert om å støtte opp under UNHCRs aktive og breie engasjement for å avvikle langvarige flyktningsituasjonar og i mellomtida forbetre tilværet for flyktningar i slike situasjonar.

Den nordiske resolusjonen om FNs høgkommissær for flyktningar vart på generalforsamlinga i år samordna av Noreg. Resolusjonen vart vedteken med konsensus og med rekordmange medframleggsstillarar.

Til forsida