St.meld. nr. 34 (2004-2005)

Om Noregs deltaking i den 59. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 58. generalforsamling

Til innhaldsliste

8 Administrative og budsjettmessige spørsmål (5. komité)

8.1 Personellforvalting og relaterte spørsmål

FNs personalpolitikk var eit av hovuddagsordenspunkta i 5. komité i samsvar med det toårige rotasjonssystemet i komiteen, der budsjettet og personellspørsmål vert handsama annakvart år. Den vedtekne resolusjonen gjev i avgrensa grad støtte til nye og naudsynte tiltak i personalpolitikken. Ettersom Generalsekretæren gjorde framlegg om vesentlege tilleggsløyvingar på det regulære budsjettet, i hovudsak for å finansiere FNs aktivitetar i Sudan, Irak og Afghanistan og styrkt tryggleik for FNs personell og område, dominerte budsjettsakene sesjonen denne hausten òg. Noreg deltok aktivt i forhandlingane og medverka mellom anna til å sikre ressursar til styrkt tryggleik for FNs personell og område som ei hovudprioritering under denne sesjonen.

8.2 FNs regulære budsjett for perioden 2004–2005

FNs regulære budsjett vert vedteke for ein toårsperiode. Generalforsamlinga vedtok eit revidert regulært budsjett for perioden 2004–2005 på vel USD 3,6 mrd. Delar av auken i høve til budsjettvedtak i fjor, på vel USD 3,16 mrd., kom av høgare utgifter. Dette kom særleg som ei følgje av kampen mot terrorisme, FNs aktivitetar i Sudan, Afghanistan og Irak og ei vesentleg styrking av FNs interne tryggingsapparat, men òg som følgje av ei konsekvensjustering av budsjettet i tråd med pris- og valutakursutviklinga. Generalforsamlinga vedtok å opprette ei ny avdeling i FN-sekretariatet med ansvar for FNs tryggingsarbeid. FNs tilsette i felt har over tiår vore særleg utsette for personskadar og tap av liv. Men særleg etter bombinga av FN-kontoret i Bagdad i 2003 vart det klart at ein òg må tenkje på at FN-tilsette ikkje lenger kan vurderast å berre vere utsette for tilfeldige valdshandlingar og ulukker, men at dei òg er eit åtaksmål for enkelte grupper. Generalforsamlinga sitt vedtak inneber ei meir einsarta organisering av tryggingsarbeidet og ei vesentleg styrking av FNs kapasitet på området. Første fase i desse forhandlingane vart gjennomførd på vidareførd sesjon i den 58. generalforsamlinga. Forhandlingane var svært vanskelege og avdekte ulike oppfatningar om trugselbiletet FN står overfor, trongen for styrkt tryggleik og føremålstenlege finansieringsordningar. Kostnadene for tryggingsoffiserar i felt og tilknytte utgifter skal finansierast ikkje berre over FNs regulære budsjett, men òg ved frivillige tilskot som vert stilt til rådvelde for FNs fond, program og organisasjonar. Framlegget frå Generalsekretæren om å fase ut gjeldande kostnadsfordelingsarrangement fekk ikkje den støtta det trong. På bakgrunn av det nye trugselbiletet og ut frå grunngjevinga om å sikre FNs nærvere i utsette område var ein frå norsk side aktiv i forhandlingane om styrkt tryggleik og støtta opp om Generalsekretærens reformframlegg. Noreg støtta òg framlegget om å finansiere alle utgiftene knytte til tryggingsreformen over det regulære budsjettet. Noregs argumentasjon var at tryggleik for å sikre gjennomføring av FNs operative verksemd måtte vurderast til å vere eit felles ansvar for alle medlemslanda i FN, og at denne typen utgifter må sikrast stabil og føreseieleg finansiering og difor ikkje bør finansierast med frivillige tilskot som er stilt til disposisjon til utviklingsføremål. Men dette fekk ikkje gjennomslag. Noregs bidrag til FNs regulære budsjett er 0,679 % av heile budsjettet.

8.3 Finansiering av FNs krigsforbrytardomstolar

Generalforsamlinga noterte seg med uro mangelfull innbetaling av pliktig bidrag til krigsforbrytardomstolane i Rwanda og det tidlegare Jugoslavia. Dette har ført til ein mellombels tilsetjingsstopp ved domstolane. Generalforsamlinga vedtok tilleggsbudsjett for etterforskingsverksemda ved begge domstolane. Totalbudsjettet for krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia er no for perioden 2004–2005 USD 329,32 mill. (brutto) og for krigsforbrytardomstolen i Rwanda USD 255,91 mill. (brutto). Dette inneber ein auke på totalt om lag USD 51,8 mill. (brutto) i utlikna bidrag frå medlemslanda. Ein vesentleg del av denne auken kjem av konsekvensjustering av budsjettet som følgje av pris- og valutautviklinga. Noregs bidrag til krigsforbrytardomstolane er 0,679 % av dei totale budsjetta. Generalforsamlinga vedtok òg å gje Generalsekretæren fullmakt til å kunne inngå skyldnader på opptil USD 20 mill. i tillegg til det som alt er løyvt for spesialdomstolen i Sierra Leone. Desse utgiftene vert finansierte over det regulære budsjettet.

8.4 Finansiering av FNs fredstryggjande operasjonar

FNs fredstryggjande operasjonar vert finansierte på eittårig basis med eit budsjettår som går frå 1. juli til 30. juni. Avgjerdene vert vanlegvis tekne av Generalforsamlinga i løpet av juni månad etter at 5. komité har handsama budsjetta i sin vidareførde sesjon i mai månad. Av ulike grunnar har enkelte fredstryggjande operasjonar mellombels hatt finansiering som måtte fornyast på hovudsesjonen etter vedtak i Tryggingsrådet om oppretting eller revisjon av mandatet. Komiteen løyvde nær USD 1 mrd. til fem slike fredstryggjande operasjonar: Aust-Timor USD 85,153 mill., Sierra Leone USD 94,62 mill., Burundi USD 329,71 mill., Elfenbeinskysten USD 177,83 mill. og Haiti USD 379,05 mill. Med desse løyvingane overstig FNs samla budsjett for fredstryggjande operasjonar for første gong USD 4 mrd. I samband med desse løyvingane vart Generalsekretæren pålagd å rapportere til Generalforsamlinga våren 2005 om leiingsstrukturen i dei fredstryggjande operasjonane. Medlemslanda ønskjer ei drøfting av denne strukturen ettersom ein får nye integrerte fredstryggjande operasjonar, der det òg inngår betydelege sivile komponentar, til dømes for demokratiutvikling og atterreising. Frå norsk side helsar vi ei slik utvikling velkomen. Noregs bidrag til FNs fredstryggjande operasjonar er 0,679 % av budsjetta.

8.5 FNs finansielle situasjon

Sjølv om FNs finansielle situasjon ikkje er prekær, har organisasjonen framleis sesongprega likviditetsproblem på grunn av manglande og sein innbetaling av pliktige bidrag frå medlemslanda. Særleg krigsforbrytardomstolane hadde ein vanskeleg likviditetssituasjon dei seinaste åra, men her har det mot slutten av 2004 vore ei gledeleg utvikling, og medlemslanda har redusert gjelda si betydeleg. Medlemslanda si gjeld til FNs fredstryggjande operasjonar var ved årsskiftet vesentleg høgare enn i fjor. Ein del av bidraga til fredstryggjande operasjonar vart likevel utlikna i desember og var ikkje forfalne ved årsskiftet. Medlemslanda hadde ved årsskiftet 2004–2005 ei samla gjeld til FN på om lag USD 2,964 mrd. Av dette var om lag USD 357 mill. til det regulære FN-budsjettet, USD 2,570 mrd. til FNs fredstryggjande operasjonar, USD 30 mill. til krigsforbrytardomstolane i det tidlegare Jugoslavia og Rwanda og USD 7 mill. til oppgradering av bygningsmassen til FN. USA var den største skuldnaren, og skulda ved utgangen av 2004 om lag USD 241 mill. til FNs regulære budsjett, USD 702 mill. til FNs fredstryggjande operasjonar og USD 12 mill. til krigsforbrytardomstolane. Også andre store bidragsytarar som Japan, Tyskland, Storbritannia, Italia, Canada, Kina og Spania var bokførde som skuldnarar til budsjetta for dei fredstryggjande operasjonane ved årsskiftet.

8.6 Tilsyn og kontroll

Noreg deltok aktivt i drøftingane av rapportane frå Revisorrådet, FNs kontor for internt tilsyn (OIOS) og FNs inspektørgruppe (JIU), som samla utgjer FNs revisjon, tilsyn og kontroll. Revisorrådet har revidert 15 av FNs 16 organisasjonar i FN-systemet utan vesentlege merknader. FNs kontor for prosjekttenester (UNOPS) kunne ikkje reviderast ferdig på grunn av manglande rekneskapsopplysningar og vedlegg. Generalforsamlinga slutta seg til tilrådingane i rapporten frå Revisorrådet. Kontoret for internt tilsyn (OIOS), FNs eige tilsyns- og etterforskingsorgan, vart oppretta i 1994 og feirar tiårsjubileum. Generalforsamlinga legg stor vekt på det gode arbeidet tilsynskontoret utfører, og slutta seg til tilrådingane derfrå, mellom anna om underslag og svik innan fleire fredstryggjande operasjonar. I samband med tiårsjubileet gjorde ein ein gjennomgang av kontorets arbeids- og rapporteringsrutinar. Komiteen har i den vedtekne resolusjonen stadfesta OIOS’ frie stilling i FN-systemet og har tilbakevist eit framlegg frå Generalsekretæren om større kontroll over rapportane frå kontoret. Generalsekretæren vart vidare pålagt å gjennomgå rutinane for oppfølging av rapportane frå kontoret og å kome med framlegg om betre organisering og ansvarsfordeling i sekretariatet. Noreg var tilslutta EUs innlegg, der ein roste kontorets arbeid og gav støtte til OIOS’ frie stilling innan sekretariatet. FNs inspektørgruppe (JIU) og arbeidsforma til og organiseringa av gruppa var føremål for langvarige og vanskelege forhandlingar. Ei gruppe land, leidd av USA, kom med framlegg til radikale reformer med krav om reduksjon av talet på inspektørar, nye krav til inspektørens bakgrunn og kvalifikasjonar og statuttendringar for å leggje om arbeidsforma. G-77 motsette seg slike reformer. Den vedtekne resolusjonen inneheld likevel krav om vesentlege forbetringar innan arbeidsform og organisering av JIU, utan at ein har gjort endringar i statuttane. Noreg støtta den oppnådde løysinga, som ein meiner vil betre kvaliteten på og relevansen av arbeidet og rapportane til gruppa.

8.7 Personalpolitikken

Det omfattande sakskomplekset FNs personalpolitikk, med dei tilslutta dagsordenspunkta, det felles løns- og tenestesystemet og FNs pensjonsordningar, er eit av hovuddagsordenspunkta i det toårige rotasjonssystemet i 5. komité. Noreg heldt innlegg om personalpolitikken, der vi gav sterk støtte til Generalsekretærens pågåande reformer. Noreg var tilslutta EUs reformorienterte innlegg om løns- og tenestesystemet. Det viste seg at det er lite støtte for Generalsekretærens nye reformer i G-77, og at òg enkelte andre land og grupper er tilbakehaldne. Den vedtekne resolusjonen inneheld berre i avgrensa grad støtte til nye og naudsynte reformer i personalpolitikken. Det er funne ei mellombels løysing for den såkalla 300–100-serieproblematikken, dvs. kontraktsforma for fredstryggjande personale. Generalsekretæren fekk ikkje støtte for framlegga sine om nye kontraktformer for alle kategoriar FN-personell. Heller ikkje fekk han støtte for konkrete tiltak for å redusere utlysnings- og tilsetjingstida for FN-stillingar. Men det er vedteke som ei toårs prøveordning ein snøggframgangsmåte for tilsetjing av borgarar frå land som er urepresenterte eller underrepresenterte i sekretariatet ifølgje prinsippet om geografisk representasjon. G-77 har ønskt å utvide prinsippet om geografisk fordeling av stillingar til å omfatte grupper og regionar og ikkje berre land. I likestillingskapitlet fremja G-77 framlegg som i praksis ville medføre at tiltak berre skal gjelde for kvinner frå utviklingsland. Desse framlegga fekk ikkje gjennomslag i komiteen. Ei rekkje land, og ikkje berre innan G–77, ønskjer å drive detaljstyring i personalpolitikken og i andre administrative spørsmål. Noreg er eit av dei få landa som har støtta alle reformframlegg frå Generalsekretæren. Komiteen har òg rutinemessig handsama FNs felles løns- og tenestesystem og pensjonssystemet. Her òg har drøftingane vore prega av detaljorientering og styringslyst. Den internasjonale tenestemannskommisjonen (ICSC) har mellom anna gjort framlegg om eit moderne lønssystem med lønssteg og løn etter arbeidsbyrde, ansvar og innsats. Førebels er det lita støtte hjå medlemslanda for ei slik omlegging.

Til forsida