St.meld. nr. 41 (2006-2007)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

2 Aktuelle saker

2.1 Norden – felles løysingar i ei globalisert verd

Sambanda på tvers av landegrensene vert stadig tettare og landa stadig meir integrerte. Dette skaper potensial og utfordringar. Den sterke veksten i verdsøkonomien gjev grunnlag for å redusere fattigdommen. Auka handel og eit utvida samkvem gjev stadig større grupper mogelegheiter til auka velstand. Men auka menneskeleg aktivitet fører òg til større miljøbelastningar, som utslepp av klimagassar, og dei største utsleppa finn vi i dag i dei rikaste landa.

I ei meir integrert verd der landegrenser får mindre å seie er Noreg og dei andre nordiske landa opptekne av å møte utfordringane frå ein global økonomi og klimaendringane på ein offensiv måte. Nordiske land med små og opne økonomiar har alltid vore avhengige av internasjonal handel. Internasjonalt samkvem er difor ikkje nytt for Norden, men snarare eit vere eller ikkje vere.

Omstillingsevne i næringslivet, vilje til å ta i bruk ny teknologi, ein effektiv offentleg sektor og høg vekst er nokre karakteristikkar ved utviklinga i dei nordiske landa. Den nordiske velferdsmodellen er kjenneteikna av berekraft og auka verdiskaping, lav inflasjon og moderat arbeidsløyse, lav friksjon i arbeidslivet og gode velferdsordningar. Med likskapane og skilnadene våre er samfunnsmodellen vår tradisjonelt tufta på felles kjerneverdiar.

Med ein likearta og avansert ståstad når det gjeld kunnskap, kompetanse, kreativitet og kulturarv har dei nordiske landa store sjansar til å bidra med gode løysingar på globale utfordringar. Dette gjer det òg mogeleg for Norden å posisjonere seg i den internasjonale marknaden. Det nordiske samarbeidet kan styrkje omstillingsevna vår og skape positive synergiar utover dét det enkelte landet kan få til, også når det gjeld i sambandet med dei næraste naboane og på eit europeisk nivå.

Auka internasjonal samhandel gjev norske føretak ein større marknad å eksportere til samtidig som norske forbrukarar får eit breiare utval av varer å velje mellom. Dette gjer det mogeleg å utnytte komparative fortrinn. For å utnytte nordiske styrkeposisjonar er det òg viktig at arbeidet med å fjerne nordiske grensehindringar vert ført vidare.

Samtidig er den nordiske velferdsmodellen utsett for eit aukande press, og landa står på mange område overfor felles utfordringar. Den demografiske utviklinga er ei særskild utfordring. Den yrkesaktive delen av befolkninga vert stadig mindre, talet på eldre aukar, samtidig som for få barn vert sette til verda. Omsorgsoppgåvene aukar i samfunnet, medan det er ein underkapasitet på kvalifisert pleiepersonell. Dei offentlege helsetenestene opplever at befolkninga har auka forventningar til kvaliteten på og omfanget av den behandlinga som vert tilbydd. Arbeidsmarknaden og arbeidsmiljøfeltet står sentralt i den vidare utviklinga av dei nordiske velferdssamfunna. Landa står òg overfor felles utfordringar når det gjeld tendensar til utstøyting frå arbeidslivet og diskriminering av utsette grupper.

I kjølvatnet av rapporten Norden som global vinnerregion og debatten mellom statsministrane og opposisjonsleiarane på sesjonen i Nordisk Råd i 2006, har samarbeidsministrane sett i gang ein prosess for å kartleggje om det lèt seg gjere med konkrete fellesnordiske innsatsar for å styrkje dei nordiske landa på område der auka samarbeid kan gje meirverdi. Dei nordiske statsministrane la dei overordna føringane for arbeidet på sommarmøtet deira i Punkaharju i juni 2007 og vart einige om ei rekkje forslag til tiltak for å gjere dei nordiske landa betre i stand til samla å utnytte sjansane og møte utfordringane i ei globalisert verd (jf. vedlegg 3).

Det handlar om å løfte fram fellesnordiske løysingar for å medverke til å utnytte dei mogelegheitene og utfordringane som dei nordiske landa møter. Sentrale nordiske interesser er knytte til velferd, sysselsetjing, vekst og konkurranseevne, kultur, utvikling av teknologi og kompetanse og berekraftig utvikling. Politiske satsingsområde i det nordiske samarbeidet vert i første rekkje forsking, innovasjon, klima, energi og miljø.

Eit viktig element i samarbeidet vil òg vere å synleggjere og profilere Norden som ein føregangsregion på ei rekkje område. Det er planar om eit toppmøte i 2008 som skal samle sentrale aktørar innan nordisk politikk, forsking og næringsliv for å fremje framdrifta og dynamikken i samarbeidet.

Samarbeidsministrane er ansvarlege for det løpande arbeidet, medan generalsekretæren i Nordisk Ministerråd skal koordinere utviklinga av dei konkrete innsatsane. Prosessen skal gjennomførast i samarbeid med landa, fagministerråda og nordiske institusjonar. Aktivitetane skal finansierast innanfor den budsjettramma som i dag ligg føre i Ministerrådet. Initiativa gjev òg grunnlag for eit auka tverrsektorielt samarbeid i Nordisk Ministerråd og samarbeid med det nasjonale nivået.

Saka skal drøftast på sesjonen i Rådet i 2007 og Ministerrådet skal kontinuerleg samarbeide nært med Rådet.

Refleks – norske interesser i ei globalisert verd

Regjeringa strekar i Soria Moria-erklæringa under at norsk utanrikspolitikk skal vareta norske interesser og verdiar i ei verd i rask endring. Samstundes skal han medverke til å fremje internasjonale felles gode og byggje ei betre organisert verd.

På dette grunnlaget er det teke initiativ til eit utgreiingsprosjekt i Utanriksdepartementet, «Refleks – norske interesser i ei globalisert verd», med fokus på norske interesser og utanrikspolitiske mål i ei verd i endring.

Prosjektet skal på bakgrunn av globale endringar og utviklinga i vår eigen situasjon prøve nokre av dei tradisjonelle refleksane i utanriks- og tryggingspolitikken. Korleis kan vi – i spenningsfeltet mellom viktige nye utviklingstrekk og behovet for kontinuitet og oppslutning om dei lange linjene – utvikle hjørnesteinane i utanrikspolitikken vår, som FN-politikken, samarbeidet med våre næraste allierte og engasjementet vårt for konfliktløysing, fred og forsoning. Andre viktige område som vil verte berørte av utgreiinga og prosjektet er dei utanrikspolitiske og internasjonale sidene av rolla vår som energinasjon, korleis vi meir effektivt kan bidra til å motverke klimaendringar, nye initiativ for multilateralt samarbeid og globale styringsverktøy, internasjonal handel og samanhengane mellom utanrikspolitikk og helse, og identitet, religion, kultur og meir fleirkulturelle samfunn.

Prosjektet skal medverke til debatt og til å kartleggje kva globaliseringa og endra internasjonale rammevilkår fører til for Noreg og for utanrikspolitikken og det internasjonale engasjementet vårt, og føreslå prioriteringar og satsingar. Utgreiingsprosjektet skal skape større medvit om situasjonen vår og interessene våre og gje større klarleik i dei utfordringane globaliseringa stiller oss overfor og dei potensiala ho gjev. Arbeidet skal munne ut i ei stortingsmelding innan denne stortingsperioden er over. Prosjektet vert lagt opp som ein open og inkluderande prosess med vekt på debatt og dialog og kontakt med norske og internasjonale miljø som har interesser og engasjement i internasjonale spørsmål og utanrikspolitikk.

2.2 Grensehindringar

Det å fjerne grensehindringar har vore eit sentralt satsingsområde i det nordiske regjeringssamarbeidet dei siste åra. Bakgrunnen er at stadig fleire nordiske borgarar driv grensekryssande aktivitetar som arbeid, næringsverksemd, studium, medisinsk behandling osv., og mange møter hindringar som er viktige for den enkelte.

Føremålet med å byggje ned grensehindringar er å medverke til ein tettare integrasjon mellom dei nordiske landa, gjere kvardagen enklare for dei som kryssar grensene i Norden og i størst mogeleg grad skape eit «grenselaust» Norden m.a. for å medverke til å styrkje velferda og auke den konkurranseevna regionen har.

Innbyggjarane i Noreg og Norden har, med rette, store forventningar til samarbeid mellom dei nordiske landa og kan ha lita forståing for grensehindringar som dei ofte opplever som utslag av unødvendige hindringar.

Samtidig har dei nordiske landa forskjellige lover og regelverk på ei rekkje område, og dei kjem framleis til å ha dette fordi landa gjennom demokratiske prosessar har etablert eigne lovverk. Difor er ei fullstendig nedbygging av grensehindringane verken realistisk eller ønskjeleg. Desto viktigare er det i størst mogeleg grad å redusere konsekvensane av hindringane mellom dei nordiske landa og syte for at informasjon om relevant regelverk er lett tilgjengeleg for nordiske innbyggjarar.

Statsministrane bad på sommarmøtet sitt i juni 2007 om at dei til det årlege møtet sitt i samband med sesjonen i Nordisk Råd får lagt fram ei liste over aktuelle grensehindringar og forslag til handtering.

Etter forslag frå Nordisk Råd skal ein diskutere oppretting av ein overordna samordnar for arbeidet med nordiske grensehindringar.

Foreningen Norden og informasjonstenesta Hallo Norden er etablerte i alle dei nordiske landa som operative kanalar for formidling av informasjon og tilvising til rette ansvarlege styresmakt. Ministerrådet arbeider dessutan kontinuerleg med å utvikle nye og eksisterande nettbaserte informasjonsportalar, t.d. om skattespørsmål og sosial- og trygdesaker. Og dei grenseregionale komiteane i Norden har no systematisk innarbeidd grensehindringar som eit av dei prioriterte områda sine. Dessutan arbeider fleire bilaterale grensetenester effektivt med grensehindringar, t.d. Grensetjenesten Morokulien ved Magnor på den norsk-svenske grensa som fekk midlar frå Ministerrådet for 2007. Det er òg etablert ei ordning der m.a. slike bilaterale tenester kan søkje om prosjektmidlar frå Ministerrådet til grensehindertiltak.

Pådrivarordningar for næringslivet og på sosial- og helseområdet

Arbeidet med grensehindringar vart følgt opp under den norske formannskapen i 2006. Etter initiativ frå den norske samarbeidsministeren vart det vedteke å etablere pådrivarordningar innanfor to viktige område: næringslivet og sosial- og helseområdet. Pådrivarane skal vere forankra i dei relevante nordiske fagministerråda. Pådrivarane rapporterer òg til samarbeidsministrane som overordna ansvarlege for arbeidet med grensehindringar. Sekretariatet i Nordisk Ministerråd skal hjelpe pådrivarane i arbeidet deira. Pådrivarane skal ha politisk og fagleg tyngde til å utøve trykk på både dei administrativt og politisk ansvarlege nasjonalt og innanfor rammene av Nordisk Ministerråd. Pådrivarane skal fokusere innsatsen på område der det er viktige grensehindringar og samtidig gode utsikter til å oppnå resultat. Ein føreset at dei har eit nært samarbeid med den til kvar tid sitjande formannskapen.

Arbeidet med å utvikle Norden til ein «grenselaus» og konkurransekraftig region på den internasjonale marknaden er eit prioritert område for dei nordiske næring sministrane. I tida framover vil pådrivaren arbeide for å skape større interesse for å fjerne grensehindringar i nordiske næringsorganisasjonar. Han vil særleg fokusere på dei hinder som små og mellomstore føretak vert ramma av, forenkle administrative prosedyrar og betre informasjonen om dei utsiktene og rettane små og mellomstore føretak har i ein etableringsfase.

Innanfor næringssektoren er Nordisk InnovasjonsCenter (NICe) det viktigaste instrumentet Nordisk Ministerråd har for å fremje eit innovativt og kunnskapsintensivt nordisk næringsliv. Eitt av dei mange fokusområda til NICe er næringsrelaterte grensehinder i Norden. Samarbeidet mellom NICe og pådrivaren vil vere eit viktig bidrag til å oppnå konkrete resultat.

S osial- og helse pådrivaren har starta med å konsentrere seg om konkrete problemstillingar knytte til uførepensjon og førtidspensjon og dessutan problem for langtidssjukmelde som arbeider i eitt nordisk land og er busette i eit anna. Vidare vil pådrivaren sjå nærare på problemstillingar knytte til fedrane sin rett til permisjon i Noreg, tilhøve som er viktige i dei tilfella der mora til barnet verken bur eller arbeider i Noreg. Det vil òg verte aktuelt å arbeide med andre grensehindringar innanfor dette svært sentrale området for innbyggjarane våre.

Tidlegare fylkesordførar Ragnar Kristoffersen er utpeikt som pådrivar innanfor helse- og sosialområdet og advokat og tidlegare statssekretær Helge Kringstad innanfor næringsområdet. Dei starta arbeidet sitt primo 2007.

Oppfølging av andre grensehinder

Det er i 2007 opna ein nordisk internettbasert velferdsportal med informasjon om sosial- og trygdesystema for dei som bur og/eller arbeider i Norden. Føremålet med portalen er å gje innbyggjarane nødvendig og lett tilgjengeleg informasjon om spørsmål som gjeld trygdetilknyting, trygderettar osv. i samband med flytting mellom og/eller arbeid i andre nordiske land. Dette vil kunne verte eit viktig bidrag i arbeidet med å redusere grensehindringar på trygdeområdet.

Reglane om samordning av sosial tryggleik i Norden er fordelte på to konvensjonar. Den nordiske konvensjonen om trygd (2003) omfattar trygd og helsetenester, medan nordisk konvensjon frå 1994 omfattar sosialhjelp og sosiale tenester. Føremålet med konvensjonane er å lette den frie rørsla i Norden gjennom å hindre at det oppstår luker i det sosiale tryggingsnettet når ein flyttar frå eitt nordisk land til eit anna.

Som ei oppfølging av arbeidet til Nordisk Ministerråd for å byggje ned grensehindringar mellom dei nordiske landa, er det vedteke endringar i den nordiske konvensjonen om sosialhjelp og sosiale tenester . Endringane gjer det enklare for personar som er omfatta av konvensjonen og har nedsett funksjonsevne, å flytte eller reise til eit anna nordisk land. Dette inneber at ansvarleg styresmakt i innflyttingskommunen og i utflyttingskommunen skal samarbeide for å gjere det enklare å flytte for personar som ønskjer å flytte til ein kommune i eit anna nordisk land, men som på grunn av si nedsette funksjonsevne har behov for sosialhjelp eller sosiale tenester. Som ledd i samarbeidet kan ansvarlege styresmakter inngå avtale om ei fordeling av kostnadene for nødvendige tenester i ein overgangsperiode.

Dei nordiske landa utgjer ein stor og viktig marknad for kunstnarane og verka deira. Eitt av hovudmåla for det nordiske kultur- og medie samarbeidet er å medverke til opne grenser og mobilitet for kunstnarar og kulturprodukt. Dei nye programma på kulturområdet – mobilitets- og residensprogrammet og kunst- og kulturprogrammet – skal begge skape mobilitet for personar og kulturprodukt. Programma gjev støtte til etablering av nettverk og samarbeid mellom nordiske kunstnarresidensar og støtte til samarbeidsprosjekt som involverer aktørar frå det nordiske kunst- og kulturfeltet.

Innan utdannings- og forskingssektoren er det semje om at det ikkje er føremålstenleg med ei spesiell pådrivarordning sidan arbeidet med å fjerne grensehindringar pågår kontinuerleg, jf. avtale om gjensidig godkjenning innan høgare utdanning, gymnasavtalen osv. Fjerning av grenshinder inngår no i arbeidsprogramma til rådgjevingsgruppene med pålegg om årleg rapportering til embetsmannskomiteen.

2.3 Dei sjølvstyrte områda

I samband med sesjonen i Nordisk Råd i 2005 bad dei nordiske statsministrane samarbeidsministrane om å setje i verk ein prosess for å vurdere tiltak som kan styrkje deltakinga til dei sjølvstyrte områda i Nordisk Ministerråd. Generalsekretæren la i juni 2006 fram ein første rapport om dei juridiske og praktiske spørsmåla som vert reiste i samband med dette. Etter innleiande diskusjonar om denne rapporten og den vidare prosessen vedtok samarbeidsministrane i desember 2006 å setje ned ei nordisk arbeidsgruppe – med dei sjølvstyrte områda – for å utarbeide eit framlegg til å styrkje deltakinga til dei sjølvstyrte områda, og at resultatet skulle leggjast fram på sesjonen i Rådet i 2007.

Mandatet til arbeidsgruppa innebar å greie ut om deltakinga til dei sjølvstyrte områda i nordiske institusjonar, samarbeidsorgan og program for å komme fram til framlegg til konkrete initiativ som kan styrkje deltakinga til dei sjølvstyrte områda, innanfor ramma av Helsingforsavtalen. Samarbeidsministrane godkjende innstillinga frå arbeidsgruppa på møtet sitt 5. september på Åland, og dokumentet heiter «Ålandsdokumentet».

Mellom tiltaka kan ein mellom anna nemne at heretter kan Danmark og Finland gje representantar for Færøyane, Grønland og Åland i oppgåve å leie ministermøte, embetskomitear og arbeidsgrupper. Dessutan skal ein forstå Helsingforsavtalen slik at dei sjølvstyrte områda får rett til – innanfor ramma av den kompetansen dei har overført frå landa – å vere adressatar og å svare på spørsmål, rekommandasjonar og andre framstillingar frå Nordisk Råd. I tillegg skal dei sjølvstyrte områda kunne delta i nordiske institusjonar og samarbeidsorgan på same vilkår som landa, dvs. søkje om medlemskap i desse organa innanfor ramma av Helsingforsavtalen.

Saka vil verte diskutert på sesjonen i Nordisk Råd i Oslo 30. oktober–1. november.

2.4 Statsministersamarbeidet

Statsministrane har det overordna ansvaret for det nordiske regjeringssamarbeidet. I tillegg til nær og kontinuerleg kontakt om nordiske og andre internasjonale spørsmål har statsministrane regelmessige møte. På dagsordenen står både nordiske, europeiske og andre internasjonale spørsmål. Regjeringa ser på statsministermøta som viktige for det nordiske samarbeidet.

Sidan den førre stortingsmeldinga om nordisk samarbeid har det som vanleg vore to nordiske statsministermøte. Det første vart halde 31. oktober 2006 i samband med sesjonen i Nordisk Råd i København og det andre 19. juni 2007 i Punkaharju i Finland. Det er på møtet under sesjonen at statsministrane vanlegvis legg størst vekt på spørsmål knytte til Nordisk Ministerråd. Då vert det òg halde møte med presidiet i Nordisk Råd og med representantar for dei sjølvstyrte områda. Det neste nordiske statsministermøtet finn stad i samband med sesjonen i Nordisk Råd i Oslo, som vert halden 29. oktober–1. november 2007.

På møta sine har statsministrane mellom anna diskutert dei norske og finske formannskapsprogramma i Nordisk Ministerråd for høvesvis 2006 og 2007, medrekna nordisk samarbeid i nordområda, den nordiske velferdsmodellen, EU-samarbeid og den nordlege dimensjonen. I nordområda har Ministerrådet utvikla eit omfattande nettverks- og utvekslingsprogram for Nordvest-Russland og sett i verk eit nytt arktisk samarbeidsprogram. Det er òg utvikla eit program for støtte til eit eksiluniversitet i Vilnius for kviterussiske studentar. I velferdspolitikken er det sett av vesentlege midlar til langsiktig velferdsforsking.

Auka deltaking frå dei sjølvstyrte områda i det nordiske samarbeidet har vore diskutert, og det vil verte lagt fram eit forslag om dette på sesjonen i Nordisk Råd i 2007. Når det gjeld nedbygging av grensehindringar mellom dei nordiske landa, har statsministrane bestemt at det årleg frå og med 2007 skal leggjast fram eit oversyn over aktuelle grensehindringar og løysingsalternativ på møtet til statsministrane på sesjonen. Det er oppretta pådrivarordningar innanfor sosial- og helseområdet og næringslivssamarbeidet, og etter forslag frå Nordisk Råd vert det diskutert å opprette ein overordna samordnar for grensehindersamarbeidet. Eit anna tema har vore å identifisere fellesnordiske aktivitetar som kan styrkje dei nordiske landa i dei internasjonale globaliseringsprosessane, og på møtet deira i Punkaharju i juni sende statsministrane ut ei pressefråsegn om dette (jf. vedlegg 3).

Av andre internasjonale spørsmål som statsministrane har diskutert, kan ein m.a. nemne FN-reform, klimaspørsmål og europaspørsmål.

2.5 Samarbeidsministrane, budsjett og administrasjon

Statsråd Heidi Grande Røys har vore nordisk samarbeidsminister sidan regjeringsskiftet i oktober 2005. Møta vert i 2007 leidde av den finske formannskapen, og samarbeidsministrane skal som vanleg ha fem møte i løpet av året for å behandle og gjere vedtak i ei rekkje saker. I tillegg gjer samarbeidsministrane vedtak ved skriftleg prosedyre mellom møta.

Ein sentral del av oppgåvene til samarbeidsministrane er ministerrådsbudsjettet og økonomistyring. Under leiing av den norske formannskapen i 2006 vart budsjettet for 2007 vedteke i ein god og konstruktiv dialog med Nordisk Råd. For å styrkje prioriterte område vart det gjennomført ei pro rata nedskjering på 1 % i budsjettrammene til fagministerråda, og midlane vart samla i ein eigen budsjettpost på 37 millionar DKK. Midlane vart fordelte til prioriterte område med utgangspunkt i budsjettilvisingane for 2007 som samarbeidsministrane vedtok 6. mars 2006 etter samråd med Rådet. Kultursektoren og Nordisk kulturfond vart etter oppmoding frå Rådet haldne utanfor pro rata nedskjering.

Budsjettdirektivet for 2008 vart vedteke av samarbeidsministrane 26. februar 2007, og det endelege budsjettet for 2008 vil verte vedteke i samband med sesjonen i Nordisk Råd i Oslo 29. oktober–1. november 2007. Budsjettforslaget for 2008 føreset ei uendra ramme og har innarbeidd eit forslag om ei pro rata nedskjering på 2 % for å sikre midlar til ein prioriteringspost. For å unngå å føre vidare denne relativt vilkårlege metoden for å sikre prioriteringsmidlar – som dessutan slår ulikt ut sidan budsjetta til sektorane er svært ulike i storleik – føreslo den norske formannskapen seint i 2006 at landa bør vurdere andre metodar for meir politiske og direkte budsjettmessige prioriteringar. Det er grunn til å vente at den svenske formannskapen i 2008 vil forfølgje forslaget. Budsjettforslaget for 2008 legg opp til at uformelt samarbeid skal finansierast gjennom formannskapspulja. Før budsjettforslaget for 2008 vert behandla på sesjonen, skal det drøftast med Nordisk Råd.

Etter norsk initiativ har samarbeidsministrane i samarbeid med finansministrane gjennomført eit større prosjekt for reform av budsjettdokumentet og av sentrale budsjettmekanismar. Føremålet med prosessen er å tydeleggjere prioriteringane og satsingsområda i budsjettet og å styrkje mekanismane for budsjettkontroll for m.a. å styrkje prosjektstyringa og redusere likviditeten. Reformene skal tre i kraft frå og med budsjettet for 2008.

Til forsida