St.meld. nr. 41 (2006-2007)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

4 Fagleg samarbeid

4.1 Kultur

Det nordiske kultur- og mediesamarbeidet står frå 1. januar 2007 fram med ny profil. Den nye strukturen vil vonleg skape ny dynamikk i det nordiske kultursamarbeidet, han betyr nye samarbeidsformer for kunstnarar og kulturaktørar, og han fører til ny substans og tverrfagleg arbeid. Han legg til rette for ei nasjonal forankring av det nordiske kultursamarbeidet, og sist men ikkje minst vert det frigjort midlar til program, prosjekt og aktivitetar.

Den nye strukturen eller rammeverket for samarbeid er basert på dei overordna måla til kulturministrane. Sakkunnige innanfor dei ulike kunstuttrykka skal gje innhald til programstrukturen. Etterspurnad og initiativ frå kulturfeltet skal vere drivkreftene i samarbeidet. Samspelet mellom desse ulike instansane burde vere eit godt utgangspunkt for eit dynamisk samarbeid til beste for kulturfeltet i Norden.

Hovudpilarane i det nye nordiske kultur- og mediesamarbeidet er tre program: eit medieprogram som gjev støtte til utvikling av dataspel for barn og unge med nordisk «innhald», kunst- og kulturprogrammet og mobilitets- og residensprogrammet. Dette er rammeprogram som vil gje aktørane eit tydeleg handlingsrom for å utvikle prosjekt med utgangspunkt i prioriteringane og dei økonomiske rammene for programma. Det vert opna for at nye grupper og nye nettverk kan delta i det nordiske kultursamarbeidet. Dette er ein brukarorientert struktur som stiller krav til aktørane.

Forvaltninga av programma skjer etter prinsippet om armlengdes avstand, både fagleg i form av sakkunniggrupper og administrativt gjennom det nye forvaltningsorganet Kulturkontakt Nord.

For at den nye strukturen skal fungere etter føremålet, er det viktig med ein god dialog og eit godt samspel mellom brukarane, dvs. nordiske kulturaktørar og Ministerrådet. Difor er Nordisk kulturforum etablert som ei fleksibel innretning som skal samle kulturaktørar i Norden til konferansar, seminar eller det forumet som måtte passe for høvet.

Det første Nordisk kulturforum i år, som vart halde i Oslo i mars, sette søkjelyset på det nordiske litteratursamarbeidet, medrekna omsetjing av nabolandslitteratur, sett i lys av dei nye programma. Forumet samla representantar frå litteraturbransjen i dei nordiske landa og dei sjølvstyrte områda og kom fram med gode og konstruktive forslag til å utvikle dei nye programma vidare. Måla og verkemidla for kultur- og mediesamarbeidet er nedfelte i ein rullerande treårig handlingsplan for perioden 2007–2009. Det viktigaste målet for kultursamarbeidet i denne perioden er å konsolidere den nye strukturen og den nye arbeidsforma og syte for at dei fungerer på ein føremålstenleg måte og støttar dei måla kulturministrane har vedteke for samarbeidet. Hovudoppgåva til Ministerrådet er å drøfte og vurdere om mål og verkemiddel er kulturpolitisk føremålstenlege og relevante. Det skal skje ei kontinuerleg evaluering av den nye strukturen og dei nye programma.

Den fjerde og siste formannskapskonferansen vart arrangert i Oslo i februar 2007. Konferansen, som samla 150 deltakarar, sette søkjelyset på det kulturelle mangfaldet i Norden. Aksepter kulturforskjellane og styrk det fleirkulturelle samfunnet. Forskarar, kunstnarar og politikarar frå heile Norden var samde om at dette er nokre av dei utfordringane som dei nordiske landa i dag står overfor dersom vi skal utvikle velferdssamfunnet vidare og halde tritt med den globale utviklinga. Den norske kulturministeren understreka at vi må lære å glede oss over det kulturelle mangfaldet, styrkje og synleggjere forskjellane og utnytte dei mange fantastiske sjansane som ligg i møtet med uttrykk utanfrå.

Det nordiske språk- og kulturfellesskapet vert påverka og utfordra av globaliseringa . Det er viktig å styrkje Norden som ein berekraftig kulturregion og som ei plattform for internasjonalisert samarbeid. Nettopp difor er eitt av dei overordna måla for det nordiske kultursamarbeidet å verne om og fremje eit mangfald av kulturuttrykk i Norden.

Nordisk kulturfond fremjar kultursamarbeidet mellom dei nordiske landa gjennom støtte til samarbeidsprosjekt innan allmennkultur, kunst, utdanning og forsking. Prosjekt for og med barn og unge og prosjekt som fremjar den nordiske språkforståinga og nye uttrykksmåtar og formidlingsformer, er mellom dei prioriterte områda. Fondet gjev òg støtte til ei stor nordisk utstilling som skal visast i perioden 2007–2009 og som er eit samarbeid mellom 11 museum på Nordkalotten. Temaet er lyse netter og mørke dagar og vil dreie seg om kva lyset og mørket betyr for livet på Nordkalotten.

4.2 Utdanning og forsking (inkl. IT)

Utdanning

Forlenginga av den nordiske avtalen om tilgang til høgare utdanning vil framleis sikre søkjarar busette i eitt nordisk land tilgang til offentleg høgare utdanning på same eller likeverdige vilkår med landet sine eigne søkjarar i eit anna nordisk land.

Etableringa av felles nordiske masterprogram, Nordic Masters , skal medverke til at nordiske høgare lærestader hevdar seg i den internasjonale konkurransen om dei gode studentane i og utanfor Norden. Utviklinga av studieprogramma vil skje kommande studieår med første studentopptak hausten 2008.

Nordplus-programma (Nordisk Ministerråds mobilitets- og nettverksprogram for utdanning og forsking) er forlengja med eitt år. Neste generasjon Nordplus startar opp frå 2008 som eit rammeprogram med ein tverrsektoriell del og tre sektorprogram for skuleområdet, høgare utdanning og vaksne si læring, samtidig som det altså vert utvida til også å omfatte dei baltiske landa. Nordplus Språk-programmet vert ført vidare som eit rent nordisk program.

Det nordiske samarbeidet om grunnopplæringa (grunnskulen og vidaregåande opplæring) er konsentrert om kvalitet i skulen, internasjonale undersøkingar, mobilitet og samarbeid med nærområda. Ministerrådet har avgjort å styrkje samarbeidet om internasjonale undersøkingar som PISA og TIMMS. Klasseromsforsking, spreiing av resultat og gode døme og utveksling av erfaringar om utvikling av lærarutdanningane er òg viktige tema. Ein forstudie om lesedugleiken til vaksne vert lagt fram i 2007 som grunnlag for ei vurdering av om det skal gjennomførast ein hovudstudie.

Under formannskapsprogrammet i 2006 understreka Noreg i Ministerrådet at «språk og språkpolitikk er eit tverrgåande samarbeidsområde». Eit språkorganiseringsutval, leidd av Noreg, vart sett ned for å vurdere korleis området språk og språkpolitikk best kan organiserast med sikte på å styrkje nabospråkforståinga i Norden. Rapporten vil liggje føre i 2007.

Noreg har støtta opp om globaliseringsarbeidet til Ministerrådet der utdanning, forsking og innovasjon speler ei viktig rolle. NordForsk, NICe og Nordplus er viktige element i ei slik satsing. Nordisk Ministerråd har engasjert seg gjennom økonomisk støtte til det nordiske seminaret i Bologna-prosessen, som har som mål å skape eit felles europeisk område for høgare utdanning innan 2010. Noreg leidde arbeidet med strategien om korleis Bologna-prosessen skal opnast for samarbeid og konkurranse med ikkje-europeiske land og område.

Forsking

Noreg har støtta opp om den sterke vektlegginga av forsking og innovasjon i strategien til Nordisk Ministerråd og i globaliseringsarbeidet. Samarbeid mellom forsking og innovasjon er òg eit viktig element i strategiane til NordForsk og Nordisk InnovasjonsCenter. NordForsk fekk den første strategien sin i 2006. Dei nasjonale forskingsråda, og dei andre organa som finansierer forsking, er saman med universiteta sentrale aktørar i NordForsk, og ein forventar at dette samarbeidet skal gje gode resultat på nordisk nivå. I 2006 vart det dessutan oppretta fem nye nordiske senter for framifrå forsking, NCoE, to innan velferd og tre innan sunn mat.

Noreg har lagt vekt på den rolla Norden har som ein føregangsregion innan arktisk forsking og framheva behovet for å styrkje samarbeidet, særleg med tanke på å auke kunnskapen om klimaendringane i Arktis. CICEROs forstudie vert lagt til grunn når Nordisk Ministerråd skal vurdere om det lèt seg gjere å gjennomføre ein mogeleg hovudstudie.

IT

MR-U er det koordinerande ministerrådet for IT-politikk. IT-koordineringa vil vere basert på rådgjeving frå ei uavhengig IT-politisk gruppe og MR-Us noverande struktur, der rådgjevingsgruppene integrerer IT i arbeidet sitt. På fleire sentrale område er det behov for eit sterkare nordisk samarbeid. Så langt er det eScience som er vald som grunnlag for nordisk IT-samarbeid. eScience er sentralt innan alle kunnskapsområda og omfattar både den elektroniske infrastrukturen og bruksområde innan dei mest krevjande vitskaplege områda. Samordning og koordinering av felles nordiske initiativ overfor EU vil gje ytterlegare verdi til det nordiske IT-samarbeidet.

4.3 Miljø (inkl. tverrfagleg samarbeid)

Det nordiske miljøsamarbeidet er svært omfattande og dekkjer eit vidt spekter av saker. Samarbeidet er m.a. ein av dei viktigaste kanalane vi har til å påverke den utviklinga av regelverket som skjer på miljøområdet i EU og i andre internasjonale forum. Rammene for det nordiske miljøsamarbeidet følgjer av miljøhandlingsprogrammet for perioden 2005–2008. I tillegg vert samarbeidet styrt av politiske initiativ og aktuelle spørsmål som til kvar tid er oppe på den internasjonale dagsordenen.

Prioriterte satsingsområde på miljøsektoren under den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2006 var miljøutfordringane i Arktis med vekt på miljøgifter og klima og folkeleg deltaking i miljø- og berekraftarbeidet.

Gjennom oppfølginga av formannskapsprogrammet vårt har Noreg lukkast med å få sett vesentleg fokus på klima- og miljøgiftproblematikken i Arktis. Dei nordiske miljøministrane vedtok i mars 2006 ein strategi for arbeidet med miljøgifter og klima i Arktis. Strategien inneheld òg ei liste over ulike initiativ som kan medverke til å oppfylle målsetjingane i strategien. Ei rekkje viktige prosjekt er no sette i gang, m.a. eit prosjekt som ser på kva konsekvensar ei global oppvarming på to gradar vil få for Arktis.

Det må òg nemnast at dei nordiske miljøvernministrane vedtok ei ministererklæring om arbeidet med tilpassing til klimaendringar på det møtet ministrane hadde på Svalbard i august 2006. Miljøvernminister Helen Bjørnøy gjorde i tillegg greie for miljøsektoren sitt arbeid med tilpassing til klimaendringar under sesjonen i Nordisk Råd i København i november 2006.

På det andre hovudprioritetsområdet, «Folkeleg medverknad i miljø- og berekraftarbeidet», er det òg gjennomført ei rekkje tiltak. Mellom anna vart det arrangert ein stor Lokal Agenda 21-konferanse med over 500 deltakarar i Oslo om berekraftig samfunnsutvikling. Føremålet med konferansen var å kartleggje gode nordiske døme på brei folkeleg medverknad i miljø- og berekraftarbeidet. Det vart òg sett i gang ein konkurranse der forskjellige kommunar vart inviterte til å presentere korleis dei arbeider for å nå det felles nordiske målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010. Erfaringane så langt frå dette prosjektet vil verte presenterte på konferansen om biologisk mangfald som Noreg i samarbeid med FN avviklar i Trondheim i slutten av oktober 2007.

I tillegg til dei prioriterte satsingsområda i det norske formannskapsprogrammet for 2006 har miljøsektoren i Nordisk Ministerråd hatt sterkt fokus på dei globale klimaproblema. Noreg tok i 2007 òg initiativ til å setje i gang eit nordisk prosjekt om dei konsekvensane klimaendringane har for kulturmiljø.

På kjemikalieområdet er det særleg arbeidet med å få til eit forsterka globalt samarbeid om kvikksølv og andre tungmetall, dei miljøskadelege verknadene av kosmetikk og legemiddel og nye stoff som skal inn i Stockholmkonvensjonen og POPs-protokollen under LRTAP-konvensjonen, som er viktig. Dei nordiske landa har m.a. medverka sterkt til at det no er sett i gang forhandlingar som legg grunnlaget for å opne for ein ny bindande global kvikksølvavtale.

Dei nordiske landa samarbeider òg om å følgje opp den marine strategien i EU og luftkvalitetsdirektivet. I tillegg vart det i 2006 sett i gang eit arbeid med å kartleggje årsakene til nedgangen i bestanden av ulike sjøfuglar.

Når det gjeld det nordiske miljøsamarbeidet framover, er det heilt klart at nordisk samarbeid om å påverke utviklinga av regelverket i EU og andre internasjonale prosessar framleis vil ha høg prioritet. Ikkje minst vil samarbeidet om problema knytte til klimaendringane få monaleg fokus.

Det omfattande samarbeidet på kjemikalieområdet vil òg verte vidareført, særleg når det gjeld å få på plass ein global kvikksølvavtale og få aktuelle kjemikaliespørsmål på dagsordenen i EU.

Arbeidet med biologisk mangfald og miljøproblem knytte til havet vil òg ha høg prioritet. Dette vil særleg gjelde spørsmål knytte til 2010-måla om å stanse tapet av biologisk mangfald og oppfølginga av den marine strategien i EU.

Arbeidet med eit nytt miljøhandlingsprogram for perioden 2009–2012 vil verte sett i gang hausten 2007.

4.4 Nærings-, energi- og regional­politikk

Den nye organisasjonsstrukturen i Nordisk Ministerråd tredde i kraft 1. januar 2006 og innebar at dei tidlegare tre ministerråda for høvesvis nærings-, energi- og regionalpolitikk vart samla til eit felles ministerråd (MR-NER). Den nye strukturen skal effektivisere arbeidet i Nordisk Ministerråd og gje rom for synergiar mellom dei tre sektorane. MR-NER hadde det første møtet sitt 8. september 2006 i Bodø med eit felles hovudtema «Nordområda i eit nordisk og europeisk perspektiv» med førebudde innlegg etterfølgt av ein open diskusjon. På Bodø-møtet vart det vedteke eit felles kommuniké og ei eiga ministererklæring for energiområdet. Eit felles prosjekt mellom Næring og Regional om «regionalt tilpassa innovasjonspolitikk under nordiske tilhøve» vart behandla.

Næringspolitisk samarbeid

Prioriterte område under formannskapen i 2006 var fokusering på nedbygginga av grensehindringar for næringslivet, entreprenørskap og innovasjon og å føre vidare arbeidet med å vidareutvikle Norden til ein grenselaus og konkurransekraftig region. Det nordiske næringspolitiske samarbeidet vil i tida framover òg vere sentrert rundt dei utfordringane og sjansane globaliseringa vil medføre for næringslivet i Norden. Målsetjinga er at Norden skal høyre til mellom dei leiande regionane i verda når det gjeld å vere konkurransedyktig og med omsyn til økonomisk vekst.

Under den norske formannskapen vart arbeidet med å fjerne grensehindringar for næringslivet ført vidare. Ein fornya innsats i dette arbeidet vart intensivert gjennom forslaget frå norsk side om å etablere såkalla pådrivarordningar på dei sektorområda der problema med grensehindringar er mest framtredande. Under møtet i Bodø vedtok dei nordiske næringsministrane forslaget om å etablere ei pådrivarordning for næringssektoren og å utnemne advokat Helge Kringstad som pådrivar. Han har eit nært samarbeid med grensepolitisk sekretariat i København og med den til kvar tid sittande formannskapen.

Ein framtidsretta næringspolitikk føreset auka fokusering på entreprenørskap og innovasjon som avgjerande bidrag til auka verdiskaping for å sikre dei nordiske velferdssamfunna. Under den norske formannskapen vart det halde fleire seminar knytte til entreprenørskap og innovasjon. Også land i Austersjøregionen deltok. Ikkje minst vart det i 2006 fokusert ytterlegare på betydninga av brukarstyrt innovasjon og den innverknaden marknaden og forbrukarane har på utforminga av innovasjonspolitikken ved at fleire prosjekt/program vart sette i gang.

Eit fleirtal av prosjekta vart gjennomførte i regi av Nordisk InnovasjonsCenter (NICe) som er den sentrale og implementerande institusjonen for det nordiske næringspolitiske samarbeidet, og Noreg arbeidde i formannskapsåret sitt tett saman med NICe.

NICe stod som arrangør av ein stor konferanse i november 2006 der temaet var korleis ein nordisk venturekapitalmarknad kunne etablerast og vere eit viktig supplement til dei nasjonale aktørane.

Energipolitikk

Den nordiske energihandlingsplanen som dei nordiske energiministrane slutta seg til i 2005 og som den norske formannskapen sette i verk på møtet til energiministrane i september 2006, tek opp ei rekkje saker av internasjonal og global karakter. Det er sentralt for energisamarbeidet å vere aktive når det gjeld utforminga av energipolitikken i Europa innan EU/EØS-rammene. Ei vidareutvikling av effektive energimarknader, og særleg den nordiske elektrisitetsmarknaden, er sentralt. Eit vedvarande sterkt fokus på berekraftige energisystem og ei oppskalering av det nordiske samarbeidet innan energieffektivisering, fornybar energi og energiteknologiar står sentralt også i ein breiare global og europeisk samanheng.

I den norske formannskapsperioden i 2006 vart det lagt stor vekt på å setje i verk det nordiske handlingsprogrammet for energisamarbeidet som gjeld for perioden 2006–2009. Det vert lagt vekt på at det nordiske energisamarbeidet skal verte ein sterk og aktiv deltakar i utforminga av energipolitikken i Norden og Europa ved å konsentrere seg om desse kjerneområda:

  • energimarknader

  • berekraftige energisystem

  • Norden i det internasjonale energisamarbeidet.

Når det gjeld dei rammene for energipolitikken som vert utvikla gjennom EU/EØS, trengst det eit nordisk samarbeid i alle fasane av utforminga av politikk og regelverk. Det vert sett på som særleg viktig å prioritere det nordiske elektrisitetssamarbeidet. Dette vart òg stadfesta på møtet til dei nordiske energiministrane i Bodø i september 2006.

Bodø-erklæringa om det nordisk energisamarbeidet frå 7. september 2006 peiker framover mot eit tett nordisk energisamarbeid om spørsmål knytte til elektrisitetsmarknaden, energi og klima, fornybar energi, energieffektivisering og energiforsking. Det vert lagt sterk vekt på samarbeid om EU/EØS-relaterte tema innan desse områda. Energi er komme høgare opp på den globale og europeiske dagsordenen.

Under den norske formannskapen vart det 2. november 2006 lagt fram ei energipolitisk utgreiing for Nordisk Råd. Denne utgreiinga inneheldt ein status, som vart presentert for Nordisk Råd, over dei sentrale punkta i det nordiske energisamarbeidet.

Dei nordiske energiministrane understreka på ministermøtet i Bodø i 2006 den vesentlege betydninga den nordiske elektrisitetsmarknaden bør ha i energisamarbeidet framover. Det vart lagt vekt på at det er nødvendig med ei felles nordisk handtering av elektrisitetsmarknaden ut frå eit forsyningstryggleiksperspektiv. Harmonisering av dei systemansvarlege, felles nordiske prinsipp for flaskehalshandtering, utviklinga av ein felles nordisk sluttbrukarmarknad og samordning av marknadsovervakinga er prioriterte oppgåver for det nordiske elmarknadssamarbeidet i 2007. Det pågår eit tett samarbeid og ein aktiv dialog mellom dei nordiske systemansvarlige (Nordel) og dei nordiske regulatorane (NordREG), og det er svært viktig at dette arbeidet held fram.

Målet i den nordiske handlingsplanen for energisamarbeidet 2006–2009 er at den nordiske kraftmarknaden skal utviklast vidare som ein effektiv og velfungerande regional marknad med tilstrekkeleg mange aktørar, ein høg grad av forsyningstryggleik, gode konkurransevilkår og miljøvennleg energiforsyning.

Energidimensjonen i klimapolitikken har lenge vore eit viktig tema for Nordisk Ministerråd og er eit samarbeid mellom energisektoren og miljøsektoren med det føremål å utnytte den synergien som ligg i samspelet mellom globale klimapolitiske utfordringar og energipolitiske utfordringar. På ministermøtet i Bodø i september 2006 meinte dei nordiske energiministrane at det nordiske samarbeidet mellom energisida og miljøsida bør spele ei vesentleg rolle når det gjeld å avdekkje nye problemstillingar og analysere mogelege løysingar i klimapolitikken.

Arbeidet med å utforme framtidige, globale klimaavtalar etter den første tilsegnsperioden i Kyotoprotokollen (2008–2012) har fått meir merksemd. Basert på EU-målsetjingane vart det i 2006 gjennomført eit prosjekt som vurderer føresetnadene for å redusere klimagassutsleppa i dei nordiske landa med 60–80 % innan 2050 og om dette er mogeleg. Ein har òg sett på om det lèt seg gjere å komme fram til kostnadseffektive løysingar når det gjeld handel med klimagasskvoter mellom fleire land og kvotesystemet i EU.

Dei nordiske energiministrane deltek i Baltic Sea Region Energy Co-operation (BASREC) og underteikna i 2003 ein avtale om å etablere Austersjøregionen som forsøksområde for bruk av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen, Testing Ground Agreement (TGA). Det er oppretta eit investeringsfond for gjennomføring av JI-prosjekt i regionen. Føremålet med fondet er å stimulere til å realisere JI-prosjekt i energisektoren i Austersjøområdet og frå 2006 også i Ukraina. Fondet var opphavleg på 15 mill. euro. Med bidrag frå private investorar utgjer fondet i dag 35 mill. euro. Fondet har no bunde opp om lag halvparten av kapitalen til JI-prosjekt og forventar å inngå avtalar om reduksjonar på i alt 5 mill. tonn CO2. Fondets investeringskomité vurderer kontinuerleg nye prosjekt, og det er god progresjon i arbeidet med konkrete prosjekt. Klimagruppa har i 2007 starta opp arbeidet med å evaluere denne satsinga. Dei nordiske landa har vore pådrivarar i BASREC-samarbeidet.

Det vil vere sentralt å halde fram med det gode samarbeidet på energiområdet om felles utfordringar innan EU/EØS-relaterte tema . Dette vil kunne dreie seg om vidareutviklinga av den indre energimarknaden i EØS. Dei nordiske landa følgjer nøye med på utviklinga av rammevilkår for energieffektivisering og fornybar energi, spesielt i lys av utviklinga av direktiv og nye initiativ. Under den norske formannskapen vart det i 2006 etablert nye «task force»-grupper innan fornybar energi og energieffektivisering. I lys av at Kommisjonen og EU-landa har starta ein ny diskusjon om energipolitikk, er det naturleg at dei nordiske landa fokuserer sterkare på dei felles utfordringane dette inneber. Nordisk Energiforsking er ein institusjon under Nordisk Ministerråd. Føremålet med institusjonen er å fremje og vidareføre det nordiske samarbeidet på energiforskingsområdet. Institusjonen skal styrkje dei nasjonale energiforskingsprogramma og forskingsinstitusjonane i Norden og medverke til ein felles strategi for forsking og utvikling på dei delane av energiområdet som er av felles nordisk interesse. Institusjonen driv òg med strategiarbeid og rådgjeving i samband med prosjekt i Nordisk Ministerråd. Nordisk energiforsking vert samfinansiert av dei nordiske landa med 27,5 mill. kroner årleg etter ein fastsett fordelingsnøkkel.

Nordisk Energiforsking skal ha fokus på nye energiløysingar og ein velfungerande marknad. Dei fem tematiske satsingsområda frå den førre arbeidsperioden er førte vidare, det vil seie forsking og utvikling innanfor:

  • integrasjon av energimarknaden

  • fornybar energi

  • energieffektivitet

  • hydrogensamfunnet

  • konsekvensane av klimaendringar på energi­området.

Måla skal nåast gjennom å styrkje grunnkompetansen ved universitet, høgskular og andre forskingsinstitusjonar og gjennom å skape velfungerande forskar­nettverk mellom dei nordiske landa. Det er eit mål å gjere dei nordiske forskingsmiljøa meir konkurransekraftige internasjonalt og å auke interaksjonen med Norden sine nærområde, dvs. Austersjøregionen og enkelte arktiske område.

Regionalpolitikk

Den norske formannskapen tok initiativet til eit samarbeidsprosjekt om regionalt tilpassa innovasjonspolitikk i dei nordiske regionane. Bakgrunnen for prosjektet er det sterkare fokuset på innovasjonspolitikk både nasjonalt og i EU. Dette prosjektet er godt i gang. Vidare vart det teke initiativ til eit samarbeid om fornybar energi ved å setje i gang eit demonstrasjonsprosjekt innanfor biodiesel.

I arbeidet med grenseregionane har ein lagt opp til ein ny modell for å fordele midlar til dei nordiske grenseregionane. Her vert det lagt meir vekt på fleksibilitet og dynamikk når det gjeld tema og geografi, og dette vil ein arbeide vidare med.

Det nordiske samarbeidet med nærområda i aust vart vidareført mellom anna ved at prosjektet BEN-EAST vart etablert. Dette prosjektet skal sjå på grenseoverskridande samarbeid med Russland og Kviterussland. Samarbeidet i Vest-Norden vart òg følgt opp.

Det har vore arbeidd med ei systematisk utveksling av erfaringar om bypolitikk. Tenestemannsgruppa leverte rapporten sin hausten 2006, og han vart deretter presentert på ein formidlingskonferanse i København i vår. Arbeidet med bypolitikk vert følgt opp under den finske formannskapen. Det vart teke initiativ til ei tenestemannsgruppe som skal systematisere erfaringar og komme med tilrådingar om mål- og resultatstyring innanfor regional utvikling i dei nordiske landa. Fokus er på systema og ikkje på måla. Det er vidare etablert ei tenestemannsgruppe som skal utvikle metodar for å samordne den regionale utviklinga.

Den finske formannskapen vil fokusere på regional konkurransekraft og innovasjon og på basistenester (minstenivå) for befolkninga og å utvikle den nordlege dimensjonen gjennom å styrkje det regionale samarbeidet med dei baltiske statane. Finland ser på Nordregio som ein sentral ressurs i det nordiske regionalpolitiske arbeidet og ønskjer å styrkje og vidareutvikle institusjonen.

4.5 Fiskeri og fangst

På det nordiske ministermøtet i Svolvær i 2006 vart det vedteke ei erklæring om ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) med særleg fokus på oppgraderinga av hamnestatskontrollen. Dei nordiske landa ønskjer å medverke til at det kjem på plass ein global avtale om hamnestatskontroll i regi av FAO. Ein har difor gjeve midlar til eit prosjekt som skal greie ut dei juridiske aspekta ved gjennomføringa av ein slik avtale.

Samtidig har fiskerisektoren sett i gang eit prosjekt for å kartleggje dei økonomiske drivkreftene bak UUU-fisket i Barentshavet.

Berekraftig fiskeri har vore eit anna viktig emne for fiskerisektoren. Under den norske formannskapen vart det i september 2006 halde ein internasjonal konferanse i Bergen om økosystemtilnærming til fiskeriforvaltning. Konferansen, som var organisert i samarbeid med FAO, samla 150 deltakarar frå 38 land. Som oppfølging av konferansen vart det utarbeidd ei nordisk ministererklæring som viser til dei viktigaste konklusjonane frå konferansen. Erklæringa og den offisielle oppsummeringa av konferansen vart sendt til FAO som inspirasjon til møtet i fiskerikomiteen i FAO (COFI) i mars.

Det er forventa at den svenske formannskapen følgjer opp konferansen i 2008.

På ministermøtet på Jevnaker i november 2006 vedtok dei nordiske og baltiske ministrane for fiskeri og akvakultur, jordbruk, skogbruk og mat ei erklæring om sel i Austersjøen. I erklæringa uttrykte ministrane uro for dei sosioøkonomiske konsekvensane den stadig aukande selbestanden hadde for kystnære samfunn. Sel er i nokre område ein trussel mot kystfiskeria, då dei reduserer fangsten og øydelegg fiskereiskap. Samstundes har utnyttinga av sel historisk sett vore ein viktig ressurs i kystsamfunna. Men kunnskap om korleis selen kan utnyttast er i ferd med å gå tapt, og marknaden for selprodukt er svært liten.

Den finske formannskapen ønskjer å få i gang ein diskusjon om forvaltninga av sel og utviklinga av ein marknad for selprodukt samtidig som ein tek høgde for dei regionale ulikskapane. Difor planlegg Finland ein stor konferanse om sel i oktober 2007. Konferansen vil vere ei stor multidisiplinær, internasjonal hending som òg omfattar eit samarbeid med NAMMCO (North Atlantic Marine Mammal Commission).

Målet med konferansen er å dele erfaringar og utvikle strategiar for forvaltninga av selbestandar og samhandlinga mellom sel og samfunn innanfor rammene av ei økosystembasert tilnærming.

I den kommande perioden vil spørsmål om klima verte viktigare. I fiskerisektoren gjeld det særleg fokus på dei konsekvensane klimaendringane har for fiskebestandane og for fiskeria. Noreg har i FAO komme med forslag om at det vert laga ei global utgreiing om dei konsekvensane klimaendringane har for fiskeria, og dei nordiske landa ønskjer å støtte opp om dette med nordiske initiativ.

4.6 Jord- og skogbruk

Det nordiske samarbeidet på jord- og skogbrukssektoren har vore breitt og omfattande. Det vart halde to ministermøte i Noreg i 2006 i EK-Fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk. På møtet i Nordisk Ministerråd i Svolvær 6. juli 2006 deltok 12 ministrar frå dei nordiske landa og dei sjølvstyrte områda. På det nordisk-baltiske ministermøtet 7. november deltok det ni ministrar frå Norden og Baltikum.

Utviklinga i kyst-, skog- og landdistrikta var eit overordna tema på ministermøtet i Svolvær i 2006. Ministererklæringa dekkjer arbeidsområdet til embetsmannskomiteen og har følgjande tre tilnærmingar: produktutvikling og innovasjon, dei menneskelege ressursane og eit sunt samfunn. Utfordringane i framtida og utkastet til ministererklæring vart drøfta både på eit seminar og i møte mellom ministrane og representantar frå nordiske nærings- og interesseorganisasjonar, der tema var utviklinga i kyst-, skog- og landdistrikta. Materialet om kyst-, skog- og bygdeutvikling vert sett saman og publisert av arbeidsgruppa NordFram under EK-Jordbruk. Oppfølginga av ministererklæringa er drøfta, og konkrete arbeid er i ferd med å verte gjennomførte.

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) har starta opp arbeidet med å definere kjerneoppgåvene sine. Kortfatta og samanfattande for heile arbeidsområdet til ministerrådet er det å fremje berekraftig bruk av natur- og genressursar som ein føresetnad for mennesket sin eksistens. Vidare skal MR-FJLS medverke til å sikre tilgang til gode matvarer, fremje kostvanar som medverkar til betre helse hos nordiske borgarar og utvikle dei alternativa som er å finne i nordiske råvarer og nordisk matkultur. Konkrete kjerneoppgåver vert definerte innanfor delsektorane fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk. Forsking vert sett på som eit viktig satsingsområde. Arbeidet med nytt strategisk styringsdokument for ministerrådet for perioden 2009–2012 er sett i gang. Kjerneoppgåvene til ministerrådet og globaliseringsinitiativet til dei nordiske statsministrane vil vere viktig grunnlagsmateriale i dette arbeidet.

Genressurssamarbeidet i Norden er omfattande med to genbankar, ein for plantar og ein for husdyr. Vidare går det føre seg eit samarbeid om skogplantar og -frø. Omorganiseringa av genressurssamarbeidet var ei viktig sak i 2006, og ho vert ført vidare i 2007. På det nordiske ministermøtet i Bjørneborg 28. juni 2007 vart det vedteke å slå Nordisk genbank – plantar, Nordisk Genbank – husdyr og Nordisk skogbruks frø- og planteråd saman til Nordisk Genressource Center (NordGen) med verknad frå 1. januar 2008. Ressursane og kompetansen som ligg i det nordiske samarbeidet om genetiske ressursar, skal samlast i NordGen og forvaltast og utviklast vidare i eit tverrfagleg og heilskapsorientert perspektiv for å medverke til berekraftig bruk og framtidsretta løysingar på miljøutfordringar innan mat og landbruk. Det nordiske samarbeidet om genressursar vil med dette få eit fagleg løft og verte meir effektivt.

Det nye sikringslageret for frø som er under bygging på Svalbard, har fått stor internasjonal merksemd både i FAO og i den internasjonale pressa. Svalbard Global Seed Vault er eit sentralt og viktig bidrag til å sikre biologisk mangfald i landbruket, særleg matvekstane i verda. Det vil vere særskilt viktig for utviklingsland og vert sett fram til med stor interesse i FAO og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar. Noreg har inngått ein avtale med Global Trust Diversity Fund og Nordisk genbank om administrering og finansiering av drifta. I tråd med dette har NGB teke til å førebu den faglige drifta av frøkvelven som opnar i februar 2008.

Det treårige programmet for Ny nordisk mat vart starta opp i november 2006. Det er oppretta med ei eiga nordisk styringsgruppe med norsk leiing. Programmet har vorte svært populært i dei nordiske landa og gjev nye sjansar for utviklinga av lokal og regional mat, matkultur, regional utvikling og verdiskaping og profilering av nordisk mat og matkultur både nasjonalt og internasjonalt. Det kan alt seiast at programmet kan vere eit godt døme på korleis Norden kan profilere seg i ei stadig meir globalisert verd.

Den fellesnordiske satsinga i programmet er på 22,6 mill. kroner over ein treårsperiode. Av dette går Nordisk InnovasjonsCenter inn med ca. 10 mill. kroner retta mot innovasjonsaktivitetar. Fordi programmet er tverrfagleg, har det deltaking frå fleire sektorar i Nordisk Ministerråd.

Bioenergi har fått stor merksemd i nordisk samanheng dei siste åra. Saka, som vart drøfta både på det nordiske ministerrådsmøtet i Svolvær og det nordisk-baltiske ministermøtet på Jevnaker i 2006, resulterte i to ministererklæringar der det var semje om ei felles satsing for å auke kunnskapen om bruken av biologisk materiale til bioføremål. Det vert arbeidd med eit oppfølgingsprosjekt med samarbeid med energisektoren.

Utviklinga av bioenergi i Norden har til dels vore prega av stor innsats frå initiativrike personar. For å heidre desse og for å få sterkare fokus på det utviklingsarbeidet som er nødvendig for å auke bruken av bioenergi, vart det i 2007 oppretta ein heidersdiplom for slik innsats. På sommarmøtet i Bjørneborg vart Erik Eid Hohle tildelt bioenergiprisen for 2007 for den innsatsen han har gjort for å utvikle og drive bioenergigarden i Brandbu.

Bioenergi vart drøfta på ministermøtet i Bjørneborg. Det var semje om at Norden hadde eit svært stort potensial for auka bruk av bioenergi, og at det var rasjonelt med eit nordisk samarbeid om kunnskapsutvikling m.a. for betre rammevilkår, medrekna å løyse dei hindringane som er. Utviklinga i auka bruk av bioenergi må sjåast i nær samanheng med klimaproblematikken og behovet for reduserte utslepp av CO2 , som er ein av dei største utfordringane i vår tid. Ministrane understreka at det er viktig at ministerrådet (NM-FJLS) vert godt involvert i globaliseringsarbeidet til Nordisk Ministerråd om klima og energi.

4.7 Økonomi- og finanspolitikk

Den økonomiske politikken og konjunkturutviklinga i dei nordiske landa er eit sentralt og fast punkt når finansministrane møtest. Kvar haust vert det utarbeidd ein rapport om den økonomiske situasjonen i Norden.

Dei nordiske finansministrane vedtok på eit møte i Asker i juni 2006 å samarbeide om å inngå avtalar med skatteparadis om informasjonsutveksling . I alt 33 skatteparadis har komme med politisk bindande erklæringar overfor OECD om å opne for innsyn og effektiv informasjonsutveksling. For å oppnå dette må det inngåast bilaterale avtalar. Ved å opptre samla vil dei nordiske landa både ha større gjennomslagskraft og kunne spare vesentlege ressursar. Det er sett i gang forhandlingar med ei rekkje skatteparadis, og ein ventar at den første avtalen vil liggje føre hausten 2007.

Som eit ledd i arbeidet med å byggje ned grensehinder mellom dei nordiske landa, opna dei nordiske finansministrane 20. mai 2005 ein felles nordisk skatteportal (www.NordiskeTax.net). Den nordiske skatteportalen er eit samarbeidsprosjekt mellom skattestyresmaktene i dei nordiske landa og tek sikte på å gjere det enklare for personar busette i Norden å få hjelp til å løyse dei skatteproblema som lett vil oppstå for personar som har inntekt eller formue som rører ved fleire land.

Talet på treff har stabilisert seg på rundt 9 500 per månad. Ein viktig ambisjon har vore at ein skal få svar på enkle spørsmål innan to til fem dagar, medan meir kompliserte spørsmål krev noko lengre svartid. I gjennomsnitt vert det per månad levert inn vel 90 spørsmål om skatt til det virtuelle skattekontoret. Gjennomsnittleg svartid har variert mellom 4 og 19 dagar. Det er gjennomført tiltak for å få ned svartida.

Det nordiske arbeidet på miljøøkonomiområdet vert vareteke av kontaktgruppa for miljøøkonomiske spørsmål. Dette er ei felles arbeidsgruppe under EK-Miljø og EK-Finans. Gruppa er eit forum for faglege diskusjonar og gjer det òg mogeleg for dei nordiske landa å koordinere førebuingane til internasjonale møte, særleg møte i EUs miljøøkonomigruppe (ENVECO). Gruppa har avslutta fleire større prosjekt i 2006 og første del av 2007 og har fleire større prosjekt under planlegging og oppstart.

Den demografiske utviklinga, der dei eldre vil utgjere ein aukande del av befolkninga i dei kommande tiåra, kjem til å gje press på offentlege finansar og stille krav til ein god ressursbruk i offentleg sektor. Fleire av dei nordiske landa har sett i gang omfattande arbeid med å forbetre ressursbruken i den offentlege verksemda. På det nordiske finansministermøtet i Helsingfors i juni 2007 vart det m.a. avgjort å arrangere eit seminar mellom dei nordiske ekspertane på området hausten 2007.

Sidan 2004 har arbeidsløysa i dei nordiske landa gått ned, og det er forventa ein ytterlegare nedgang dei næraste åra. Fleire sektorar, særleg i Danmark, Noreg og Island, opplever no problem med å skaffe kvalifisert arbeidskraft. Dei viktigaste utfordringane vert å styrkje yrkesdeltakinga mellom svake grupper på arbeidsmarknaden, auke yrkesdeltakinga mellom eldre, gjere det mogeleg å auke innvandringa av kvalifisert arbeidskraft og auke integrasjonen av dei som allereie har innvandra. I samband med dette har MR-Finans avgjort å setje i verk ein studie om korleis mobiliteten på den nordiske arbeidsmarknaden kan medverke til ein langsiktig og vedvarande høg vekst i Norden. Studien vil liggje føre hausten 2007.

Fordi EU/EØS-sakene får stadig meir å seie for dei nordiske landa, og i lys av EU-utvidinga, har nordisk samarbeid i EU-samanheng fått auka prioritet. EU-samarbeidet på det økonomiske og finansielle området er difor vorte eit fast punkt på dagsordenen på dei nordiske finansministermøta. Elles vert ei rekkje EU/EØS-relevante spørsmål behandla i ulike nordiske arbeidsgrupper.

Mellom dei sakene som har vore drøfta, kan nemnast forslaget frå Kommisjonen til eit nytt direktiv for betalingstenester. Fleire av dei nordiske landa har uttrykt uro over at forslaget vil innebere krav til nasjonal lovgjeving som vil føre til at det vernet forbrukarane har ved misbruk av betalingstenester, vert svekka. Det var òg semje om å arbeide for at interessene til forbrukarane vert varetekne gjennom det nye betalingsdirektivet.

Dei nordiske finansministrane har tidlegare uttalt at minimumsskatten på alkohol innanfor EU bør hevast. På møtet i MR-Finans i oktober 2006 vart det såleis vedteke ei fråsegn med støtte til forslaget frå EU-kommisjonen om å auke minimumsskatten på alkohol.

Frå utgangen av 2007 kjem Noreg til å delta i EU-handelssystemet for CO2 -utsleppskvoter. Frå norsk side vert det lagt vekt på at dei nordiske finansministrane engasjerer seg i spørsmålet, og at ein undersøkjer om det lèt seg gjere med ei felles nordisk haldning i spørsmålet. Noreg har teke på seg å koordinere dette arbeidet.

Oppgåva til Den nordiske investeringsbanken er å gje investeringslån og stille garantiar på bankmessige vilkår og i samsvar med samfunnsøkonomiske omsyn til prosjekt som er av interesse for medlemslanda og andre land som får slike lån. Låneaktivitetane omfattar m.a. investeringslån til verksemder i to eller fleire medlemsland, finansiering av miljø- og infrastrukturinvesteringar, lån til regionalpolitiske kredittinstitusjonar, ordinære investeringslån utanfor Norden, prosjektinvesteringslån til kredittverdige utviklingsland og land i Sentral- og Aust-Europa og baltiske investeringslån. Dei nordiske og baltiske landa er medlemmer av banken.

Banken hadde eit overskot på 137 mill. euro, eller 1 091 mill. kroner, i rekneskapsåret 2006, mot 165 mill. euro i 2005. Det er i 2007 utbetalt motverdien av 50 mill. euro av overskotet for rekneskapsåret 2006 til eigarane. Av dette utgjorde den norske delen 9,2 mill. euro eller om lag 73 mill. kroner.

NIBs samla utlån og garantiar var ved utgangen av 2006 11,6 mrd. euro eller om lag 93 mrd. kroner. Uteståande lån og garantiar til medlemslanda var på 9,2 mrd. euro eller om lag 74 mrd. kroner.

Banken har eit formelt samarbeid med 37 land utanfor Norden og Baltikum. Lån til desse landa utgjer ein aukande del av verksemda i NIB og var ved utgangen av 2006 20 % av samla utlån og garantiar. NIB deltek òg i miljøfinansiering. I 2006 utgjorde miljølån 14 % av totalt utbetalt utlån i banken.

4.8 Sosial- og helsepolitikk

Samarbeidet på trygdeområdet er i stor grad knytt opp mot å gjennomføre og utvikle den nordiske konvensjonen om trygd. Sidan alle dei nordiske landa er omfatta av EØS-samarbeidet, er føremålet med den nordiske konvensjonen no i hovudsak å sikre at reguleringa av internordiske trygdespørsmål ikkje kjem i konflikt med EU/EØS-reglane om koordinering av trygderettar.

Europarådet og Nordisk Ministerråd har starta eit samarbeid der målet er å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne i nordområda. Under konferansen som Europarådet heldt i St. Petersburg 21.– 22. september 2006 vart det lansert ein ny handlingsplan for personar med nedsett funksjonsevne. Konferansen var eit samarbeid mellom den russiske formannskapen i Europarådet og den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd.

I det norske programmet for formannskapen i Nordisk Ministerråd for 2006 var universell utforming ei hovudprioritering.

Nordiska samarbetsorganet för handikappfrågor har sett i gang eit treårig samarbeidsprogram retta mot barn med nedsett funksjonsevne og familiane deira i dei tre baltiske landa og Nordvest-Russland.

MR-S gav i juni 2006 embetsmannskomiteen i oppdrag å setje i gang ei utgreiing om dei seks institusjonane og dei to samarbeidsorgana på det sosial- og helsepolitiske området med det føremål å omstrukturere dei nordiske institusjonane på helse- og sosialområdet . Oppdraget gjekk til tidlegare departementsråd Brit Denstad. Rapporten hennar vart offentleggjort 15. mai 2007.

Rapporten vart diskutert på MR-S-møtet i Lahtis i juni 2007. Landa var samde om at det var behov for endringar av både organisatorisk og strukturell karakter. På dette grunnlaget vart det teke avgjerd om ein vidare prosess for gjennomgangen av institusjonane, mellom anna for å gje rom for ei breiare nasjonal vurdering før Ministerrådet tek ei avgjerd. Avgjerda vert teken ved skriftleg prosedyre før sesjonen i Nordisk Råd i Oslo 29. oktober–1. november 2007.

Nordisk Ministerråd tok i 2005 initiativ til ei utgreiing om utsiktene for eit felles nordisk prosjekt om produksjon av influensavaksine . Bakgrunnen for initiativet var eit ønskje om å oppnå betre beredskap mot ein framtidig pandemisk influensa. Utgreiingsarbeidet har vore ført vidare i 2007, men det har så langt ikkje vore grunnlag for å einast om ein produksjons- og eigarskapsmodell som omfattar alle dei fem medlemslanda. Ministermøtet i Lahtis i juni 2007 (MR-S) konkluderte med at landa held fram med utgreiingsarbeidet med sikte på å komme fram til ei avgjerd tidleg i 2008.

Dei nordiske landa har lang tradisjon for helseberedskapssamarbeid. Helseberedskapsavtalen (2003) sette arbeidet inn i ei heilskapleg ramme. Med grunnlag i avtalen vart det i tillegg underteikna ei erklæring om nordisk samarbeid ved eit eventuelt utbrot av koppar.

Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 37 (2004–2005) Flodbølgekatastrofen i Sør-Asia og avgjerda på utanriksministermøtet på Bornholm i 2005 om å styrkje samarbeidet mellom dei nordiske landa ved kriser og katastrofar i utlandet , vart det oppretta ei arbeidsgruppe. Arbeidsgruppa tilrår i rapporten sin konkrete område der dei nordiske landa vil ha meirverdi av eit formalisert samarbeid. Desse områda omfattar koordinering av førebuande tiltak, varslingsrutinar, gjennomføring av redningsarbeidet, etikk, rapportering, evaluering, kommunikasjon og informasjonsutveksling, og dessutan internasjonalt samarbeid.

MR-S i Lahtis i juni 2007 vedtok å gje EK-S fullmakt til å utarbeide mandat for det vidare arbeidet med eit nordisk helseberedskapssamarbeid. Frå norsk side ser vi på dette som eit svært viktig samarbeidsområde i framtida.

Helse- og omsorgsdepartementet vil medverke til at dei nordiske landa held fram med det internasjonale samarbeidet for å redusere alkoholskadar ; med årleg rapportering om det nordiske alkoholsamarbeidet (førebels fram til 2009).

Det uformelle nordiske narkotikasamarbeidet på embetsnivå vart ført vidare av den finske formannskapen, som heldt Narkotikaforum 2007 med ein gjennomgang av aktuelle narkotikapolitiske saker. Landa vil halde fram med å møtast årleg. Forumet er ikkje ein del av det formelle nordiske samarbeidet (Nordisk Ministerråd), men formannskapslandet er likevel vertskap for forumet. Sverige har som påtroppande formannskap invitert til Narkotikaforum 2008.

4.9 Arbeidsmarknad og arbeidsmiljø

Nordisk Ministerråds samarbeidsprogram på arbeidsmarknads- og arbeidsmiljøområdet 2005–2008 dannar ramma for samarbeidet i sektoren. Samarbeidet er retta både mot arbeidslivspolitikken innanfor Norden og mot nordisk arbeidslivspolitikk i samspel med EU/EØS og andre internasjonale forum. I tillegg til innsats for å møte den demografiske utfordringa og for å skape eit aktivt og inkluderande arbeidsliv som motverkar utstøyting, set òg programmet søkjelys på arbeidshindringar og diskriminering av utsette grupper og innsats for å fremje likestilling mellom kjønna i arbeidslivet. Dei nordiske landa har hatt ei nyttig erfaringsutveksling om EU/EØS-utvidinga og dei verknadene ho har hatt på arbeidsmarknaden og arbeidslivet i Norden, med særleg vekt på tilhøvet til dei baltiske landa og Polen. Samarbeidet på dette feltet held fram, og dei baltiske landa og Polen er trekte aktivt med.

4.10 Ernæring og mattryggleik

Ministerrådet for fiskeri og havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) og ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) vedtok i juli 2006 ein nordisk handlingsplan for betre helse og livskvalitet gjennom mat og fysisk aktivitet. Handlingsplanen vart òg lagt fram til orientering på sesjonen i Nordisk Råd 1. november same året, der medlemmene i Nordisk Råd støtta handlingsplanen. Handlingsplanen inneheld ambisiøse nordiske målsetjingar for å fremje betre kosthald og auka fysisk aktivitet og er viktig som ei felles nordisk plattform for arbeidet i EU og andre internasjonale organisasjonar.

Som ei oppfølging til handlingsplanen var eit av temaa på årets sommarmøte i MR-FJLS ei erklæring om marknadsføring av og tilgang til mat for barn og ungdommar. Føremålet er å utarbeide felles, frivillige etiske reglar for å avgrense marknadsføringa av usunne næringsmiddel til barn og unge, noko som må setjast i samanheng med det arbeidet som pågår i WHO på området. Ministerrådet ønskjer òg at det vert drive målretta informasjonsarbeid for å betre tilgangen til og fremje forbruket av sunne næringsmiddel i miljø der barn og unge ferdast. Ei slik erklæring vil vere ei felles nordisk plattform for arbeidet i WHO og i EU på området.

På møtet i 2006 vedtok òg MR-FJLS ein felles nordisk strategiplan for veterinært beredskapssamarbeid. Dette arbeidet vart på det nordisk-baltiske ministermøtet i november 2006 utvida til òg å omfatte dei baltiske landa. Målsetjinga er å styrkje dei førebuingane dei nordiske og baltiske landa gjer på dyrehelseområdet, medrekna felles nedkjempingsstrategiar, felles opplæring og felles bruk av ressursar og utstyr.

Ei nordisk arbeidsgruppe avslutta i september 2006 eit treårig prosjekt om risikobasert kjøtkontroll i ein nordisk kontekst. Som oppfølging er det planar om eit eige nordisk pilotprosjekt innanfor rammene av EUs hygiene- og kontrollregelverk. Målsetjinga er å skaffe dokumentasjon som på sikt medverkar til ei omlegging av kjøtkontrollen i EU slik at han vert meir kostnadseffektiv.

4.11 Likestilling

Under den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2006 var aktiviteten høg på familie- og likestillingsområdet. Det vart halde to ministermøte, eit ordinært ministermøte og eit nordisk-baltisk ministermøte, og det vart vedteke eit nytt samarbeidsprogram for likestilling for perioden 2006–2010, «Med fokus på kjønn er målet eit likestilt samfunn». Samarbeidsprogrammet fokuserer på to hovudtema: I «Kjønn og makt» og II «Kjønn og ungdom». I tillegg vert temaet «Kjønn, kultur og kommunikasjon» teke opp.

Noreg forhandla fram ein ny samarbeidsavtale med Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforsking, NIKK. Avtalen skal evaluerast i løpet av 2007 før ei eventuell ny forlenging.

Den første nordiske konferansen om familie- og likestillingspolitikk, «Familie- og velferdspolitiske ordningar i Norden – ulike modellar og dei konsekvensane dei har for likestilling mellom kjønna» vart arrangert i november 2006. Konferansen var ein del av eit større prosjekt med same tittel. NIKK hadde fått i oppdrag å kartleggje kva ordningar som har best verknad for å medverke til likestilling mellom kjønna i familie- og arbeidsliv. Den endelege rapporten frå NIKK vil liggje føre i 2007. I global samanheng vert det vist til at ordningane for småbarnsfamiliar i den nordiske samfunnsmodellen, saman med eit fleksibelt arbeidsliv, gjer det mogeleg for både kvinner og menn å kombinere arbeid og familieliv, samtidig som systemet medverkar til å halde oppe ein høg fødselsrate.

Ein konferanse om menn og likestilling vart utsett frå 2006 til februar 2007. Konferansen oppsummerte erfaringane i Norden i perioden 2001–2005. Ministerrådet for likestilling/MR-Jäm vil følgje opp arbeidet med ein rapport med tilrådingar for vidare arbeid.

Med utgangspunkt i hovudtemaet «kjønn og ungdom» fekk den norske formannskapen nordisk ungdom til å lage ei kvitbok om ungdommen sitt syn på og oppfatning av likestilling mellom kjønna. Boka vart ferdigstilt til ministerrådskonferansen i mai 2006. Arbeidet vert følgt opp av den finske formannskapen i 2007. Arbeidet resulterte òg i at det vart utvikla temasider for ungdom om likestilling mellom kjønna på nettstaden www.ung.no. Sidene vart sette i drift våren 2007 og vil vere tilgjengelege i heile samarbeidsprogramperioden ut 2010.

«Kjønn, kultur og kommunikasjon» vart arrangert av Barne- og likestillingsdepartementet i samarbeid med Kultur- og kyrkjedepartementet. Det var brei semje om at det er eit stort behov for meir kjønnsdelt statistikk og forsking på kulturfeltet, og at temaet bør verte følgt opp slik samarbeidsprogrammet for perioden 2006–2010 legg opp til.

4.12 Justissektoren

Det er eit utstrakt nordisk samarbeid innanfor justissektoren. Kontakten vert mellom anna nytta til å samkøyre nordiske synspunkt og forsøke å oppnå felles nordiske standpunkt i internasjonale forum.

Det vert halde årlege møte om barnebortføring . Føremålet er å diskutere problemstillingar og utveksle erfaringar når det gjeld handteringa av barnebortføringssaker. Det vert lagt til rette for uformell kontakt i samband med behandlinga av konkrete saker.

Nordisk-baltisk kontaktgruppe (Nordic-Baltic Contact Group, NBCG) er ei kontaktgruppe på embetsmannsnivå som vart oppretta i 1999. Mandatet til gruppa er å leggje opp nærare rammer for samarbeidet mellom dei nordiske og baltiske landa på justissektoren og følgje opp prioriteringane frå dei nordisk-baltiske justisministermøta. Noreg har formannskapen i NBCG i 2006/2007. Det siste møtet vart halde i Latvia i september 2005. Neste justisministermøte skal haldast i Finland i september i år.

Det nordiske redningstenestesamarbeidet (NORDRED) er grenseoverskridande og har som føremål å hindre eller avgrense skadar på menneske, eigedom eller miljøet ved ulukker.

I nordisk samanheng har det i mange år vore eit tett administrativt og fagleg samarbeid om kriminalomsorga . Leiinga for kriminalomsorga i dei nordiske landa møtest årleg for å drøfte utfordringar og dele erfaringar.

Det nordiske lovsamarbeidet har ei historie som går over meir enn 100 år og er framleis effektivt, høgst levande og tilpassa dagens krav. «Program og prinsipp for det nordiske justissamarbeidet», vedteke av justisministrane i 2005, er grunnlaget for det vidare samarbeidet. Føremålet er å skape mest mogeleg einsarta lovgjeving i dei nordiske landa. Samarbeidet er i stor grad uformelt og går føre seg i ulike forum og på alle nivå.

Den norske formannskapen arrangerte fleire nordiske seminar om spørsmål som vil verte følgde opp aktivt i Noreg og resten av Norden i tida som kjem. To viktige område var seminaret om lovgjeving mot internettrelaterte overgrep mot barn og felles tiltak i samband med det, og seminaret om framtidsfullmakter, som vert følgt opp med lovgjevingstiltak og høve til langt på veg einsarta reglar i Norden.

Justisdepartementet arbeider med eit lovforslag som skal gjennomføre konvensjonen om nordisk arrestordre i norsk rett. Konvensjonen vart framforhandla i 2005 og har som mål å forenkle og effektivisere kampen mot kriminalitet over landegrensene.

Lovgjevinga om aksjeselskap er tidlegare vorte til i nordisk samarbeid, men er no i stor grad regulert av EU-direktiv. Den nordiske arbeidsgruppa for selskapsrett vil på eit møte i september 2007 diskutere mellom anna fastsetjing av leiarløner, rekommandasjonen frå Kommisjonen om ulike aksjeklassar, gjennomføring i nasjonal rett av fleire rådsdirektiv og utkast til rådsdirektiv, mellom anna det 10. selskapsdirektivet om fusjonar over landegrensene av selskap med avgrensa ansvar, utkast til direktiv om aksjonærrettar og forslag til forenklingar i fleire av selskapsdirektiva, og dessutan nasjonale lovgjevingstiltak innanfor selskapsretten. Dette illustrerer korleis det nordiske lovsamarbeidet i stor grad har funne ei ny form i lys av landa si tilknyting til EU og EØS.

Det nordiske politisamarbeidet har utvikla seg over dei siste tiåra til å verte eit velfungerande og ubyråkratisk samarbeid. Samarbeidet er forankra i ein eigen avtale og er understøtta av einsarta lovgjeving på ei rekkje område av betydning mellom anna for det daglege samarbeidet om kampen mot kriminalitet.

Som eit viktig verkemiddel for å utvikle samarbeidet er det oppretta faste årlege møte mellom rikspolitisjefane i dei nordiske landa. Dei nordiske riksadvokatane har oppretta eit tilsvarande nettverk for samarbeid og utvikling innanfor påtalesamarbeid.

Regionaliseringa av samarbeidet til å omfatte andre austersjøland har medverka til at løysingar for å nedkjempe kriminalitet får eit vidare perspektiv og dermed òg ein breiare samarbeidsarena for kampen mot kriminalitet. Dette har openbert gjeve ein viktig tilleggsverdi til det veletablerte nordiske samarbeidet. Samarbeidet har òg kunna medverke til å utvikle felles standardar og metodar i kampen mot kriminalitet i regionen.

4.13 Flyktningar og migrasjon

Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktning­spørsmål (NSHF) er eit samarbeidsforum som drøftar aktuelle asyl- og flyktningspørsmål og ulike migrasjonsrelaterte tema. Noreg skal ha formannskapen neste gong i 2008–2009.

Nordisk utlendingsutval har utspring i den nordiske passkontrollavtalen og har dei seinare åra utvikla seg til å verte eit forum som diskuterer alle typar spørsmål på utlendingsfeltet. Arbeidet er nyttig og medverkar til å utvikle felles nordiske haldningar.

4.14 Administrasjon og forvaltning

Dei sentrale statlege arbeidsgjevarorganisasjonane i dei nordiske landa har i mange år hatt eit nært samarbeid. Dette skjer gjennom ein statleg arbeidsgjevarkonferanse for alle dei nordiske landa. Konferansen vert arrangert annakvart år. Samarbeidet går òg føre seg gjennom arbeid i grupper som er etablerte på ulike personalpolitiske område. Det vert dessutan arrangert ein årleg nordisk pensjonskonferanse der representantar for dei statlege tenestepensjonsordningane møtest.

Nordisk Ministerråd har etablert eit nordisk lønns- og personalutval som består av leiande representantar for den statlege arbeidsgjevarsida i Danmark, Finland, Sverige, Island og Noreg. Utvalet er eit rådgjevande organ for Nordisk Ministerråd (samarbeidsministrane) og Nordisk Råds presidium i lønns- og personalspørsmål.

I 1978 oppretta Nordisk Ministerråd ei tenesteutvekslingsordning for alle grupper statstilsette i dei nordiske landa. Ordninga har til føremål å styrkje samarbeidet mellom dei nordiske statsetatane og å gje impulsar til nytenking på eige arbeidsfelt. Nordisk Ministerråd løyver kvart år pengar til stipendmidlar for tenesteutvekslinga.

Konkurransepolitisk samarbeid

Dei nordiske konkurransestyresmaktene har eit nært samarbeid i form av møte, i aktuelle nasjonale saker og gjennom nordiske prosjekt. Konkurransestyresmaktene samarbeider òg om utvikling av konkurransereglar i EU, EØS og andre internasjonale forum.

Det vert halde nordisk plenumsmøte kvart år i august/september med deltaking frå Danmark, Finland, Færøyane, Grønland, Island, Noreg og Sverige. Årets plenumsmøte fann stad på Grønland i september 2007. Hovudemna var konkurranse i apotekmarknaden, offentlege innkjøp og kamp mot kartell. Det vert vidare halde årlege direktørmøte som trekkjer opp linjene for det nordiske samarbeidet.

I 2006 vart det sett ned ei nordisk arbeidsgruppe for å sjå nærare på konkurransen i den nordiske elektrisitetsmarknaden. Gruppa la fram rapporten sin på plenumsmøtet på Grønland.

4.15 Barn og ungdom

Nordisk Ministerråds strategi for barn og unge i Norden frå 2006 er retningsgjevande for den samla aktiviteten Ministerrådet har overfor barn og unge. Den overordna visjonen er at Norden skal vere den beste staden i verda for barn og unge. Det ansvaret dei ulike sektorane har for å vareta eit barne- og ungdomsperspektiv vert understreka i strategien. Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK) rapporterer kvart år til dei nordiske samarbeidsministrane om arbeidet til dei ulike sektorane på barne- og ungdomsområdet. NORDBUKs eigne aktivitetar vert styrde av den handlingsplanen komiteen har for perioden 2006–2009 der dei prioriterte innsatsområda er: dei unge si eiga organisering og dei unge sitt nordiske samarbeid, nye metodar for dei unge si deltaking i demokratiske prosessar, mangfald, menneskerettar, internasjonalt barne- og ungdomspolitisk samarbeid og koordinering av barne- og ungdomsforsking.

Nordisk ungdomspanel, som vart oppretta i samband med den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2006, fekk i oppdrag å få fram korleis ungdom opplever dagens velferdssamfunn og kva slags forventningar dei har til framtida i Norden. Panelet vart òg utfordra til å fremje sitt syn på kva som er dei viktigaste føresetnadene for at Nordisk Ministerråd skal kunne leve opp til den visjonen dei har om at Norden skal verte den beste staden i verda for barn og unge. Auka fokus på miljøvern, å leggje til rette for auka mobilitet på tvers av landegrenser og kulturar og å skape entusiasme kring Norden og det nordiske samarbeidet var tre av dei hovudutfordringane Nordisk ungdomspanel overleverte til dei nordiske samarbeidsministrane. Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK) har ansvaret for å følgje opp framlegget frå panelet.

4.16 Frivillig sektor

I Noreg la regjeringa i år fram ei stortingsmelding om det tilhøvet staten har til frivillig sektor. Føremålet med ei ny melding er å stake ut kursen for ein ny og heilskapleg statleg frivilligpolitikk med sikte på å gje sektoren ei tydelegare innramming og betre dei generelle rammevilkåra for sektoren. Dette er ei utfordrande oppgåve, ikkje minst på grunn av det store mangfaldet av aktivitetar i frivillig sektor, sektoren sitt omfang og organisering. Eit mangfald regjeringa ønskjer å støtte opp om fordi det legg grunnlaget for ei brei folkeleg deltaking i organisasjonslivet.

Innanfor ramma av nabopolitikken til Ministerrådet vart det i 2006 vedteke eit nytt støtteprogram for frivillige organisasjonar i Austersjøområdet. Føremålet er å fremje NGO-verksemd og styrkje NGO-nettverk i Austersjøområdet, primært ved å mobilisere nordiske og baltiske frivillige organisasjonar til aktivitetar for å styrkje det sivile samfunnet i Nordvest-Russland og til ei viss grad i Kviterussland.

Til forsida