St.meld. nr. 41 (2006-2007)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

3 Norden og nabolanda

3.1 Nordisk Ministerråd og sam­arbeidet med nabolanda

Samarbeidsministrane er òg ansvarlege for nabopolitikken, dvs. det samarbeidet Ministerrådet har med Nordvest-Russland, Arktis, Kviterussland, EU og den nordlege dimensjonen, Vest-Norden og Baltikum. Ministerrådet har no eit nytt og heilskapleg operativt samarbeid med Nordvest-Russland med utgangspunkt i eit nettverks- og utvekslingsprogram som skal styrkje demokratiutviklinga i området. Det samarbeidet Ministerrådet har med dei andre regionale råda og den nordlege dimensjonen vert styrkt kontinuerleg, og det vart i 2006 etablert eit konkret samarbeid også med Barentsrådet. Det nye og utvida arktiske samarbeidsprogrammet til Ministerrådet er under gjennomføring. Støtta til det kviterussiske eksiluniversitetet i Vilnius er ført vidare i nært samarbeid med EU. Ministerrådet er ein nær samarbeidspartnar og bidragsytar i den nordlege dimensjonen, der elles Noreg og Island no er fullverdige deltakarar. Samarbeidet i Vest-Norden vart styrkt i 2007 gjennom auka vektlegging på Nordisk Atlantsamarbeid (NORA).

Sameministrane og sametingspresidentane har i det nordiske samarbeidet og i samiske spørsmål ønskt ein styrkt kontakt og dialog med russiske styresmakter og samar om samiske spørsmål og urfolksspørsmål av felles interesse. Barentsrådet, Arktisk råd og Nordisk Ministerråd har inkludert urfolksspørsmål i programma sine og har jamleg kontakt med russiske styresmakter og samar om saker av felles interesse. Ministrane og presidentane meiner det er viktig å styrkje statusen for samar og andre urfolk i Barentsregionen og har oppmoda desse samarbeidsorgana til å fokusere meir på situasjonen til urfolka og støtte til tiltak som medverkar til å sikre eksistensgrunnlaget, språket og kulturen deira.

Noreg og Russland har òg forhandla fram ein avtale om visumlette som tilsvarar ein avtale inngått mellom EU og Russland. Avtalen inneber i hovudtrekk at visumprosedyren vert forenkla og er i tråd med det sterke fokuset regjeringa har på samarbeid i nord.

Regionalt samarbeid innan forsking og innovasjon (med vekt på Norden og Austersjøregionen) stod sentralt under den norske formannskapen i 2006. Det vart understreka kor viktig det nordiske samarbeidet og Nordic Research and Innovation Area (NORIA) er som brubyggjar til det europeiske samarbeidet. Eit sentralt verkemiddel for å realisere NORIA er ei gradvis opning av nasjonale program på nordisk nivå.

Erfaringar frå nordiske og russiske styresmakter om skulesamarbeid vil vere ein del av Nordisk Ministerråd sin strategi for samarbeidet med Nordvest-Russland. Aktuelle tema for samarbeidet er spesialundervisning, naturvitskaplege område og språk. Neste generasjon Nordplus startar opp i 2008 og gjev dei baltiske landa rett til å delta i programma på lik linje med dei nordiske landa, unnateke i Nordplus Språk.

I samspel med landa og andre regionale råd speler Nordisk Ministerråd ei aktiv rolle i helse- og sosialsamarbeidet i Norden sine naboområde. Samarbeidet i sektoren har stor interesse, mellom anna på grunn av dei store skilnadene i regionen. Helsesituasjonen i Baltikum og særleg i Russland er vesentleg verre enn i Norden, med langt høgare førekomst av smittsame sjukdommar som tuberkulose og hiv/aids i tillegg til ei tyngre byrde av livsstilsrelaterte sjukdommar.

Nordisk Ministerråd er med i partnarskapen for helse og livskvalitet i den nordlege dimensjonen ( The Northern Dimension Partnership in Public Health and Social Wellbeing ). I 2006–2007 er det Litauen som leier arbeidet i partnarskapen med Noreg som nestleiar, og både Noreg og Ministerrådet tek del i arbeidet i ekspertgruppene. Noreg leier arbeidet med å styrkje helsetilstanden til dei innsette i fengsla. Nordisk Ministerråd har særleg retta innsatsen sin mot menneskehandel og for utsette barn og unge.

Ein annan viktig samarbeidsarena er Barentsrådet si arbeidsgruppe for helse og sosiale saker, der Ministerrådet òg er medlem. Dette er ei arbeidsgruppe for både nasjonale og regionale representantar, open for urfolksrepresentasjon. Noreg leier gruppa saman med Murmansk fylke. Ved sidan av å koordinere bilaterale innsatsar gjennomfører arbeidsgruppa eit program mot hiv/aids og utviklar ei satsing mot utsette barn og unge.

Kultursamarbeidet med Nordvest-Russland og dei baltiske landa er under omforming som ei følgje av den nye strukturen for det nordiske kultur­samarbeidet. Utforminga av satsingsområda skjer i samarbeid med aktørar på kulturfeltet både i Nordvest-Russland og i dei baltiske landa. Forslag til satsingsområde skal leggjast fram for kultur­ministrane på møtet deira i oktober.

Når det gjeld samarbeid om ungdom , tok Noreg gjennom formannskapen sin initiativ til eit nordisk-baltisk samarbeid om aktivitetar i samband med Europarådets ungdomskampanje for å fremje mangfald, menneskerettar og deltaking («All Different – All Equal»). Det vart halde eit nordisk-baltisk ungdomsarrangement i København hausten 2006. I løpet av 2007 har det med støtte frå NORDBUK vore halde «Menneskebibliotek» i fleire av dei nordiske landa. Ungdomsorganisasjonar i dei nordiske og baltiske landa samarbeider om desse arrangementa.

Noreg, Sverige, Finland og Russland har gjennom Barents-samarbeidet (Barents Euro-Artic Council) sett ned arbeidsgrupper for å vidareutvikle øvingar, utdanning og avtalar innan rednings- og beredskapsarbeidet i regionen. Ein redningsavtale er i ferd med å verte utarbeidd med dei nemnde landa som partar til avtalen, og det er forventa at arbeidet snart vil vere sluttbehandla. Det vert jamleg halde felles øvingar innanfor rednings- og beredskapsarbeidet i regionen. Den siste øvinga, Barents Rescue 2005, vart leidd av Noreg. Den neste øvinga vil verte leidd av Finland og vert halden i oktober 2007.

Det er underteikna ein sjøredningsavtale mellom Noreg og Russland. Avtalen utfyller føresegnene i IMO-konvensjonen om søk og redning til sjøs av 1979. I samarbeid med Russland vert det årleg gjennomført sjøredningsøvingar i Barentshavet.

Gjennom EØS-finansieringsordninga utviklar Noreg eit samarbeid med dei nye medlemslanda i EU når det gjeld grensekontroll og utvikling og modernisering av institusjonar og funksjonar i kampen mot kriminalitet og i strafferettsapparatet. Både politi og fengselssystem står sentralt mellom dei fagfelta der Noreg ønskjer å hjelpe nye og kommande EU-land med å verte betre i stand til å førebyggje og handtere den aukande kriminaliteten.

Innanfor ramma av EØS-finansieringsordninga vert det arbeidd med å etablere ei rekkje justispolitiske samarbeidsprosjekt. Kriminalomsorga har i særleg grad prioritert samarbeidet med Latvia, der den første utlysingsrunden for prosjektmidlar no er avvikla. Godkjende prosjekt vil starte opp innan utgangen av 2007 / tidleg 2008. Tiltaka har avløyst dei samarbeidsordningane som vart gjennomførte på prosjektbasis då dei baltiske landa var søkjarar til EU.

Parallelt med samarbeidet gjennom EØS-finansieringsmekanismane vil Noreg framleis delta i det omfattande justis- og innanrikspolitiske samarbeidet i Austersjøområdet. «Baltic Sea Task Force on Organised Crime» legg til rette for eit uformelt, kontinuerleg samarbeid mellom fleire rettshandhevingsorgan i dei aktuelle landa. Samarbeidet går føre seg på fleire nivå, både mellom ekspertar på ulike fagfelt og på politisk nivå. Her diskuterer ein både strategiske spørsmål om utviklinga i samarbeidet og operative aksjonar som vert gjennomførte med jamne mellomrom.

Gjennom grensesamarbeidet Baltic Region Border Control Cooperation er det lagt opp til eit tett samarbeid om kontrollen av yttergrensene, særleg sjøgrensekontrollen.

Europarådet tok i 1996 initiativ til eit samarbeid mellom kriminalomsorga i dei nordiske landa og fengselsvesenet i dei baltiske landa. Frå norsk side vart dette prosjektet sett på som ei støtte til dei baltiske statane i søknadsprosessen overfor EU. Prosjektet gjekk under namnet «Nor-Balt Prison Project» og vart formelt avvikla 1. mai 2004. Parallelt med dette har Nordisk Ministerråd hatt mindre samarbeidsprosjekt med baltisk fengselsvesen. Det faglege samarbeidet med latvisk kriminalomsorg er under utvikling, og fleire nye prosjekt er under utarbeiding. Samarbeidet går føre seg innanfor EØS-finansieringsmekanismane.

Europarådet tok i 1998 initiativ til eit tilsvarande samarbeidsprosjekt med russisk fengselsvesen, Twin Prison Project . Deltakarar i dette prosjektet har forutan Russland og Noreg vore tre tyske forbundsstatar. Samarbeidet mellom norsk og russisk fengselsvesen må karakteriserast som svært vellukka, og vi har inntrykk av at samarbeidet er høgt verdsett på russisk side.

Det praktiske samarbeidet har i hovudsak vore konsentrert om Nordvest-Russland, men har fått ein god del merksemd òg på sentralt hald i Russland. Dei siste åra har samarbeidet endra karakter frå å vere eit materielt bistandsprosjekt til i hovudsak å vere ein fagleg dialog. Mellom anna er tilhøva for kvinner i fengsel eit viktig tema i den faglege dialogen.

Samarbeidet har vore knytt ikkje berre til fengselstenesta, men òg til dei andre justisstyresmaktene. Dette har mellom anna ført til at det våren 2006 vart underteikna ein generell justispolitisk samarbeidsavtale mellom Noreg og Russland. Avtalen skal følgjast opp av toårige handlingsplanar, og den første handlingsplanen vil truleg verte underteikna innan utgangen av 2007.

Under den norske formannskapen vart det lagt vekt på å styrkje samarbeidet med dei baltiske landa innanfor ramma av Norden–Baltikum (NB-8) på område som fornybar energi og energieffektivisering . Dei baltiske landa vert no jamleg inviterte til å drøfte ein felles EU/EØS-dagsorden mellom anna gjennom formøte til rådsmøta i EU. Samla har dei nordiske landa støtta det breiare internasjonale energisamarbeidet i Austersjøregionen gjennom «Baltic Sea Regional Energy Cooperation» (BASREC). Det vert arbeidd med konkrete nordiske samarbeidsprosjekt retta mot Nordvest-Russland. Fokus på energi innan den nordlege dimensjonen i EU kan gje nye høve til å utvikle samarbeidet vidare.

3.2 Den nordlege dimensjon

Definisjonen av «den nordlege dimensjon» har vore «EU-verktøyet for samarbeid med Nordvest-Russland». Dei to første handlingsplanane for det som då var EUs nordlege dimensjon, var ikkje særleg vellukka. Finland har vore drivkrafta bak den nye nordlege dimensjon (ND) som vart sett i gang 1. januar 2007. Den nordlege dimensjon er tufta på dei to dokumenta som vart vedtekne på toppmøtet om den nordlege dimensjon i Helsinki 24. november 2006:

  • Political Declaration on the Northern Dimension Policy

  • Northern Dimension Policy Framework Document.

EU, Island, Noreg og Russland er no likeverdige partnarar i ND. Dei regionale råda (Arktisk råd, Austersjørådet, Barentsrådet og Nordisk Ministerråd) og internasjonale finansinstitusjonar (EBRD, EIB, NIB og Verdsbanken) er deltakarar. Deltakarar er òg andre institusjonar og organ under EU og dei andre partnarlanda. Regionale og lokale styresmakter, NGO-ar, universitet, næringsliv o.a. har òg høve til å vere med på ND-prosjekt og ND-aktivitetar.

Det skal haldast ministermøte kvart andre år, i mellomliggjande år møte på høgt embetsnivå. I tillegg er det oppretta ei styringsgruppe som skal møtast tre gonger i året. Det første møtet i styringsgruppa fann stad i Moskva 12. mars i 2007, det andre i Brussel 19. juni. Styringsgruppa skal sikre kontinuitet og komme med tilrådingar og framlegg til tenestemenn, som skal ha det første møtet sitt i Moskva i slutten av november 2007. Gruppa skal òg førebu embets- og ministermøta. ND har ikkje noko sekretariat. Det landet som tek på seg å arrangere ulike møte, vil ha sekretariatsfunksjonen for dei einskilde møta.

Dei ND-prosjekta som er gjennomførte, har vorte det i regi av dei to partnarskapa for miljø og helse:

  • Northern Dimension Environmental Partner­ship (NDEP)

  • Northern Dimension Partnership on Public Health and Social Well-Being (NDHS).

Prosjekta er baserte på samfinansiering. Ulike nye prosjektforslag har vorte lagde fram og er til vurdering. Det vert drøfta å opprette eit nytt partnarskap for transport og infrastruktur.

Noreg ser positivt på opprettinga av eit slikt partnerskap. Her kan ein vidareutvikla eksisterande prosjekt som t.d. Barents Link. Den nye nordlege dimensjon kan gje tilskuv til gjennomføring av prosjekt som treng finansiering frå dei store internasjonale finansinstitusjonane. Miljøprosjekt vil i fyrste omgang vera særleg aktuelle. På norsk side må ein vurdera kva andre område det kan vera tenleg å fremja. Det er viktig å gjera mest mogeleg effektiv bruk av eksisterande sam­arbeidsorganisasjonar, og finna høvelege kontaktflater slik at Den nordlege dimensjon kan gje meirverdi og skapa synergieffekt. Den nordlege dimensjon gjev vidare Noreg størst mogeleg innpass i arbeidet med å oppretta dei fire samarbeidsromma mellom EU og Russland.

3.3 Austersjørådet

Sverige har hatt formannskapen i Austersjørådet i perioden juni 2006 til juni 2007 og lagt særleg vekt på følgjande prioriteringar: energi og miljø, sivil tryggleik og handel og investeringar. Latvia har teke over formannskapen for perioden fram til juni 2008 og vil prioritere utdanning, energi og sivil tryggleik.

Sverige har i formannskapsperioden sin teke initiativ til å setje i verk ein gjennomgang av Austersjørådet med sikte på å reformere og revitalisere det. Vidare er det gjort framlegg om at ein slik prosess skal munne ut i ein eigen strategi for samarbeidet i regionen. Bakgrunnen for dette er ei erkjenning av at rammevilkåra for samarbeidet i regionen er vesentleg endra dei seinare åra og er radikalt forskjellige frå det dei var i 1992 då Austersjørådet vart stifta. Det svenske initiativet er godt motteke av medlemslanda og EU-kommisjonen. Dette er spegla i erklæringa frå utanriksministermøtet i Austersjørådet i juni 2007. I erklæringa vert det vist til at Austersjørådet har spelt ei sentral rolle i arbeidet med å setje ut i livet samarbeidet i regionen frå 1992. Men nye utfordringar, særleg knytte opp til globalisering og auka konkurranse for næringslivet, set nye krav til samarbeidet og til dei strukturane og formene som skal tene til å realisere det. Austersjørådet vil difor måtte samarbeide endå tettare med andre regionale nordeuropeiske råd innanfor den overordna ramma som den nye plattforma for den nordlege dimensjonen utgjer. Målsetjinga vil vere å gjere regionen meir konkurransedyktig. Erklæringa uttrykkjer semje om at EU i endå sterkare grad enn hittil må verte trekt med i vurderingane om dei framtidige prioriteringane. Dette vil kunne sikre finansielle overføringar frå EU nordover i Europa i konkurranse med andre regionar. Ein strategi for samarbeidet i regionen må ha fokus på klare prioriteringar.

Den latviske formannskapen vil med basis i utanriksministererklæringa leie ein reformgjennomgang av Austersjørådet i tett samarbeid med den utgåande (Sverige) og den innkommande (Danmark) formannskapen. Ein rapport om framdrifta vil verte lagt fram på regjeringssjefsmøtet i Austersjørådet i Riga i juni 2008.

Noreg har slutta aktivt opp om det svenske initiativet og har mellom anna peikt på kor viktig det er å trekkje med i reformarbeidet dei mange aktørane som arbeider for utvikling av regionen, som det lokale og fylkeskommunale nivået og parlamentarikarsida. Den nordlege dimensjonen må utgjere den overordna ramma for vegen vidare. Det er viktig å ta eit vidt grep og sjå på heile samarbeidsarkitekturen i Nord-Europa. Målet må vere å auke effektiviteten og samtidig respektere eigenarten til dei regionale organisasjonane. Utviklinga av ein eigen strategi for Austersjøregionen må fokusere både på den indre strukturen i Austersjørådet og rådets organisasjon og på den breiare konteksten som rådet er ein del av. Frå norsk side er det gjeve støtte til at EU vert aktivt involvert i prosessen med å setje opp prioriteringar for Austersjørådet, mellom anna i lys av at Europaparlamentet har vedteke ein resolusjon om å lage ein EU-strategi for Austersjøområdet. Eit tilsvarande EU-engasjement for nordområda, gjennom den nordlege dimensjonen, vert ønskt velkomme.

3.4 Barents-samarbeidet

Barents-samarbeidet kom i stand på norsk initiativ. Det vart formelt oppretta på eit utanriksministermøte i Kirkenes i 1993. «Kirkeneserklæringa» nemner ei rekkje prioriterte samarbeidsfelt med berekraftig utvikling og styrkt stabilitet som overordna mål. Samarbeidet går føre seg på to politiske nivå: det mellomstatlege i Barentsrådet ( Barents Euro-Arctic Council , BEAC) og det regionale i Regionrådet ( Barents Regional Council , BRC). Medlemmer i Barentsrådet er Danmark, Finland, Island, Noreg, Russland, Sverige og EU-kommisjonen. Ni land har observatørstatus. Tretten fylke eller tilsvarande regionale einingar utgjer Regionrådet saman med representantar for dei tre urfolka i regionen; samar, nenetsar og vepsar. Finland, Noreg, Russland og Sverige er skiftevis formenn i Barentsrådet. Noreg hadde formannskapen i 2003–2005. Finland er formann fram til november 2007. Då tek Russland over. Barentsrådet møtest annakvart år på utanriksministernivå. Andre fagministrar kjem òg saman med jamne mellomrom. For tida er Karelen formann i Regionrådet, medan Oulu (Norra Österbotten) vert neste formann. Frå norsk side deltek dei tre nordnorske fylka aktivt i det regionale samarbeidet. Fleire arbeidsgrupper er oppretta under BEAC og BRC. Det finst òg felles BEAC/BRC-arbeidsgrupper. Arbeidsgruppa for urfolksspørsmål har rådgjevande funksjon i BEAC og BRC. Barentsregionen har 6 millionar innbyggjarar og ei flatevidd på 1,75 millionar kvadratkilometer. Regionen har store og rike naturressursar.

Dei konkrete oppgåvene for Barentsrådet har vore å styrkje og fremje regionalt samarbeid over eit breitt spekter: næringsliv, miljø, samferdsel og kommunikasjonar, utdanning og forsking, helse, kultur, urfolk, justisspørsmål, redningssamarbeid, ungdomsspørsmål o.a. Det er oppretta gode kontaktar mellom forretningsverksemder i barentslanda og mellom ulike kommunar i dei ulike landa. Barents-samarbeidet har vore med på å bryte ned gamle skiljelinjer i nord og har utvikla ein sterk folk-til-folk-dimensjon. Barents-samarbeidet har skapt eit nytt og stabiliserande samarbeidsmønster i tilhøvet mellom dei nordiske landa og Russland og har medverka til å styrkje den rolla Russland har i det alminnelege europeiske samarbeidet. Det viktigaste målet for samarbeidet er å fremje ei berekraftig utvikling i vidaste forstand. Tradisjonelt er dette hovudsakleg retta mot Nordvest-Russland.

Barents-samarbeidet er særleg viktig som ein inngangsport til eit konkret samarbeid med Russland. Dei nordiske medlemmene av EU har medverka aktivt til å utforme EU-initiativ og finansieringsordningar for å styrkje det regionale samarbeidet i nord. Dei regionale samarbeidsorganisasjonane har til dels overlappande funksjonar. Det er sett i gang eit arbeid for å sjå kva som kan gjerast for å effektivisere samarbeidet dei imellom og koordinere det betre. Kvar organisasjon har sine særlege arbeidsområde og kvalitetar. Målet er å oppnå ein synergieffekt alle kan tene på. Det nordiske elementet er alltid ein viktig medverkande faktor. Det er no formalisert eit prosjektsamarbeid mellom Barentsrådet og Nordisk Ministerråd innan miljø, næringsliv og urfolk.

Noreg har teke initiativ til å få oppretta eit internasjonalt sekretariat med sete i Kirkenes. Det skal etter planen opne i januar 2008. Sekretariatet skal stø opp om dei ulike samarbeidsaktivitetane på alle nivå og vere eit institusjonelt minne som kan gjere tiltaka meir samanhengande og koordinerte. Eit anna mål er å styrkje det multilaterale aspektet. Det internasjonale sekretariatet kan òg verte eit viktig kommunikasjonsledd til Europa og den nye «nordlege dimensjonen».

3.5 Arktisk råd

Arktisk råd er det einaste regionale samarbeidsorganet som omfattar alle dei åtte arktiske landa: dei fem nordiske, USA, Canada og Russland. Rådet har i tillegg «permanente deltakarar» som representerer urfolka i den arktiske regionen. Seks slike grupperingar er med, mellom anna Samerådet, som representerer samane i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Ikkje-arktiske land, mellomstatlege og ikkje-statlege organisasjonar og parlamentarikarorganisasjonar deltek som observatørar. Den arktiske parlamentariske samarbeidskomiteen er mellom dei organisasjonane som har fast observatørstatus.

Ministermøta i Arktisk råd vert normalt haldne anna­kvart år. Ministermøtet vedtek program og prosjekt som vert gjennomførte i regi av arbeidsgrupper. Utanom ministermøta vert arbeidet leidd av nasjonale koordinatorar på embetsnivå.

Gjennom Arktisk råd kan vi supplere dei bilaterale kontaktane våre med multilaterale drøftingar. Arktisk råd er eit forum der dei nordiske landa møter dei store naboane sine i aust og vest, og der dei kan trekkje desse med når det gjeld å løyse felles problem. Politikken til både Russland og USA i dei nordlege områda er svært viktig for Noreg. Det er i norsk interesse å utdjupe og vidareutvikle samarbeidet i Arktisk råd som eit organ for sirkumpolart samarbeid.

Under Arktisk råd er det seks permanente arbeidsgrupper som dekkjer desse programområda:

  • Overvaking av forureining og klima (Arctic Monitoring and Assessment Programme, AMAP)

  • Bevaring av flora og fauna (Conservation of Arctic Flora and Fauna, CAFF)

  • Beredskap mot akutt forureining (Emergency Prevention, Preparedness and Response , EPPR)

  • Vern av det marine miljøet (Protection of the Arctic Marine Environment, PAME)

  • Berekraftig utvikling (Sustainable Development Working Group, SDWG)

  • Handlingsprogrammet mot forureining (Arctic Contaminants Action Programme, ACAP)

Norsk formannskap i Arktisk råd

Noreg har formannskapen i Arktisk råd til neste ministermøte våren 2009. Formannskapsprogrammet er laga i samråd med Danmark og Sverige, som er dei to neste formennene etter Noreg. Koordinerte program for den nordiske formannskapsperioden i Arktisk råd 2006–2013 kan gje eit meir langsiktig og fokusert arktisk samarbeid. Programmet har tre hovudprioriteringar: heilskapleg ressursforvaltning, klimaendring og effektivisering av samarbeidet.

Utnytting av energi- og mineralressursane er av stor og aukande verdi i nordområda. Formannskapen i Arktisk råd vil vere eit viktig verkemiddel for å dele røynslene frå norsk ressursforvaltning i nord, som er vidareutvikla gjennom St.meld. nr. 8 (2005–2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten. Noreg har teke initiativ til eit nytt samarbeidsprosjekt for å samle dei røynslene medlemslanda har når det gjeld økosystembasert ressursforvaltning innanfor det arktiske området

Arktisk råd har laga ein klimastudie, Arctic Climate Impact Assessment (ACIA), som gav oss ei grundig kartlegging av kunnskapen om klimaendringane i Arktis og dei verknadene dei har for regionen og verda elles. På ministermøtet i Arktisk råd i Salekhard i oktober 2006 vart det semje om å halde fram med arbeidet med å hente inn kunnskap om klimaendringane. Noreg har difor komme med framlegg om eit prosjekt for vurdering av status og konsekvensar av klimaendringane i dei isfylte områda i nord. Dette omfattar tilbaketrekkinga til havisen, smeltinga av Grønlandsisen og reduksjonen av permafrost og snødekke. Prosjektet vil halde fram under heile den norsk-dansk-svenske formannskapsperioden med delt leiing.

Ministermøtet i Salekhard gav også eit mandat for auka samarbeid om tilpassing til klimaendringane i nord. Det er semje om å starte arbeidet med ein brei studie av kva som ligg føre av kunnskap om tilpassing til arktisk klimaendring. Utifrå kunnskapsstudien vil ein samle ekspertar for å drøfte den vidare prioriteringa av samarbeidet. Målet er å auke den evna urfolk og andre lokale innbyggjarar har til å hanskast med verknadene av klimaendringane.

Sekretariatet for Arktisk råd har fram til nyleg følgt formannskapslandet. Ein viktig del av det norsk-dansk-svenske samarbeidet er etableringa av eit felles sekretariat i Tromsø for formennene i Arktisk råd fram til 2013. Sekretariatet har tre internasjonalt tilsette og vart operativt frå sommaren 2007. Målet er at eit fast sekretariat skal vise seg så vellukka at medlemslanda vil sjå seg tente med at det vert permanent.

3.6 Nordisk samarbeid om europeiske spørsmål

Dei nordiske landa har ei rekkje felles interesser og synspunkt når det gjeld utviklinga i EU. Samarbeidet gjev ei viktig ramme for å koordinere nordisk europapolitikk.

Europaspørsmål inngår difor som ein fast del av dagsordenen for nordiske og nordisk-baltiske møte. Kontakten mellom dei nordiske hovudstadene, EU og dei nordiske EU-delegasjonane i Brussel er tett og god. Sett frå norsk side er det særleg viktig å syte for at europapolitiske saker med relevans for Noreg vert diskuterte i ein nordisk krets på eit tidleg tidspunkt. Dette gjeld ikkje minst EØS- og Schengen-relaterte spørsmål. Slik kan Noreg oppnå indirekte innverknad på dei interne drøftingane i EU i saker av betydning for oss. Det er viktig at norske styresmakter på alle nivå held fram arbeidet med å utvide og utdjupe kontaktnettverket i nordiske EU-kretsar.

Finland hadde EU-formannskapen hausten 2006, Sverige får det same ansvaret hausten 2009, og Danmark tek over våren 2012. I desse halvårsperiodane vert det nære nordiske samarbeidet ekstra viktig for Noreg. Inngangsporten til sentrale EU-prosessar vert ofte enklare med eit nordisk naboland ved EU-roret. Dette gjeld både informasjonsflyten og møtedeltakinga i interessante EU-forum.

Dei mest konkrete og synlege døma på nordisk samarbeid i EU-samanheng det siste året er etableringa av den nordiske militære stridsgruppa som skal stå i beredskap i eit halvt år f.o.m. 1. januar 2008, og den aktive innlemminga av Noreg og Island i det EU-initierte samarbeidet i den nordlege dimensjonen. Likevel er det framleis slik at Austersjø- og Barents-samarbeida til tider kan vere prega av at mange prosjekt er forankra i EU gjennom naboskapspolitikken (ENP) eller regionale tiltaksfond (INTERREG). Dei nordiske naboane våre er difor opptekne av at sambanda til Brussel er nære, og Kommisjonen deltek òg i Austersjø- og Barents-samarbeida. For Noreg vil det seie auka innsats for – og merksemd om – nordområda.

Også på justis- og innanriksområdet har nordisk samarbeid betydning. For Noreg er det viktig at vi held oppe dei nordiske modellane på område der EU etablerer og vidareutviklar tilsvarande samarbeid. Døme på slike område er det konsulære samarbeidet, politisamarbeidet og visumsamarbeidet. Ved å sikre at det nordiske samarbeidet er velfungerande og attraktivt, kan vi medverke til at dei nordiske EU-medlemslanda vidarefører dette, sjølv når liknande samarbeid vert forsterka på EU-nivå.

Avtalen mellom Noreg, Island og EU om institusjonelle løysingar for den norske og islandske deltakinga i Schengen-samarbeidet har gjort det mogeleg å halde oppe den nordiske passunionen. Avtalen inneber òg at alle dei nordiske landa er del av eit større europeisk område med reisefridom. Det er eit godt samarbeid mellom dei nordiske landa i spørsmål som er relevante for Schengen.

Til forsida