St.meld. nr. 41 (2006-2007)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

5 Anna nordisk regjeringssamarbeid

5.1 Det utanrikspolitiske samarbeidet

Alle dei nordiske landa legg vekt på betydninga av det felles nordiske utanrikspolitiske samarbeidet (N 5). Samarbeidet har opp gjennom åra utvikla seg til å omfatte ei lang rekkje sektorar og kontakt på alle nivå. Dei nordiske utanriksministrane møtest jamleg til uformelt samråd om aktuelle spørsmål.

Dei nordiske statssekretærane (i utanriksdepartementa) vedtok i 2007 enkelte retningslinjer for det vidare nordiske utanrikspolitiske samarbeidet, medrekna å halde fram med å arbeide for at samarbeidet skal verte meir ope og effektivt med sikte på å auke den relevansen samarbeidet har. Alle nordiske utanrikspolitiske møte skal planleggjast i samsvar med ein heilskapskalender slik at møta tidsmessig er plasserte rett i høve til andre relevante møte.

Regjeringa ser det som svært viktig å vareta og vidareutvikle dei nordiske utanrikspolitiske møtestrukturane og nettverka. Samarbeidet har ein tilleggsverdi i lys av at Noreg står utanfor EU og difor ikkje deltek i det kontinuerlege samarbeidet mellom dei nordiske og baltiske EU-landa (NB 6-samarbeidet).

Utanriksministrane og statssekretærane møtest årleg i den nordisk-baltiske kretsen (NB 8). Det at seks av dei åtte landa i NB 8-kretsen er EU-medlemmer, tilseier at fokus særleg vert sett på spørsmål som gjeld utviklinga innanfor EU, EØS og Schengen. Spørsmål som gjeld nordområda og Nord-Europa vil venteleg få ein større plass i diskusjonane i åra framover, m.a. fordi den nordlege dimensjonen har fått ei ny plattform frå 2007 der EU, Russland, Noreg og Island er likestilte partnarar, og at det er sett i gang ein diskusjon, først og fremst i Austersjørådet, om den evna dei regionale råda har til å møte sentrale utfordringar i ei ny tid med endra rammevilkår.

Noreg støttar det uformelle amerikansk-nordisk-baltiske samarbeidet i Nord-Europa, e-Pine, og deltek i halvårlege møte på høgt embetsnivå og på ekspertmøte. Vi arbeider for å gjere samarbeidet mest mogeleg konkret, uformelt og sak-til-sak-basert. Utviklinga i Kviterussland, Ukraina, Moldova og Georgia vil framleis stå sentralt i drøftingane, og det er ønskjeleg å få til eit konkret samarbeid om assistanse til desse landa.

Det nordiske tryggleikspolitiske samarbeidet har utvikla seg sterkt dei siste åra, og tryggingspolitikken er no sektorovergripande. Godt styresett, menneskerettar, forsoning, reformer i tryggingssektoren, kampen mot internasjonal terrorisme og organisert kriminalitet, miljø- og kvinneretta bistand og kompetanseoppbygging er aktuelle samarbeidsområde. Det er ei rekkje døme på nordisk samarbeid på desse områda, mellom anna på Balkan, i Afghanistan og i Afrika (Sudan/Darfur). Omgrepet alliansefridom har mista mykje av relevansen sin etter at den kalde krigen er over. Det samarbeidet Sverige og Finland har med NATO og det Noreg har med EU betyr at dei institusjonelle rammene er vortne vesentleg utvida.

Det samarbeidet Finland og Sverige har med NATO, og deltakinga deira i NATO-operasjonane på Balkan og i Afghanistan, og Noregs samarbeid med EU har gjort at dei militære styrkane i dei nordiske landa har fått større evne til felles operasjonar. Slike einingar har ein sett i Kosovo og i Afghanistan. Regjeringa ønskjer å leggje tilhøva til rette for ei ytterlegare utvikling på dette området. Planen om ei felles norsk-svensk eining i ein FN-operasjon i Darfur, og den nordiske innsatsstyrken ( Nordic Battle Group, NBG) som skal nyttast i EU-leidde operasjonar, illustrerer utviklinga i samarbeidet.

Alle dei nordiske landa medverkar til krisehandtering i EU-regi på det sivile området. Dette er eit samarbeidsområde i dynamisk utvikling, og EU har no på plass ein innleiande kapasitet for sivile innsatsstyrkar som på kort varsel skal kunne utplasserast i internasjonale oppdrag. Både ved direkte kontakt med EU og gjennom tett dialog med dei nordiske og baltiske landa følgjer Noreg utviklinga i EU innan sivil krisehandtering.

Regjeringa legg stor vekt på å vidareføre det nordiske samarbeidet om aktuelle FN-spørsmål. Utveksling av synspunkt og informasjon går føre seg jamleg ved dei nordiske FN-delegasjonane i New York, og det er halvårlege FN-konsultasjonar på embets­nivå i dei nordiske hovudstadene. I dei seinare åra har FN-reform vore eit viktig tema for nordiske politiske konsultasjonar. Samarbeidet har eit uformelt preg, og dei nordiske landa står gjerne saman i saker i FN der dette lèt seg gjere.

Det nordiske valsamarbeidet fungerer godt. Det er oppretta ein intern nordisk rotasjons­ordning for kandidatur til så vel Tryggingsrådet i FN som ei rekkje andre sentrale posisjonar i FN-systemet. Valsamarbeidet og ordninga med felles nordiske kandidatar er ein viktig grunn til å ta vare på ein nordisk profil der det er naturleg. Felles nordiske innlegg vil vere ein måte å profilere Norden på, særleg på område der Norden som gruppe kan tilføre debatten noko ut over det EU kan. Innan gruppa av vestlege land (WEOG) har det over tid vore forståing for at dei nordiske landa i ei rekkje valsamanhengar i realiteten utgjer ei eiga «undergruppe».

Dei nordiske utanrikstenestene har eit tett administrativt og konsulært samarbeid. Embetsmenn i departementa møtest jamleg, og det er oppretta nordiske arbeidsgrupper på ei rekkje relevante fagområde. Det nordiske samarbeidet ved utanriksstasjonane har fleire former. Det kan vere samlokalisering av ambassadar, felles administrative støttefunksjonar, felles visumseksjonar, avtalar om gjensidig representasjon når det gjeld visumbehandling m.m., og bistand i konsulære saker og akutte kriser når det trengst. Ved fleire nordiske utanriksstasjonar er, eller har det vore, innplassert utsende tenestemenn frå andre nordiske land. Dei norske ambassadane samarbeider lokalt med dei andre nordiske ambassadane om krise- og beredskapsplanlegging og om kriseøvingar. På norsk side vert det lagt stor vekt på det nordiske samarbeidet på dette feltet, og samarbeidet vil verte vidareført på fleire nivå.

5.2 Utanrikshandel

Det utanrikshandelspolitiske samarbeidet mellom dei nordiske landa er i dag meir uformelt enn tidlegare. Det er jamleg kontakt mellom dei nordiske hovudstadene, mellom delegasjonane/representasjonane i Brussel, mellom dei nordiske ambassadane og mellom EU-delegasjonane og sekretariatet i Nordisk Ministerråd. I tillegg er Nordisk Ministerråd ein arena for regelmessig nordisk samråd om aktuelle EU- og EØS-saker. Dei nordiske utanrikshandelsministrane møtest årleg til uformelt samråd om aktuelle utanrikshandelspolitiske saker. I 2007 vart det avgjort å revitalisere møta mellom dei nordiske handelssjefane (høgt embetsnivå). Regjeringa legg stor vekt på at det utanrikshandelspolitiske samarbeidet vert pleidd og utvikla vidare.

EØS-/indre marknadsspørsmål har fått meir å seie i det nordiske utanrikshandels­politiske samarbeidet. På same måte har samarbeidet med Nordens nærområde på det økonomiske og handelspolitiske område vorte viktigare.

Noreg deltek i ei uformell nordisk-baltisk samrådsgruppe i arbeidet med EU-direktivet for å lette handelen med tenester. Føremålet er å utveksle informasjon og synspunkt i samband med det nasjonale arbeidet med tenestedirektivet for på den måten å kunne medverke til lik forståing.

Den ytre handelspolitikken i EU har Kommisjonen ansvaret for, og det er såleis ikkje aktuelt med eit formelt samarbeid mellom dei nordiske landa om felles posisjonar i WTO. Det er likevel god uformell kontakt om WTO-spørsmål gjennom møte mellom dei nordiske delegasjonane i Genève og med dei nordiske deltakarane i handelskomiteen i OECD. Denne kontakten gjev Noreg informasjon om drøftingane i EU, samtidig som dei andre nordiske landa kan dra nytte av at Noreg deltek i grupperingar der EU berre er representert ved Kommisjonen.

5.3 Forsvar

Det nordiske tryggings- og forsvarspolitiske samarbeidet er omfattande og vert høgt prioritert både på politisk og fagmilitært nivå. Det er stort samanfall i tryggingspolitiske vurderingar og interesser mellom dei nordiske landa, og samarbeidet fungerer svært godt trass i ulik forankring til EU og NATO. Samtidig deler dei nordiske landa ei rekkje føresetnader på forsvarssida som i mange tilfelle gjer samarbeid både aktuelt og gjensidig gunstig. Det nordiske samarbeidet er difor ein eigna arena for å samordne ei rekkje tryggings- og forsvarspolitiske felles saker. For Noreg er det nordiske samarbeidet ein viktig arena som medverkar til å realisere ei rekkje forsvarspolitiske ambisjonar.

Det nordiske samarbeidet er karakterisert av ei rekkje samarbeidsprosjekt på nær sagt alle nivå. Dette samarbeidet speglar dei sterke og tette banda mellom dei nordiske landa. I tillegg til møte på statsråds-, departementsråds- og ekspedisjonssjefsnivå møtest òg forsvarssjefane i nordisk og nordisk-baltisk samanheng. I tillegg er det ei rekkje andre samarbeidsforum mellom anna innan logistikk og mellom nordiske kompetanse- og utviklingsmiljø. Samtidig fungerer NORDCAPS ( Nordic Coordinated Arrangement for Peace Support ) som eit viktig element for å koordinere og samordne nordiske bidrag til fredsbevarande operasjonar. Det nordiske forsvarssamarbeidet står òg sterkt innan materiellsektoren gjennom NORDAC ( Nordic Armaments Cooperation ). Helikopter, stormpanservogner, artillerilokaliseringsradarar og pansra hjulgåande personellkøyretøy er døme på system som har vore gjenstand for kostnadseffektivt nordisk innkjøpssamarbeid av stor betydning industrielt, operativt og kompetansemessig.

Dei nordiske landa deler eit sterkt humanitært og fredsskapande engasjement og har stort fokus på og eit sterkt ønskje om å medverke til fredsbevarande operasjonar. Men dei avgrensa ressursane våre, særleg på personellsida, gjer det vanskeleg å medverke med substansielle bidrag aleine. Gjennom det nordiske samarbeidet får vi ei større operativ evne enn vi ville oppnådd på eiga hand, og vi styrkjer det nordiske samhøyret. Eit Norden som samarbeider tettare i forsvars- og tryggingspolitikken, vil gjere oss i stand til å gje endå større bidrag til fredsskapande og stabiliserande operasjonar. Dei nordiske landa forsøker difor å koordinere ei rekkje av bidraga sine innanfor ei nordisk ramme. Mellom anna vil Noreg delta i den svenskleidde EU-stridsgruppa i 2008 og 2011, og Noreg og Sverige har i lengre tid planlagt eit felles bidrag til innsats i FN-regi i Darfur. Det er ein ambisjon mellom dei nordiske landa å styrkje dette operative samarbeidet.

Reformer i tryggingssektoren er eit stadig viktigare verkemiddel for å leggje til rette for ei demokratisk utvikling og etablere varig fred i tidlegare konfliktområde. Dei nordiske landa har over lengre tid samarbeidd om reformtiltak i tryggingssektoren. Mellom anna har dei nordiske landa medverka til å omstille og byggje opp ein sjølvstendig forsvarssektor i dei baltiske landa. Dei nordiske landa samarbeider òg tett om støtte til landa på Vest-Balkan gjennom Nordic Initiative . Dette omfattar mellom anna omskolering av overflødig militært personell og hjelp til å utøve demokratisk kontroll over militære styrkar. Dei nordiske landa har ein ambisjon om å byggje vidare på desse initiativa. Reformer i tryggingssektoren framstår i dag som ein nisjekapasitet der dei nordiske landa kan gje vesentlege bidrag med personellmessig avgrensa ressursar.

5.4 Utviklingssamarbeid

Noreg har eit nært samarbeid med dei andre nordiske landa for å betre bistandseffektiviteten gjennom det breiare Nordic Plus -samarbeidet der òg Irland, Nederland og Storbritannia inngår. Kjernen er Pariserklæringa om bistandseffektivitet frå 2005. Samarbeidet går dels føre seg i internasjonale forum der fokuset no er på førebuingane til det tredje høgnivåforumet for bistandseffektivitet som vil finne stad i Ghana i september 2008. Det går òg føre seg eit utstrakt samarbeid på hovudstadsnivå med halvårlege møte mellom bistandssjefane og mellom anna utarbeiding av felles rettleiarar for ulike aspekt ved utviklingssamarbeidet. Dessutan går det føre seg eit utstrakt samarbeid på landnivå, i nokre tilfelle òg i form av at bistandsmidlar vert kanaliserte gjennom ein annan Nordic Plus -gjevar (delegert samarbeid).

Noreg, Sverige, Danmark og Finland er mellom dei største bidragsytarane til FNs operative innsats på det utviklingspolitiske og humanitære området, som i hovudsak vert finansiert med frivillige midlar. Det er utstrekt kontakt og samarbeid mellom nordiske land om dette, både i samband med møta i Generalforsamlinga i FN og arbeidet gjennom særorganisasjonar, fond og program, slik det òg er samarbeid med andre likesinna land i og utanfor EU. Dei nordiske EU-medlemmene speler òg ei viktig rolle innanfor EU på dette området.

Samarbeidet med Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane er formalisert gjennom ein omfattande nordisk koordineringsprosess og ein rotasjonsordning for representasjon i dei styrande organa. I Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane har Noreg i dei fleste sakene samanfallande interesser med dei andre nordiske landa, og i styra i institusjonane er det eit tett nordisk samarbeid. Felles posisjonar vert utforma heile tida, og det vert halde felles innlegg under årsmøte og møte i utviklingskomiteen i Verdsbanken og Det internasjonale valutafondet (IMF). Dei nordiske landa legg i det daglege arbeidet sitt vekt på å sikre at den overordna målsetjinga om fattigdomsreduksjon vert styrande for utforminga og gjennomføringa av verksemda i utviklingsbankane.

Det nordiske utviklingsfondet ( Nordic Development Fund , NDF) er ein samnordisk bistandsorganisasjon som vert finansiert over bistandsbudsjetta til dei nordiske landa. NDF samfinansierer med andre multilaterale institusjonar, hovudsakleg Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane. Den største delen av kredittane til NDF har vore nytta til å finansiere leveransar av varer og tenester frå dei nordiske landa. I 2005, etter mislukka påfyllingsforhandlingar, konkluderte dei nordiske utviklingsministrane med at det var semje om å avvikle aktivitetane til NDF. Det vil likevel vere dei nordiske samarbeidsministrane som gjer formelt vedtak om avvikling.

5.5 Forbrukarpolitikk

Organiseringa av samarbeidet og prioriteringar

Ministerrådet for forbrukarspørsmål (MR-K) vart lagt ned frå 1. januar 2006 som følgje av at ministerrådsstrukturen vart omstrukturert. Forbrukarministrane vedtok å vidareføre samarbeidet på uformelt plan og å etablere embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid på forbrukarområdet (NordKons), sett saman av medlemmene av tidlegare EK-Konsument, til å stå for gjennomføringa. Samarbeidet vart ført vidare med vekt på dei prioriteringane som ligg i samarbeidsprogrammet for forbrukarsektoren 2005–2010, som Nordisk Råd og MR-K har vedteke.

Prosjektverksemd

For å sikre at prosjektsamarbeidet i sektoren vart ført vidare, arrangerte NordKons «Nordiskt konsument idéforum 2006» med representantar for nordiske forbrukarorganisasjonar, styresmakter og forskarar som deltakarar. I 2006 vart det arbeidd med å sluttføre ei rekkje prosjekt som vart sette i gang under det tidlegare MR-K, m.a. ein analyse av verknadene av å endre nordisk forbrukarkjøpslovgjeving i tråd med EU-direktiv.

To prosjekt vart gjennomførte for å gjere barn og unge meir medvitne om kommersielt press, påverknad frå reklame og fedmeproblematikk. Fleire prosjektforslag som var utarbeidde innanfor styrings- og ad-hoc-gruppene under MR–K, vart i 2006 sikra gjennomføring med midlar frå strukturpulja for uformelt samarbeid. Via den tverrsektorielle NMRIPP-gruppa, der forbrukarsektoren har vore representert, vart det lagt vekt på forbrukar­aspekt ved berekraftig utvikling.

Enkelte fleirårige prosjekt som vart sette i gang under det tidlegare MR-K, var framleis i gang ved utgangen av 2006 utan å vere direkte knytte til NordKons. Dette gjaldt m.a. prosjektet «EU-retten i nordisk konsumentrett», som gjer det mogeleg med innsats på ad-hoc-basis i samband med forbrukarspørsmål som er aktuelle i EU. I 2006 kom det inn i alt 14 prosjektsøknader på forbrukarområdet til strukturpulja for uformelt samarbeid. Fem av desse fekk løyvd midlar av NSK/MR-SAM.

Forbrukartryggleik

Regjeringa støttar opp under det nordiske samarbeidet som skal sikre at det berre er sikre produkt og forbrukartenester som vert tilbydde på marknaden. Eit felles regelverk for dei ulike typane produkt krev einsarta reglar og at styresmaktene ut­øver marknadskontroll og tilsyn etter einsarta prinsipp. Særleg innanfor dei nordiske landa, der tilnærma lik kultur og klimatiske brukstilhøve er gjeldande, er det føremålstenleg at ein drøftar einsarta utfordringar knytte til tryggleiken ved produkt og forbrukartenester i eit breiare forum.

5.6 Samferdsel

Etter at den nye ministerrådsstrukturen tredde i kraft 1. januar 2006, er ikkje lenger transportsektoren ein del av det formaliserte nordiske regjeringssamarbeidet. På det nordiske transportministermøtet i Vejle i august 2005 vart det avgjort at transportsamarbeidet skulle halde fram utanfor ramma av Nordisk Ministerråd. Det var brei semje om at det er viktig med eit vidare samarbeid for å diskutere aktuelle transportpolitiske problemstillingar og for å ta vare på det gode nettverket som er etablert mellom dei nordiske landa.

Det nordiske regjeringssamarbeidet på transportsektoren legg vekt på å fremje effektiv, konkurransekraftig, sikker og miljøvennleg transport og trafikk i Norden og nærområda. Fokuset er særleg på område der landa har felles problemstillingar. I tillegg vert det lagt vekt på at samarbeidet skal fremje den politiske debatten og vere eit forum for erfaringsutveksling.

Samarbeidet har medverka til ei positiv utvikling i dei nordiske landa. Nemnast bør spesielt dei gode resultata som er oppnådde innan trafikktryggleik og miljøpolitikk. Her er det mange fellestrekk mellom dei nordiske landa sjølv om det er skilnader på nokre område. Norden er føregangsland på verdsbasis når det gjeld trafikktryggleik, og det er nødvendig med kontinuerleg fokus på dette viktige området for at Norden skal behalde ein slik posisjon også i framtida. Samarbeidet mellom dei nordiske landa og nærområda har vore viktig for å overføre og utvikle kunnskap om trafikktryggleik.

Dei seinare åra har EU/EØS-spørsmål fått stadig større merksemd, og samarbeidet her har mellom anna teke sikte på å påverke transportpolitikken i EU i retning av den nordlege dimensjonen. Etter utvidinga av EU har EU-relaterte spørsmål fått ytterlegare aktualitet. I dei seinare åra har det vore lagt vekt på eit auka samarbeid med dei baltiske landa, noko som har resultert i eigne nordisk-baltiske ministermøte (NB8) i tilknyting til dei vanlege nordiske ministermøta.

Innanfor ramma av den noverande samarbeidsmodellen skal det haldast eitt årleg sommarmøte mellom transportministrane. Ordninga dei seinare åra, der dei nordiske transportministrane møtest like før rådsmøta i EU, vert ført vidare. Formannskapen i det nordiske regjeringssamarbeidet har ansvaret for å arrangere sommarmøta, og dei baltiske landa vil verte inviterte når det trengst. I tillegg skal det haldast møte på embetsmannsnivå og òg andre møte på ministernivå når det trengst.

Finland arrangerte sommarmøtet i år, som fann stad i Joensuu 4.–5. september 2007. Hovudtemaet på møtet var klimaendringar og transport. Som ei oppfølging av mellom anna fjorårets NB8-møte i Balestrand var det i Litauen i januar 2007 eit bilateralt møte på ministernivå om trafikktryggleik. I ei oppfølging av dette var det eit møte på administrativt nivå om same tema mellom dei to landa på Lillehammer 11.–13. juni 2007.

Etter felles initiativ frå den svenske og den norske transportministeren vart det 8. mai 2007 arrangert eit felles nordisk-baltisk ministermøte på Arlanda der hovudtemaet for diskusjon og meiningsutveksling var infrastrukturplanlegging.

5.7 Samiske spørsmål

Ministrane med ansvar for samiske saker og sametingspresidentane i Finland, Sverige og Noreg etablerte i 2000 eit fast samarbeid med sikte på jamleg orientering, drøfting og behandling av samiske spørsmål av felles interesse. Målsetjinga med samarbeidet er å styrkje og utvikle språket, kulturen, næringane og samfunnslivet til det samiske folket.

Regjeringane i Finland, Sverige og Noreg er samde om å vidareføre arbeidet med ein nordisk samekonvensjon, i første omgang gjennom vedvarande nasjonalt arbeid med høyringsoppfølgingar og eventuelle konsekvensanalysar.

Sametinga i Finland, Noreg og Sverige har organisert arbeidet sitt gjennom Samisk parlamentarisk råd i saker der det er naturleg å ha ein samordna politikk for å vareta dei felles interessene til det samiske folket. Regjeringa ser på Samisk parlamentarisk råd som eit viktig organ for det nordiske samarbeidet og eit organ som i internasjonale samanhengar har betydning for eit styrkt samarbeid urfolk imellom og mellom urfolk og andre aktørar.

Til forsida