St.meld. nr. 9 (2005-2006)

Om overgangsordningane for arbeidstakarar frå dei nye EØS-landa mv.

Til innhaldsliste

4 Samarbeid med partane i arbeidslivet

Forholda i arbeidslivet, kanskje særleg når det gjeld lønns- og arbeidsvilkår, er tradisjonelt spørsmål som er overlatne til arbeidsmarknadspartane. Regjeringa legg difor svært stor vekt på å samarbeide med partane i spørsmåla som blir handsama i denne meldinga, særleg fordi dei har så nær samanheng med forholda for norske verksemder og med lønns- og arbeidsvilkåra også for norske arbeidstakarar. Som nemnt over er arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane viktige samarbeidspartar for Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet i tilsynsarbeidet deira. Vi veit også at arbeidstakarorganisasjonane fyller ei viktig oppgåve når det gjeld å gje informasjon og anna hjelp til utanlandske arbeidstakarar som arbeider i Noreg. Arbeidet som partane gjer i utvala som vart sette ned etter tariffoppgjeret i 2005 for å drøfte problemstillingar omkring useriøsitet og sosial dumping, vil også kunne gje viktige bidrag til det vidare arbeidet i regjeringa med desse spørsmåla.

Dei meir formelle kontaktane mellom regjeringa og partane i arbeidslivet skjer gjennom dei jamlege møta i Arbeidslivspolitisk råd. EØS-utvidinga, overgangsordningane og sosial dumping har vore hovudtema på fleire av møta i rådet. Det er også sett ned ei ekspertgruppe under rådet med deltaking frå LO, NHO og styresmaktene. Gruppa har hatt som formål å overvake forholda på arbeidsmarknaden etter EØS-utvidinga og leggje til rette for diskusjonar i rådet om desse emna. Eit år etter EØS-utvidinga var temaet for eit møte i Arbeidslivspolitisk råd nettopp det: EØS-utvidinga – eit år etter. Til dette møtet la ekspertgruppa fram ein rapport som på arbeidstakarsida også hadde tilslutning frå YS, Akademikarane og UNIO, som i tillegg til tal og anna faktagrunnlag inneheldt partane si vurdering av forholda på dette tidspunktet. Det var semje om at overgangsordningane hadde hatt positive verknader for lønns- og arbeidsvilkåra for individuelle arbeidstakarar, og at reglane verka med til å integrere desse arbeidstakarane i norsk arbeidsliv på ein god måte. Det var også semje om at dei største utfordringane fanst på tenestemarknaden.

På det seinaste møtet i rådet, 14. februar 2006, var spørsmålet om vidareføring eller oppheving av overgangsordningane eit hovudtema, og utfordringar omkring sosial dumping vart drøfta. På nytt peika ein på tenestemarknaden som den største utfordringa. Som nemnt ovanfor var deltakarane på møtet opptekne av at Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet må få tilstrekkelege ressursar til å oppfylle ansvaret for tilsyn med reglane på ein effektiv måte. I tillegg meinte alle at tilsynsorgana måtte få utvida kompetansen sin til også å kunne gje pålegg og ileggje tvangsmulkt.

I lys av drøftingane på møtet 14. februar, legg regjeringa til grunn at eit fleirtal av organisasjonane som var til stades, vil støtte ei vidareføring av overgangsordningane slik at styresmaktene får tid til å få på plass effektive tiltak mot sosial dumping.