St.meld. nr. 9 (2005-2006)

Om overgangsordningane for arbeidstakarar frå dei nye EØS-landa mv.

Til innhaldsliste

5 Oppsummering og konklusjon

Konsekvensar for den norske arbeidsmarknaden

Utvidinga av EØS-området fall saman med ein konjunkturoppgang i Noreg med redusert arbeidsløyse og auka sysselsetjing. Tilgangen på arbeidskraft frå desse landa har difor hjelpt til med å dekkje delar av det auka behovet for arbeidskraft. Ein særleg stor del har gått til å dekkje ein årviss auke i etterspørselen etter sesongarbeidarar i jordbrukssektoren. Men også innan bygg og anlegg har arbeidsmobilitet ført til vesentleg høgare produksjon enn ein elles ville hatt, samtidig som kostnadspresset har halde seg lågt. Lågt kostnadspress har igjen hjelpt til med å halde rentenivået lågt. Generelt har det vore få negative konsekvensar for arbeidsmarknaden når ein ser landet under eitt.

Somme arbeidsgjevarar, særleg i byggjenæringa, har utnytta arbeidstakarane frå dei nye EØS-landa på ein uheldig og uønskt måte ved å gje dei vesentleg lågare lønn og lågare arbeidsmiljøstandard enn det norsk arbeidslivsregulering føreskriv. Slik utnytting skjer særleg i samband med tenesteleveransar, ettersom det her jamt over ikkje er formelle krav om norske lønnsvilkår. Indirekte kan dette gje ulike konkurransevilkår mellom bedrifter som følgjer norske reglar og tariffar, og dei som baserer seg på ein vesentleg lågare standard. På nokre område er desse problema reduserte ved at allmenngjeringsinstituttet har vorte teke i bruk, sjå punkt 3.2, og ved auka kontroll frå Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet.

Dei norske overgangsordningane er administrativt enkle, med gjennomgåande kort saksbehandlingstid. Norske arbeidsgjevarar kan difor raskt få tak i den arbeidskrafta dei treng frå dei nye EØS-landa. Dersom krava til lønn og arbeidstid er oppfylte, vil ein gje arbeidsløyve. I dei siste åra før EØS-utvidinga var det særleg stor pågang av arbeidskraft frå desse landa, særleg i austlandsområdet. Vanskar med å få arbeids- og opphaldsløyve i tida før mai 2004 kan ha stimulert til svart arbeid. Overgangsordningane kan difor ha hjelpt til med å redusere det uregistrerte arbeidet ettersom motivasjonen for å omgå reguleringane for å få arbeidsløyve er mindre enn før. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at ein del personar frå dei nye EØS-landa arbeider i landet utan arbeidsløyve, særleg personar som utfører arbeid for private hushald. Kontrollane som Arbeidstilsynet har gjennomført, har også avdekt manglande arbeidsløyve for enkelte tilsette i norske eller norskregistrerte verksemder.

Det er venta at arbeidsmarknaden vil bli endå betre i 2006 enn i dei to åra før. Det kan tilseie at overgangsordningane bør kunne opphevast utan vesentlege negative effektar for arbeidsmarknaden. På enkelte område vil arbeidsmarknaden den nærmaste tida tvert om trenge meir arbeidskraft for at det ikkje skal oppstå flaskehalsar, forseinkingar og uheldig kostnadspress. Det er venta at fleire land vil oppheve overgangsordningane. Det kan auke konkurransen om arbeidskrafta frå dei nye EØS-landa. Høgare økonomisk vekst i dei nye EØS-landa enn i dei gamle EØS-landa gjer også at situasjonen på arbeidsmarknaden i heimlandet er vorten betre. Det vil truleg føre til at færre treng å reise til utlandet for å ta jobb. Det første året som EØS-medlem har gjeve ein auke i sysselsettingsraten på om lag trekvart prosentpoeng og ein reduksjon i arbeidsløysa på om lag eitt prosentpoeng i gjennomsnitt for dei ti landa. Dette var ei vesentleg sterkare betring av arbeidsmarknadssituasjonen enn i dei gamle EU-landa i same periode. Prognosar frå OECD tyder på framleis sterk vekst i dei nye EØS-landa dei næraste to åra. Dei nemnde forholda dreg i retning av at overgangsordningane kan opphevast.

Regjeringa finn likevel at å oppheve overgangsordningane no er for tidleg. Det er fare for at det ville kunne fremje utviklinga av meir uryddige forhold på arbeidsmarknaden så lenge ein ikkje har på plass tiltak som kan motverke dette. Erfaringane viser at det er ein del verksemder som bryt vilkåra knytte til arbeidsløyve, og betaler arbeidstakarane vesentleg lågare lønn enn norske tariffar. Dette er klarlagt av Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet, som med heimel i overgangsordningane og allmenngjeringslova har hatt grunnlag for å kontrollere lønns- og arbeidsvilkåra for arbeidstakarar frå dei nye EØS-landa, sjå avsnitt 3.2. Regjeringa meiner difor det er nødvendig å arbeide vidare med regelverket for arbeidsmarknaden når det gjeld lønns- og arbeidsvilkår og kontrollen av dette, før ein kan oppheve overgangsordningane.

Som omtala i kapittel 3 er det alt eit omfattande arbeid i gang med å vurdere nærare effektive tiltak for å hindre dei uheldige sidene ved auka innvandring av arbeidstakarar frå EØS-land som har vesentleg lågare lønns- og kostnadsnivå enn i Noreg. Når regjeringa har gjennomført dei varsla utgreiingane, vil vi kome tilbake til Stortinget med eventuelle forslag til endringar i lovverket og andre nødvendige forslag. Når vi meiner at vi har gode nok tiltak på plass og gode nok tilsyns- og kontrollmekanismar, kan det gjerast ein ny gjennomgang av situasjonen på den norske arbeidsmarknaden og ei ny vurdering av om overgangsordningane kan opphevast. Arbeidsmarknaden er i betring og ein ventar auka etterspørsel etter arbeidskraft i tida framover. Behovet for overgangsordningane vil også bli vurderte i forhold til situasjonen på arbeidsmarknaden. Det er ikkje noko til hinder for at ein etter ein slik gjennomgang og ei vurdering kan velje å oppheve overgangsordningane før det har gått tre år. I denne samanhengen er det også viktig at dei omtala forskingsprosjekta og ei kontinuerlig forbetring av tall- og statistikkmaterialet vil gje oss meir kunnskap. Regjeringa legg vekt på at denne løysinga også er i samsvar med synet til partane i arbeidslivet.

Noreg har formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2006. Regjeringa har merkt seg synspunkta i den nordiske rapporten som er omtala i avsnitt 2.2.1. Noreg vil i formannskapsperioden ha eit særleg fokus på moglegheitene for samarbeid i Norden for overgangen til fri rørsle for arbeidstakarar, også frå dei nye EØS-landa.

Regjeringa vil vere i dialog med dei EU-landa det gjeld, når ei endeleg avgjerd er teken.

Konklusjon

Etter ei samla vurdering meiner regjeringa at overgangsordningane skal vidareførast i si noverande form, med verknad frå 1. mai 2006. Hovudgrunngjevingane er at ordningane fungerer slik tanken var, at dei medverkar til å sikre ryddige forhold for dei individuelle arbeidstakarane, og at ordningane ikkje hindrar tilgangen av nødvendig arbeidskraft frå dei nye medlemslanda.

Samtidig vil regjeringa vidareføre arbeidet med å sikre effektive tiltak mot sosial dumping og svart arbeid, som er nærare omtala i avsnitt 3. Innsatsen mot dei useriøse aktørane på arbeidsmarknaden skal forsterkast, og kontrollen med etterleving av regelverket må betrast før ein opphevar overgangsordningane. Ein arbeidsmarknad der bransjar og grupper av arbeidstakarar ikkje får lønns- og arbeidsvilkår på line med det som elles gjeld i det norske arbeidslivet, kan ikkje aksepterast. Når vi har tiltak på plass for å hindre dette, kan vi vurdere på nytt å oppheve overgangsordningane.

Arbeidsmarknaden er i betring og ein ventar auka etterspørsel etter arbeidskraft i tida framover. Behovet for overgangsordningane vil også bli ­vurderte i forhold til situasjonen på arbeidsmarknaden. Regjeringa vil gjere ei samla vurdering i den komande treårsperioden.

Overgangsordningane skal vidareførast i si noverande form, med verknad frå 1. mai 2006. Dei EU-landa det gjeld, vil bli orienterte på ein formålstenleg måte. I utgangspunktet blir overgangsordningane vidareførte for ein treårsperiode. Det foretas ei ny vurdering i løpet av treårsperioden mellom anna på bakgrunn av utsiktene til ein strammare arbeidsmarknad og eventuelle endringar i overgangsordningar i andre nordiske land. Arbeidet med å sikre ordnede lønns- og arbeidsvilkår styrkjast gjennom andre tiltak. Dersom overgangsordningane i lys av dette ikkje er ønskjelege eller nødvendige, vil dei kunne fasast ut.