St.meld. nr. 9 (2005-2006)

Om overgangsordningane for arbeidstakarar frå dei nye EØS-landa mv.

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

6.1 Generelt

Jamvel før utvidinga var det mange arbeidstakarar frå dei nye medlemslanda som hadde etablert seg på den norske arbeidsmarknaden. Totalt 37 200 personar frå dei nye EØS-landa fekk arbeidsløyve i 2005. Det er ein auke på om lag 30 prosent samanlikna med 2004. Auken året før var 40 prosent.

Dei fleste arbeidsløyva gjeld for relativt kort tid (inntil 6 månader). Det tyder på at mange arbeider på korte oppdrag. Mange blir her likevel lenger enn den tida det enkelte løyvet gjeld for. Om lag halvparten av dei løyva som vart gjevne i 2005, var fornyingar. I 2004 var det berre vel 12 prosent fornyingar.

Auken i talet på fornyingar av arbeidsløyve indikerer at ein del av arbeidstakarane ønskjer å bli verande ei tid i Noreg og eventuelt busetje seg her. 70 prosent av nettoinnvandrarane i 2004 var menn. Om denne tilgangen til arbeidskraft vil bli meir varig, er mellom anna avhengig av om familiane til arbeidstakarane flytter med.

6.2 Overgangsordningane

Innføringa av overgangsordningane har ikkje hatt større økonomiske eller administrative konsekvensar. Politiet og UDI har i 2005 brukt ressursar på å handsame om lag 37 000 arbeidsløyve til arbeidstakarar. Ein tredel av desse løyva gjeld for ein periode på over tre månader. Denne ressursbruken må vegast opp mot gevinstane av ein meir ryddig arbeidsmarknad og betre arbeidsvilkår for arbeidstakarane.

Ved vidareføring er det venta ein auke i talet på søknader om arbeidsløyve til politiet og UDI. Dette vil medføre enkelte økonomiske og administrative konsekvensar for politiet og UDI. Ressursar til dette arbeidet vil måtte overførast frå andre oppgåver hos politiet, og dette vil kunne få konsekvensar for politiets andre tenester.

Når det gjeld bruk av velferdsordningar, vil vilkåra bli oppfylte for fleire etter som tida dei har hatt opphald i Noreg, aukar. Utviklinga til no tyder på at det er ei overvekt av unge menn. Bruken av velferdsordningane er jamt over liten for denne gruppa. Meldinga omhandlar vidareføring av overgangsordningane og ikkje konsekvensane av EØS-utvidinga i seg sjølv. Skildringa av bruken av norske velferdsordningar er difor avgrensa. Med den kjennskapen ein no, to år etter EØS-utvidinga, har med omsyn til arbeidsinnvandringa frå dei nye EØS-landa, er det ikkje grunnlag for å hevde at det er ein utstrakt bruk av norske velferdsordningar. Ein rapport frå SSB med tal for 2005 vil liggje føre sommaren 2006. Det finst til no berre tal for det første året etter EØS-utvidinga. Regjeringa tek sikte på at overgangsordningane blir vidareførte for inntil ein treårsperiode. Eventuelle konsekvensar for velferdsordningane av at ein har overgangsordningane, vil difor også gjelde for ein kort periode. Men regjeringa legg til grunn at overgangsordningane i nokon mon bidrar til å lette presset på velferdsordningane.

6.3 Tiltak mot sosial dumping og svart arbeid

Eventuelle tiltak som blir sette i verk for å motverke sosial dumping og svart arbeid, vil kunne føre til auka kostnader, anten for private aktørar eller offentlege styresmakter, avhengig av kva slag tiltak som kan vere aktuelle. Regjeringa vil kome tilbake til dette i samband med arbeidet med dei enkelte tiltaka.

Som omtala ovanfor har Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet fått nye oppgåver knytte til tilsyn med lønns- og arbeidsvilkår etter utlendingslova og allmenngjeringslova. Tilsynsetatane har fått større ressursar for å kunne ta hand om dette utvida ansvaret. Om tilsynsetatane som følgje av drøftingar om nye tiltak mot sosial dumping får utvida ansvarsområda sine, vil det kunne bli behov for å auke i ressursane endå meir. Dette vil eventuelt bli handsama i dei ordinære budsjettprosessane.