St.prp nr. 1 Tillegg nr. 11 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån, og om saldering av statsbudsjettet 2001

Til innhaldsliste

2 Innanlandske lån

2.1 Langsiktige lån

Opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden har sidan 1991 hovudsakleg skjedd gjennom auksjon av obligasjonar. Ein har lagt vekt på å skape ein oversiktleg og likvid marknad, og ein har derfor konsentrert opplåninga om eit fåtal, avdragsfrie lån som gradvis blir bygde opp til relativt store beløp. Ein kan derfor få store forfall i enkelte år og små eller ingen forfall i andre år. Desse låna tener som referanselån i den norske obligasjonsmarknaden, dvs. at dei blir nytta m.a. som utgangspunkt for prising av andre lån i marknaden. Ein har særleg lagt vekt på å ha likvide referanselån i 5- og 10-årssegmentet.

Strategien med store, likvide referanselån er vald av omsyn til statens lånekostnader. Investorane legg gjennomgåande vekt på visse om realisasjonsverdien av sine finansielle investeringar. Dersom andrehandsmarknaden for eit lån har god likviditet, dvs. at det er mogleg å få omsett store postar på kort tid utan at marknadsrenta på lånet blir påverka vesentleg, vil investorane kunne legge til grunn at kursane i andrehandsmarknaden er ein god indikasjon på realisasjonsverdien. Dette vil dei normalt premiere med ein reduksjon i avkastningskravet. God likviditet krev m.a. eit visst uteståande volum i det enkelte lånet.

Det er for tida fem statlege referanselån i marknaden, jf. tabell 2.1. For løpetider på opp til eitt år blir referanselånfunksjonen i hovudsak dekka av statskassevekslar, jf. omtale under avsnitt 2.2 om kortsiktige lån.

Tabell 2.1 Statsobligasjonar. Uteståande i referanselån per 30. september 2000

VerdipapirnummerFørste gong lagt utForfallNominelt pålydande beløp (mill. kroner)Kupongrente (pst.)Effektiv marknads-rente1) (pst.)
1004662)22.05.9531.05.0124 6007,007,31
10046327.10.9231.10.0225 0009,507,15
10046527.11.9330.11.0429 2005,756,64
10046708.01.9615.01.0722 6006,756,40
10046826.01.9815.05.0923 2005,506,30
001005246709.06.0016.05.119 0006,006,29

1) Gjennomsnittleg midtrente notert på Oslo Børs 30. september 2000.

2) Fordi det er mindre enn eit år til forfall, blir dette lånet ikkje lenger rekna som eit vanleg referanselån.

Salet av statsobligasjonar skjer hovudsakleg ved auksjonar som blir annonserte på førehand i ein auksjonskalender. Kalenderen er ikkje bindande, dvs. at auksjonar kan avlysast eller supplerast. I 1999 blei det avvikla til saman fem auksjonar, tre i vnr. 100468 med forfall i mai 2009, og to i vnr. 100465 med forfall i november 2004, jf. tabell 2.2. Så langt i 2000 har det vore avvikla fire auksjonar, to i vnr. 100463 med forfall i oktober 2002 og to i eit nytt obligasjonslån med forfall i mai 2011, vnr. 0010052467. Etter auksjonskalenderen skal det avviklast ein siste obligasjonsauksjon i år den 28. november.

Tabell 2.2 Opptak av innanlandske obligasjonslån i 1999 og hittil i 2000 1).

AuksjonsdatoVerdipapirnummerKupongrente (pst.)Auksjonsvolum (pålydande mill. kroner)Effektiv rente (pst.)Samla budvolum i høve til auksjonsvolumMidtrente i andrehandsmarknaden2) (pst.)
25.01.991004685,503 0004,973,74,99
22.03.991004655,753 0004,742,04,70
21.06.991004685,503 0005,361,65,30
28.09.991004685,502 6006,111,96,07
22.11.991004655,752 0005,745,25,79
24.01.001004639,502 7006,152,26,11
27.03.001004639,502 0006,441,96,44
06.06.0000100524676,006 0006,032,5---
29.08.0000100524676,003 0006,272,16,26

1) Etterteikning som Noregs Bank gjer er ikkje medrekna. Dette utgjer 2 300 mill. kroner i perioden.

2) Gjennomsnitt av kjøps- og salsrente utrekna på bakgrunn av kjøps- og salskurs på same obligasjon notert på Oslo Børs på auksjonstidspunktet.

Auksjonar av statsobligasjonar er opne for alle, og kvar enkelt budgjevar kan gje fleire bud. Kursen på obligasjonane blir fastsett etter prinsippa for såkalla hollandsk auksjon eller einsprisauksjon. I ein slik auksjon vil alle som har gitt aksepterte bud, få tildelt obligasjonar til den lågaste aksepterte kursen. Finansdepartementet vurderer med jamne mellomrom salsmetoden for statspapir.

Statsobligasjonar og statssertifikat/statskassevekslar har pålydande 1000 kroner og kan kjøpast av alle gjennom verdipapirføretak og bankar.

Ein indikator for kor vellukka ein auksjon har vore, er den effektive renta ein har oppnådd i auksjonen sett i forhold til rentenivået i andrehandsmarknaden på same tidspunkt. Slik samanlikning er enklast å gjere i dei tilfella der ein utvidar eit lån som allereie er prisnotert i marknaden. For utvidingane av eksisterande obligasjonslån i 1998 gav auksjonsresultata ei effektiv rente som i gjennomsnitt (uvegd) har lege i overkant av fem rentepunkt (0,05 prosentpoeng) over midtrenta (gjennomsnittet mellom kjøps- og salsrenta) i andrehandsmarknaden på auksjonstidspunktet, etter eit spesielt dårleg resultat i ein av auksjonane. Etter 1998 har auksjonsresultata betra seg noko. I 1999 låg gjennomsnittleg rente i auksjonane om lag 1½ rentepunkt over midtrenta, mens aukjonsresultata i inneverande år har lege mellom 0 og 4 rentepunkt over midtrenta.

Interesse for auksjonane er viktig for at staten skal oppnå best mogleg resultat i form av låge lånekostnader. Ein måte å måle interessa på, er forholdet mellom det samla budvolumet i auksjonen og volumet staten tilbyr i auksjonen. I perioden 1993-99 varierte dette forholdstalet mellom 1,1 og 5,2 for auksjonane av statsobligasjonar. I dei fire statsobligasjonsauksjonane som er gjennomførde hittil i 2000, har forholdstalet variert mellom 1,9 og 2,5.

Endringar i rentenivået kan gje over- eller underkurs når ein utvidar eksisterande lån. I 1999 blei tre av auksjonane teikna til overkurs for til saman 300 mill. kroner, ein av auksjonane blei teikna til underkurs for 114,4 mill. kroner, og ein av auksjonane blei teikna til pari kurs. To av auksjonane hittil i 2000 er teikna med overkurs for til saman 361,4 mill. kroner, og to er teikna til underkurs for til saman 81 mill. kroner. Samla blei det utbetalte beløpet til staten ved auksjonane i 1999 på 16 086 mill. kroner. Hittil i 2000 er det tilsvarande beløpet 13 980 mill. kroner.

Over- eller underkurs blir i samsvar med Stortingets vedtak i desember 1997, jf. St.prp. nr. 11 og Innst. S. nr. 34 for 1997-98, avsett og ført til inntekt eller utgift over den attståande løpetida på dei aktuelle låna.

Som eit ledd i forvaltninga av eksisterande lån kan det frå tid til anna vere aktuelt å kjøpe tilbake obligasjonar. Eventuelle tilbakekjøp blir rekna som ekstraordinære avdrag. Tilbakekjøpte obligasjonar kan bli haldne som ei eigenbehaldning, eller ein kan nedskrive dei mot det aktuelle lånet. Hittil i 2000 har departementet kjøpt tilbake eldre avdragsobligasjonar for pålydande 100 mill. kroner. Tilbakekjøpte avdragsobligasjonar blir ikkje nedskrivne, men haldne som ei eigenbehaldning til forfall. Ved utgangen av september 2000 var denne eigenbehaldninga på 1 633 mill. kroner. Tilbakekjøp i avdragslåna gjorde Noregs Bank gjennom fleire enkeltkjøp på vegne av Finansdepartementet. Lønnsemda av slike transaksjonar blir vurdert mellom anna på grunnlag av den lånekostnaden staten ville fått dersom tilbakekjøpet hadde blitt finansiert med nye låneopptak til dei kursane som statens referanselån blir noterte til i andrehandsmarknaden på kjøpetidspunktet.

Langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet blir avrekna under ramma for langsiktige lån. Sidan september 1991 har ein hatt ei ordning der Folketrygdfondet kan plassere midlar i form av kontolån til vilkår som, så langt det er mogleg, svarer til vilkåra for nyare statslån som blir omsette i marknaden. Per 30. september 2000 var uteståande volum i slike lån 61 450 mill. kroner. Til samanlikning var uteståande 51 200 mill. kroner ved siste årsskifte og 48 700 mill. kroner per 30. september i fjor. Folketrygdfondet har etter avtale moglegheit til å førtidig innfri plasseringar i langsiktige kontolån. Dersom slike innfriinger skjer i lån som har forfall etter 2001, blir desse avrekna netto mot ramma for langsiktige låneopptak i 2001.

Finansdepartementet tar sikte på å dekke hovuddelen av statens lånebehov i 2001 ved opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden. For å oppretthalde den nødvendige handlefridomen i finansieringa av staten, vil Finansdepartementet be om at fullmakta til å ta opp nye langsiktige lån innanlands blir sett til 90 000 mill. kroner. Ein har då tatt omsyn til det behovet som knyter seg til postane på statsbudsjettet utan likviditetsverknader (jf. avsnitt 1.3.2). Vidare har ein rekna med eit visst behov for lange kontolånsplasseringar frå Folketrygdfondet.

Opptak av nye lån i 2001 er i hovudsak tenkt å skje etter dei same linjene som i føregåande år. Det kan bli aktuelt å nytte nye instrument i tillegg til dei ein nyttar i dag, jf. avsnitt 1.5.

Tabell 2.3 viser uteståande beløp dersom fullmakta for nye langsiktige lån på 90 000 mill. kroner i 2001 blir nytta fullt ut.

Tabell 2.3 Uteståande langsiktige statslån innanlands1). Mill. kroner

Uteståande 31. desember 1999179 697
-avdrag i 20002 350
+berekna låneopptak i 200032 500
=Uteståande 31. desember 2000209 847
-avdrag i 200143 388
+forslag til fullmakt for nye lån i 200190 000
=Maksimalt uteståande 31. desember 20012)256 459

1) Medrekna langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet. Justert for eigenbehaldningar.

2) Ved full utnytting av ramma for år 2001.

2.2 Kortsiktige lån

2.2.1 Kortsiktige marknadspapir

Opptak av kortsiktige lån i den innanlandske marknaden har fram til og med juni 2000 skjedd gjennom auksjonar av statssertifikat. Frå og med juli 2000 har ein lagt ut korte statslån, kalla statskassevekslar, i den innanlandske marknaden. Dette er såkalla diskonto- eller nullkupongpapir som erstattar statssertifikat, i tråd med utviklinga internasjonalt. Mens statssertifikat har ei fast kupongrente som blir betalt ut ved forfall, har statskassevekslane inga kupongrente. Kursen på vekselen blir fastsett ved auksjonen, og vil då typisk vere ein underkurs som reflekterer renta på auksjonstidspunktet. Vekselen blir innfridd til pari kurs ved forfall, og ein kan seie at hovudstolen ved forfall inneheld rentebetalinga. Endringa til opplåning ved bruk av statskassevekslar gir oss derfor noko større uteståande hovudstol enn det staten verkeleg låner. Dette er likevel ikkje så ulikt statsobligasjonsutvidingar med kupong som avvik frå marknadsrenta. Ved utlegginga av eit statskasseveksellån blir underkursen ført på same måte som underkurs på statsobligasjonslån. Ved forfall blir så underkursen utgiftsført på rentekapitlet.

Tidlegare nytta ein fleir-pris auksjonar for dei korte statspapira, og det var utelukkande primærmeklarane som fikk legge inn bod ved auksjonane. Frå oktober 2000 gjekk ein over til einspris-auksjonar for statskassevekslar, slik ein også gjer ved auksjonar i statsobligasjonar. Samstundes opna ein for at andre enn primærmeklarane kan leggje inn bud.

Kvar budgjevar kan gje fleire bud med ulik pris og volum. Minste budvolum er 1 mill. kroner. Den enkelte budgjevar som får tildelt vekslar, betaler ein kurs svarande til det lågaste aksepterte budet, jf. omtale av auksjonar med statsobligasjonar i avsnitt 2.2.

Som for statsobligasjonar blir det publisert ein auksjonskalender. I kalenderen for inneverande år er det, som for tidlegare år, lagt opp til ein auksjon i månaden. Kalenderen er ikkje bindande, dvs. at auksjonar kan avlysast eller supplerast.

Tabell 2.4 Opptak av innanlandske sertifikat/statskasseveksellån1). Desember 1999 - november 2000

AuksjonsdatoVerdipapirnummerForfallsdatoKupongrente(pst.)Auksjonsvolum (pålydande, mill. kroner)Effektiv Rente (pst.)Midtrente i pengemarknaden2) (pst.)Budvolum i høve til auksjonsvolum
06.12.99100000888115.03.005,254 0005,836,043,2
11.01.00101003625420.12.005,904 5003)5,936,062,3
31.01.00101002978818.05.005,902 0005,895,992,8
29.02.00001003625420.12.005,902 0006,106,242,7
03.04.00001004703821.03.016,504 5003)6,416,621,6
28.04.00001004703821.03.016,502 0006,726,893,2
05.06.00001002574520.09.005,754 5454)6,536,620,9
03.07.00001005578320.06.010,04 5003)7,417,502,5
31.07.00001005578320.06.010,03 0007,377,482,8
04.09.00001005578320.06.010,03 0007,377,533,4
09.10.00001007052719.09.010,04 5003)7,707,781,7

1) Etterteikning som Noregs Bank gjer er ikkje medrekna. Dette utgjer 1 000 mill. kroner i perioden.

2) Gjennomsnitt av bankane sine innlåns- og utlånsrenter i interbankmarknaden på auksjonstidspunktet., interpolert og omrekna til effektive renter på faktisk/365-basis.

3) Herav 500 mill. kroner direkte til Noregs Bank.

4) Budvolumet var på 5 000 mill. kroner, men det blei berre avgitt bud for 4 545 mill. kroner.

Målt i forhold til renta i andrehandsmarknaden har auksjonane i kortsiktige statspapir jamt over gitt brukbare resultat. Det kan likevel vere vel så relevant å jamføre resultatet av auksjonane med rentene i pengemarknaden. Ein ventar at renta på statspapir ligg under tilsvarande rente i pengemarknaden, fordi investeringar i statspapir er rekna for å være fri for kredittrisiko. Som det framgår av tabell 2.4, har renta staten har oppnådd i auksjonane lege nær 14 rentepunkt under midtrenta i pengemarknaden på auksjonstidspunktet, jf. tabell 2.4. Ved auksjonen av statssertifikat 5. juni 2000 kom det inn bud for 4 545 mill. kroner i ein auksjon på 5 000 mill. kroner. Alle bud blei aksepterte. Den høgaste renta som blei akseptert, var 6,60 pst. Gjennomsnittsrenta var 6,53 pst., noko som var 9 rentepunkt under midtrenta i pengemarknaden på auksjonstidspunktet.

Fullmakta under kortsiktige marknadspapir omfattar opplåning i form av statskassevekslar og andre kortsiktige verdipapir. Folketrygdfondets kontolånsplasseringar til statskassen, som er knytt til avkastninga på konkrete kortsiktige statspapir, blir også avrekna under denne fullmakta. Sal av kortsiktige statspapir utgjer eit vesentleg element i den pengepolitiske styringa. Fullmaktene under kortsiktige lån er utforma som ei ramme for maksimalt uteståande beløp og ikkje som ei ramme for nye låneopptak.

Per 30. september 2000 hadde staten 24 mrd. kroner uteståande i statssertifikat/statskassevekslar under denne fullmakta. I tillegg var det kontolånsplasseringar frå Folketrygdfondet for 3,5 mrd. kroner. Sidan sal av kortsiktige statspapir blir nytta i den pengepolitiske styringa, er det behov for rommelege rammer. Etter ein gjennomgang av behovet for fleksibilitet i den pengepolitiske styringa, er ein komen til at det vil vere tilstrekkeleg med ei ramme for kortsiktige marknadslån på 100 000 mill. kroner i 2001, noko som er uendra frå 2000.

2.2.2 Andre kortsiktige lån

Fullmakta for andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond saman med eventuelle kontolån frå institusjonar som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Per 30. september 2000 var dei totale plasseringane under fullmakta 41,4 mrd. kroner.

Postbanken (DnB), som er den største plasseraren, hadde per 30. september 2000 plassert 38,5 mrd. kroner under denne ordninga. Postbanken er etter dagens ordning pålagd å plassere den likviditeten banken får ved statlege betalingar som ikkje er omfatta av konsernkontoordninga, som uforrenta kontolån til staten. Postbankens kontolånsplasseringar varierer mykje gjennom året. Så langt i år har inneståande på det meste vore oppe i overkant av 64 mrd. kroner.

Statens Bankinvesteringsfond har også sine midlar plasserte som kontolån til staten. Ved eit sal av Bankinvesteringsfondet sine aksjar i Christiania Bank og Kreditkasse, vil, etter det ein kjenner til i dag, dette kontolånet auke med vel 9 mrd. kroner.

Konsernkontoordninga for staten omfattar statlege verksemders inn- og utbetalingar, kontohald i denne samanhengen, likviditetsforvaltning og tilhøyrande rutiner. Ordninga inneber at all likviditet som tilhøyrer staten skal overførast til/frå statens foliokonto i Noregs Bank på dagleg basis, slik at det ikkje står statlege midlar på konto i banksystemet.

Dei fleste av dei statlege verksemdene vil innan utgangen av 2000 være omfatta av konsernkontoordninga. Hovuddelen av kontolåna frå Postbanken er no knytt til ordninga for innbetaling av folketrygdavgift og skatt på inntekt til kommunekasserarane. Desse er pålagde å ha eigen kassefunksjon og eigen bankkonto for innbetalte skatte- og trekkbeløp. Midlane skal plasserast som rentefritt kontolån til staten. Denne skattebetalingsordninga er ikkje omfatta av statens konsernkontoordning. I ei utgreiing om skattebetalingsordninga har Skattedirektoratet rådd til at ordninga blir ført vidare i den forma den har no, men at oppgåva som operatørbank, som Postbanken/DnB har i dag, bør leggast ut på anbud.

På bakgrunn av at operatørbanken for skattebetalingsordninga framleis vil ha store plasseringsbehov rundt skatteinnbetalingane, og evt. auka innskot frå Bankinvesteringsfondet, foreslår ein at fullmakta til å ha andre kortsiktige lån blir auka frå 90 000 mill. kroner i 2000 til 100 000 mill. kroner i 2001.

2.3 Grunnkjøpsobligasjonar

Ordninga med bruk av grunnkjøpsobligasjonar ved offentleg overtaking av grunn blei foreslått i St.prp. nr. 38 (1964-65) Om fullmakt til å utferde spesielle grunnkjøpsobligasjonar. Ordninga er avvikla, men fram til og med 1998 hadde Finansdepartementet fullmakt til å utferde grunnkjøpsobligasjonar for oppgjer som blei avtalte før 31. desember 1991.

Det er til saman utferda grunnkjøpsobligasjonar for 3 324 mill. kroner sidan ordninga blei innførd. Per 31. desember 1999 var statens gjeld under grunnkjøpslån på 131,0 mill. kroner. Ein har då tatt omsyn til avdrag og andre tilbakebetalingar på desse låna. Det blei sist utferda grunnkjøpsobligasjonar i november 1996.