St.prp. nr. 12 (2008-2009)

Rettferdsvederlag frå statskassa (Arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007 mv.)

Til innhaldsliste

1 Stortinget si rettferdsvederlagsordning

1.1 Innhaldet i stortingsproposisjonen

Stortinget si rettferdsvederlagsordning er Stortinget si eiga vederlagsordning, der einskildpersonar som har kome særleg uheldig ut, kan søkje om ein skjønsmessig kompensasjon. Ordninga er basert på sedvane og er ikkje nærmare regulert i formelle reglar. I St.prp. nr. 65 (2006-2007) Rettferdsvederlag frå statskassa (Om Stortinget si rettferdsvederlagsordning, arbeidet i rettferdsvederlagsutvala m.m.) blei det gitt ein nærmare omtale av heile ordninga.

I denne stortingsproposisjonen blir det gitt ei orientering om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007. I tillegg blir det mellom anna gitt ein kort omtale av effektiviseringsarbeidet som er gjort i faginstansane og på utvalsnivå.

Stortingets presidentskap har tidlegare uttalt at dei vil ta initiativ til ein prinsipiell gjennomgang av rettferdsvederlagsordninga i inneverande stortingsperiode. Regjeringa gir i denne proposisjonen sitt syn på behovet for ein slik gjennomgang samt behovet for endringar i måten Stortinget skal orienterast om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala.

Stortinget sine rettferdsvederlagsutval gjer vedtak i saker om rettferdsvederlag. I saker der det er aktuelt å tilkjenne ein kompensasjon på over kr 200 000 er det Stortinget sjølv som gjer vedtak. I proposisjonen blir det lagt fram for Stortinget éi sak der det er aktuelt å tilkjenne rettferdsvederlag som overstig denne beløpsgrensa.

1.2 Utviklinga av rettferdsvederlags­ordninga

Talet på søknader om rettferdsvederlag har auka sterkt som følgje av utvidinga av ordninga i samband med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 44 (2003-2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener og St.meld. nr. 24 (2004-2005) Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar. Regjeringa har som følgje av dette styrka både dei førebuande fagetatane og Justissekretariata 1 monaleg. Dette har ført til ein sterk auke i talet på saker til behandling i utvala. Som følgje av denne auken og for å nå Regjeringa sitt mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid foreslo Regjeringa i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2007-2008) at det skulle etablerast eit tredje rettferdsvederlagsutval for ein periode på tre år. Stortinget vedtok å opprette eit mellombels tredje rettferdsvederlagsutval i samband med behandlinga av Regjeringa sitt budsjettforslag for 2008. Utvalet er oppnemnt for perioden 01.03.2008 til 28.02.2011.

Regjeringa er opptatt av at utvala skal ha ein høg saksproduksjon, og det bør vere eit mål at kvart utval i snitt skal behandle om lag 60 saker per møte. Talet på avgjorte saker auka frå 249 saker i 2005 til heile 2 244 saker i 2007. Med tre utval i arbeid forventar Regjeringa ein ytterlegare auke i talet på årleg avgjorte saker. For ein nærmare omtale blir det vist til kapittel 2 Orientering om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007.

På oppmoding frå Justisdepartementet har Justissekretariata sett nærmare på moglege effektiviserings- og forenklingstiltak i arbeidet med søknader om rettferdsvederlag. Det blei våren 2008 sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå dei saksførebuande faginstansane (Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og tidlegare Sosial- og helsedirektoratet) og Justissekretariata. Arbeidsgruppa har kome med ei rekkje forslag til tiltak, forenklingar og endringar i rutinane både i faginstansane og på utvalsnivå. Forslaga er avklart med rettferdsvederlagsutvala og vil bli implementerte så raskt som mogleg. På grunn av at det per tida ligg om lag 800 saker på vent til behandling i utvala vil det ta noko tid før tiltaka gir full effekt. Som hovudregel bør dei eldste sakene behandlast først. For å unngå at søkjarar døyr medan dei ventar på å få sakene sine avgjorte i utvala meiner Regjeringa at det i nokre tilfelle også bør takast omsyn til alderen og helsetilstanden til søkjarane ved prioriteringa av kva for søknader som skal behandlast først.

Regjeringa vurderer fortløpande behovet for eit fjerde utval. Dette må mellom anna sjåast opp mot talet på nye søknader og ferdig førebudde saker frå faginstansane.

1.3 Omgrepet rettferdsvederlag

Rettferdsvederlagsordninga blir på bokmål omtalt som Stortingets «billighetserstatningsordning». Omgrepet «billighet» er eit uttrykk for at saka ikkje skal avgjerast etter den strenge positive rett, men ta omsyn til det som vil vere rimeleg. Dette er også i samsvar med det ordninga er meint å vere. Reaksjonar frå ulike søkjargrupper har likevel vist at omgrepet kan verke misvisande og skape feilaktige assosiasjonar om kva ordninga går ut på. Rettferdsvederlaget skal ikkje gi ein fullverdig kompensasjon for det tapet som er påført, og det kan derfor også vere ein fordel å gå bort frå omgrepet «erstatning». Rettferdsvederlag er basert på skjønn, og ordninga har som siktemål å vege opp for den urett ein person har blitt utsett for, ofte med grunnlag i kritikkverdige forhold frå staten si side. Regjeringa meiner derfor det er behov for at ordninga offisielt endrar namn til rettferdsvederlagsordninga, som er eit meir dekkande omgrep. Dette vil også sikre at ordninga får likelydande namn på begge målformer. Regjeringa bed Stortinget vurdere ei eventuell namneendring i samband med behandlinga av denne proposisjonen.

Fotnotar

1.

Verksemda Justissekretariata vil med verknad frå 01.01.2009 endre namn til Statens sivilrettsforvaltning.