St.prp. nr. 24 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 mv. under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.10. Administrasjon m.m.

Kap. 1300 Samferdselsdepartementet

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Den reelle aktiviteten i ENISA (det europeiske nettverks- informasjonstryggleiksbyrået) vart i 2005 lågare enn det som var lagt til grunn ved berekninga av kontingenten. Det same galdt for ERA (European Rail Agency) i 2005 og 2006. For mykje betalt kontingent til dei to organisasjonane er avrekna mot kontingenten for 2007. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1300, post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar, med 2 mill. kr.