St.prp. nr. 24 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 mv. under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

6 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Kap. 1350 Jernbaneverket

Post 30 Investeringar i lina

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på post 30 med 7 mill. kr. Midlane vil nyttast til forsert detaljplanlegging av nye investeringar som ligg inne i Nasjonal transportplan 2006-2009, m.a. planlegging av ny kryssingsspor.

Råstad haldeplass, Torp flyplass

I Innst. S. nr. 274 (2006-2007) vart Samferdselsdepartementet bedt om å følgje opp saka om mogleg forskotering av opprusting av haldeplassen ved Råstad på Vestfoldbana ved Torp flyplass. Føremålet er å leggje betre til rette for at reisande med fly til og frå Torp flyplass kan bruke tog som transportmiddel til og frå flyplassen. Fleirtalet i Transportkomiteen viste til at Vestfold fylkesting har behandla ei sak om forskotering av ein mellombels stasjon for Sandefjord Lufthavn, Torp, og har vedteke å løyve 7 mill. kr for å dekkje utgiftene til ei slik forskotering.

Samferdselsdepartementet meiner at då det er snakk om eit relativt lite beløp, og at det er staten v/Jernbaneverket som skal dekkje kostnadene ved fornyinga av haldeplassen, er det lite formålstenleg å fremme forslag om forskotering. Kostnadene til fornying av Råstad haldeplass vert derfor dekt ved ei omdisponering innafor vedteke løyving for 2007 på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald.

Samferdselsdepartementet har bedt Jernbaneverket setje i gang arbeidet med fornying av haldeplassen ved Råstad (Torp) på Vestfoldbana utan bruk av forskotering. Arbeidet er sett i gang slik at haldeplassen etter planen kan takast i bruk ved ruteterminskiftet i byrjinga av 2008.

Kap. 1351 Persontransport med tog

Post 70 Kjøp av persontransport med tog

I samsvar med avtalen om kjøp av persontransporttenester med tog frå NSB er delar av betalinga sett av til resultatavhengig tilskot/bonusbetaling knytt til fastsette kvalitetsmål. Slik betaling finn ikkje alltid stad i budsjettåret. I St.prp. nr. 69 (2006-2007) vart det derfor foreslått at posten fekk tilføydd stikkordet «kan overførast». I Innst. S. nr. 230 (2006-2007) slutta Transportkomiteen seg til forslaget frå Regjeringa. Stikkordet kom ikkje med i forslaget til vedtak. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at kap. 1351, post 70 Kjøp av persontransport med tog, får tilføydd stikkordet «kan overførast».

Kap 1354 Staten jernbanetilsyn

Post 01 Drift

Statens jernbanetilsyn har problem med å få tak i folk, noko som har ført til at tilsynet i dag har færre tilsette enn det tilsynet har behov for og som vart lagt til grunn i budsjettet for 2007. Tilsynet arbeider med å få tilsett nye medarbeidarar til erstatning for dei som har slutta. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1354, post 01 Driftsutgifter, med 3,5 mill. kr.

Kap 5623 Aksjer i Baneservice AS

Post 80 Renter

I samband med etableringa av Baneservice AS vart det gitt eit statslån på 38,3 mill. kr som gjeld til januar 2008. Etter lånevilkåra vel selskapet renteperiode for lånet. I budsjettet for 2007 er det budsjettert med 1,4 mill. kr i renteinntekter, basert på dåverande rentenivå og ein renteperiode på 12 månader. Fram til august 2007 hadde selskapet ein renteperiode 12 månader, men har deretter valt ein renteperiode på ein månad. Endringa i renteperioden og høgare rentesats gjer at renteinntektene vert høgare enn budsjettert. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 5623, post 80 Renter, med 1,5 mill. kr.