St.prp. nr. 24 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 mv. under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Kap. 1310 Flytransport

Post 70 Kjøp av innanlandske flyruter

Avtalen med flyselskapa inneheld ein klausul om at gjeldande kontraktar kan reforhandlast dersom rammevilkåra vert endra. Reforhandlingane som framleis ikkje er ferdige, kan føre til at utbetalingane ikkje finn stad før i 2008. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at kap. 1310, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter, får tilføydd stikkordet «kan overførast».

Kap. 1313 Luftfartstilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Aktiviteten i luftfartssektoren er i 2007 høgare enn venta. Den auka aktiviteten gjeld m.a. generelt auka trafikk, auke av flyflåten på norsk register, nye ruter og opning av ny lufthamn. For Luftfartstilsynet har dette ført til at tilsynsverksemda har auka. Utgiftene til tilsynsverksemda har dermed vorte høgare. Samstundes har inntektene frå denne verksemda auka. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1313, post 01 Driftsutgifter, med 5 mill. kr. Inntektene vert auka tilsvarande, jf. kap. 4313, post 01.

Kap. 4313 Luftfartstilsynet

Post 01Gebyrinntekter

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4313, post 01 Gebyrinntekter, med 5 mill. kr, jf. omtalen under kap. 1313, post 01 Driftsutgifter.

Kap. 1314 Statens havarikommisjon for transport

Post 01 Driftsutgifter

Det har teke lengre tid for Statens havarikommisjon for transport å få tilsett folk i ledige stillingar enn rekna med. Vidare har få ulykker ført til lågare utgifter til undersøkingar. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1314, post 01 Driftsutgifter, med 4 mill. kr.