St.prp. nr. 24 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 mv. under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

5 Programkategori Særskilde transporttiltak

Kap. 1330 Særskilde transporttiltak

Post 60 Særskilt tilskot til kollektivtransport

Midlar frå BRA-programmet (Betre infrastruktur, Rullande materiell, Aktiv logistikkforbetring) vert fordelt til bykommunar og/eller fylkeskommunar etter søknad. Halvdelen av tilskotet vert betalt ut ved prosjektstart og resten når prosjektet er ferdig. Siste utbetaling finn dermed ikkje stad før året etter prosjektstart. I St.prp. nr. 69 (2006-2007) vart det derfor foreslått at posten fekk tilføydd stikkordet «kan overførast». I Innst. S. nr. 230 (2006-2007) slutta Transportkomiteen seg til forslaget frå Regjeringa. Stikkordet kom ikkje med i forslaget til vedtak. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at kap. 1330, post 60 Særskilt tilskot til kollektivtransport, får tilføydd stikkordet «kan overførast».

Forhandlingar mellom Samferdselsdepartementet og Hurtigruten ASA

I St.prp. nr. 1 (2007-2008) og St.prp. nr. 68 (2006-2007) opplyste departementet at innføring av ei NOx-avgift frå 1. januar 2007, innføring av nettoløn for tryggleiksmannskap på dei skipa som trafikkerer Kystruten Bergen – Kirkenes frå 1. juli 2007 og gjeninnføring av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift frå 1. januar 2007 ville utløyse forhandlingar med selskapet. Grunnen var at desse endringane har ført til endringar i rammevilkåra for selskapet i høve til det som galdt då gjeldande avtale vart underskriven.

Forhandlingane har teke lengre tid enn venta og vil venteleg ikkje verte avslutta i 2007. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med resultatet av forhandlingane når det ligg føre.