St.prp. nr. 24 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 mv. under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.30 Vegformål

Kap. 1320 Statens vegvesen

Post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

Det har i år vore fleire tilfelle med lokalt veldig store mengder nedbør på kort tid. Dette har ført til skadar på vegnettet og påført Statens vegvesen utgifter ut over det ein normalt kunne vente.

Dei store mengdene med nedbør har fleire stader ført til auka nedfall av stein og steinmassar. Dette har ført til auka utgifter til rydding av vegbaner, og til å gjennomføre strakstiltak som følgje av ras. Ekstrakostnadene for å utbetre rasskadane er på landsbasis rekna ut til 14,6 mill. kr, jf. tabellen.

Andre stader har store vassmengder, som kjem ned langs fjellsider, elvar og bekkelaup, ført til at lause massar vert transportert ut i vegbana, og til utgliding av vegbana. Slike skadar må ein utbetre raskt for å kunne få avvikla trafikken. Ekstrakostnadene for å utbetre desse flaumskadane er på landsbasis rekna ut til 24,4 mill. kr, jf. tabellen.

Samferdselsdepartementet foreslår å løyve til saman 39 mill. kr til å dekkje desse ekstraordinære kostnadene på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m. Tabellen viser kva for tiltak/prosjekt som beløpet skal nyttast til.

  Mill. kr
Ras:
Rv 36 v/Mannebru i Telemark2,7
Diverse mindre rastiltak i Telemark0,3
Rv 550 Odda – Utne i Hordaland5,0
Rv 17 og rv 74 i Nord-Trøndelag0,6
Rv 91 Ura i Troms2,0
Rv 93 Kløfta i Finnmark3,0
Diverse mindre rastiltak i Region nord1,0
Sum ras14,6
Flaum:
Rv 245 Lomsdalen v/Dokka i Oppland3,0
E16 Buskerud grense – Fagernes i Oppland0,2
Rv 33 Tonsåsen i Oppland0,2
Riksvegar i øvre Buskerud10,3
Kongsberg i Buskerud5,9
Riksvegar i øvre Telemark1,5
Diverse mindre flaumtiltak i Region sør2,0
Diverse mindre flaumtiltak i Nord-Trøndelag1,3
Sum flaum24,4
Totalsum39,0

E6 Ny Nidelv bru i Trondheim – kostnadsauke

I St.prp. nr. 68 (2006-2007) er det lagt til grunn eit kostnadsoverslag på om lag 97 mill. kr for bygging av ny klaffebru over Nidelva i Trondheim. Statens vegvesen har fått inn tilbod frå ein entreprenør på bygginga av brua. Tilbodsprisen er mykje høgare enn det som låg til grunn i St.prp. nr. 68 (2006-2007). Årsaka til prisauken er høge marknadsprisar.

Statens vegvesen har no valt å avlyse konkurransen fordi det berre kom inn eitt tilbod. Vegvesenet vil lyse ut ein ny konkurranse med fleire delentreprisar og med nokre endringar i den tekniske løysinga for brua. Statens vegvesen har tru på at ein konkurranse med fleire delentreprisar vil gi fleire entreprenørar høve til å delta.

Statens vegvesen har utarbeidd eit revidert kostnadsoverslag basert på oppdaterte marknadsprisar og eit opplegg med fleire delentreprisar. Det reviderte overslaget er no på om lag 140 mill. kr, noko som inneber ein kostnadsauke på 44 pst. samanlikna med St.prp. nr. 68 (2006-2007). Det vil verte gjennomført ei uavhengig kvalitetssikring av kostnadsoverslaget før det vert inngått kontrakt. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget dersom kvalitetssikringinga gir meir enn 10 pst. avvik i kostnader.

Prosjektet E6 Nordre avlastningsveg opnar for trafikk i 2009. Bygging av Nidelv bru er heilt avgjerande for å få til god trafikkavvikling i området etter at Nordre avlastningsveg er ferdig. Statens vegvesen går derfor inn for at prosjektet vert gjennomført trass i kostnadsauken. Samferdselsdepartementet sluttar seg til denne vurderinga.

I St.prp. nr. 68 (2006-2007) er det lagt til grunn at kostnadsoverskridingar skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningsliner for bompengeprosjekt. Dette gjer at kostnadsoverskridingar på inntil 10 pst. ut over prisstiging skal dekkjast med bompengar og statlege midlar etter same prosentfordelinga som i finansieringsplanen. Kostnadsauke ut over 10 pst. skal dekkjast av staten. Med eit kostnadsoverslag på 140 mill. kr inneber dette at bompengeselskapet skal finansiere 63 mill. kr, medan 77 mill. kr skal finansierast med statlege midlar.

E6 Trondheim – Stjørdal – behov for bompengar

Som omtalt i St.prp. nr. 68 (2006-2007) er det lokalpolitisk tilslutning til å vidareføre innkrevjinga av bompengar på prosjektet E6 Trondheim – Stjørdal for å byggje endeparsellane Nidelv bru – Grillstad i Trondheim kommune og Værnes – Kvithammar i Stjørdal kommune. Ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet er starta og er føresett å vere ferdig tidleg i 2008. Regjeringa tek sikte på å fremme ein proposisjon om saka våren 2008.

Før prosjektet kan leggjast fram for Stortinget, må det vere gjennomført nødvendig prosjektering, grunnundersøkingar m.m. Kostnadene er rekna til om lag 20 mill. kr. For å kunne finansiere dette arbeidet har Statens vegvesen foreslått å rekvirere bompengar frå eksisterande innkrevjingsordning på E6 mellom Trondheim og Stjørdal. Samferdselsdepartementet sluttar seg til det skisserte opplegget.

Saka er lagt fram for Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylkeskommunar og Trondheim, Malvik og Stjørdal kommunar som behandla saka i oktober og november 2007. Kommunane og fylkeskommunane har gjennom denne behandlinga slutta seg til at Trøndelag Bomvegselskap A/S stiller til disposisjon bompengar frå innkrevjingsordninga på E6 Trondheim – Stjørdal til førebuande arbeid på parsellane Nidelv bru – Grillstad i Trondheim kommune og parsellen Værnes – Kvithammar i Stjørdal kommune.

Rv 108 Ny Kråkerøyforbindelse i Østfold – behov for bompengar

Ved behandlinga av St.prp. nr. 41/Innst. S. nr.149 (2006-2007) slutta Stortinget seg til eit opplegg med delvis bompengefinansiert utbygging av prosjektet rv 108 Ny Kråkerøyforbindelse i Fredrikstad.

Som opplyst i St.prp. nr. 1 (2007-2008), er anleggsstart utsett som følgje av kostnadsauke på prosjektet. Anbodsprosessen er stansa, og prosjektet vert lyst ut på nytt. Lokale styresmakter har gjort vedtak om eit endra bompengeopplegg for prosjektet.

Arbeidet med ei forenkla og fornya ekstern kvalitetssikring er starta. Prosjektet vil leggjast fram for Stortinget på nytt når det ligg føre tilstrekkelege avklaringar av kostnadsoverslag, framdrifts- og finansieringsplan.

Som det går fram av St.prp. nr. 41 (2006-2007), er det til saman løyvd 14 mill. kr til prosjektet i 2006 og 2007. I 2007 er det behov for ytterlegare 62 mill. kr til prosjektering, prosjektleiing, grunnerverv og etablering av ein erstatningsbarnehage. Behovet er føresett dekt med bompengar, men omtalen av dette vart utegløymt i St.prp. nr. 41 (2006-2007). Samferdselsdepartementet føreset derfor at bompengeselskapet stiller til disposisjon inntil 62 mill. kr til prosjektet i 2007.

Kostnadsoverskridingar på Bybanen i Bergen

Utbygginga av Bybanen i Bergen vert finansiert gjennom Bergensprogrammet for transport, byutvikling og miljø, jf. St.prp. nr. 76 (2001-2002) og Innst. S. nr. 45 (2003-2004), og St.prp. nr. 75 (2004-2005) og Innst. S. nr. 94 (2005-2006).

I St.prp. nr. 75 (2004-2005) er det lagt til grunn ei styringsramme for første byggjesteg av Bybanen på kr 1 640 mill. 2005-kr og ei kostnadsramme på 1 800 mill. 2005-kr. Omrekna til 2007-kr utgjer dette 1 746 mill. kr (styringsramme) og 1 917 mill. kr (kostnadsramme). Nye kostnadsprognosar tyder no på at prosjektet vert vesentleg dyrare enn opphavleg planlagd.

Bakgrunn for kostnadsauken

Detaljprosjektering av Bybanen starta like etter at Stortinget i 2006 behandla St.prp. nr. 75 (2004-2005). Entreprisar tilsvarande om lag 70 pst. av kostnadsoverslaget vart lyst ut våren 2007. Dei fleste tilboda vart mottekne i september 2007. Kostnadsprognosar som er utarbeidde på grunnlag av dei tilboda som er komne inn, viser no ein venta prosjektkostnad på 2 200 mill. 2007-kr. Dette er 454 mill. kr over indeksjustert styringsramme og 283 mill. kr over indeksjustert kostnadsramme. Prosjektkostnaden vil dermed overskride kostnadsramma som låg til grunn for behandlinga av St.prp. nr. 75 (2004-2005). Bergen kommune som byggherre har gjort framlegg om ny styringsramme på 2 200 mill. 2007-kr og ny kostnadsramme på 2 400 mill. 2007-kr.

Avviksanalysar viser at hovudårsaka til kostnadsauken er høgare prisar på innkomne tilbod enn det ein rekna med i kostnadsoverslaga. Det er særleg entreprisekostnadene for tunnelarbeida som har auka kraftig.

Auka bompengeinntekter

Ved behandlinga av St.prp. nr. 75 (2004-2005) vart det vedteke endringar i innkrevjingsordninga i Bergen som førte til at bompengeinntektene auka. Dei ligg no godt over overslaget som vart lagt til grunn for St.prp. nr. 75 (2004-2005). Særleg etableringa av fem nye bomstasjonar har medverka til denne inntektsauken. Prognosane tilseier ei årleg nettoinntekt på om lag 360 mill. kr frå og med 2008. Dette er ein auke på om lag 50 mill. kr pr. år samanlikna med inntektsoverslaget i St.prp. nr. 75 (2004-2005).

Lokal behandling av saka

Saka vart 15. oktober 2007 lagt fram for behandling i bystyret i Bergen som gjorde dette vedtaket:

«Det søkes Stortinget om økt styrings- og kostnadsramme for bybaneprosjektet i tråd med premissene i denne saken.»

Fylkestinget behandla saka på møte 16. oktober 2007 og gjorde dette vedtaket:

  1. Fylkestinget tek framlagt kostnadsprognose for Bybanen i Bergen til orientering og legg til grunn at prosjektet vert gjennomført som ein del av Bergensprogrammet slik det er føresett i St.prp.nr.75 (2004-2005).

  2. Fylkestinget ber om at Stortinget godkjenner ny styringsramme for prosjektet på 2 200 mill. kr og kostnadsramme på 2 400 mill. kr.

  3. Fylkestinget meiner staten må ta sin del av kostnadsauken. Skjer ikkje dette rår fylkestinget til at kostnadsauken for Bybanen i Bergen vert finansiert med meirinntekter frå bomringen i Bergen.

Samferdselsdepartementets vurdering

Kostnadsoverskridingane på Bybanen ser ut til å kunne dekkjast inn med auka inntekter frå bompengeordninga. Viss dette likevel viser seg ikkje å la seg gjere, skal kostnadsoverskridingane handterast gjennom å kutte i prosjektporteføljen i Bergensprogrammet. Dette er i tråd med dei føringane som er gitte i St.prp. nr. 75 (2004-2005). Dei andre elementa i finansieringsplanen i St.prp. nr. 75 (2004-2005) vil ikkje endrast som følgje av auken i bompengeinntektene.

Dei store kostnadsoverskridingane på bybaneprosjektet stiller strenge krav til god økonomistyring i Bergensprogrammet. Departementet legg til grunn at det ikkje skal setjast i gong nye prosjekt i Bergensprogrammet før utbygginga av Bybanen og Ringveg vest er kome så langt at ein har full oversikt over kostnadsutviklinga i prosjekta og inntektsutviklinga frå bompengeinnkrevjinga.

Departementet er kjent med at det framleis er uavklart om Bergen kommune får fritak for inngåande meirverdiavgift på bybaneprosjektet. Vidare er departementet kjent med at det framleis ikkje er endeleg avklart kven som skal dekkje kostnadene for omlegging av vassrøyr og kabelnett i bybanetraséen. Totalt utgjer dette ein mogleg meirkostnad på om lag 150 mill. kr. Desse kostnadene er ikkje tekne med i det nye kostnadsoverslaget for Bybanen. Bergen kommune har lagt til grunn at kommunen får fritak for inngåande meirverdiavgift på bybaneprosjektet, og at andre leidningseigarar dekkjer kostnadane ved flytting av leidningsnettet i veggrunnen.

Departementet legg til grunn at eventuelle kostnadsaukar på bybaneprosjektet som følgje av dette må løysast i tråd med dei føringane som er gitte i St.prp. nr. 75 (2004-2005).

På dette grunnlaget legg Samferdselsdepartementet til grunn ei kosntadsramme for bybaneprosjektet på 2 400 mill. kr og ei styringsramme på 2 200 mill. kr.

Hardangerbrua - kostnadsoverskriding på tilførselsvegane

Det har vore tilbodsopning på tilførselsvegane til Hardangerbrua. Dette gir ein kostnadsuake på 38,4 pst. samanlikna med overslaget for tilførselsvegane. Samferdselsdepartementet vurderer det slik at det er ein monaleg risiko for overskriding av kostnadsramma for heile prosjektet, dvs. brua og tilførselsvegane samla.

Ut frå dette har Samferdselsdepartementet funne det nødvendig at Statens vegvesen avlyser konkurransen på tilførselsvegane. Vidare har departementet bedt om at det snarast vert gjort førebuingar til ei ny avgrensa kvalitetssikring. Dersom kostnadsramma for heile prosjektet vert overskriden, vil saka leggjast fram for Stortinget på nytt.

Samferdselsdepartementet understrekar at vedtaket om bygging av Hardangerbrua ligg fast, men at dette kan innebere at sluttføringa av prosjektet vert utsett med inntil eit år.