St.prp. nr. 31 (2001-2002)

Om samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 6. oktober 1999 til FN-konvensjonen om å avskaffe alle former for diskriminering av kvinner av 18. desember 1979

Til innhaldsliste

2 Nærare om dei einskilde føresegnene i protokollen

I fortala til protokollen vert det mellom anna mint om at dei internasjonale menneskerettsinstrumenta forbyr diskriminering på grunnlag av kjønn. Partane stadfestar på ny viljen sin til å garantere kvinner full og likeverdig utøving av alle menneskerettar og grunnleggjande fridomar og til å gjere tiltak for å hindre brot på desse rettane og fridomane.

Artikkel 1 fastset at partane i protokollen samtykkjer i at Kvinnekomiteen har kompetanse til å ta imot og handsame førespurnader.

Artikkel 2 fastset at einskildpersonar eller grupper av einskildpersonar skal kunne fremje førespurnader til Kvinnekomiteen med påstand om at rettane deira etter kvinnekonvensjonen er krenkte av staten. Det kan òg fremjast førespurnader på vegner av desse.

Artikkel 3 fastset vilkår som førespurnaden må oppfylle for at ho skal kunne handsamast av Kvinnekomiteen. Førespurnaden må vere skriftleg, og ho kan ikkje vere anonym. Førespurnaden må vere retta mot ein stat som er part i både kvinnekonvensjonen og denne protokollen.

Artikkel 4 fastset ytterlegare vilkår for at førespurnaden skal kunne handsamast. Vedkomande som fremjar førespurnaden, må ha uttømt alle tilgjengelege nasjonale rettsmiddel med mindre ein slik framgangsmåte tek urimeleg lang tid, eller det er lite truleg at dei vil gje effektiv hjelp. Førespurnaden skal òg avvisast dersom same sak alt er undersøkt av komiteen, eller har vore handsama i ei anna internasjonal undersøking eller avgjerd. Vidare skal førespurnaden avvisast dersom ho er uforlikeleg med føresegnene i kvinnekonvensjonen, eller er openbert grunnlaus, eller er ein misbruk av retten til å fremje førespurnader, eller dei faktiske tilhøva som er emne for førespurnaden, fann stad før protokollen tok til å gjelde for vedkomande stat.

Artikkel 5 fastset mellom anna at komiteen kan oppmode staten til å setje i verk mellombelse tiltak for å unngå at offeret eller offera for den påstådde krenkinga vert påført uboteleg skade medan førespurnaden er til vurdering i komiteen.

Artikkel 6 fastset at førespurnader som komiteen tek til handsaming, skal gjerast kjende for vedkomande stat på fortruleg måte. Det er i slike tilfelle ein føresetnad at einskildpersonen gjev samtykke til at identiteten hennar vert gjort kjend for vedkomande stat. Staten skal sende til komiteen, innan seks månader, ei skriftleg utgreiing om saka og det eventuelle opprettingstiltaket staten har gjort.

Artikkel 7 inneheld reglar om sakshandsaminga til komiteen og tilhøvet til vedkomande stat. Komiteen skal handsame førespurnader i lys av alle opplysningar som er gjort tilgjengelege for han av einskildpersonen eller vedkomande stat, under føresetnad av at opplysningane er sende til dei aktuelle partane. Komiteen skal møte for stengde dører når han handsamar førespurnader. Når komiteen har handsama førespurnaden, skal han melde frå til dei aktuelle partane om synspunkta og dei eventuelle tilrådingane sine. Vedkomande stat skal ta tilbørleg omsyn til synspunkta og dei eventuelle tilrådingane til komiteen og skal innan seks månader gje eit skriftleg svar som gjer greie for kvart tiltak som er gjort i lys av synspunkta og tilrådingane til komiteen. Komiteen kan be om ytterlegare opplysningar om staten si oppfølging av saka.

Artikkel 8 fastset at Kvinnekomiteen har kompetanse til å gjere undersøkingar av ein stats alvorlege eller systematiske brot på kvinnekonvensjonen, når han tek imot pålitelege opplysningar som kan tyde på at det skjer slike brot i den aktuelle staten. I det tilfellet kan vedkomande stat inviterast til å samarbeide i granskinga av opplysningane og kome med merknader. Komiteen kan peike ut ein eller fleire av medlemmene sine til å gjere undersøkingar av tilhøvet. Undersøkinga kan omfatte ei gjesting i staten dersom dette er naudsynt og staten samtykkjer. Resultata av ei slik undersøking skal sendast til staten saman med kommentarane og tilrådingane til komiteen. Staten skal deretter kome med merknadene sine innan seks månader. Undersøkinga skal gjennomførast på fortruleg måte, og komiteen skal søkje å samarbeide med staten på alle steg i prosessen.

Artikkelen gjev komiteen eit monaleg skjøn med omsyn til i kva tilfelle undersøkingsprosedyren kan setjast i verk.

Artikkel 9 fastset at komiteen kan be staten om å gjere greie for eventuelle tiltak som er gjorde som svar på undersøkinga.

Artikkel 10 gjev staten høve til å erklære at han ikkje godtek kompetansen til komiteen til å leie undersøkingar etter artikkel 8 og 9. Ei slik erklæring kan gjevast ved underteikning, ratifikasjon eller tiltreding. Artikkel 10 må sjåast i samanheng med artikkel 17, som fastset at det ikkje skal vere høve til å ta atterhald med omsyn til protokollen. Med forbodet mot atterhald viste det seg tidleg under forhandlingane at ein ikkje kunne oppnå semje dersom statane ikkje kunne unngå å verte bundne av undersøkingskompetansen.

Det kan nemnast at ordninga med at staten må gje ei særskild erklæring om at han ikkje godtek undersøkingskompetansen til komiteen, òg finst i FN-konvensjonen om tortur artikkel 28.

Av dei statane som har underteikna, ratifisert eller tiltredd protokollen hittil, er det berre Bangladesh og Cuba som har gjeve erklæring etter artikkel 10 nr. 1. Noreg bør ikkje gje slik erklæring.

Artikkel 11 fastset at statane skal treffe høvelege tiltak for å sikre at einskildpersonar under statens jurisdiksjon ikkje vert utsette for mishandling eller trugslar som følgje av kontakt med komiteen.

I artikkel 12 vert det fastsett at komiteen skal ta inn eit samandrag av aktiviteten sin etter denne protokollen i den årlege rapporten sin.

Artikkel 13 fastset at statane tek på seg å gjere kvinnekonvensjonen og protokollen allment kjende og å lette tilgangen til synspunkta og tilrådingane til komiteen, særleg i saker som vedkjem vedkomande stat.

Artikkel 14 fastset at komiteen skal fastsetje sine eigne møteføresegner som skal følgjast når han utøver oppgåvene han er tillagd etter protokollen.

Artikkel 15 fastset at protokollen skal vere open for underteikning for kvar stat som har underteikna, ratifisert eller tiltredd kvinnekonvensjonen, og han kan ratifiserast eller tiltredast av alle statar som har ratifisert eller tiltredd kvinnekonvensjonen.

I artikkel 16 vert det fastsett at protokollen skal tre i kraft tre månader etter at det tiande ratifikasjons- eller tiltredingsdokumentet er deponert hjå Generalsekretæren i Dei sameinte nasjonane. For statar som ratifiserer eller tiltrer protokollen etter at han har tredd i kraft, trer han i kraft tre månader etter at ratifikasjons- eller tiltredingsdokumentet er deponert.

I artikkel 17 vert det fastsett at det ikkje kan takast atterhald med omsyn til protokollen.

Etter artikkel 18 kan protokollen endrast etter visse framgangsmåtar.

Artikkel 19 fastset at statane kan seie opp protokollen når som helst ved skriftleg melding til Generalsekretæren i Dei sameinte nasjonane.

I artikkel 20 vert Generalsekretæren pålagd å gje melding til alle statane om underteikningar av, ratifikasjonar av, tiltredingar til og oppseiingar av protokollen.

Artikkel 21 fastset at protokollen, der dei arabiske, engelske, franske, russiske og spanske tekstene er like gyldige, skal deponerast i arkivet til Dei sameinte nasjonane.