St.prp. nr. 31 (2001-2002)

Om samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 6. oktober 1999 til FN-konvensjonen om å avskaffe alle former for diskriminering av kvinner av 18. desember 1979

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative følgjer

Det behovet for auka ressursar som Kvinnekomiteen vert påførd som følgje av protokollen, skal stettast utan ytterlegare bidrag frå statane. Gjennomføring av protokollen opnar for at Kvinnekomiteen kan få førespurnader retta mot Noreg. Gjennomføringa vil dermed kunne medføre eit visst meirarbeid i statsforvaltinga i samband med sakshandsaminga knytt til slike saker, men det er ein føresetnad at eventuelle meirutgifter vart dekte innanfor gjeldande budsjettrammer.