St.prp. nr. 31 (2001-2002)

Om samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 6. oktober 1999 til FN-konvensjonen om å avskaffe alle former for diskriminering av kvinner av 18. desember 1979

Til innhaldsliste

6 Vurdering

Eit overordna mål for norsk menneskerettspolitikk er at Noreg, som ynskjer å vere eit føregangsland når det gjeld vernet av menneskerettar, skal vere part i menneskerettskonvensjonar med mindre tungtvegande omsyn talar imot det, jf. handlingsplanen for menneskerettar (St.meld. nr. 21 (1999-2000)) pkt. 4.2.2, s. 20). Kvinner er i handlingsplanen utpeikt som eit særskilt satsingsområde for norsk menneskerettspolitikk, både nasjonalt og internasjonalt. Dette tilseier at Noreg bør ratifisere protokollen så snart som mogeleg. Ein viser òg til at mange av høyringsinstansane understrekar verdien av ein rask norsk ratifikasjon.

Protokollen må sjåast som eit vesentleg bidrag til å styrkje menneskerettane til kvinnene og som eit viktig instrument til å sikre likestilling mellom kjønna. Dette er tilhøve som vert gjeve høg prioritet i Noreg, og som bør speglast av i det internasjonale engasjementet vårt ved at vi vert part i protokollen.

Protokollen vil ha verknad for einskildkvinner ved at han kan føre til ei betring av stillinga til den som fremjar ein førespurnad. Også FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som òg har ei klageordning for einskildpersonar, fastset i artikkel 26 eit forbod mot diskriminering, mellom anna på grunnlag av kjønn. Den som meiner at ho har vorte utsett for diskriminering vil i ein viss mon kunne velje kva konvensjon det skal klagast etter.

Protokollen kan òg ha ein allmenn preventiv verknad ved at han kan gje opphav til vurderingar og revisjonar av nasjonalt regelverk og praksis på kvinnekonvensjonens område.

Vidare vil førespurnader til komiteen og komiteen sine eigne undersøkingar truleg skape større merksemd rundt kvinnekonvensjonen og dermed medverke til å spreie kunnskap og opplysningar til folk om rettane deira etter konvensjonen.

Å utstyre Kvinnekomiteen med kompetanse til å handsame førespurnader frå einskildpersonar vil òg sende eit kraftig signal om at kvinnekonvensjonen er like viktig som andre FN-konvensjonar der overvakingsorganet er gjeve slik kompetanse, nemleg FN-konvensjonen om tortur, FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og FN-konvensjonen mot rasediskriminering.

Dei materielle føresegnene i kvinnekonvensjonen er i stor grad utforma som handlingsplikter for statane, på den måten at desse skal ta alle tenlege middel i bruk for å sikre likestilling mellom kjønna på ulike samfunnsområde. Innhaldet av pliktene til statane er dermed ikkje presist fastsett, og ein må gå ut frå at Kvinnekomiteen vil stille ulike krav til statane, avhengig av utviklingsgraden og ressurssituasjonen deira. Det er grunn til å tru at komiteen vil stille strenge krav til den norske gjennomføringa av konvensjonen. Kvinnekomiteen sine oppsummerte merknader til dei norske periodiske rapportane gjev ein indikasjon på kva krav som vil verte stilt til Noreg. I kommentarane til den siste rapporten uttrykkjer komiteen uro over mangelen på kvinner i leiarstillingar i privat sektor, og dei kjønnsdelte mønstra når det gjeld arbeidsmarknad og lønsnivå. Vidare vert Noreg oppmoda til å setje i verk tiltak i kampen mot vald mot kvinner.

Visse andre konvensjonar på menneskerettsområdet har alt individklagerett knytt til føresegner som er utforma som målsetjingar snarare enn som konkrete plikter. Dette gjeld òg formuleringar som pålegg statane å ta i bruk alle tenlege middel, slik som mange av føresegnene i kvinnekonvensjonen. Som døme kan nemnast FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar artikkel 23 nr. 4, som pålegg statane å ta høvelege steg for å sikre likestilling mellom ektefellar, og FN-konvensjonen mot rasediskriminering artikkel 2 nr. 1, som inneheld ei plikt til straks og med alle høvelege middel å føre ein politikk som avskaffar diskriminering, og artikkel 7 som inneheld ei plikt til straks å setje i verk effektive åtgjerder med sikte på å motarbeide fordomar som fører til rasediskriminering. Trass i at slike føresegner skulle kunne opne for at konvensjonsorgana kan gjere monalege avvegingar etter skjøn, har ein ikkje sett noka utvikling i overvakingsorgana i retning av overnasjonal prøving av korleis statane prioriterer ressursar, eller med omsyn til kva metodar som vert valde for å oppfylle desse internasjonale pliktene.

Kvinnekomiteen sine synspunkt og tilrådingar i individklagesaker vil ikkje vere folkerettsleg bindande, men dei vil ha monaleg politisk og moralsk kraft. Ein kan vente at manglande vilje til å følgje synspunkta til komiteen vil verte lagde merke til internasjonalt.

Undersøkingskompetansen som komiteen vert utstyrt med etter artikkel 8 og 9, kan vere eit sterkt supplement til kompetansen til å handsame einskildsaker. Utanriksdepartementet tilrår at Noreg lèt seg binde av undersøkingskompetansen slik at Noreg dermed ikkje gjev erklæring som nemnd i artikkel 10, nr. 1.

Departementet har vurdert om det kan vere høveleg at ein frå norsk side gjev erklæringar om fortolking av protokollen, slik Regjeringsadvokaten gjer framlegg om. Men ein har kome til at dette ikkje vil vere tilrådeleg. Protokollen inneheld eit uttrykkeleg forbod mot å ta atterhald med omsyn til protokollen, jf. artikkel 17. Forbodet er ikkje i og for seg til hinder for at det vert gjeve erklæringar om fortolking av protokollen, men slike erklæringar vil kunne verte oppfatta som ei omgåing av forbodet mot å ta atterhald. Ingen av dei statane som har ratifisert eller tiltredd protokollen hittil, har gjeve erklæringar om forståinga av protokollen, og departementet meiner det vil gje eit uheldig signal om Noreg skulle gje slike erklæringar. Ein vil òg peike på at forståingserklæringar vert tillagde lita eller inga vekt av dei internasjonale overvakingsorgana på menneskerettsområdet, og at ein difor neppe vil oppnå noko ved å gje slike erklæringar.

Protokollen pålegg ikkje Noreg nye materielle plikter, ettersom føremålet med protokollen er å styrkje overvakinga av gjennomføringa av alt gjeldande plikter. Gjennomføring av protokollen i norsk rett krev ikkje lov- eller forskriftsendringar.