St.prp. nr. 31 (2001-2002)

Om samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 6. oktober 1999 til FN-konvensjonen om å avskaffe alle former for diskriminering av kvinner av 18. desember 1979

Til innhaldsliste

3 Nokre hovudspørsmål om klageretten

Artikkel 2 viste seg å vere eit av dei vanskelegaste forhandlingstemaa i arbeidsgruppa, noko som resulterte i ein til dels uklar ordlyd. Føresegna regulerer kven som skal ha kompetanse til å fremje ei klage, kva som kan vere emnet for klaga, og kva stat klaga skal rettast mot. Artikkelen reiser ei rekkje tolkingsspørsmål som komiteen vil måtte ta stilling til for å fastsetje kompetansen sin.

Med omsyn til spørsmålet om kven som skal ha kompetanse til å fremje klager, er det klart at einskildpersonar har slik kompetanse. Tilsvarande kan grupper av einskildpersonar klage til komiteen. «Grupper av einskildpersonar» reiser elles spørsmålet om frivillige organisasjonar kan fremje ei klage på eigne vegner. Spørsmålet har ikkje fått noka klar løysing, men det kan nemnast at berre «grupper» og ikkje «grupper av einskildpersonar» lenge stod som eit alternativ under forhandlingane. Frå norsk side vert det lagt til grunn at frivillige organisasjonar skal kunne klage på eigne vegner dersom dei andre vilkåra er oppfylte.

Artikkelen opnar òg for at det kan klagast på vegner av einskildpersonar eller grupper av einskildpersonar. Her siktar ein til representasjon utover prosessfullmektigar. Grunngjevinga for denne regelen er å sikre at einskildpersonar eller grupper av einskildpersonar som av ulike årsaker sjølve er avskorne frå å fremje ei klage, skal kunne ha eit høve til å få saka bringa inn for komiteen. Hovudregelen er at representanten skal ha samtykke til representasjon frå klagaren. Likevel vert det opna for at ein førespurnad kan handsamast dersom representanten kan rettferdiggjere at ho handlar på vegner av klagaren, sjølv om det ikkje ligg føre samtykke. Unntaksregelen skal kunne brukast i tilfelle der klagaren sjølv ikkje har høve til å gje samtykke til representasjon. Årsakene til eit slikt manglande samtykke kan vere fleire, til dømes at klagaren er fysisk avskoren frå å kunne samtykkje fordi ho er fengsla eller bortførd. Det er mogeleg at unntaksregelen òg kan brukast i tilfelle der klagaren er analfabet eller ikkje kjenner eller forstår rettane sine etter konvensjonen. Fleire statar uttrykte i røysteforklaringane sine at komiteen i handsaminga av dette spørsmålet bør leggje seg på den lina som vert følgd av andre overvakingskomitear som handsamar individklager, nemleg Menneskerettskomiteen, Torturkomiteen og Rasediskrimineringskomiteen.

Spørsmåla om representasjon gjeld òg representasjon av grupper av einskildpersonar. Komiteen vil måtte ta stilling til om det er naudsynt for å handsame ei klage at alle einskildpersonane i gruppa har samtykt i representasjonen, eller om det kan vere tilstrekkeleg at eit fleirtal av personane i gruppa har gjeve samtykke.

Eit neste spørsmål som reiser seg om representasjon, er om representanten òg må vere underlagd den innklaga statens jurisdiksjon. Ei rekkje statar tok avstand frå å fastsetje eit slikt vilkår. Spørsmålet er ikkje uttrykkeleg løyst i protokollen artikkel 2 og vil mellom anna kome an på kva verknad komiteen vil leggje i dei to kommaa før og etter «under ein statsparts jurisdiksjon».

Elles går det klart fram at klagaren må vere offer for brot som staten gjer på rettar som er verna i konvensjonen. Her vert det dermed stilt opp eit krav om rettsleg interesse i saka.

Med omsyn til spørsmålet om kva som kan vere emne for klaga, følgjer det av artikkel 2 at det kan klagast over brot som staten gjer på rettane som er nedfelte i kvinnekonvensjonen. Rettane i konvensjonen er for ein stor del utforma som korresponderande handlingsplikter for statane, ved at statane til dømes skal «treffe alle egnete tiltak» for å avskaffe diskriminering av kvinner. Som ei motsetning til denne typen plikter står artikkel 9 og 15, som pålegg staten å sikre kvinner same rettar som menn på visse område, og som dermed ber meir preg av å vere rettsleg prøvbare rettar. Det vil vere opp til komiteen sjølv å avgjere i kva grad han ynskjer å prøve måten som staten gjennomfører dei einskilde føresegnene i konvensjonen på.

Ein må gå ut frå at ikkje berre diskriminering ved aktive tiltak, men òg passivitet frå staten si side vil kunne utgjere eit brot på rettane i konvensjonen.

Med omsyn til spørsmålet om kva stat klaga skal rettast mot, følgjer svaret på dette direkte av ordlyden. Klaga skal rettast mot den staten som har gjort det påståtte brotet på rettane i konvensjonen.