St.prp. nr. 48 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i det femte likestillingsprogrammet til EU (2001-2005)

Til innhaldsliste

2 Likestillingsprogramma til EU

Likestilling er nedfelt i artikkel 119 i Roma-traktaten om lik løn for kvinner og menn for likt arbeid. På dette grunnlaget er eit likestillingsregelverk bygd opp frå og med 1970-talet. Før Amsterdam-traktaten tok til å gjelde i 1999, var likevel utviklinga av regelverket avgrensa til arbeidslivet og tilhøyrande område. Med sikte på å gå lenger enn denne avgrensinga, og å utvikle positive særtiltak for å fremje utøvinga av like rettar, har EU gjennom 1980- og 1990-åra gjennomført fire handlingsprogram for å fremje like høve for kvinner og menn. Noreg har teke del i det fjerde likestillingsprogrammet (1996-2000). Programmet har m.a. gjeve støtte til transnasjonale samarbeidsprosjekt for å utvikle modellar og metodar for integrering av kjønnsperspektiv og likestilling på alle politikkområde, mobilisere alle sosiale og økonomiske aktørar for likestilling, fremje likestilling i ein økonomisk omstillingsprosess, harmonisere arbeidsliv og familie, arbeide for lik deltaking av begge kjønn i avgjerdsprosessen og utvikle informasjon og statistikk på likestillingsområdet. Det har vore gjeve ut årsrapportar om likestilling og gjennomført komparative utgreiingar om aktuelle tema. To ekspertgrupper har vore i aktivitet med fokus høvesvis på sysselsetjing og lovgjeving, og det er gjeve støtte til formidling av resultat. Noreg har teke del i alle desse aktivitetane. Det er m.a. gjeve støtte under programmet til to transnasjonale prosjekt som Noreg har leidd, til fremjing av likestilling for innvandrarkvinner og for kvinnelege etablerarar. Noreg har òg fått fullfinansiert ein konferanse som vart gjennomførd i april 2000, til spreiing av resultat under likestillingsprogrammet.