St.prp. nr. 48 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i det femte likestillingsprogrammet til EU (2001-2005)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Programmet har eit budsjettoverslag på 50 mill. euro over femårsperioden. Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere at Noreg pliktar seg til å støtte programmet økonomisk gjennom programperioden.

Dei operative programkostnadene er rekna ut i samsvar med BNP i kvar einskild stat. Dette gjer det vanskeleg å seie på førehand nøyaktig kor stor summen vil vere frå år til år. Med utgangspunkt i budsjettoverslaget på 50 mill. euro vil Noreg sin del over femårsperioden kome på om lag NOK 7 086 630, eller ein gjennomsnittleg kostnad per år på om lag NOK 1 417 326. Utgiftene vil verte dekte over budsjettet til Barne- og familiedepartementet, kap 846 post 22.

Deltakinga i programmet gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendringar.