St.prp. nr. 48 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i det femte likestillingsprogrammet til EU (2001-2005)

Til innhaldsliste

4 Konstitusjonelle tilhøve

Ettersom den norske deltakinga vil verte finansiert over eit tidsrom på fem år, må Stortinget gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova. Island og Liechtenstein har ikkje tilsvarande trong for slike prosedyrar i denne saka. Ei avgjerd i EØS-komiten kan ikkje ta til å gjelde for EFTA/EØS-statane før alle dei naudsynte meldingane om at konstistusjonelle prosedyrar er avslutta, er mottekne.

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda og gjere det mogleg for EFTA/EØS-statane å ta del i programmet så tidleg som råd, gjer Regjeringa framlegg om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda er teken i EØS-komiteen, som eit samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Då vil det ikkje vere naudsynt å ta noko atterhald for konstitusjonelle prosedyrar ved vedtakinga. Det er ikkje venta at utkastet til avgjerd i EØS-komiteen vil verte endra. Dersom den endelege avgjerda skil seg vesentleg frå det utkastet som vert lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.