St.prp. nr. 49 (2008-2009)

Noregs deltaking i europeiske romfartsprogram

Til innhaldsliste

2 Romverksemd

Den geografiske plasseringa, topografien og dei store havområda gjer at Noreg har særleg nytte av rombasert infrastruktur innanfor dei fleste samfunnsområda. Deltakinga i programma til ESA gir samfunnsgevinstar i form av mellom anna arbeidsplassar, teknologiutvikling, forsking, miljø- og suverenitetsovervaking, fiskeriforvaltning, navigasjon, vêrvarsling, redningsteneste og sjøtryggleik.

Noreg har tradisjonar med romverksemd heilt attende til 60-talet med rakettoppskytingar frå Andøya. I løpet av 70-talet utvikla norsk industri ein verdsleiande posisjon innanfor telekommunikasjon, og på slutten av 90-talet blei Svalbard Satellittstasjon etablert som den leiande bakkestasjonen for å lese ned data frå meteorologi- og miljøsatellittar i polare banar. I 2008 blei nedlesingsstasjonen TrollSat opna ved Troll i Antarktis. Stasjonen gir fleire moglegheiter til å lese ned frå satellittar. I 2008 starta bygginga av den første nasjonale satellitten for automatisk skipsidentifikasjon (AIS) i Noreg. AIS via satellitt gir ei monaleg større rekkjevidd enn det bakkebaserte systemet som finst i dag. Dette er spesielt viktig i nordområda, der tøft klima, store avstandar og sårbart miljø stiller nye krav til overvaking.

Gjennom norsk romverksemd får vi kostnadseffektive løysingar som dekkjer offentlege, kommersielle og private brukarbehov. Satsinga på romverksemd er eit aktivt grep for å utvikle arbeids- og næringsliv i framtida. Romverksemda utviklar spissteknologi som legg eit grunnlag for Noreg som ein innovativ og kunnskapsbasert økonomi.