St.prp. nr. 49 (2008-2009)

Noregs deltaking i europeiske romfartsprogram

Til innhaldsliste

6 Kontingent i ESA

Utgiftene til administrasjons- og vitskapsprogrammet til ESA blir dekte gjennom obligatorisk innbetaling av kontingent frå medlemslanda. I ESA-konvensjonen som Noreg slutta seg til i 1987, blir det fastslege at medlemslanda skal betale kontingent etter ein skala som blir vedteken med to tredjedelar fleirtal. Skalaen bygger på den gjennomsnittlege netto nasjonalinntekta (NNI) til medlemslanda for dei siste tre åra. Kontingenten blir betalt i euro.

I perioden 2005-2008 har Noreg betalt kontingent til ESA på 2,06 prosent av totalbudsjettet. Den norske delen er sett til 2,24 prosent av totalbudsjettet for dei neste tre åra. Årsaken til auka er at den økonomiske utviklinga i Noreg har vore god samanlikna med fleire europeiske land dei siste åra. For å kompensere for prisauka vart driftsbudsjettet justert med 2,5 prosent i året.

Medlemslanda blei einige om å justere rammene for vitskapsprogrammet. Budsjettet skal justerast nominelt med 3,5 prosent i året. Norske verksemder skal ha utviklingsoppdrag som svarer til dei norske bidraga til vitskapsprogrammet.

I St.prp. nr. 1 (2008-2009) blei det tatt omsyn til ein forventa auke av den norske kontingenten. Valutakursjusteringar kan føre til justering av kontingenten for 2009.