St.prp. nr. 49 (2008-2009)

Noregs deltaking i europeiske romfartsprogram

Til innhaldsliste

4 Romverksemd og samfunnsnytte

Dei statlege løyvingane til romverksemda har stor nytteverdi innanfor fleire samfunnssektorar. Utnytting av rommet er heilt avgjerande for ei forsvarleg og effektiv drift av samfunnet. Kjenneteikn ved romverksemda er at teknologiutvikling, brukarinteresser og strategiske omsyn er ein del av nær sagt alle prosjekt, og at ringverknadene av verksemda ofte viser seg på fleire område både innanfor og utanfor romverksemda. Nærings- og handelsdepartementet har særleg fokusert på industriutvikling. Det har lege til grunn sidan oppstarten på 1960-talet.

Industriinteresser og teknologi

ESA-programma gir norsk industri oppdrag der bedriftene kan utvikle spissteknologi. Som fylgje av regelen om garantert industriretur får norsk industri utviklingsoppdrag i ESA krone for krone (administrasjonskostnader er trekt frå).

Romverksemda får omfattande ringverknader for høgteknologisk industri. Som eit ledd i den kontinuerlege evalueringa av det norske ESA-bidraget, gjer Norsk Romsenter kvart år ei omfattande undersøking blant verksemdene som får ESA-kontraktar. Undersøkingane viser blant anna at kvar krone Noreg går inn med i ESA, utløyser nye industrikontraktar på 4,6 kroner på den kommersielle marknaden. Romindustrien omsette for 5,4 mrd. kroner i 2007 og hadde ein eksportdel på over 70 prosent.

Dei norskproduserte, romrelaterte varene og tenestene er for det meste svært avanserte teknologiprodukt. Noreg har mellom anna verdsleiande industri innanfor mobil satellittkommunikasjon. Denne industrien dreg aktivt nytte av ESA-innsatsen. Målsetjinga er å nytte ESA til å utvikle navigasjonsindustrien i den same retninga.

I mange tilfelle har teknologi som opphavleg har blitt utvikla for romfartsformål, blitt brukt til heilt andre samfunnsnyttige formål. Romteknologi har også gitt materiale med nye og betre eigenskapar.

Norske verksemder bruker erfaringar frå rommet på fleire område, frå medisinsk avbilding til logistikksystem i verksemder til havs. Dette er døme på at spissteknologi som blir utvikla i romverksemda, har positive ringverknader på andre samfunnsområde.

Brukarinteresser

Noreg har eit stort territorium og spreidd busetnad. Det krev effektive infrastrukturløysingar for kommunikasjon, navigasjon og informasjonsinnhenting. Satellittbaserte løysingar er ofte meir kostnadseffektive og inneheld fleire moglegheiter enn bakkebaserte alternativ.

Eksempel på bruksområda til satellittane er miljøovervaking, ressursforvaltning, suverenitetshevding, vêrvarsling, navigasjon, kringkasting, telekommunikasjon og naudvarsling. Deltaking i ESA-programma gir ikkje berre Noreg tilgang til informasjonen som satellittane samlar inn, men også høve til å påverke val av prosjekt, og dermed kva data som skal målast. På grunn av at Noreg har låg folketettleik, stort areal og ligg langt mot nord, er vi eitt av dei landa som har størst bruksnytte av satellittar.

Noreg satsar på å utvikle tenester som tilfredsstiller dei spesielle behova vi har som maritim nasjon og forvaltar av store land- og havområde. Ei effektiv overvaking av nordområda, med tanke på både ressursforvaltning, miljøovervaking og suverenitetshevding, avheng av informasjon frå jordobservasjonssatellittar (for eksempel satellittbilete). Dette gjeld mellom anna kontroll og overvaking av fiskeflåten som opererer i dei havområda der Noreg har forvaltaransvar.

Jordobservasjonsdata er avgjerande for å få innsikt i korleis jorda som system fungerer, og for å etablere samfunnsviktige tenester. Dei fleste jordobservasjonssatellittane går i bane over polane. Sidan satellittane ofte passerer over norsk territorium, gir den nordlege plasseringa vår eit unikt utgangspunkt for kostnadseffektiv nedlesing av data. I tillegg til bakkestasjonen på Svalbard er det bygd ein nedlesingsstasjon på Troll i Antarktis. Stasjonen har opna for å lese ned data frå satellittar i polare banar som går over begge polområda. Dette er nytta til kommersiell tenesteyting.

Vêrvarslinga har også hatt ei omfattande utvikling sidan ein fekk tilgang på satellittbilete. ESA og Den europeiske mellomstatlege meteorologisatellittorganisasjonen EUMETSAT har utvikla ein ny generasjon meteorologisatellittar som gir sikrare data om vêr- og klimaendringar. Satellittane har spesiell nytte for vêrvarsling i norske interesseområde.

Ei aktiv deltaking i satellittnavigasjonsprogrammet Galileo vil føre til større tryggleik og effektivitet innanfor transportsektoren, og vil gi nye moglegheiter innan sektorar som krev høg presisjon innanfor stad- og tidfesting. Som deltakar i dette programmet vil Noreg arbeide for at systemet skal levere viktige navigasjonstenester over heile landet. Galileo er eit samarbeidsprosjekt mellom EU og ESA. Deltakinga i utviklingsfasen av Galileo går fram til 2010 og har gitt norsk industri omfattande utviklingsoppdrag.

Frå byrjinga av 1980-talet har Noreg delteke i eit internasjonalt program der satellittar blir brukte for å overvake naudfrekvensane for redningstenesta, det såkalla COSPAS/SARSAT-programmet. Sidan Noreg har ansvar for livredding på store havområde utanfor norskekysten, er satellittbasert naudvarsling eit sentralt hjelpemiddel. Når Galileo er operativt, vil systemet tilby søk- og redningstenester med betre dekning i nordområda og raskare formidling av naudsignal.

Forskingsinteresser

Vitskapsprogrammet til ESA utviklar mellom anna sonder som utforskar verdsrommet. Den norske deltakinga i ESA sikrar at norske forskingsmiljø kan delta i prosjekt der dei har spesielle interesser og spesiell kompetanse, til dømes innanfor solforsking og utforsking av det nære verdsrommet. Deltaking i utviklinga og drifta av den internasjonale romstasjonen (ISS) sikrar at norske eksperiment kan gjennomførast på ISS. Det gjeld planteforsøk, materialteknologi og utforsking av den øvre atmosfæren.

Det norske fokuset og dei norske behova innanfor polar-, miljø- og havforsking blir støtta gjennom deltaking i jordobservasjonsprogramma til ESA. Dei norske polarområda er unike og svært verdifulle i forskingssamanheng. Forskarar frå heile verda nytter data frå polarområda. I tillegg er det stor interesse for atmosfæriske fenomen som nordlys. På dette området har norske forskarar lenge vore mellom dei fremste i verda. Moderne nordlysforsking er heilt avhengig av instrument som blir skotne opp frå Andøya og Ny-Ålesund. Ein internasjonal samarbeidsavtale sikrar at eit stort forskarmiljø har tilgang på dei norske fasilitetane.

Distriktsinteresser

Noreg har ein geografisk føremon når det gjeld nedlesing av satellittdata og oppskyting av rakettar og ballongar som studerer nordlyset. Noreg har etablert satellittstasjonar i Longyearbyen og i Tromsø og rakettskytefelt på Andøya og i Ny-Ålesund. Romverksemda fører til attraktive, høgteknologiske arbeidsplassar i distrikta. Samtidig er bruken av satellittbaserte tenester spesielt nødvendig for verksemd i distrikta og nordområda.

I oktober 2008 blei sensorstasjonen på Jan Mayen opna. Stasjonen har ført til at GPS-dekkinga og tryggleiken i nord har blitt betre. I åra som kjem, vil norsk romfartspolitikk gi viktige tilskot til nordområdesatsinga til regjeringa.