St.prp. nr. 49 (2008-2009)

Noregs deltaking i europeiske romfartsprogram

Til innhaldsliste

7 Deltaking i ESA-programma

Dei siste ti åra har det vore ei sterk utbygging av romverksemda. På kort tid har romverksemda blitt ein umisteleg del av infrastrukturen i samfunnet. Noreg er avhengig av internasjonalt samarbeid for å utvikle rombasert infrastruktur. Det oppnår vi gjennom å delta i internasjonale organisasjonar som ESA. For at Noreg skal vere ein interessant samarbeidspartnar, er vi avhengige av nasjonal kompetanse og industriell basis. Midlane over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet bidreg sterkt til dette.

I hovudsak blir programma til ESA finansierte av medlemslanda. Medlemslanda vedtek vanlegvis nye program i samband med ministerrådsmøta. Programma går normalt over 3 til 15 år. Løyvingane frå medlemslanda er i utgangspunktet fastsette i tråd med NNI-andelen til landet, men regelverket opnar for eit deltakarnivå over NNI eller ned til ¼ NNI. I kvart program skal norske aktørar få utviklingsoppdrag som svarer til den norske løyvinga.

I St.prp. nr. 1 (2008-2009) i kapittel 922 Romvirksomhet blei det informert om at vedtaka på ministerrådsmøtet i ESA ville kunne føre til endringar i løyvingane til ESA-programma. Nærare omtale av programma som Noreg vil delta i, står i kapittel 8. Under ministerrådsmøtet i Haag deklarerte Noreg nye forpliktingar på 89,9 millionar euro med utbetalingar fram til 2020. Det blei teke atterhald om at Stortinget samtykte. Løyvingsbehovet som følgje av framdrifta i dei ulike programma blir lagt fram for Stortinget i dei årlege budsjettproposisjonane i tråd med gjeldande praksis.