St.prp. nr. 49 (2008-2009)

Noregs deltaking i europeiske romfartsprogram

Til innhaldsliste

3 Norsk Romsenter

Norsk Romsenter blei oppretta i 1987 som ei stifting under Industridepartementet. Det skjedde samstundes med at Noreg blei medlem av ESA. Romsenteret forvaltar den norske medlemskapen i ESA og følgjer opp andre saker i høve til nasjonal og internasjonal romverksemd.

I 2004 blei Norsk Romsenter omdanna frå ei stifting til eit statleg forvaltningsorgan under Nærings- og handelsdepartementet. Hovudmålet til Norsk Romsenter er å medverke til at romverksemda skal gi vesentleg og kontinuerleg hjelp til verdiskaping, innovasjon, kunnskapsutvikling, miljø- og samfunnstryggleik.

Norske rombedrifter er blitt verdsleiande på områda med hjelp av dei offentlege løyvingane til romverksemd. Det syner at langsiktig offentleg innsats er sentral i utviklinga av romindustrien. Den industrielle dimensjonen er teken inn i hovudmålet til Norsk Romsenter ved at romverksemda skal medverke til større verdiskaping og vere ei innovasjonskjelde.

Norsk Romsenter har eit omfattande samarbeid med undervisningssektoren. Det er eit satsingsområde. Norsk Romsenter har også ansvar for å drive informasjonsarbeid om romverksemda. Romverksemda medverkar til å gjere dei unge merksame på og interesserte i realfag.