St.prp. nr. 51 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av vedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004 om endring av vedtak nr. 1999/847/EF med omsyn til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing

Til innhaldsliste

2 Rådsvedtak av 20. desember 2004 om endring av vedtak 1999/847/EF med omsyn til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing (2005/12/EF)

RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR –

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 308,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Europaparlamentet( 1) og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Ved rådsvedtak av 9. desember 1999 om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram for katastrofevernebuing( 2) vart det innført eit fellesskapstiltak med sikte på førebygging, førebuing og hjelpeaksjonar i samband med naturkatastrofar og menneskeskapte katastrofar både på land og på havet for tidsrommet 1. januar 2000–31. desember 2004.

  2. Hendingar i den seinaste tida, som t.d. flaumane i Sentral- og Aust-Europa sommaren 2002, ulukka med Prestige i Spania i november 2002 og varmebølgja og dei omfattande skogbrannane i Sør-Europa sommaren 2003, viser at tiltaket som vart innført på fellesskapsplan på området katastrofevernebuing i medhald av vedtak 1999/847/EF, bør halde fram.

  3. For å unngå avbrot mellom tidspunktet då vedtak 1999/847/EF går ut og tidspunktet då eit nytt rettsleg grunnlag kan nyttast, er det naudsynt å lengje det handlingsprogrammet som vart skipa ved vedtak 1999/847/EF, i eit tidsrom på to år.

  4. Vedtak 1999/847/EF bør difor endrast –

GJORT DETTE VEDTAKET:

Artikkel 1

I vedtak 1999/847/EF vert det gjort følgjande endringar:

  1. I artikkel 1 nr. 1 vert «1. desember 2004» bytt ut med «31. desember 2006».

  2. I artikkel 2 nr. 3 skal første leddet lyde:

    • «Den finansielle referansesummen for gjennomføringa av programmet er 7,5 millionar euro for tidsrommet 1. januar 2000–31. desember 2004, og 4,0 millionar euro for tidsrommet 1. januar 2005–31. desember 2006.»

Artikkel 2

Dette vedtaket er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 20. desember 2004.

For Rådet

P. VAN GEEL

Formann

Fotnotar

1.

Fråsegn gjeven 15. desember 2004 (enno ikkje offentleggjord i EUT).

2.

TEF L 327 av 21.12.1999, s. 53.