St.prp. nr. 51 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av vedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004 om endring av vedtak nr. 1999/847/EF med omsyn til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Den finansielle ramma for denne toårige lenginga av programmet er på 4 millionar euro, dvs. gjennomsnittleg 2 millionar euro per år. Det er lagt opp til at EØS-EFTA-statane sitt bidrag vil utgjere 2,11 prosent av det totale budsjettet. Dette vil seie at tilskotet frå EØS-EFTA-statane vil vere på om lag 84 400 euro over to år. Med ein eurokurs på 8,5 vil dette utgjere om lag 717 400 kroner over to år. Noreg sin del (95 prosent av tilskotet frå EØS-EFTA-statene) følgjer av den vanlege fordelingsnøkkelen i EØS-avtala og vil vere på om lag 681 530 kroner, dvs. om lag 340 765 kroner per år.

Tilskotet frå Noreg vil verte finansiert over budsjettet til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap innanfor eksisterande budsjettrammer (budsjettpost 1, kapittel 451).

Deltakinga i programmet får ingen nemnande administrative konsekvensar, og krev heller ikkje endringar i lover eller forskrifter.