St.prp. nr. 51 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av vedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004 om endring av vedtak nr. 1999/847/EF med omsyn til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing

Til innhaldsliste

2 Nærmare om programmet

Sidan 1985 har samarbeidet i EU om katastrofevernebuing utvikla seg frå å vere eit tema på ministerrådsmøte til eit eige handlingsprogram for katastrofevernebuing, der også EØS-EFTA-statane tek del. Prosjekt, øvingar, utveksling av sakkunnige og gjennomføring av konferansar er aktivitetar som er vortne sette i verk. Responsen på aktivitetane har vore positiv, både frå medlemsstatane og Kommisjonen si side.

Føremålet med handlingsprogrammet er å styrkje det europeiske samarbeidet innanfor katastrofevernebuing ved å støtte opp om og utfylle verksemda til lokale, regionale og nasjonale styresmakter. Målgruppa er institusjonar med ansvar for katastrofevernebuing. Det vert lagt vekt på følgjande hovudområde:

  • å støtte arbeidet til medlemsstatane for å redusere risiko og skade på menneske, miljø og eigedom i tilfelle av naturkatastrofar eller teknologiske katastrofar,

  • å støtte tiltak som aukar kata­­strofe­verne­buingsnivået blant medlems­statane, slik at dei har betre evne og høve til å respondere i ein krisesituasjon,

  • å betre metodane og teknikkane for handtering av kriser,

  • å støtte opp om offentleg informasjon, utdanning og medvitsaukande tiltak, slik at innbyggjarane i EU-området meir effektivt kan verne seg sjølve.

I samband med programmet har det vorte utarbeidd ein treårig rullerande plan for konkrete prosjekt. Eit styringsutval vedtek planen og reviderer han årleg på bakgrunn av framlegg frå deltakarstatane. I styringsutvalet er det frå norsk side representasjon frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Noreg har ikkje stemmerett i utvalet. Dei same styringsprinsippa vil liggje til grunn for lenginga av programmet.

Prosjekta vert i stor grad samordna under hovudprosjekt på følgjande område: utveksling av sakkunnige, førebygging og handtering av kriser, og informasjon til publikum. Kvart hovudprosjekt vert leidd av éin stat, med støtte frå to eller tre andre statar.

Kommisjonen finansierer store delar av prosjekta og i hovudsak deltakinga til sakkunnige frå andre statar. Dette prinsippet vart innført ved handlingsprogrammet for 1998–1999, vidareført til det femårige programmet og vil også gjelde for lenginga av programmet i 2005–2006. Til no har dette prinsippet ført til at fleire norske fagstyresmakter har teke del i aktivitetar som seminar og øvingar, i tillegg til å hjelpe andre EØS-EFTA-statar med å organisere prosjekt.