St.prp. nr. 51 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av vedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004 om endring av vedtak nr. 1999/847/EF med omsyn til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. […] av […] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR –

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr … / … av … ( 1).

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte rådsvedtak 2005/12/EF av 20. desember 2004 om endring av vedtak 1999/847/EF med omsyn til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing( 2).

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2005 –

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 10 nr. 8 bokstav b) i avtala vert følgjande lagt til:

«, endret ved

  • 32005 D 0012: Rådsvedtak 2005/12/EF av 20. desember 2004 (EUT L 6 av 8.1.2005, s. 7).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala( 3).

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2005.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, […]

For EØS-komiteen

Formann

[…]

Sekretærar for EØS-komiteen

[…]

Fotnotar

1.

TEU L …

2.

TEU L 6 av 8.1.2005, s. 7.

3.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.] [Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.]