St.prp. nr. 51 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av vedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004 om endring av vedtak nr. 1999/847/EF med omsyn til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Samarbeidet innanfor handlingsprogrammet skapar ein viktig arena for utveksling av sakkunnige, røynsler og informasjon om katastrofevernebuing på tvers av landegrensene. Ut frå varierande føresetnader vil ulike statar ha røynsler rundt særskilte krisescenario som er av interesse for andre statar. For Noreg er det til dømes av interesse at fleire land i Europa har handtert flaum dei siste åra, og at Danmark og Nederland har hatt røynsler med større eksplosjonar og brannar i samband med oppbevaring av fyrverkeri. Gjennom prosjekt kan sakkunnige på alle nivå ta del i internasjonalt samarbeid innanfor fagfelta sine.

Gjennom å halde fram med norsk deltaking i programmet vil ein betre kunne halde ved lag dei samarbeidsmønstra som er skipa for informasjonsutveksling, og dessutan ha eit godt høve til å skape nye. Deltaking i programmet inneber vidare at relevante fagmiljø i Noreg får høve til å utarbeide kompetansehevande aktivitetar i regi av programmet.

Målet i programmet om å medverke til å redusere risiko og skade for menneske, miljø og eigedom både på lokalt, regionalt og sentralt plan, er i tråd med dei satsingsområda for den norske katastrofevernebuinga som vart lagde fram i St.meld. nr. 39 (2003–2004) og St.meld. 17 (2001–2002). Her går det mellom anna fram at dei internasjonale sidene ved samfunnstryggleiken skal verte prioriterte i tida framover. Deltaking i fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing vil såleis vere i tråd med norske interesser og ha grunnlag i nasjonale prioriteringar. Justisdepartementet tilrår difor at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av vedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004 om endring av vedtak nr. 1999/847/EF med omsyn til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing.