St.prp. nr. 51 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av vedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004 om endring av vedtak nr. 1999/847/EF med omsyn til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing

Til innhaldsliste

4 Avgjerd i EØS-komiteen

Med sikte på deltakinga til EØS-EFTA-statane i lenginga av EU sitt program for katastrofevernebuing vil avgjerda i EØS-komiteen innehalde ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at protokoll 31 får ei tilføying om at samarbeidet vert utvida til òg å omfatte rådsvedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004.

Artikkel 2 føreset at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.