St.prp. nr. 7 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet «Intelligent energi for Europa» (2003-2006)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003 av 26. juni 2003 om vedtaking av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet: «Intelligent energi for Europa» (2003-2006)

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 175 nr. 1,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1

,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 2

,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 3

,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 4

, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. I tillegg til dei fornybare energikjeldene omfattar naturressursane - som etter artikkel 174 i traktaten skal utnyttast på ein varsam og fornuftig måte - olje, naturgass og fast brensel, som er særs viktige energikjelder, men òg dei viktigaste kjeldene til utslepp av karbondioksid. Det å fremje tiltak på internasjonalt plan for å løyse regionale eller verdsomfattande miljøproblem er eit av hovudmåla med den nemnde artikkelen.

  2. I kommisjonsmeldinga «Eit berekraftig Europa for ei betre verd: Ein strategi for berekraftig utvikling i Den europeiske unionen», som vart lagd fram under møtet til Det europeiske rådet i Gøteborg 15.-16. juni 2001, vert utslepp av klimagassar og ureining som følgje av transport nemnde blant dei viktigaste hindringane for ei berekraftig utvikling. For å overvinne desse hindringane må det vedtakast nye fellesskapspolitiske metodar og tiltak som inneber større medverknad frå borgarane og føretaka, slik at forbruks- og investeringsmønstra kan endrast.

  3. Under møtet sitt i Gøteborg vedtok Det europeiske rådet ein strategi for berekraftig utvikling, og la ein miljødimensjon til Lisboa-prosessen for sysselsetjing, økonomisk reform og sosial utjamning.

  4. Tiltak i samband med energieffektivitet og fornybare energikjelder utgjer viktige element i dei tiltaksområda som er naudsynte for å stette føresegnene i Kyoto-protokollen, slik det er fastsett i Det europeiske klimaendringsprogrammet (ECCP). Fysiske endringar som er observerte over heile Europa og i andre delar av verda, syner tydeleg kor viktig det er å setje i verk tiltak straks.

  5. I grønboka «På veg mot ein europeisk strategi for ein sikker energitilførsel» vert det slått fast at Den europeiske unionen vert stadig meir avhengig av eksterne energikjelder, og at om 20-30 år vil desse kunne utgjere 70 % av forbruket (jamført med 50 % i dag), og det vert difor streka under kor naudsynt det er å vege politikken når det gjeld tilbod, opp mot klare politiske tiltak når det gjeld etterspørsel, og det vert etterlyst ei reell betring i åtferda til forbrukarane med sikte på å rette etterspørselen i retning av betre styring og meir effektivt og miljøvenleg forbruk, særleg innanfor transport- og byggjesektorane, og å prioritere utviklinga på tilbodssida i retning av nye og fornybare energikjelder, for såleis å motverke den globale oppvarminga.

  6. I resolusjonen sin om grønboka «På veg mot ein europeisk strategi for ein sikker energitilførsel» 5

    slo Europaparlamentet fast at energieffektivitet og energisparing skal ha førsteprioritet. Europaparlamentet oppmoda om fremjing av ein «intelligent» strategi for energibruk som skal gjere Europa til den mest energieffektive økonomien i verda.

  7. I kommisjonsmeldinga om ein handlingsplan for å betre energieffektiveten i Det europeiske fellesskapet er det fastsett at energieffektiviteten skal betrast med 1 % per år, jamført med talet 0,6 %, som svarar til den årlege betringa som er målt gjennom dei siste ti åra. Dersom dette målet vert nådd, kan to tredelar av energisparingspotensialet, som er rekna til 18 % av det samla forbruket, verkeleggjerast innan 2010. Handlingsplanen gjer framlegg om lovgjevingsmessige tiltak og støttetiltak. Gjennomføringa av handlingsplanen krev òg at det vert skipa effektive overvakings- og oppfølgingsordningar.

  8. I meldinga «Energi for framtida: fornybare energikjelder - kvitbok for ein fellesskapsstrategi og -handlingsplan» tilrår Kommisjonen som eit rettleiande mål at innan 2010 bør 12 % av det interne bruttoforbruket av energi i Fellesskapet kome frå fornybare energikjelder. I rådsresolusjonen av 8. juni 1998 om fornybare energikjelder 6

    og i europaparlamentsresolusjonen om kvitboka vart det streka under at det trengst ein monaleg og varig auke i Fellesskapet når det gjeld utnytting av fornybare energikjelder, og strategien og handlingsplanen som Kommisjonen har lagt fram, vart fullt ut godkjende, medrekna styrkinga av program til støtte for fornybare energikjelder. Handlingsplanen inneheld tiltak til fremjing og utvikling av fornybare energikjelder. I kommisjonsmeldinga om gjennomføring av fellesskapsstrategien og fellesskapshandlingsplanen for fornybare energikjelder (1998-2000) vert det peikt på kva framsteg som er gjorde, men det vert òg streka under at det er naudsynt med ein ytterlegare innsats på fellesskapsplan og på nasjonalt plan for å nå desse måla, særleg i form av nytt regelverk om fornybare energikjelder og om fremjing av slike energikjelder.

  9. Etter europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/77/EF av 27. september 2001 om fremjing av elektrisitet produsert frå fornybare energikjelder i den indre elektrisitetsmarknaden 7

    skal medlemsstatane fastsetje nasjonale rettleiande mål som er i samsvar med det overordna rettleiande målet til Fellesskapet på 12 % av det interne bruttoforbruket av energi innan 2010, og særleg med det rettleiande målet om at innan 2010 skal elektrisiteten frå fornybare energikjelder utgjere 22,1 % av det samla elektrisitetsforbruket i Fellesskapet.

  10. I resolusjonen om bruk av fornybare energikjelder i ACP-statane 8

    , som vart vedteken 1. november 2001 av Den paritetiske parlamentariske forsamlinga ACP-EU, vert Kommisjonen oppmoda om å ta inn berekraftig energiforsyning, særleg i form av energieffektivitet og bruk av fornybare energikjelder, som eit prioritert tiltaksområde i den nye strategien for utviklingspolitikken.

  11. I den endelege gjennomføringsplanen frå verdstoppmøtet om berekraftig utvikling, som vart vedteken 2. september 2002, pliktar signatarstatane, medrekna EU, seg til å leggje vinn på:

    • å auke monaleg den samla delen av fornybare energikjelder i energisamansetnaden,

    • å skape like gode vilkår for fornybare energikjelder som for andre energikjelder,

    • å fremje forsking og utvikling innanfor fornybare energikjelder, energieffektivitet og reinare konvensjonell brenselteknologi, og

    • å skaffe utviklingslanda finansielle ressursar til å utvikle sakkunnskap på energiområdet, m.a. når det gjeld fornybare energikjelder, energieffektivitet og reinare konvensjonell brenselteknologi, med sikte på ei berekraftig utvikling.

  12. Partnarskapsinitiativet «Energiinitativ for utrydding av fattigdom og for ei berekraftig utvikling», som vart sett i verk av Den europeiske unionen 1. september 2002, byggjer på betre energieffektivitet og auka bruk av fornybare energikjelder, og fleire utviklingsland og regionale organisasjonar har, saman med organisasjonar i den private sektoren og i det sivile samfunnet, alt slutta seg til dette initiativet, som er fastlagt i kommisjonsmeldinga om energisamarbeid med utviklingslanda.

  13. Ettersom mange fellesskapstiltak om energieffektivitet, særleg når det gjeld merking av elektrisk og elektronisk utstyr og kontor- og kommunikasjonsutstyr og standardisering av lysgjevings- og oppvarmingsutstyr og klimaanlegg, ikkje er bindande for medlemsstatane, er det naudsynt med særskilde program på fellesskapsplan for å skape betre vilkår for utvikling av berekraftige energisystem.

  14. Dette gjeld likeins for fellesskapstiltak som tek sikte på at fornybare energikjelder skal få ein større del av marknaden, særleg når det gjeld standardisering av utstyr som produserer eller nyttar fornybare energikjelder.

  15. Følgjande vedtak slutta å gjelde 31. desember 2002: rådsvedtak 1999/21/EF, Euratom av 14. desember 1999 om vedtakelse av et flerårig rammeprogram for tiltak i energisektoren (1998-2002) og tilknyttede tiltak 9

    , vedtaka om særprogramma, dvs. rådsvedtak 1999/22/EF av 14. desember 1998 om et flerårig program for studier, analyser, prognoser og annet tilknyttet arbeid i energisektoren (1998-2002) 10

    (ETAP-programmet), rådsvedtak 1999/23/EF av 14. desember 1998 om vedtaking av eit fleirårig rammeprogram for å fremje internasjonalt samarbeid i energisektoren (1998-2002) 11

    (SYNERGY-programmet), rådsvedtak 1999/24/EF, Euratom av 14. desember 1998 om vedtaking av eit fleirårig program for tekniske tiltak for å fremje ein rein og effektiv bruk av fast brensel (1998-2002) 12

    (CARNOT-programmet), rådsvedtak 1999/25/Euratom av 14. desember 1999 om vedtaking av eit fleirårig program (1998-2002) for tiltak innanfor kjernekraftsektoren i samband med trygg transport av radioaktivt materiale og med tryggleikskontroll og industrisamarbeid for å fremje visse sider ved tryggleiken i atomanlegg i statar som for tida tek del i TACIS-programmet 13

    (SURE-programmet), europaparlaments- og rådsvedtak nr. 646/2000/EF av 28. februar 2000 om vedtakelse av et flerårig program for å fremme fornybare energikilder i Fellesskapet (ALTENER) (1998-2002) 14

    og europaparlaments- og rådsvedtak nr. 647/2000/EF av 28. februar 2000 om vedtakelse av et flerårig program for å fremme energieffektivitet (SAVE) (1998-2002) 15

    .

  16. I samsvar med artikkel 5 nr. 2 i vedtak 1999/21/EF, Euratom har Kommisjonen late uavhengige sakkunnige gjere ei ekstern vurdering av det førnemnde rammeprogrammet og av særprogramma. I rapporten sin slår dei sakkunnige fast at særleg ALTENER-, SAVE-, SYNERGY- og ETAP-programma spelar ei viktig rolle i gjennomføringa av energistrategien og fellesskapsstrategien for ei berekraftig utvikling. Dei slår vidare fast at desse programma ikkje har fått dei midlane som verkeleg trengst, og gjer framlegg om at midlane bør aukast.

  17. Det verkar rimeleg å auke den finansielle referansesummen, slik at programmet «Intelligent energi for Europa» vert endå meir omfattande.

  18. Samstundes som det vert teke omsyn til fellesskapsstrategien for ei berekraftig utvikling og til resultata av vurderingane av rammeprogrammet, bør fellesskapsstøtta styrkjast på dei energiområda som medverkar til ei berekraftig utvikling ved at desse områda vert samla innanfor eit felles program - «Intelligent energi for Europa» - som utgjer fire særskilde område.

  19. Fellesskapsstøtta til fornybare energikjelder innanfor ramma av ALTENER-programmet i tidsrommet 1993-2002 har vore viktig og gjeve gode resultat, og difor bør dette nye programmet innehalde eit særskilt tiltaksområde for fornybare energikjelder, kalla «ALTENER».

  20. Ut frå trongen for å styrkje fellesskapsstøtta til ein fornuftig energibruk, og ut frå dei gode resultata av SAVE-programmet i tidsrommet 1991-2002, bør dette nye programmet innehalde eit særskilt tiltaksområde for energieffektivitet, kalla «SAVE».

  21. Ein betre energibruk innanfor transportsektoren, medrekna bruk av fleire ulike typar brensel, der nye energikjelder som er under utvikling, t.d. hydrogen og fornybare energikjelder, kan spele ei rolle, er særs viktig innanfor fellesskapsinnsatsen for å redusere dei negative verknadene som transportverksemd har på miljøet. Difor bør programmet «Intelligent energi for Europa» innehalde eit særskilt tiltaksområde for dei energimessige sidene ved transportverksemd, kalla «STEER».

  22. Fremjing av dei beste metodane som er utvikla i Fellesskapet med omsyn til fornybare energikjelder og energieffektivitet, og overføring av desse, særleg til utviklingsland, har høg prioritet blant dei internasjonale tiltaka til Fellesskapet, saman med styrking av samarbeidet om bruken av dei fleksible ordningane i Kyoto-protokollen. For å sikre kontinuitet med omsyn til det tidlegare SYNERGY-programmet når det gjeld tiltak på dei førnemnde områda, bør dette nye programmet innehalde eit særskilt tiltaksområde for fremjing av fornybare energikjelder og energieffektivitet, kalla «COOPENER».

  23. Utveksling av sakkunnskap, beste praksis og prosjektresultat, samordning innanfor programmet og med fellesskapspolitikk på andre område, kontinuitet i høve til eksisterande program, stabilitet i reglane for deltaking, tilstrekkelege menneskelege ressursar saman med ei snøgg gjennomføring vil vere avgjerande for om programmet «Intelligent energi for Europa» skal lukkast. I så måte vil nasjonale, regionale eller lokale organisasjonar kunne spele ei nyttig rolle ved å medverke til gjennomføringa av dette programmet ved å setje i verk tilsvarande nasjonale program.

  24. Integrering av likestillingsaspektet er viktig i alle fellesskapsprogram, og noko som det difor bør takast omsyn til innanfor ramma av programmet «Intelligent energi for Europa».

  25. I dette vedtaket er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 33 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 16

    .

  26. Ettersom måla i det framlagde programmet, som gjeld gjennomføringa av fellesskapsstrategien på energiområde som medverkar til ei berekraftig utvikling, ikkje i tilstrekkeleg grad kan nåast av medlemsstatane, då det krevst ein opplysningskampanje og eit nært samarbeid på europeisk plan mellom dei ulike aktørane på nasjonalt, regionalt og lokalt plan, og difor betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje dette vedtaket lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  27. Føresegnene i dette vedtaket gjeld med atterhald for artikkel 87 og 88 i traktaten, og særleg fellesskapsretningslinjene for statsstøtte til miljøvern.

  28. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre dette vedtaket, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 17

    -

GJORT DETTE VEDTAKET:

Artikkel 1

  1. Eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet: «Intelligent energi for Europa», heretter kalla «dette programmet», vert vedteke for tidsrommet 2003-2006.

  2. Dette programmet skal medverke til ei berekraftig utvikling på energiområdet gjennom ein balansert medverknad til verkeleggjeringa av følgjande allmenne mål: sikker energiforsyning, konkurranseevne og miljøvern.

  3. Dette programmet har òg som mål å fremje økonomisk og sosial utjamning og betre klårleik, samanheng og komplementaritet mellom all innsats og andre aktuelle tiltak på energiområdet, slik at det kan skapast eit effektivt samspel mellom desse tiltaka og innsats innanfor ramma av annan politikk i Fellesskapet og i medlemsstatane.

Artikkel 2

Dei særskilde måla med dette programmet er:

  1. å skaffe fram dei elementa som er naudsynte for å fremje energieffektivitet, auka bruk av fornybare energikjelder og bruk av fleire ulike typar energi, t.d. i form av nye energikjelder under utvikling og fornybare energikjelder, òg innanfor transportsektoren, større bereevne, utvikling av potensialet i regionane, særleg i dei mest fjerntliggjande regionane og på øyane, og førebuing av dei lovgjevingsmessige tiltaka som er naudsynte for å nå desse strategiske måla,

  2. å utvikle hjelpemiddel og verktøy som Kommisjonen og medlemsstatane kan nytte for å følgje opp, overvake og vurdere verknadene av dei tiltaka som Fellesskapet og medlemsstatane vedtek på områda energieffektivitet og fornybare energikjelder, medrekna dei energimessige sidene ved transportverksemd,

  3. å fremje verksame og intelligente mønster for energiproduksjon og energiforbruk som byggjer på eit solid og berekraftig grunnlag ved å auke medvitet, særleg gjennom utdanningssystemet, og å fremje utvekslinga av røynsler og sakkunnskap blant dei viktigaste aktørane som det gjeld, blant føretak og blant ålmenta ved å støtte tiltak for å stimulere investeringar i ny teknologi, ved å oppmuntre til spreiing av beste praksis og dei beste tilgjengelege typane teknologi, og ved å fremje dette på internasjonalt plan.

Artikkel 3

  1. Dette programmet er delt inn i følgjande fire særskilde område:

    1. «SAVE», som gjeld betring av energieffektivitet og fornuftig energibruk, særleg innanfor byggje- og industrisektorane, bortsett frå tiltak som høyrer inn under området «STEER», medrekna førebuing og gjennomføring av lovgjevingsmessige tiltak,

    2. «ALTENER», som gjeld fremjing av nye og fornybare energikjelder til sentralisert og desentralisert produksjon av elektrisitet og varme, og integrering av slik energi i lokalmiljøet og i energisystema, bortsett frå tiltak som høyrer inn under området «STEER», medrekna førebuing og gjennomføring av lovgjevingsmessige tiltak,

    3. «STEER», som gjeld støtte til initiativ som gjeld alle energimessige sider ved transportverksemd, bruk av fleire ulike typar brensel, t.d. i form av nye energikjelder under utvikling og fornybare energikjelder, og fremjing av fornybart brensel og energieffektivitet innanfor transportverksemd, medrekna førebuing og gjennomføring av lovgjevingsmessige tiltak,

    4. «COOPENER», som gjeld støtte til initiativ i samband med fremjing av fornybare energikjelder og energieffektivitet i utviklingsland, særleg innanfor ramma av fellesskapssamarbeidet med utviklingsland i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Stillehavsområdet.

  2. Det kan setjast i verk «nøkkeltiltak» som kombinerer fleire av dei førnemnde særskilde områda, og/eller er knytte til visse prioriterte område i Fellesskapet, t.d. berekraftig utvikling i dei mest fjerntliggjande regionane slik det er definert i artikkel 299 nr. 2 i traktaten.

Artikkel 4

  1. For kvart av dei fire særskilde områda og nøkkeltiltaka som er nemnde i artikkel 3, skal det ytast fellesskapsstøtte til tiltak eller prosjekt som har samband med:

    1. fremjing av berekraftig utvikling, trygg energiforsyning på den indre marknaden, konkurranseevne og miljøvern, medrekna utarbeiding av standardar og merkings- og sertifiseringsordningar, langsiktige frivillige avtaler som skal gjerast med industrien og andre interessegrupper, og dessutan framtidsstudiar, strategiske granskingar på grunnlag av felles analysar og jamleg overvaking av marknadsutviklinga og tendensane i energisektoren, òg med sikte på utarbeiding av framtidige lovgjevingsmessige tiltak eller revisjon av eksisterande regelverk,

    2. skiping, utbygging eller omorganisering av strukturar og verkøy for å utvikle berekraftige energisystem, medrekna lokal og regional energiplanlegging og -forvalting, og utvikling av føremålstenlege finansielle produkt og marknadsordningar,

    3. fremjing av berekraftige system og berekraftig utstyr på energiområdet med sikte på at dette kan trengje snøggare gjennom på marknaden, og med sikte på å stimulere investeringar som kan lette overgangen frå demonstrasjonsstadiet til marknadsføringsstadiet når det gjeld meir effektiv teknologi, medrekna spreiing av beste praksis og ny teknologi på tvers av sektorar, haldningskampanjar og skiping av institusjonelle strukturar med sikte på å gjennomføre ordninga for ei rein utvikling og felles gjennomføring innanfor ramma av Kyoto-protokollen,

    4. utvikling av strukturar for informasjon, utdanning og opplæring; utnytting av resultata, fremjing og spreiing av sakkunnskap og beste praksis til alle forbrukarar, spreiing av resultata av tiltaka og prosjekta, og samarbeid med medlemsstatane gjennom nettverk på fellesskapsplan og på internasjonalt plan,

    5. overvaking av gjennomføringa og verknaden av fellesskapsinitiativ og støttetiltak,

    6. vurdering av verknaden av tiltak og prosjekt som er finansierte innanfor ramma av programmet.

  2. Finansiell støtte som innanfor ramma av dette programmet vert tildelt tiltak eller prosjekt innanfor dei fire særskilde områda og nøkkeltiltaka som er nemnde i artikkel 3, skal fastsetjast på grunnlag av den tilleggsverdien som det framlagde tiltaket har for Fellesskapet, og vil vere avhengig av nytten og den forventa verknaden av tiltaket. Der det er føremålstenleg, skal små og mellomstore føretak og regionale eller lokale initiativ prioriterast.

    Støtta kan ikkje overstige 50 % av dei samla kostadene til tiltaket eller prosjektet, og resten av kostnadene skal dekkjast anten av offentlege eller private midlar eller av ein kombinasjon av begge delar. Støtta kan likevel dekkje alle kostnader i samband med visse tiltak, t.d. granskingar, spreiing av prosjektresultat og annan innsats for å førebu, utfylle, gjennomføre og vurdere verknaden av strategiske og politiske fellesskapstiltak og eventuelle andre tiltak som Kommisjonen har gjort for å oppmuntre til utveksling av røynsler og sakkunnskap med sikte på å betre samordninga mellom initiativ på fellesskapsplan, på nasjonalt plan, på internasjonalt plan og andre initiativ.

    Alle kostander i samband med tiltak eller prosjekt som vert sette i verk etter initiativ frå Kommisjonen i samsvar med artikkel 5 nr. 2 bokstav b), skal dekkjast av Fellesskapet.

  3. For å medverke til spreiinga av prosjektresultat skal Kommisjonen gjere tilgjengeleg rapportar om tiltaka og prosjekta, eventuelt i elektronisk form.

Artikkel 5

  1. Innan seks månader etter at dette vedtaket er gjort, skal Kommisjonen utarbeide eit arbeidsprogram i samråd med det utvalet som er nemnt i artikkel 8 nr. 1. Dette arbeidsprogrammet skal byggje på dei prinsippa som er fastsette i artikkel 1 nr. 2, artikkel 2, artikkel 3 og artikkel 4. Arbeidsprogrammet skal utarbeidast og ajourførast i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 8 nr. 2.

  2. Arbeidsprogrammet skal innehalde detaljerte opplysningar om følgjande:

    1. retningslinjer for kvart einskilt av dei områda og nøkkeltiltaka som er nemnde i artikkel 3, for å gjennomføre dei måla og prioriteringane som er fastsette i artikkel 1 nr. 2, artikkel 2, artikkel 3 og artikkel 4, samstundes som det vert teke omsyn til den tilleggsverdien som alle dei framlagde tiltaka vil få på fellesskapsplan, jamført med eksisterande tiltak,

    2. gjennomføringsføresegner som skil mellom tiltak som er planlagde etter inititativ frå Kommisjonen, og tiltak der initiativet kjem frå den aktuelle sektoren og/eller marknaden, så vel som finansieringsordningar og kva type deltaking og kva slags reglar som er fastsette, og kva reglar som gjeld for deltakinga,

    3. utveljingskriterium som speglar av dei måla som er nemnde i dette vedtaket, og dei nærmare reglane for å nytte dei på kvar av dei ulike typane tiltak, og metoden og verktøya som er nytta for å overvake og utnytte resultata av tiltaka og/eller prosjekta, medrekna fastsetjing av ytingsindikatorar,

    4. den rettleiande timeplanen for gjennomføring av arbeidsprogrammet, særleg med omsyn til innhaldet i innbydingar til framlegg,

    5. dei nærmare reglane for samordning og samspel med eksisterande fellesskapspolitikk. Det skal fastsetjast ein framgangsmåte for utarbeiding og gjennomføring av dei tiltaka som er samordna med tiltak som vert gjennomførde av medlemsstatane på området berekraftig energi. Målet er å skape ein tilleggsverdi jamført med dei tiltaka som medlemsstatane gjennomfører kvar for seg. Desse tiltaka vil gjere det mogleg å oppnå ein optimal kombinasjon av dei ulike verkemidla som både Fellesskapet og medlemsstatane har til rådvelde,

    6. dersom det er naudsynt, nærmare praktiske føresegner med sikte på å oppmuntre til deltaking i programmet for alle fjerntliggjande regionar, medrekna øyar, og til deltaking for små og mellomstore føretak,

    7. det skal gjennom heile programmet takast omsyn til fellesskapsreglar om offentleg tilgang til informasjon, klarleik og integrering av likestillingsaspektet.

Artikkel 6

  1. Den finansielle referansesummen for gjennomføringa av dette programmet, er 200 millionar euro for tidsrommet 2003-2006.

    Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innan ramma av dei finansielle overslaga.

    Den finansielle referansesummen for kvart særskilt område skal vere rettleiande. I vedlegget er det oppført ei rettleiande utgiftsfordeling. Denne fordelinga av budsjettet mellom tiltaksområde skal vere fleksibel, slik at endringar kan handterast på ein meir effektiv måte alt etter kva som trengst innanfor sektoren; fordelinga kan endrast etter samtykke frå det utvalet som er nemnt i artikkel 8.

  2. Dei nærmare føresegnene om finansiell støtte frå Fellesskapet til tiltak som vert sette i verk innanfor ramma av dette programmet, skal fastsetjast i samsvar med rådsforordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 av 25. juni 2002 om finansreglementet for De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett 18

    .

Artikkel 7

Kommisjonen skal ha ansvaret for å gjennomføre dette programmet i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 8 nr. 2.

Artikkel 8

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

    Tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere tre månader.

  3. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 9

  1. Kommisjonen skal kvart år granske den framgangen som er gjord med omsyn til gjennomføringa av dette programmet og dei tiltaka som er gjennomførde innanfor dei dei fire særskilde områda og nøkkeltiltaka som er nemnde i artikkel 3. Rapporten skal sendast over til Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet.

  2. Ved utgangen av det andre året som programmet gjeld for, og under alle omstende før det vert gjort framlegg om eit eventuelt etterfølgjande program, skal Kommisjonen setje i verk og trekkje konklusjonar frå ei ekstern vurdering av den samla gjennomføringa av dei fellesskapstiltaka som er gjorde innanfor ramma av dette programmet. Den eksterne vurderinga skal utførast av uavhengige sakkunnige. Kommisjonen skal sende konklusjonane sine, som eventuelt og særleg i lys av utvidinga skal omfatte eventuelle tilpassingar til programmet, over til Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet før han gjer framlegg som gjeld dette programmet eller eit eventuelt etterfølgjande program.

Artikkel 10

  1. Utan at det rører ved nr. 2 og 3 skal dette programmet vere ope for deltaking for alle offentlegrettslege eller privatrettslege juridiske personar som er etablerte på territoriet til medlemsstatane.

  2. Dette programmet skal vere ope for deltaking for søkjarstatane, i samsvar med dei vilkåra som er fastlagde i dei europeiske assosieringsavtalene, i tilleggsprotokollane deira og i avgjerdene til dei høvesvise assosieringsråda på grunnlag av relevante tosidige avtaler.

  3. Programmet skal likeins vere ope for deltaking for EFTA-EØS-statane på grunnlag av tilleggsløyvingar og i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med desse statane.

Artikkel 11

Dette vedtaket tek til å gjelde tjuande dagen etter at det er kunngjort i Tidend for Den europeiske unionen.

Artikkel 12

Dette vedtaket er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 26. juni 2003.

For EuropaparlamentetFor Rådet
P. COXA. TSOCHATZOPOULOS
PresidentFormann

Vedlegg

Rettleiande fordeling av den summen som vert rekna som naudsynt 19

(i millionar euro)
Tiltaksområde2003-2006
1.Betre energieffektivitet og fornuftig energibruk69,8
2.Nye og fornybare energikjelder og produksjon av fleir ulike typar energi80
3.Energimessige sider ved transportverksemd32,6
4.Fremjing av fornybare energikjelder og energieffektivitet på internasjonalt plan, særleg i utviklingsland17,6
I alt20012

1 Som følgje av utvidinga av Den europeiske unionen må det frå 2004 reknast med ei tilleggsløyving som speglar att talet på og storleiken til nye medlemsstatar og kva desse statane særleg treng. Kommisjonen kan gjere framlegg om at denne løyvinga vert på minst 50 millionar euro.

2 Budsjettet til eit forvaltingsorgan kan fastsetjast av budsjettstyresmakta som ein prosentdel av dei samla løyvingane til programmet.

Fotnotar

1.

TEF C 203 E av 27.8.2002, s. 47.

2.

TEU C 61 av 14.3.2003, s. 38.

3.

TEU C 73 av 26.3.2003, s. 41.

4.

Europaparlamentsfråsegn av 20. november 2002 (enno ikkje offentleggjord i TEU), felles haldning frå Rådet av 3. februar 2003 (TEU C 64 E av 18.3.2003) og europaparlamentsavgjerd av 13. mai 2003 (enno ikkje offentleggjord i TEU). Rådsavgjerd av 16. juni 2003.

5.

TEF C 140 E av 13.6.2002, s. 543.

6.

TEF C 198 av 24.6.1998, s. 1.

7.

TEF L 283 av 2.4.2001, s. 33.

8.

TEF C 78 av 2.4.2002, s. 35.

9.

TEF L 7 av 13.1.1999, s. 16.

10.

TEF L 7 av 13.1.1999, s. 20.

11.

TEF L 7 av 13.1.1999, s. 23.

12.

TEF L 7 av 13.1.1999, s. 28.

13.

TEF L 7 av 13.1.1999, s. 31.

14.

TEF L 79 av 30.3.2000, s. 1.

15.

TEF L 79 av 30.3.2000, s. 6.

16.

TEF C 172 av 18.6.1999, s. 1.

17.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.

18.

TEF L 248 av 16.9.2002, s. 1.

19.

Denne utgiftsfordelinga er rettleiande. Fordelinga av budsjettet mellom tiltaksområde skal vere fleksibel, slik at endringar kan handterast på ein meir effektiv måte alt etter kva som trengst innanfor sektoren.