St.prp. nr. 7 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet «Intelligent energi for Europa» (2003-2006)

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Deltaking i programmet gjev norske aktørar, først og fremst innan forsking, eit høve til å søkje EU om støtte til forskingsprosjekt, arbeidsgrupper osv. som ligg innanfor rammene av programmet. Det er eit krav for støtte at minst éin aktør i minst éin annan EU/EFTA-stat er partnar i prosjektet. Programmet har difor ein viktig funksjon som brubyggjar for samarbeid og skiping av kontaktnett over landegrensene. I ei evaluering av den norske deltakinga, som er utførd av Interconsult i 2002, var dette internasjonale aspektet saman med fagleg kompetanse det som aktørane sjølve sette høgast ved deltakinga i programmet. I perioden 1996-2001 var norske forskingsmiljø leiarar av eller samarbeidspartnarar i til saman 44 prosjekt innanfor SAVE og ALTENER. I alt fekk prosjekta om lag 20 mill. kroner i støtte frå EU, medan den samla kontingenten frå Noreg til programma i den same perioden var på om lag 18 mill. kroner. Med andre ord inneber deltakinga i «Intelligent energi for Europa» viktige høve til oppdrag for norske forskingsmiljø.

Deltakinga i programmet gjer det òg mogleg for norske styresmakter å utplassere nasjonale ekspertar som jobbar innanfor programmet, i Kommisjonen. Gjennom dei nasjonale ekspertane sine har Noreg eit eineståande høve til å få informasjon om utarbeidinga av nye direktiv og forordningar i ein tidleg fase av avgjerdsprosessen. Dette er svært viktig, ettersom det er på dette stadiet at Noreg har best høve til å påverke innhaldet. Generelt er det svært ønskjeleg at Noreg tek del i dei fora der spørsmål som gjeld den indre energimarknaden, vert analyserte og drøfta. Røynsla frå deltakinga i rammeprogrammet for energi, som no er avslutta, er positiv sett frå OED og NVE si side. Dette er òg noko som kjem fram i den førnemnde evalueringa.

Olje- og energidepartementet rår til at Noreg tek del i programmet. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.