St.prp. nr. 7 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet «Intelligent energi for Europa» (2003-2006)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Tilskotet frå Noreg for deltaking i programmet vil ved ein kurs på 1 euro = NOK 8,0 vere på om lag 8 mill. kroner per år. Tilskotet frå Noreg vil verte dekt over budsjettet til Olje- og energidepartementet, kapittel 1825 post 21. Deltakinga i «Intelligent energi for Europa» vil òg medføre at talet på nasjonale ekspertar i Kommisjonen vil auke frå to til tre frå årsskiftet 2003-2004. Desse skal lønast med norske midlar mot reduksjon i tilskotet.

Deltaking i handlingsprogrammet får ikkje nemneverdige administrative konsekvensar, og vil heller ikkje innebere endring av norske lover og forskrifter.