St.prp. nr. 7 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet «Intelligent energi for Europa» (2003-2006)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. .../... av ... 1

    .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatteeuropaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003 av 26. juni 2003 om vedtaking av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet: «Intelligent energi for Europa» (2003-2006) 2

    .

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2003 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 til avtala vert det gjort følgjande endringar i artikkel 14:

1.Etter nr. 2d skal nytt nr. 2e lyde:
«2e. EFTA-statane skal frå 1. januar 2003 delta i fellesskapsprogrammet nevnt i nr. 5 bokstav g) og i tiltak i medhald av programmet, med unntak av det særlege området «COOPENER» i programmet og tiltak i medhald av dette.»
2.I nr. 5 skal ny bokstav g) lyde:
«g)32 003 D 1230: Europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003 av 26. juni 2003 om vedtaking av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet: «Intelligent energi for Europa» (2003-2006) (TEU L 176 av 15.7.2003, s. 29).»
3.I nr. 3 og 4 vert «nr. 5 bokstav a), b), c), d), e) og f)» endra til «nr. 5 bokstav a), b), c), d), e), f) og g)».

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde [...], på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala33

.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2003.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, [...].

For EØS-komiteen

Formann

[...]

Sekretærar for EØS-komiteen

Fotnotar

1.

TEF ...

2.

TEU L 176 av 15.7.2003, s. 29.

3.

[Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.] [Forfatningsrettslege krav oppgjevne.]